JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HelseSamfunn

Den problematiske kjønnskorrigeringa

Debatten om kjønnsbyte er stor. Han kjem til å verta større.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Over heile verda vert det kjempa for rettane til seksuelle minoritetar. Her er det spanjolar som går i tog til støtte for rettane til transpersonar i Pamplona 28. juni i fjor.

Foto: Alvaro Barrientos / AP / NTB

14459
20210205

Bakgrunn

I 2016 fekk Noreg eit nytt lovverk. Born ned til seks år kan no skifta juridisk kjønn.

Kjønnsskifte treng ikkje lenger vera ein konsekvens av kirurgi og hormonbehandling. Alle kan skifta juridisk kjønn så mange gonger dei vil.

Kjønnsbyte

jon@dagogtid.no

Sex og kjønn er sterkt knytte til skam, løynd, fordomar, undertrykking og vald. Lista av negative ord knytte til kjønnsskilnader og konsekvensane av dei, er lang. Det er noko med menneske og sex som er unikt i dyreriket. Det fyrste Adam og Eva gjorde etter at dei smakte av eplet, var å dekkja til kjønnsorgana. Deretter sende Gud dei ut av paradis.

Tidsskriftet The Economist har vorte meir sentrumsorientert med åra, men då redaktørane var verkeleg liberalistiske, attende i 1980- og 1990-åra, pla dei ha to faste leiarar i året. I den eine gjorde dei framlegg om at alle nye adelstitlar i Storbritannia burde seljast på auksjon. Ein fast kvote kvart år skulle gå til dei som baud høgst. Dette meinte The Economist ville gje statskassa auka inntekter, sidan det var nok av idiotar rundt omkring i verda som ville ha ein britisk adelstittel. Synspunktet var så logisk at det var vanskeleg å argumentera mot. Det kom sjeldan protestbrev.

Den andre faste leiaren handla om prostitusjon. Der hevda The Economist at sal av sex burde vera fullt lovleg og sjåast på som eit heilt vanleg og greitt arbeid. Det var alltid ein etterspurnad der ute, og etterspurnaden kunne løysast ved eit tilbod. Ingen andre hadde noko med ei friviljug kontrakt mellom to sjølvstendige og myndige individ å gjere. Og om prostitusjon vart full lovleg, og sexarbeidarane fekk trygde- og helserettar i byte mot å betala skatt og avgifter, ville det i sin tur føra til høgre offentlege inntekter og mindre kriminalitet. Folk måtte kvitta seg med fordomane, var bodskapen.

Kva med di dotter?

Denne leiaren utløyste ein type lesarbrev som stort sett var bygde over same lesten og vart avslutta med eit spørsmål: «Dersom redaktøren har ei dotter, ville redaktøren vera nøgd med at ho vart prostituert?» Det kom aldri svar frå redaktøren på spørsmålet.

Eit ikkje heilt ulikt spørsmål kan stillast om menn eller gutar som har skifta juridisk kjønn, men ikkje har gått gjennom ein kjønnsskifteoperasjon. Om du som mor tok med dotter di på ti år til eit badeland, og de satt nakne i garderoben medan ein person med eksponert penis gjekk forbi og sette seg ved sidan av dykk, korleis ville du ha reagert då?

Er det diskriminerande å reagera negativt på ein penis i ein kvinnegarderobe? Er det greitt at eit rom som før var eksklusivt for biologiske jenter og kvinner, ikkje lenger er det? Det kjem an på kven du spør. Lat oss sitera frå ei avgjerd i Diskrimineringsnemnda frå september 2018: «Saken gjelder spørsmål om trakassering på grunn av kjønnsidentitet eller kjønnsuttrykk i forbindelse med bruk av garderoben på et treningssenter. (…) B ble registrert med mannlig kjønn ved fødselen. Etter at lov om endring av juridisk kjønn trådde i kraft i 2016, endret B sitt juridiske kjønn til kvinne. B har kvinnelig kjønnsidentitet. B har ikke gjennomført kjønnsbekreftende behandling.»

A eller B?

Ei kvinne som nemnda kallar A, møtte kort tid etter lovendringa B i dusjen i kvinnegarderoben på eit treningssenter. A likte ikkje dette, gav ho utrykk for. Så gjekk dei ei tid, og dei møttest på ny i garderoben, i februar 2017. Person B fekk seinare hjelp av Juridisk Rådgivning for Kvinner (Jurk), som hevda dette i møtet med fyrst Likestillings- og diskrimineringsombodet og så Diskrimineringsnemnda: «Ved neste møte i garderoben i februar 2017, uttalte A at transkvinner ikke burde befinne seg i damegarderoben. B valgte da å stå opp for seg selv og spurte: ’Hva faen er problemet ditt?’ A insinuerte at B var en høyrisiko potensiell overgriper og at A ble trakassert fordi B var i damegarderoben. I møtet med daglig leder på treningssenteret ble hun kalt biologisk mann av A. B opplevde det som svært krenkende at A insinuerte at hun ikke var kvinne, og ikke like mye verdt som andre kvinner.»

Person B fekk medhald av ombodet: «A handlet i strid med forbudet mot trakassering på grunn av kjønnsidentitet/kjønnsuttrykk overfor B ved hendelsen i garderoben i februar 2017.» Person A klaga deretter til Diskrimineringsnemnda, som med eit fleirtal på to mot éin kom til at A truleg ikkje hadde meint å trakassera B: «Samlet sett mener nemndas flertall at det ikke er ’grunn til å tro’ at det har skjedd trakassering.» Leiaren av nemnda, derimot, «har kommet til at B ble trakassert på grunn av kjønnsidentitet/kjønnsuttrykk».

Rettsleg avklaring?

Men heile Diskrimineringsnemnda var samde om at feltet manglar ei rettsleg avklaring. Lova om endring av juridisk kjønn kom i 2016, og det utan særleg offentleg debatt, og helseminister Bent Høie møtte i tillegg lite motstand i Stortinget då han fekk vedteke lovframlegget.

Lovendringa gjorde at personar frå fylte seks år, med samtykke frå foreldre, kan endra juridisk kjønn, og det utan at helsevesenet er inne i biletet. Ein kan endra juridisk kjønn så ofte ein vil i Folkeregisteret. Etter fylte 16 kan alle endra juridisk kjønn utan samtykke frå føresette.

Hausten 2018 gjekk jussprofessor Marit Halvorsen gjennom lova i ein større artikkel i tidsskriftet Lov og rett og uttalte til Juridika at ho fann både lova og lovarbeidet problematisk: «Norge har Europas mest liberale lov om juridisk kjønnsbytte, uten hverken aldersgrense, betenkningstid eller krav til medisinsk eller psykologisk veiledning. Det er ikke sikkert det hadde vært mulig hvis lovgiver hadde vært mer problemorientert.»

Før var det slik at Folkeregisteret kravde stadfesting frå Nasjonal behandlingstjeneste for kjønnsinkongruens, som då heitte Nasjonal behandlingsteneste for transseksualisme, før dei gjekk med på at ein person fekk skifta juridisk kjønn. Då måtte eggstokkar eller testiklar ha vorte fjerna, noko ein berre fekk dersom ein var diagnostisert med transseksualisme og hadde gått gjennom ein lang periode med hormonbehandling.

Men i 2014 kom Likestillings- og diskrimineringsombodet til at det var i strid med Diskrimineringslova å krevja diagnose, kirurgi og hormonbehandling. Det førte i sin tur til at Høie laga den nye lova, men utan at det i førearbeidet vart reflektert særleg over nye konfliktar og problem som kunne oppstå, skal vi tru Halvorsen i Juridika: «’Loven regulerer et fundamentalt spørsmål uten å diskutere virkningene’, sier Halvorsen. Hun spekulerer på om årsaken til denne tausheten kan være at lovgiver ikke vil gå inn i ubehagelige diskusjoner. ’Dersom man hadde gått inn på konsekvensene av loven, kunne man nok avdekket konflikter’.»

Gode intensjonar

Det er ingen tvil om at det norske lovverket rundt kjønnsbyte og antidiskriminering er bygd på gode intensjonar. Det finst ei rekkje undersøkingar både nasjonalt og internasjonalt som syner at transpersonar er mellom dei gruppene som møter mest diskriminering, og det er sjølvsagt forståeleg at ein person som kjenner seg som kvinne, ikkje har lyst til å opphalda seg i ein herregarderobe. Men det er heller ikkje lett å flykta frå biologien og konsekvensane av eit hormon som testosteron, sjølv om ein i ein del miljø feilaktig trudde det, om vi skal tru medisinsk forsking.

Enkelte genetiske guteborn vert fødde med uklart kjønnsorgan, dei har som regel testiklar, men har anten manglande eller ufullstendig penis. I mange år var det vanleg at desse borna, både i Noreg og i store delar av verda, på basis av amerikansk praksis, kirurgisk vart gjorde til jenter. Praksisen kan førast attende til psykologiprofessoren John Money ved Johns Hopkins-universitetet. Han publiserte i 1975 ein artikkel om ein gut på åtte månader som hadde fått øydelagt penis under omskjering. Money overtalte foreldra til å operera guten og gjera han til jente. Money fortalte i artikkelen at dei heile var særs vellukka og at guten vart ein lukkeleg tenåring.

Dette var ikkje sant. Han sleit frykteleg psykisk, og då han vart 14 år, fortalde foreldra sanninga. Guten fekk på ny gjennomført kirurgi og endra namnet sitt til David. Heile familien vart djupt traumatisert, og guten tok seinare livet sitt med ei avsaga hagle.

På basis av artikkelen til Money vart likevel kirurgisk kjønnsbyte vanleg for slike born rett etter fødselen. I 2004 publiserte så to forskarar, urologane William G. Reiner og John P. Gerhart, også frå Johns Hopkins, ein større artikkel i New England Journal of Medicine. Dei hadde undersøkt ei rekkje gutar som hadde fått endra kjønnsorganet og var oppdregne som jenter. Konklusjonen var klar: «Kliniske intervensjonar på slike born bør revurderast i lys av desse funna.» Praksisen vart lagd om over heile verda.

Bankran

Det var 16 personar med i granskinga til Reiner og Gerhart. To av dei hadde ikkje vorte opererte av di foreldra nekta kirurgi. Dei vart vanlege gutar. Dei 14 andre vart gjorde til jenter, og foreldra hadde ikkje fortalt dei at dei var fødde som gutar. Dei to forskarane snakka med foreldra og borna medan «jentene» gjekk gjennom puberteten. Hovudinteressene var slikt som jakt og sport. Etter at dei hadde fylt fire, hadde nesten alle nekta å gå i jenteklede.

Tre hadde alt byrja å kalla seg gutar då forskarane tok kontakt, to ved fylte ni, ein då han vart tolv år. Ingen av dei 14 hadde gjennom tenåra vore kjærast med gutar. Ein som var tolv år då granskinga byrja, vart som 17-åring sett i maximum security-fengsel for væpna ran. Vedkomande hadde då i lengre tid sett på seg sjølv som gut og hadde alt hatt fleire kvinnelege sexpartnarar. I fengsel fekk han endeleg hormonbehandling med testosteron.

Kva er så relevansen av denne granskinga for dei som ikkje har gått gjennom kirurgisk endring av kjønnsorganet rett etter fødselen? At hormon alt påverkar oss medan vi er foster, og desse konsekvensane aukar på gjennom puberteten og varer ved livet ut. Tydelegast ser vi kanskje dette i idretten og nettopp i treningsgarderobar. Konflikten er nok størst i USA, men han er òg til stades her heime i Noreg.

Den internasjonale kvinnegruppa Women’s Human Rights Campaign (WHRC) kjempar for at det er biologi som skal avgjera kven som er kvinne eller mann. Dei meiner at FNs kvinnerettsfråsegn må tolkast smalt og på basis av FNs eigen definisjon av kjønn, som er «de fysiske og biologiske egenskapene som skiller menn fra kvinner», skal vi tru gruppa. Den norske avdelinga av WHRC har sendt eit brev til Noregs idrettsforbund og kravd at «Norges Idrettsforbund må forholde seg til FNs kvinnekonvensjon artikkel 10 g og artikkel 13, og sikre kvinner og jenter retten til kjønnsdelte klasser også i breddeidretten». Forbundet har ikkje svart.

Det har alt lenge vore slik at enkelte amerikanske delstatar har kravd at dei som definerer seg som jenter sjølv om dei er fødde som gutar, skal få vera med i idretten. Dette har gjeve seg utslag i at dei som er fødde som jenter, har tapt. Fleire av idrettsforbunda har slite kraftig med problematikken. Det er dessutan slik at nokre som ein trudde var fødde som jenter, har testiklar som ikkje er synlege. Skal alle få vera med til OL om dei tek hormonbehandling?

Semenya vinn alt

Caster Semenya frå Sør-Afrika er mellomdistanseløpar. Ho er fødd med skjulte testiklar og har delteke i OL og VM i friidrett. Ho er betre enn alle andre og har vunne gull i båe tevlingane. Den internasjonale skilsdomsnemnda (CAS) kom i 2019 til at ho måtte taka hormondempande medisinar for å kunna deltaka vidare. Men i røynda er dette vedtaket ikkje eit veldig stort hinder for Semenya. Mykje av effekten som testosteron har på hjerne, musklar og hjarte- og karsystemet, er evigvarande, syner forskinga.

Det heile vart sett på spissen den dagen Joe Biden vart innsett som president. Om ettermiddagen skreiv han under på ein ny presidentordre om å «hindra og nedkjempa diskriminering på basis av kjønnsrolleidentitet eller seksuell orientering». Der står det mellom anna at born og unge «skal kunne vera i stand til å læra utan å uroa seg over om dei får tilgang til toalett, garderobar eller skuleidrett». Lista over tiltak er lang. Men innan hundre dagar skal den føderale styresmakta tilpassa budsjett og reglar slik at dei som definerer seg som jenter eller kvinner, skal ha dei same rettane som dei som er fødde som hokjønn biologisk. «Alle personar skal få lik handsaming på basis av lovverket», som det står.

Slutt, over, ferdig

Abigail Shrier er kommentator i Wall Street Journal og har skrive boka Irreversible Damage: The Transgender Craze Seducing Our Daughters. Der hevdar ho at det at ungdom og born kan endra kjønn og få behandling før dei er myndige, er sterkt skadeleg, og at vestlege samfunn har fått eit usunt syn på kjønn og ungdom.

Shrier har snakka med Linda Blade, som har trent kvinner til OL, om ordren frå Biden. Blade seier at «alt er over. Ferdig. Slutt». «Alle goda samfunna får frå å gje jenter ein verna kategori slik at konkurransen kan verta rettvis, ja, alle framstega i kvinnerettar, vert no reduserte.»

Blade seier at foreldre til tenåringsjenter ikkje er interesserte i å oppmuntra døtrene til å driva idrett når dei vert «demoraliserte av openberr urett og rigga konkurransar». Det vert vidare vanskeleg for svarte jenter, som har nytta og nyttar sport til å koma seg ut av gettoen ved å få idrettsstipend til college, å gjera det same i framtida, hevdar kritikarar av presidentordren.

Men vi treng ikkje draga til USA for å sjå kor vanskeleg dette med kjønn er. Halvorsen trekkjer fram organisasjonar. Det er no eingong slik at mykje av det offentlege tilskotsystemet er basert på at kvinner har lide historisk urett og difor skal verta lyfta fram. Det gjeld i til dømes kultur og idrett og mykje i akademia.

Eit openbert konfliktspørsmål er om juridiske kvinner som framleis er biologiske menn, skal få støtte som var meint for biologiske kvinner. JURK, som er oppretta for å gje støtte til kvinner, gav ei juridisk kvinne med penis hjelp i ein konflikt med ei biologisk kvinne som vart krenkt av den same penisen. Er det greitt?

Det som i alle høve verkar sikkert, er at den debatten som ikkje kom då lova vart endra i 2016, kjem vi til å taka seinare. I England saksøkte ein person foreldra av di dei hadde tillate hormonbehandling og kjønnsendring før vedkomande var myndig. Vedkomande angra og vann i retten.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Skal juridiske kvinner som framleis er biologiske menn, få støtte som var meint for biologiske kvinner?

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis