Å ete er ingen spøk
Bør vi ete med glede? Vi guidar deg gjennom innspela til nye nasjonale kostråd.
To til tre fiskemiddagar i veka og grønsaker eller frukt til kvart måltid. Det er hovudpunkt i forslaga til nasjonale kostråd frå Helsedirektoratet.
Foto: Ole Gunnar Onsøien / NTB
Fakta
Dei nasjonale kostråda
Skal fremje folkehelsa og førebyggje utvikling av kroniske sjukdommar.
Vert utarbeidde av Helsedirektoratet på basis av nordiske kostråd.
Forslag til nye kostråd har vore på høyring.
Nye råd skal vere klare i august.

Helse
christiane@dagogtid.no
«Ha eit variert kosthald, vel mest mat frå planteriket og et med glede.»
Slik lyder det første nye nasjonale kostrådet frå Helsedirektoratet, omsett til nynorsk. Orsak, det første forslaget til nasjonalt kostråd. Det er slett ikkje sikkert at korkje det første, andre, tredje, fjerde, femte eller sjette forslaget til nye kostråd vert ståande som i dag, for som enkelte kanskje har fått med seg, har alt det første rådet skapt kontrovers.
Altså, ikkje at kosten skal vere variert, og heller ikkje at vi skal velje mest mat frå planteriket. Men skal vi verkeleg ete med glede?
Her er det sprik i laget, for å seie det forsiktig. Forslaga frå Helsedirektoratet har vore på høyring, og til saman 236 enkeltpersonar, selskap, organisasjonar og institusjonar har teke fram den raude pennen.
Sett i bås
Høyringsinnspela kan verte kategoriserte på mange ulike måtar. Helsedirektoratet har valt sin måte – å plassere dei alfabetisk inn i eit Excel-ark, der innspela til kvart råd kjem under kvarandre, om ein skrollar både nedover og til høgre og venstre. Dei som føretrekkjer denne måten, kan gå direkte til helsedirektoratet.no.
Sjølv føretrekkjer eg å sjå etter kva folk vil med innspela sine, og plassere dei i bås deretter. Og når vi har luka vekk båsane med privatpersonar og språkvaskarar, sit vi igjen med to hovudaktørar:
Næringsaktørane – dei som vil presentere sitt eige produkt som så sunt som mogleg.
Helseaktørane – dei som diskuterer (les: kritiserer) faglege konklusjonar, råd og presisjon.
Seks råd
Før vi ser nærmare på innspela, må vi sjå på forslaga til nye kostråd:
1. Ha eit variert kosthald, vel mest mat frå planteriket og et med glede.
2. Frukt eller grønsaker bør vere ein del av alle måltid.
3. La grovt brød eller andre fullkornsprodukt vere ein del av fleire måltid kvar dag.
4. Fisk og sjømat, bønner og linser og reint kjøt er gode kjelder til protein – varier mellom desse. Vel lite raudt kjøt og minst mogleg foredla kjøt.
5. Ha eit dagleg inntak av mjølk og meieriprodukt. Vel produkt med mindre feitt.
6. Mat og drikke med mykje salt, sukker eller metta feitt bør avgrensast.
Like hovudpunkt
Hovudpunkta er svært like dei vi alt har i dag: Vi skal ete variert, meir frukt og grønt, mindre kjøt og enda mindre foredla kjøt, vi skal ete fisk to til tre gonger i veka, velje magre meieriprodukt framfor feite, margarin framfor smør, bruke mindre salt og unngå snacks og mat med mykje sukker.
Desse råda vil kanskje halde for ein del av oss. Men dei spesielt interesserte har måtta nytte sjansen til å seie meininga si før høyringsfristen 20. mai. I august skal dei nye råda vere klare, og dei legg sterke føringar.
Kosthaldet i offentlege institusjonar, om det er i barnehagar eller i Forsvaret, skal så godt som råd følgje dei nasjonale råda. Industrien vil tilpasse produkta sine og marknadsføre dei i tråd med råda. Og folk flest skal kunne finne oppdatert og rett informasjon i mylderet av diett- og helseråd.
Kva er nytt?
I dag har vi tolv kostråd, som også omfattar aktivitetsråd. Dei nye råda er reduserte til seks, råda om fysisk aktivitet er tekne ut, og hovudteksten er forenkla. Så langt, så godt. Det vert straks meir komplisert.
Under kvart kostråd kjem ein utdjupande tekst og «praktisk informasjon». Deretter har Miljødirektoratet skildra gode matval ut frå omsynet til miljø og klima. Til slutt grunngjev Helsedirektoratet og Miljødirektoratet kvar for seg råda sine i faglege kjelder.
Forsvarar kjøtet
La oss sjå på innspela, og kva næringsinteressene seier. Når det gjeld kjøtet, vel vi ut ein aktør som har gått djupt inn i stoffet, og kvifor ikkje Animalia, som òg kjem høgt opp på den alfabetiske lista. Kva er dette selskapet, som er eigd av kjøtsamvirket Nortura og Kjøtt- og Fjørfebransjens landsforbund (KLF), oppteke av?
Jo, dei har merkt seg at klima- og miljøeffektar av husdyr generelt vert omtala med negative ord, medan omtala av grønsaker, frukt og bær er meir «balansert». Og kvifor er ikkje reint kjøt nemnt alt i første råd, i setninga som summerer opp kva matvarer som kan vere del av eit godt kosthald?
Animalia går i rette med Helsedirektoratet for ei rekkje påstandar: Er det verkeleg rett å seie at eitt egg om dagen kan inngå i eit sunt og variert kosthald? Når det ikkje er dekning for å seie at det er usunt med fleire? Og kvifor kan ein få inntrykk av at reint kjøt i like stor grad som prosessert er assosiert med sjukdom? Og kvifor er kjøtdeig, eller grovhakka kjøt, framstilt som foredla?
Dessutan, meiner Animalia: Klimagassutslepp bør verte rekna ut frå kalorieining og ikkje ut frå kilo. Då vil energitette varer som egg og kjøt komme betre ut. Kilo seier jo mest om kor mykje vatn det er i ei vare, vert det argumentert.
Utan å gå inn i debatten om kjøt, klima og helse skal det seiast at både kostråda og denne artikkelen ville vorte ganske lang dersom alle innspela deira skulle inn.
Eit siste poeng frå Animalia må likevel med. For kor mykje kjøt kan og bør vi ete, på same tid som vi skal ete «med glede»?
Slutt på pølsefesten
Grillsesongen er i gang i fleire delar av landet, og for mange tyder det pølser og røykte sommarkotelettar.
Forslaget frå Helsedirektoratet set likevel klare grenser for grillfesten, for inntaket av foredla kjøt bør vere «minimalt». Og det foredla kjøtet inkluderer røykt, salta eller konservert kjøt, som salami og annan spekemat, bacon, nuggets, pølser og andre farseprodukt.
Vi bør ete «lite» raudt kjøt, og i alle fall ikkje meir enn 350 gram i veka, som utgjer noko slikt som to middagar og litt pålegg.
Korleis står det til med matgleda no?
Animalia gjer i alle fall sitt for å halde humøret oppe hos kjøtelskarar.
For dei nordiske kostråda, som dei nasjonale forslaga byggjer på, tilsa ei tilråding på mellom 350 og 500 gram kjøt i veka, påpeiker dei.
Og for å gjere det kjapt og enkelt for Helsedirektoratet kjem eit trykkjeklart forslag frå Animalia:
«Et moderat inntak på inntil 350–500 gram tilberedt rødt kjøtt i uken kan være del av et sunt og variert kosthold.»
Fiskelobbyen
Fiskelobbyen har ein ting til felles med kjøtlobbyen. Også dei vil vere med i kostråd nummer éin. Og språket bør helst vere enkelt og inspirerande. For som sjømatselskapet Coast Retail skriv, så ønskjer dei jo å kunne bruke kostråda i kommunikasjonsarbeidet sitt.
I motsetnad til pølsemakeriet Grilstad har Coast Retail ingen merknad til at fisken ikkje er vorten utstyrt med ei maksgrense for inntak. Men kunne kanskje også tilrådinga om to–tre fiskemiddagar flyttast fram under det første kostrådet? Og har Helsedirektoratet heilt gløymt å nemne røykt laks?
Fiskelobbyen har truleg sendt inn innspela sine utan å kjenne til innspela frå Den norske legeforening, som meiner at råda om fisk og sjømat bør nyanserast fordi det er vist stor forskjell i innhald av miljøgift og metylkvikksølv og bly ut frå fiskeart, storleik, alder og levestad.
«I rådene om inntak av fisk bør det også presiseres at helseeffektene av fiskeinntak ikke opphever de negative helseeffektene av miljøgiftene.»
Coast Retail utstyrer Helsedirektoratet med eit justert og gryteklart kostråd, med ny teiknsetting:
«Ha et variert kosthold, velg mest mat fra planteriket og havet, og spis med glede!»
Tilrådd inntak av fisk og sjømat er til orientering 300–450 gram i veka.
Dei grøne
Kva med dei som styrer med frukt og grønt? Dei har vel all grunn til å vere nøgde med dei nye kostforslaga?
Ikkje heilt. For tallerkenmodellen, som dei fleste av oss vert kjende med alt i barneskulen, burde kanskje justerast i tråd med at kroppsvekta vår har auka?
Helsedirektoratet foreslår ein tallerken med tre om lag like delar (1) grønsaker, frukt eller bær, (2) fullkornsprodukt som grovt brød, gryn, fullkornspasta og byggris eller potet og (3) proteinkjelder som fisk og sjømat, bønner, linser, erter, meieriprodukt, egg eller kjøt med lite feitt.
Men slit du med vekta, eller sit du kanskje mesteparten av dagen i ein kontorstol, eit bilsete eller ein sofa? Då kan det vere lurt å fylle halve tallerkenen med grønt og sette av ein kvart del til protein og karbohydrat.
Og, som grønsakgrossisten Bama argumenterer: Over halvparten av vaksne nordmenn er jo overvektige, og dei fleste et jo for lite grønt.
Konklusjon: Rådet om å fylle halve tallerkenen med grønt, bør rettast mot alle.
Helseekspertane
Fiskeinnspelet frå Legeforeningen var ein tjuvstart på eit punkt som fort kunne vorte svært omfangsrikt: innspela frå helseekspertane. For å starte enkelt: Mange skjønar ikkje bæret av kostråd nummer to: «Frukt eller grønnsaker bør være en del av alle måltider.» For kor har det vorte av bæra? (Dei er nemnde i setninga nedanfor, men folk les vel helst overskrifta?)
Mange skjønar heller ikkje kor vatnet vart av. I råda som gjeld i dag, er det å velje vatn som tørstedrikk eit eige råd. Slik må det vel framleis vere? Og kva med nøttene? Det bør kommuniserast tydelegare at vi bør ete ei handfull av dei, meiner fleire.
Og medan enkelte synest det er positivt at plantedrikk vert trekt fram som eit alternativ til kumjølk, meiner fleire at slik drikke ikkje kan samanstillast med kumjølk, fordi næringsinnhaldet er så ulikt.
Kor mykje?
Fleire reagerer på mengderåda. Akershus universitetssykehus meiner mengderådet om mjølk og meieriprodukt må gåast gjennom på nytt. Og Folkehelseinstituttet (FHI) spør: Er det realistisk at personar med eit relativt lågt energiinntak skal ete 25 gram planteolje kvar dag? Og igjen: Er det realistisk at slike personar skal ete 90 gram fullkorn om dagen?
FHI meiner det må utførast eit reknestykke her. Kor store mengder mat og kor stort energiinntak vert vi totalt sett tilrådde å ete?
Her må det leggjast til at Helsedirektoratet har tinga ei utgreiing frå Vitskapskomiteen for mattryggleik (VKM). Dei skal rekne på og vurdere i kva grad forslaga til kostråd vil dekkje behov for og tilrådd inntak av næringsstoff blant vaksne.
Vin er ikkje sunt
Om enkelte framleis skulle leve med illusjonar: Nei, det er ikkje sant, det avisa Nordlys fylte heile framsida med den 21. mai 1999: «Sjokolade, vin og te er like bra som grønnsaker.»
Innspela frå helsehald er krystallklart: Dei vil ha eit råd om å avstå frå alkohol.
Og kostrådet om å ete med glede? Her møter vi eit splitta Helse-Noreg.
Å ete med glede
Vi kan samanlikne forslaget til det første norske kostrådet («Ha eit variert kosthald, vel mest mat frå planteriket og et med glede») med det danske: «Spis planterigt, varieret og ikke for meget». Merk dykk forskjellen.
FHI ser ut til å ha late seg inspirere av danskane. Dei vil hive ut rådet om å ete med glede fordi dette ikkje er noko den enkelte kan kontrollere. I staden vil dei ha inn eit råd om ikkje å ete for mykje, eventuelt ta seg tid til maten.
«Litt problematisk», meiner ein annan helseaktør om rådet «et med glede». Dei viser til folk med overetingsliding og bulimi. Dei har kanskje glede av maten, men etterpå kjem skamma.
Ein tredje helseaktør ser det annleis: Det er positivt at matglede vert løfta fram!
Og slik kan vi halde fram med eksempel. Punktet om matglede vert oppfatta ulikt. Der éin regional frisklivssentral er positiv til rådet, er frisklivssentralen i ein annan region sterkt negativ.
Høgare makter
Fedmeproblem, klimakrise og mål om auka sjølvberging gjer kostråda større enn seg sjølv. Kostråda skal komme alle desse samfunnsproblema i møte. I denne artikkelen skrapar vi i overflata på forslag og innspel som kan få eller ikkje få stor verknad. Det kjem til sjuande og sist an på korleis dei vert følgde opp av enkeltpersonar, offentlege etatar, landbruk og næringsliv.
Helsedirektoratet vil få ein stor jobb med å innarbeide innspela både frå næringslivet og helsesektoren. Og i august vil vi få vite kva for råd som vert ståande: Skal vi ete med glede?
Det er så ein får lyst til å vende seg til høgare makter. Og når ein googlar «spis med glede», dukkar dette bibelsitatet opp:
«Så gå og et ditt brød med glede, og drikk din vin med glede i hjartet! For Gud har alt sagt ja til det du gjer.» (Forkynnaren 9,7)
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.