JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HelseSamfunn

Dei stadige fødekomplikasjonane

Verken barsels- eller fødselsomsorga oppfyller dei faglege retnings­linene eller rettleiande kvalitetskrava som gjeld.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Jordmormangelen er kritisk, og det vert rapportert om større arbeidspress og ein meir krevjande arbeidssituasjon ved fødeinstitusjonane.

Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB

12766
20211105

Fødslar i Noreg

Det har vore jamn nedgang i talet på fødslar per år, frå 61.442 i 2010 til 52.979 i 2020.

I same periode har det samla fertilitetstalet, som seier kor mange barn kvar kvinne i snitt kjem til å få gjennom livet, gått ned frå 1,95 til 1,48. Det må vere på om lag 2,1 for at ikkje folketalet på sikt skal gå ned.

Fyrste kvartal i 2021 vart det fødd 700 fleire barn enn fyrste kvartal i fjor. Held auken fram gjennom 2021, kjem det samla fertilitetstalet over 1,5 igjen.

Snittalderen for dei som føder, har gått opp, frå 30,2 år i 2008 til 31 år i 2018.

Kjelde: SSB og Helse­direktoratet

Helse

Eva@dagogtid.no

Så er det igjen åtvara om ei forverring av føde- og barselstilbodet for kvinner, denne gongen i hovudstaden. Ullevål sjukehus stengde nyleg ned ein av to kombinerte føde- og barselseksjonar i to månader for å spare pengar.

Nedstenginga vert kritisert for å kunne føre til at det ikkje vert avdekt sjukdomar hjå mor og barn, manglande ammerettleiing og større psykisk belasting for dei som har fødd, og som no vert stua saman på éi avdeling. Leiaren i Jordmorforbundet seier til Klassekampen at nedstenginga òg gjer situasjonen meir hektisk og uoversiktleg for jordmødrer, som alt er under sterkt arbeidspress som følgje av pandemien.

Du kan ha høyrt liknande før.

I sommar stengde til dømes Gjøvik sjukehus fødeavdelinga for tredje sommar på rad på grunn av mangel på jordmødrer.

Kanskje fekk du med deg historia til andregongsfødande Sandra Bekken, som fødde på Lillehammer sjukehus fordi Gjøvik sjukehus var sommarstengt, og som vart kasta ut av fødestova ein halvtime etter fødselen. Til avisa Østlendingen sa ho at ho heller ikkje fekk oppfølginga ho skulle ha, fordi det var for få folk på jobb.

Eller kan hende las du tidlegare i haust om fyrstegongsfødande Bodil Gilje og sambuaren som var åleine på fødestova på sjukehuset i Drammen under det meste av fødselen, fordi sjukehuset hadde åtte aktive fødslar, men berre fire jordmødrer på vakt den kvelden sonen deira kom til verda. Til Drammens Tidende fortalte dei at det var sambuaren som oppdaga og måtte varsle då pulsen til barnet byrja å gå ned. Barnet kom med navlestrengen rundt halsen. «Ingen med medisinsk kompetanse hadde kontroll», ifølgje sambuaren.

Ein avdelingssjef ved Vestre Viken helseføretak kommenterer hendinga med å syne til at Drammen sjukehus har hatt ein travel periode etter sommarferien – «med økt aktivitet, planlagt kursvirksomhet og økt fravær», og ho seier dei «skal vurdere å gjennomføre endringer i bemanningen dersom pasientbehandlingen endrer seg vesentlig».

Dette er norsk fødsels- og barselomsorg i 2021.

Oppfyller ikkje krav

Ifølgje Helsedirektoratets rettleiande kvalitetskrav til fødselsomsorga frå 2010 er det behov for døgnkontinuerleg vaktberedskap og følgjeteneste med jordmor eller lege dei stadene der gravide har halvannan time eller meir i reiseveg til fødestaden. Kvalitetskrava seier òg at alle fødande skal ha ei jordmor hjå seg så tidleg som mogleg i aktiv fase av fødselen og til fødselen er over.

Ti år og over ein halv million fødslar seinare er det framleis mange fødestader og kommunar som ikkje oppfyller desse krava:

I ein rapport om endringar i fødepopulasjonen frå Helsedirektoratet i 2020 går det mellom anna fram at følgjetenesta var svekt og til dels fråverande fleire stader i landet. Ei kartlegging VG utførte året før, synte at 77 kommunar mangla fungerande følgjeteneste.

I rapporten frå Helse­direktoratet går det òg fram at berre 71 prosent av norske fødeeiningar rapporterer at det alltid eller i svært stor grad er slik at fødande har ei jordmor hjå seg gjennom fødselen. I dei nasjonale medlemsundersøkingane til Jordmorforbundet svara heile 90 prosent av jordmødrene derimot at dei ikkje greier kravet om éin-til-éin-omsorg av kvinner i aktiv fødsel.

I dei nasjonale faglege retningslinene for barselomsorga frå 2014 vert det òg tilrådd at kvinner og nyfødde som reiser heim frå fødestaden tidleg, bør få heimebesøk av jordmor i løpet av fyrste eller andre døgn etter heimreisa, og at alle nyfødde bør få besøk av helsesyster 7. –10. dagar etter fødselen.

Desse krava er det heller ikkje alle kommunar som oppfyller.

I 2019 var det berre om lag halvparten av nybakte mødrer og barn som fekk heimebesøk av jordmor innan tre døgn etter at dei kom heim frå føde- og barselavdeling, ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB). I koronaåret 2020 var det færre: litt over 40 prosent.

Premierer komplikasjon

Ifølgje Astri Holm er det føretaksmodellen og den innsatsstyrte finansieringa av sjukehusa som har skulda for at vi ikkje har kome lenger i å nå dei faglege krava.

Holm er pensjonert høgskule­-
lektor og har nett skrive boka Respekter kvinnene – om fødsels- og barselsomsorga i Noreg. Der har ho intervjua jordmødrer og kvinner som har født, ein fødselslege, ein gynekolog, ein forskar og to helsepolitikarar, sjukehusaktivistar og bunadsgerilja. Fleire av dei er kritiske til helseføretaksmodellen, både på grunn av den bedriftsøkonomiske målsetjinga bak og fordi dei meiner effektivitet og profittenking fører til sentralisering og eit dårlegare helsetilbod.

– Fødsel og barsel har kome spesielt dårleg ut i føretaksmodellen som sjukehusa vert styrte etter. Spesialisthelsetenesta får der pengar etter diagnose, og fødsel er i utgangspunktet ingen diagnose, det er normalt, seier Holm.

Mykje av budsjettramma til norske sjukehus er såkalla innsatsstyrt finansiering, som vil seie at inntektene er avhengige av aktivitet og ressursbruk i føregåande år. Dei er òg baserte på kva diagnoserelatert gruppe pasienten fell innunder. Føde- og barselsavdelingane får til dømes meir pengar for keisarsnitt og komplikasjonar enn for ein ukomplisert vanleg fødsel. Førebyggjande fødselsomsorg som kan hindre komplikasjonar, gjev heller ikkje utteljing økonomisk, ifølgje fagmiljøa.

Ei premiering av komplikasjonar, seier Kjersti Toppe i Senterpartiet om finansieringsmetoden i boka til Holm.

Hanne Charlotte Schjelderup, som leier Jordmorforbundet, seier finansieringsmodellen ikkje eignar seg for fødselsomsorg.

– Det vert freistande for økonomane å spare på avdelingar som ikkje genererer inntening i stor nok grad. Vi ser at avdelingar som driv godt, må seie opp jordmødrer fordi innteninga då vert for låg. Det finst det døme på frå Haukeland sjukehus i Bergen. Det er konsekvensane av innsatsstyrt finansiering, seier ho.

Kortare opphald

Holm seier at innføringa av helseføretaksmodellen i 2002 er omdreiingspunkt for fleire negative utviklingstrekk. Den såkalla liggetida, som vil seie opphaldstid på sjukehuset frå fødsel til utskriving, er eitt av dei. Ho har gått ned frå 4,1 til 2,8 døgn i snitt dei siste 20 åra.

– Då eg sjølv fekk barn, for 40 år sidan, låg vi på fødestaden frå fem til sju dagar. Vi skulle som minimum ha kome i gang med amminga, og barnet skulle opp i vekt før vi kunne reise. No vert dei som har født, spurde om dei skal reise heim med det same. På St. Olavs hospital i Trondheim veit eg at det om sommaren – når flest vert fødde og færrast er på jobb – er vanleg at mange dreg heim før det har gått 24 timar. Samstundes vert det jo rapportert om at talet på dei som ammar, har gått ned. og at mange strevar med amminga. Dei får kome tilbake til sjukehuset om dei treng hjelp, men det er jo vanskelegare å verte følgt opp etterpå, seier ho.

I boka hennar fortel òg professor Malin Eberhard-Gran, som forskar på mental helse hjå barselkvinner, at den delen kvinner som rapporterer om depressive plager i barselperioden, har stige frå rundt 8–9 prosent på starten av 2000-talet til nær 15 prosent i dag.

– Det meiner ho kan ha samanheng med at dei får for lite tid på sjukehuset, men òg at det manglar systematisk oppfølging etter at dei kjem heim, seier Holm.

Ho seier ho vart provosert då ho høyrde at den nye kvinneklinikken på Haukeland sjukehus i Bergen i utgangspunktet vart planlagd ut frå eit mål om at 40 prosent av kvinnene skulle reise heim seks til åtte timar etter fødselen.

– Hadde det vore menn som fødde barn, hadde fødsels- og barseltilbodet vore meir prioritert. Ei kvinne set liv og helse på spel kvar gong ho vert gravid og føder. Ifølgje fødselslege Gro Nylander døyr fire–fem kvinner årleg i fødsel, og mange tusen får komplikasjonar. Dette har vi gjort usynleg i kulturen vår. Ei kvinne som føder, brukar fleire kaloriar enn det går med til å springe maraton. Men det vi snakkar om og gjev plass offentleg, er menn som går over Nordpolen, seier ho.

jordmormangel

Saman med den manglande oppfyllinga av kvalitetskrav og faglege retningsliner er det òg mangel på jordmødrer. Og mangelen gjeld ikkje berre Gjøvik, Drammen og Oslo. Han er nasjonal, og han er aukande.

Estimat frå Nav syner at medan det i 2012 og 2015 mangla rundt 50 jordmorårsverk, var mangelen i 2019 oppe i 200 årsverk.

Samstundes syner tal frå SSB at 32 prosent av jordmødrene i dag er over 55 år gamle. Dimed er det venta ein svak nedgang i talet på jordmorårsverk framover om ikkje utdanninga av jordmødrer aukar. Det går fram av rapporten frå Helsedirektoratet, om endringar i fødepopulasjonen.

Same rapport fortel at det har vore ein auke i talet på jordmorårsverk i spesialisthelsetenesta, som vil seie i helseføretaka, frå 1347 årsverk i 2009 til 1620 i 2018.

Trass i det, og at fødetala går ned, vert det rapportert om større arbeidspress og ein stadig meir krevjande arbeidssituasjon ved fødeinstitusjonane. Noko av grunnen er at ein større del av dei som føder i Noreg er eldre, og stadig fleire av dei har kompliserande faktorar og tilleggskomplikasjonar som medfører auka arbeidsmengd per fødsel. Økonomisk press på institusjonane bidreg òg, ifølgje rapporten.

Masseoppseiing

I medlemsundersøkingane til Jordmorforbundet har over 60 prosent av jordmødrene ved dei store kvinneklinikkane i landet svara at dei har vurdert å slutte som følgje av stort arbeidspress.

Berre dei siste månadene er det no mange som har sagt opp, seier Schjelderup i Jordmorforbundet.

– Det har vore ein spesiell situasjon under koronaen, med mangel på jordmødrer over tid. Når den mangelen no vert forlengd, er det mange som ikkje orkar meir. Mange av dei store fødeavdelingane i landet opplever no masseoppseiing av jordmødrer. På nokre avdelingar er det snakk om ti og tolv oppseiingar. Og det er frå ei bemanning som frå før er marginal. Masseoppseiingar går igjen ut over jordmødrene som er att på jobb. Nokre jobbar no over 20 vakter i strekk utan fri, og fleire stader har helgebemanning på vekedagar. Fødetilbodet er vanskjøtta for tida.

– Kvar i landet er situasjonen verst?

– Det er utan tvil på dei største fødeklinikkane at bemanninga er dårlegast. Grunnen er at mange fødetilbod er lagt ned, og at fleire fødande no soknar til dei største klinikkane, men utan at bemanninga der er auka, seier ho.

Oppfølging

I rapporten om endringar i fødepopulasjonen frå Helsedirektoratet i mars i fjor vart helseføretaka tilrådde å jobbe meir systematisk og langsiktig for å rekruttere, behalde og utdanne helsepersonell på fødeinstitusjonane. Det vart òg synt til at føretaka i nokre tilfelle kunne vurdere å auke rammefinansieringa til fødeavdelingane.

Schjelderup meiner det har skjedd altfor lite sidan den gong.

– I oppdragsdokumentet til helseføretaka i fjor stilte regjeringa krav om at fødetilbodet skulle styrkast, men då vi samla våre tillitsvalde tidlegare i år, var tilbakemeldinga frå dei at helseføretaka ikkje har innfridd kravet, seier ho.

Ho hadde òg venta ein øyremerkt pott til fødetilbodet i statsbudsjettet for 2022, men så langt har ho vorte skuffa.

– Det er sett av 60 millionar til å tilsetje fleire jordmødrer i kommunane, og det var heilt naudsynt, men den største jordmormangelen er ved sjukehusa, som i dag har 250 ledige jordmorstillingar, seier ho.

No håpar Schjelderup den nye regjeringa kjem med både meir pengar øyremerkt fødeavdelingane, nye utdanningsstillingar ved sjukehusa og ein ny finansieringsmodell for sjukehusa.

Sistnemnde er alt varsla i Hurdalsplattforma: Regjeringa vil leggje fram ei stortingsmelding om det heilskaplege føde- og barseltilbodet som omfattar både bemanning, følgjeteneste, heiltidsstillingar for jordmødrer og ein ny finansieringsmodell for fødeavdelingane som premierer fagleg kvalitet.

Kor tid ei slik melding kjem, er det etter det Dag og Tid kjenner til, enno ikkje sagt noko om.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Ei kvinne set liv og helse på spel kvar gong ho vert gravid og føder.

Astri Holm, pensjonert høgskule­lektor
og forfattar

– Det er utan tvil på dei største fødeklinikkane at bemanninga er dårlegast.

Hanne Charlotte Schjelderup,
leiar i Jordmorforbundet

Emneknaggar

Fleire artiklar

Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.

Foto: Anne-Line Aaslund

KunstFeature

«Moren» og søstrene hennar

Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.

ÅshildEliassen

Trygve Seim og Frode Haltli har samarbeidd musikalsk i 20 år.

Foto: Hubert P. Klotzeck / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Praten flyt lett

Samtalen mellom Seim og Haltli er eksistensielt viktig.

Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.

Foto: Chess.com

Kunnskap
Atle Grønn

Skandaleduellen

«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis