Dei frie og dei ufrie
– Vaksinepass kan gje einskilde fleire rettar enn andre, men er neppe rettsleg diskriminerande, seier Adele Matheson Mestad, direktør ved Noregs institusjon for menneskerettar.
Koronavaksinerte kan i nær framtid få vaksinepass og fleire rettar enn andre, også i Noreg.
Foto: Lise Åserud / NTB
SAMTALEN
Adele Matheson Mestad
Direktør for Norges institusjon for menneskerettigheter
AKTUELT
Regjeringa jobbar med å utforme vaksinepass.

christiane@dagogtid.no
Ved vaksinepass vil ein få ei forskjellsbehandling basert på medisinskfaglege prioriteringar av kven som skal få vaksine først. Det er neppe diskriminerande.
I Verdshelseorganisasjonen og EU vert det for tida utarbeidd krav til teknikk og innhald i vaksinepass. Det vert opp til dei enkelte landa å avgjere korleis passa skal brukast, og debatten i Noreg går langs politiske så vel som juridiske og helsefaglege spor.
– Korleis ser debatten om vaksinepass ut i lys av menneskerettane?
– Utgangspunktet er at vi lever i ei tid der det er gjort inngrep i mange av menneskerettane våre, som retten til rørsle og privatliv. Det kan staten gjere for å verne om retten til liv og helse, føresett at det er heimel for det, og at inngrepa er forholdsmessige. Ein kan ikkje gripe inn meir enn nødvendig. Eit vaksinepass vil kunne ivareta prinsippet om minst mogleg inngrep, ved at inngrepa vert avgrensa til dei det må avgrensast til, og ved at dei som kan få tilbake rørslefridommen sin, får det. Eit pass vil også kunne verne sårbare grupper betre, fordi det kan opne for vitjing og medverke til at ein raskare kan lette på restriksjonane. Men det finst også menneskerettslege utfordringar.
– Kva er dei mest openberre?
– Eit vaksinepass vil ha implikasjonar på personvern og privatliv, for ein vil på ein heilt ny måte måtte vise fram dokumentasjon på helsedata i ulike situasjonar der ein tidlegare har kunne røre seg heilt fritt. Frykta er då at ein ikkje får eit godt nok personvern i bruken av data, og at kontroll av helsedata kan verte normalisert. Eg trur utfordringane kan løysast, men det må gjerast ved at ein prioriterer personvernet og gjer passet tilgjengeleg for alle, også dei som ikkje har smarttelefon. Spørsmålet som gjerne vert diskutert, er om eit vaksinepass er diskriminerande.
– Ja, det er jo forbode å diskriminere på basis av kjønn, funksjonsnedsetjing, hudfarge, seksuell orientering og mykje anna. Ein kan kome i ein situasjon der ikkje-vaksinerte opplever seg diskriminerte. Kan ein også kome i konflikt med diskrimineringslova?
– Det er viktig å skilje mellom diskriminering i rettsleg forstand og forskjellsbehandling som er sakleg grunngjeven og lovleg. Diskrimineringsvernet knyter seg til distinkte diskrimineringsgrunnlag og tanken om at det er grunnleggjande urettvist å verte behandla ulikt for karaktertrekk ein ikkje kan noko for. Ved vaksinepass vil ein få ei forskjellsbehandling basert på medisinskfaglege prioriteringar av kven som skal få vaksine først. Det er neppe diskriminerande. I land der ein ikkje har ei offentleg helseteneste, vil skiljet gå mellom fattige og rike eller mellom dei som har tilgang på forsikring og ikkje. Då er spørsmålet meir krevjande. Men også i Noreg vil det vere ei forskjellsbehandling, og ho vil kunne opplevast som urettvis, til dømes for unge som har bore ei tung bør. Då er ein over i ein politisk og etisk diskusjon, meir enn ein rettsleg diskusjon. Den opplevde urettvisa, som er heilt reell, vil kunne påverke tilliten til styresmaktene og redusere oppslutninga om andre tiltak. Globalt vil jo også vaksinepass kunne forsterke ulikskap, ettersom vaksinen er urettvist fordelt mellom land.
– Det er frivillig å vaksinere seg i Noreg. Kan eit vaksinepass få folk til å føle seg pressa?
– Eg trur at vaksinepraksisen i Noreg er god; han er frivillig og har god oppslutnad av den grunn. Ein skal vere varsam med å skiple balansen. Mange vil kanskje oppleve at vaksinepass inneber eit press, men det er ikkje eit press. Vaksinering er framleis frivillig, og ein vil ikkje tape rettar. Men vaksinerte vil få tilbake den rørslefridommen ein i utgangspunktet har, raskare enn uvaksinerte.
– Alt i dag vert fullvaksinerte helsearbeidarar unntatt karanteneplikt ved innreise. Er det ein prinsipiell skilnad ved å innføre den same regelen for alle vaksinerte?
– Eg trur vaksinepass ved reising truleg vil vere det minst problematiske, for det liknar veldig på noko vi alt har. Diskusjonen vil nok i større grad gå på bruk av vaksinepass ved ulike gradar av gjenopning av samfunnet. Men det kjem jo heilt an på korleis det vert innretta, og kva for typar tenester og funksjonar som får stille krav om vaksinepass.
– Kva råd vil du gje regjeringa?
– Tenk på personvernet. Eg trur at diskusjonane kring vaksinepasset lett kan verte eit anten-eller-spørsmål, men det er det ikkje. Det er eit komplekst spørsmål, og alt handlar om utforminga.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Vi lever i ei tid der det er gjort inngrep i mange av menneskerettane.
Fleire artiklar
Endre Ruset er poet og tidlegare kunstnarisk leiar ved Norsk litteraturfestival.
Foto: Heidi Furre
«Dikta til Endre Ruset er ridde av tap og sorg, og med hesten som sentralt motiv.»
Dette er ein bar, men er det ein sjokoladebar til laurdagskvelden eller ein proteinbar til treningsøkta?
Foto via Wikimedia Commons
«Det er høgt trykk på proteinbarfronten for tida.»
Teikning: May Linn Clement
«Det er ikkje for inkje me seier at noko 'dampar av erotikk' eller er 'dampande heitt'.»
Nye rekruttar til 24. mekaniserte brigade i dei ukrainske styrkane driv taktisk øving i Donetsk 14. oktober.
Foto: Ukrainsk forsvar
Ein ukrainsk-nordkoreansk krig på russisk territorium. Ingen forfattar av dystopisk fiksjon kunne ha klekt ut eit slikt scenario, skriv Andrej Kurkov.
Reinsdyr kan fint serverast utan purear, men med reine smakar. Her med brekkbønner, eg brukte grøne erter.
Foto via Wikimedia Commons