JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HelseSamfunn

Feittet sit fast

Slanking er vanskeleg, men somme får det til.
Og det er i grunnen alt vi veit.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
?– Trening har mange positive effektar, men vi bør heller byrja med noko så enkelt som å koma oss opp av sofaen, seier professor Jøran Hjelmesæth.

Foto: NTB scanpix

10328
20190201

Overvekt

Ein av fem nordmenn slit med sjukeleg overvekt. Dei har kroppsmasseindeks (KPI) på minst 30.

Særleg har vekt til unge gått opp dei siste tiåra.

21 prosent av unge kvinner og 28 prosent av unge menn i alderen 18-20 har overvekt eller fedme.

Helse

jon@dagogtid.no

Dei fleste av oss kjenner slankaren – mora som etter tre born tek seg saman, byrjar i ei trimgruppe og går ned i vekt, samstundes som ho får betre kondis. Endå meir typisk er kan henda mannen med karriere og god inntekt som i ein alder av 45–50 får melding av fastlækjaren om at både blodtrykket og kroppsmasseindeksen er noko uheldig. Året etter har han gått ned 15 kilo, går Birkebeinaren og deltek på Trondheim–Oslo på sykkel. Dei to vert gjerne fanatikarar og spreier den gode bodskapen til alle som vil høyra, og enda fleire som lèt att øyro.

Skal vi tru den etablerte fedmevitskapen, dei fremste og desillusjonerte slankeforskarane, er den vellukka slankaren ein myte. Han finst knapt. Eller som Gro Beate Samdal og Eivind Meland frå Forskingsgruppe for allmennmedisin ved Universitetet i Bergen skriv i ein artikkel i Tidskrift for Den norske legeforening: «Folk forstår at det å slanke seg er et håpløst prosjekt for de aller fleste.» Konklusjonen deira, etter å ha gått gjennom store mengder forsking på slanking, er nådelaus: «Uansett hvilke metoder man bruker for å slanke seg, får man en vektreduksjon på kort sikt. Men på lang sikt kommer kiloene tilbake, og ofte er de flere enn før.»

Få vellukka

Påstandane til desse to er på ingen måte unike, og dei har tilsynelatande heilt rett. Forskinga syner at få vert vellukka slankarar etter standard vitskapleg metode. Den typiske forskinga er slik: Ein tek to grupper, gjerne tilfeldig plukka ut, såkalla randomiserte. Den eine gruppa får ein diett og rettleiing. Den andre gruppa vert utsett for noko anna, eller får melding om ikkje å gjera noko som helst. Dei som vert plukka ut, er som regel personar med kraftig overvekt som har vore innom helsevesenet med fedmerelaterte sjukdomar. Det er altså folk som slit og har oppsøkt helsevesenet for å få hjelp.

Men då vert spørsmålet: Er dette rett metode? Granskar ein i hovudsak folk som slit, folk som ikkje har hatt sjølvdisiplin nok til å kontrollera vekta på eiga hand? Går ein ikkje glipp av dei med god viljestyrke og høg motivasjon? Dei som eventuelt greier å slanka seg på eiga hand, som byrjar å trena systematisk og strukturert over år, og som berre er innom fastlækjaren for årlege helsekontrollar, vert i mykje mindre grad forska på enn klientar. Kort sagt: Kan vi lita på slankeforskinga som seier at slanking og trening ikkje fører til varig vektnedgang?

Bortkasta mot vekt

Som overlege Rønnaug Ødegård ved Avdeling for barn og unge på St. Olavs hospital nett sa til Aftenposten: «Det er uetisk av leger og myndigheter å si at trening hjelper deg å gå ned i vekt. Vi har holdt opp fysisk aktivitet og trening som en nødvendig komponent for å gå ned i vekt. Det er det absolutt ikke. Forskning viser oss dette med sikkerhet både for barn og voksne.»

Med andre ord: Slanking fører til at du med tida vert feitare. Og om du absolutt vil slanka deg likevel, så er trening for å verta slank bortkasta.

Men kva då med alle desse vellukka slankarane og nyfrelste treningsnarkomane vi ser rundt oss?

Jøran Hjelmesæth er professor i medisin ved Universitetet i Oslo, fedmeforskar og leiar for Senter for sjukleg overvekt i Helse Sør-Aust ved Sjukehuset i Vestfold.

– Har det ikkje i hovudsak vorte forska på klientar som ikkje maktar livsstilsendringar på eiga hand?

– Eg er heilt usamd i omgrepet «klientar». Å halda vekta etter nedgang er vanskeleg, eg er ikkje med på noka stigmatisering. Eg kan likevel vera samd i at vi har for lite kunnskap om alle desse som har makta å gå ned i vekt på eiga hand, særleg gjennom systematisk trening. Men vi har òg store undersøkingar der ein har spurt heile folkesetnader om dei har prøvt å gå ned i vekt og makta å halda den nye vekta. Det er nokså mange som ikkje har makta å halda vekta.

– Så mennene eg kjenner som har makta langvarig vektnedgang på eiga hand, er ikkje representative?

– Her er forskingsmaterialet for tynt. Men det er nok ein tendens til at ein del menn er litt enklare på dette feltet enn andre grupper. Når ein mann kjem til lækjaren og er overvektig, og lækjaren fortel at det nok er den literen med juice han drikk kvar dag som er problemet, ja, så kuttar ein del menn ut den literen og går ned i vekt. Dei reagerer positivt på enkle problem og forklaringar. Hjå kvinner er det ofte litt meir komplekst.

I USA har det faktisk dukka opp heilt kjønnsspesifikke slankeprogram. Det typiske for menn er å leggja ein stor sum pengar inn i ein fellespott. Ein legg til dømes inn 1000 dollar som ein taper om ein ikkje går ned i vekt. Når ein så har gått ned i vekt, legg ein 1000 dollar til i potten. Går det gale, taper ein pengane. Den som står att som vinnar, får alt. Men mange menn nektar å gje etter. Store delar av potten vert ståande på bankkontoen. Kvinner vert ikkje motiverte av slikt. Dei møtest i staden nærast som anonyme alkoholikarar og snakkar med kvarandre. Dei vert motivert av felles samtalar og trøyst og støtte.

Rå kondis

Kva så med trening? Er det bortkasta? Ved NTNU i Trondheim trena dei tre grupper med sjukleg overvektige (kroppsmasseindeks på 30) under ulike program. Resultata for dei som sprang 4 gonger 4-intervall, var beint ut sagt utrulege. Dei med best resultat sprang alt etter seks veker nesten 200 prosent lenger enn ved oppstart, noko normalvektige aldri ville fått til. Samansetjinga av musklar og feitt vart diverre ikkje sjekka. Men det vart vekta. Særleg dei på 4 gonger 4 rapporterte om ein mykje betre kvardag og betre helse, men vekta, ho stod diverre stille.

– Også her er det mykje ulikt. Eg vil seia at trening har svært positive effektar om du maktar det. 4 gonger 4-intervall har synt stor effekt, særleg på midjemål, som er viktig for hjarte- og karhelsa. Men mange seier rett ut at dei hatar slik trening av di dei vert så slitne. Dei har nok betre av å eta mindre. Dersom vi i tillegg får dei til å gå ein rask spasertur på ein time per dag, kan mykje vera gjort. Men trening gjev betre livskvalitet, betre søvn og betre helse. Det er likevel ikkje nok for dei fleste, sidan ein bør trena veldig mykje skal det ha varig effekt på vekta.

– Du verkar mindre pessimistisk enn ein del andre forskarar?

– Ja, det er eg. Det finst ei rekkje metodar for å gå ned i vekt, og alle verkar om du gjennomfører dei. Et du mindre mat, går du ned i vekt, og held du fram med å eta mindre, held du den nye og lægre vekta.

Fasting

For nokre år sidan laga den britiske lækjaren og BBC-journalisten Michael Mosley ein fjernsynsserie om fasting og det å eta greitt fem dagar i veka og svært lite to dagar i veka, den såkalla 5–2-dietten. Mosley er i dag mangemillionær på bøkene han har skrive. Fasting har vorte det nye store, og mange seier dei har fått gode resultat.

– Vi sa ikkje det før, men det kan vera ei god løysing å lata vera å eta ei stund. Det kan vera på ulike måtar, alt frå ikkje å eta til det å eta lite i korte periodar av dagen. Då rasar ein ned i vekt. Og det klarer dei aller fleste, syner det seg. Utfordringa er igjen kva ein gjer etterpå. Det ein ikkje kan gjera, er å byrja å eta som før. Då går vekta opp att. Mange kan makta permanent vektnedgang, men då kjem ein ikkje utanom at ein må laga ein rekneskap over det ein et.

Fordomane er feil

Men når ein tek utgangspunkt i dei som har søkt hjelp, får ein som nemnt kanskje eit skeivt bilete, for då får ein ikkje med dei som er motiverte og liker strenge regime. For er ikkje slankeforskinga litt som rusforskinga, at ein tek utgangspunkt i dei som har feila og søkjer hjelp gjentekne gonger? Men dei fleste som drikk for mykje, skjerpar seg. Dei fleste som går litt opp i vekt, korrigerer kursen.

Hjelmesæth er ikkje heilt med på den premissen.

– Det er nok ein del rett i det du seier. Nokre få ekstra kilo fører ofte til skjerping, men eg anar nokre fordommar i spørsmåla. Ein av fem nordmenn har fedme (BMI 30 eller meir). I denne millionen nordmenn finst det ei mengd folk som har solid kunnskap om kva som skal til for å gå ned i vekt, og som korkje slit med viljestyrke eller latskap, men som likevel ikkje får det til. Kroppen yter ekstremt sterk motstand mot slanking og kan gje dei som har slanka seg, ein sterk hunger. Og når dei så fyrst et, gjev kroppen dei i tillegg ei sterk lukkekjensle som normalvektige ikkje får. På toppen kjem det at kroppen går inn i sparebluss. Eg plar seia at går du ned 10 prosent av kroppsvekta, må du redusera kalorikonsumet med 20 prosent for å halda den vekta. Du vert sabotert biologisk heile vegen.

Samfunnsfeil

I tillegg kjem samfunnsproblema: Mellom 1900 og 1960 tilpassa vi oss den industrielle revolusjonen. I takt med at vi vart meir stillesitjande eller -ståande, reduserte vi kaloriforbruket vårt i Vesten, sidan mat framleis var relativt dyrt, ifølgje Hjelmesæth. Men så slo velstanden og det kapitalistiske systemet inn.

– Mat vart relativt billigare, og dei store multinasjonale selskapa byrja å annonsera for fullt for energitett mat som flesk, kjøt og sukker. Når du fyller diesel, tikkar no tilbodet frå bensinkjedene inn: «Neste gong i januar når du fyller diesel, får du tre gratis kveitebollar.» Nei, ikkje alle vert overvektige av dette, men dei som er uheldige og genetisk disponerte for overvekt, får altså eit dobbelt trykk: eitt frå biologien og eitt frå samfunnet. Hadde vi ikkje fått tilbod om så mykje billig mat, ville vi ikkje hatt ein fedmeepidemi. Når det er sagt: Det går altså an å gå ned i vekt og halda seg.

– Men det er vanskeleg?

– Ja, men kvar dag forskar vi på metodar for å halda på vektnedgang. Den eller dei som løyser dette, får nobelprisen. Eg er likevel svært optimistisk på vegner av framtida. Folk forstår meir og meir, særleg politikarane. Det kjem tiltak på samfunnsnivået. Og nei, eg er ikkje motstandar av hard trening. Det har utruleg mange positive effektar, men vi bør heller byrja med noko så enkelt som å koma oss opp av sofaen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Hadde vi ikkje fått tilbod om så mykje billig mat, ville vi ikkje hatt ein fedmeepidemi.

Professor Jøran Hjelmesæth

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.

Foto: Sebastian Dalseide

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Beckett-klassikar av godt merke

Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.

Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.

Foto: Merete Haseth

BokMeldingar
Hilde Vesaas

Våren over mannalivet

Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.

Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Djevelen i detaljane

By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis