Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HelseSamfunn

Ingen veg attende

– Nesten ingen i Portugal vil kriminalisere narkotikabruk att, seier João Goulão, gudfar til den portugisiske modellen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
João Castel-Branco Goulão.

João Castel-Branco Goulão.

João Castel-Branco Goulão.

João Castel-Branco Goulão.

2438
20210312
2438
20210312

peranders@dagogtid.no

– Vi er glade for den store interessa frå Noreg, og det er hyggjeleg om vi har inspirert forslaget dykkar til ny politikk, seier João Castel-Branco Goulão.

Han har følgt den portugisiske rusreforma heile vegen: Han var med på å lage den nye strategien på slutten av 1990-åra, og er i dag direktør for direktoratet Sicad, som ligg under helsedepartementet og har ansvar for rusmiddelfeltet.

– Reforma var svært omstridd på førehand. Mange i parlamentet frykta at det skulle kome flylaster fulle av narkotikamisbrukarar til Lisboa kvar dag. Men det gjekk jo ikkje slik. 21 år seinare er det brei aksept for modellen i Portugal, både i dei politiske partia og i politiet, seier Goulão.

– Avkriminaliseringa gjorde det mykje lettare for folk å søkje hjelp, ikkje berre med rusproblema sine, men òg med andre helseproblem. Dette var ein viktig del av politikken, for det skaper meir samanheng: Om det er eit helseproblem du skal handtere, gjev det ikkje meining å kriminalisere folk.

– Debatten om avkriminaliseringa dykkar er ofte ideologisk prega, både av dei liberale og dei restriktive?

– Ja, men for oss handla dette om pragmatisme. Heroinmisbruket gjorde stor skade på samfunnet vårt i 1990-åra. Politikken vi hadde, fungerte ikkje. Vi måtte finne nye løysingar.

– Dei som blir tekne med narkotika, skal møte for ei nemnd. Mange av desse synest truleg ikkje at dei har noko problem å snakke med nemnda om?

– Og dei er ei viktig målgruppe for samtalane. Kanskje påverkar narkotikaen dei på måtar dei ikkje er klare over, kanskje har dei andre problem i livet sitt dei treng hjelp med. Og det er lettare for dei å diskutere det i ein slik samanheng enn i ein rettssal der dei fryktar å bli straffa. Kring 10.000 personar blir sende til nemnder kvart år, og 80 prosent av dei er ikkje avhengige. Men dei kan likevel ha godt av denne intervensjonen.

– Men i andre land vil eg tru at frykt for straff held somme vekk frå å starte med narkotika?

– Det kan hende. Men narkotika er framleis ulovleg i Portugal, brukarane blir berre ikkje straffa for det. Og denne modellen har gjeve gode resultat. Det er det som tel for oss, seier João Castel-Branco Goulão.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Heroinmisbruket gjorde stor skade på samfunnet vårt i 1990-åra.

João Castel-Branco Goulão, Sicad-direktør

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Marita Liabø

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis