Portugisiske tilstandar
Rusreforma er langt på veg laga i Portugal. Men kor vellukka var eigentleg avkriminaliseringa av narkotika?
Ein seljar med cannabisprodukt på gata i Lisboa i mai 2014. Portugal har ikkje legalisert narkotika, men bruk av narkotika vart avkriminalisert i 2001.
Foto: Francisco Seco / AP / NTB
Helse
peranders@dagogtid.no
Rusreforma er ei av dei store politiske stridssakene i Noreg denne våren. Regjeringa vil avkriminalisere bruk og oppbevaring av mindre mengder narkotika til eige konsum. Kritikarane fryktar at resultatet blir auka forbruk, medan tilhengjarane av reforma meiner frykta er grunnlaus. Kanskje kan vi finne nokre svar lenger sør i Europa, for forslaget til regjeringa liknar mykje på reforma som Portugal innførte i 2001.
Inspirasjonen går tydeleg fram i utgreiinga som ligg til grunn for reforma, Rusreform – fra straff til hjelp frå 2019. Der blir den portugisiske modellen drøfta over mange sider (og eit søk på stikkordet «Portugal» gjev 190 treff i utgreiinga).
Avkriminaliseringa av narkotika i Portugal er eit referansepunkt i internasjonal debatt om ruspolitikk. Men kva kan Noreg og andre land lære av erfaringane derifrå? Det er ikkje enkelt å svare på, og den liberale og den restriktive sida i dette ordskiftet tolkar resultata i Portugal heilt ulikt. Først treng vi litt historisk bakgrunn for å skjøne kvifor portugisiske styresmakter la om kursen kring tusenårsskiftet.
Omvelting
Slik tilfellet gjerne er i ein politistat, hadde portugisarane svært lågt narkotikaforbruk under diktaturet som varte til nellikrevolusjonen i 1974. Med fridomen følgde aukande bruk av narkotika. I tillegg kom mange portugisiske soldatar heim frå dei tapte koloniane med eksotiske rusvanar.
Og geografien skapte særeigne problem: Portugal vart eit svært viktig transittland for narkotikasmugling. Store mengder cannabis frå Afrika, kokain frå Latin-Amerika og heroin frå Spania vart sende gjennom Portugal, og slik transport set som regel spor langs vegen.
Om vi så går til 1990-åra, var likevel ikkje det allmenne narkotikaforbruket spesielt høgt i Portugal samanlikna med andre europeiske land, og cannabisforbruket var av dei lågaste i Europa. Men landet hadde nokre store særeigne problem: Talet på heroinmisbrukarar var svært høgt, det var mange overdosedødsfall, og det var mykje smitte av hiv og andre sjukdomar blant dei sprøytenarkomane. I slumområdet Casal Ventoso i utkanten av Lisboa vanka kring 5000 heroinavhengige dagleg for å skaffe seg dop. Og ein svært stor del av dei innsette i portugisiske fengsel var dømde for narkotikabrotsverk.
Alt dette var del av bakgrunnen for at landet la om ruspolitikken fundamentalt. Men ekspertkommisjonen som skulle gje råd om saka, valde ei anna løysing enn mange andre land med store narkotikaproblem – og fekk gehør hos politikarane.
Meir behandling
Sjølve avkriminaliseringa av all narkotikabruk i Portugal skjedde 1. juli 2001. Dette var ikkje ei legalisering: Narkotika var framleis ulovleg, sjølv om det ikkje lenger var straffbart å bruke eller ha det på seg i mindre mengder. (Den lovlege mengda er ti dagars typisk konsum av eit narkotisk stoff.) Men avkriminaliseringa var berre ein del av pakka. Behandlingstilbodet for narkomane vart òg rusta monaleg opp i Portugal kring tusenårsskiftet. Og dei som vart tekne med narkotika på seg, fekk pålegg om samtalar med ein ny type offentlege nemnder. Her skulle legar, sosialarbeidarar eller andre offentlege tenestemenn gje råd og eventuelt vise folk vidare til behandling.
Reforma innebar såleis å omdefinere narkotikaproblemet frå eit kriminalitetsproblem til eit helseproblem. Ho skulle redusere stigmatiseringa av dei narkomane og motivere dei til å søkje hjelp frå helsevesenet.
Men så kjem det store spørsmålet: Korleis fungerte dette i Portugal? Det kjem an på kven du spør.
Entusiasten
Den internasjonale merksemda kring den portugisiske modellen tok ikkje av før i 2009. Da kom den vesle rapporten Drug Decriminalization in Portugal, utgjeven av den liberalistiske tankesmia Cato Institute i USA og skriven av juristen Glenn Greenwald (seinare meir kjend som journalist og samarbeidspartnar for varslaren Edward Snowden). Han konkluderte med at reforma i Portugal hadde vore «ein dundrande suksess»: Bruken av fleire typar narkotika hadde gått litt ned etter avkriminaliseringa, det var langt færre overdosedødsfall og mindre smitte av hiv og andre sjukdomar blant dei narkomane, og fleire rusmisbrukarar fekk hjelp. Ut frå alle viktige målestokkar for narkotikapolitikk «hadde Portugal gjort det betre enn dei aller fleste andre statar som heldt fast ved kriminaliseringsregimet», skreiv Greenwald.
Rapporten hans var basert på eit tre vekers opphald i landet og berre 28 sider lang, men han fekk stort gjennomslag. Han fekk positiv omtale i mellom anna The Economist og Scientific American, og Time Magazine skreiv: «Vil du vinne krigen mot narkotika? Portugal kan ha svaret.» Ei rekkje medium rundt i verda følgde opp med positive artiklar om Portugal-reforma.
Noko av gjennomslaget kan nok forklarast med at den harde lina mot narkotika hadde gjeve dårlege resultat i mange land, ikkje minst i USA. Og for den liberale sida i rusdebatten vart den positive tolkinga av Portugal-modellen eit viktig referansepunkt.
Stikk motsett
På andre sida var det kritikarar som berre finn negative følgjer av den portugisiske reforma. Ein av desse var legen Manuel Pinto Coelho, tilhengar av ei fråhaldsline i kampen mot narkotika og leiar for Foreininga for eit narkotikafritt Portugal. Han kom med sin eigen rapport i 2010, der han hevda at den portugisiske rusreforma i 2001 hadde vore ein «katastrofal fiasko» som ingen land måtte finne på å kopiere. Coelho nytta dels andre statistikkjelder enn Greenwald, dels tolka han talmaterialet heilt annleis. Konklusjonen hans var at reforma hadde ført til stor auke i bruken av nesten alle typar narkotika – og han hevda òg at talet på narkotikarelaterte dødsfall hadde gått opp og ikkje ned etter avkriminaliseringa.
Coelho fekk ikkje like store medieoppslag som Greenwald gjorde, men har blitt flittig brukt som kjelde av organisasjonar som ikkje ønskjer ein meir liberal narkotikapolitikk. Og når debatten om den portugisiske modellen så ofte endar i påstand mot påstand, heng det saman med at faktagrunnlaget er mangelfullt og sprikjande og opnar store rom for tolking. Og her er mange metodeproblem. Kan til dømes avkriminaliseringa ha gjort folk meir tilbøyelege til å innrømme narkotikabruk når dei blir spurde om det i ei spørjeundersøking?
Nokolunde går det likevel an å seie noko sikkert om utviklinga i Portugal, og forskarane Caitlin Hughes og Alex Stevens har gjort forsøk på å rydde opp.
Moderate funn
Australske Hughes og britiske Stevens har forska på ruspolitikken i Portugal gjennom mange år, og konklusjonane deira er nøkternt positive når det gjeld resultata av reforma. I ein forskingsartikkel frå 2012 rettar dei kritikk mot både Greenwald og Pinto for selektiv bruk av data og skeiv tolking av materialet. Konklusjonane til Hughes og Stevens er nøkternt positive til reforma, men dei meiner Greenwald gav eit for roseraudt bilete: Datamaterialet tyder på ein viss auke i bruken av narkotika i Portugal dei første åra etter 2001 i dei fleste aldersgrupper (men nedgang blant ungdom), og ein moderat nedgang i befolkninga att frå kring 2007. Det var òg ein nedgang i talet på alvorlege misbrukarar i åra etter 2001.
Når det gjeld overdosedødsfall, konkluderer Hughes og Stevens med at det var klar nedgang i åra etter reforma (sjølv om statistikken er mangelfull). Dei fann òg ein sterk reduksjon i hivsmitte blant sprøytenarkomane i Portugal etter 2001. Og som ein kunne vente, gjeve utbygginga av behandlingstilbodet i landet, får no langt fleire portugisarar hjelp frå helsevesenet til å handtere rusproblema sine.
Rorschach-test
Få er imot å gje narkomane hjelp, men i Noreg som i andre land er det sjølve avkriminaliseringa som er omstridd. Og sidan det grepet kom som ein del av ein reformpakke i Portugal, er det ikkje lett å finne effekten av avkriminaliseringa åleine. Her ligg noko av problemet med å diskutere den portugisiske reforma: Nokre endringar er vanskelege å måle, og det er svært vanskeleg å slå fast årsaka til dei endringane ein kan måle.
Den amerikanske skribenten Keith O’Brien har likna avkriminaliseringa i Portugal med ein psykologisk Rorschach-test, ein prøve der pasientane skal fortelje kva dei ser i ein blekkladd på eit ark. På same vis kan alle lese det dei vil ut av portugisisk dopstatistikk.
Men noko av viktigaste er truleg det som ikkje skjedde etter avkriminaliseringa. Dei verste spådomane slo ikkje til, Portugal vart ikkje noko mekka for narkoturistar, og rusmisbruket tok ikkje av. Det kom truleg ein moderat auke i narkotikabruk dei første åra, men Spania og Italia hadde omtrent same utvikling.
Så langt erfaringane frå Portugal. Men er dei nyttige og relevante for rusmiddeldebatten i Noreg? Utvalet bak NOU-en Rusreform – fra straff til hjelp meiner tydelegvis det. Forsking frå Portugal og andre land tyder rett og slett på at straff for bruk av narkotika har liten førebyggjande effekt, konkluderer utvalet i utgreiinga si: «Det må kunne sies å hefte en sterk tvil ved påstanden om at straffebud mot bruk av narkotika og tilhørende befatning med narkotika til egen bruk har en påviselig selvstendig preventiv virkning.»
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Noko av viktigaste er truleg det som ikkje skjedde etter avkriminaliseringa.
Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.