JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HelseSamfunn

Prisen for omsorg

Om vi held fram med å betra standarden på norske helse- og omsorgssektor, må nesten halvparten av dei som arbeider, vera tilsette i sektoren. Det vert frykteleg dyrt, syner ein ny SSB-rapport.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Før var utblokking av årene til hjartet ein stor operasjon, no kan det ofte gjerast med eit lite inngrep via handleddet, og pasienten kan fara heim same dagen.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

10568
20201120

Bakgrunn

SSB har rekna på kva det kjem til å kosta å gje helse og omsorgstenester i framtida.

Om ikkje vi betrar standarden, familien gjev meir omsorg og helsa vert betre, må vi ikkje betala noko ekstra. 

Om vi held fram med å auka standarden, må kvar innbyggjar betala 95.000 meir i skattar og avgifter. 

Omsorg

jon@dagogtid.no

Då National Health Service (NHS) vart innført rett etter krigen, var ein av grunnane til at Labour våga å byrja med gratis helsehjelp over statsbudsjettet, at demografane og folkehelseekspertane sa at jau, utgiftene vert nokså høge nokre få år, men etter kvart som velferdsstaten vert bygd ut og folk får tilgang til helsehjelp, kjem kostnadene til å gå ned. Svaret på kvifor det måtte gå slik, verka den gongen innlysande: Den britiske folkehelsa kom til å verta mykje betre, og dimed ville folk ikkje ha den same trongen til omsorg, ålmennlækjarar og sjukehus som i dei fyrste år med gratis helsetenester.

Det same kunne ein tenkja seg galdt i Noreg. Med folketrygda i 1967 stod i grunnen velferdsstaten som vi kjenner han, ferdig utbygd i Noreg. Alle hadde rett på alderspensjon, alle hadde rett til sjukepengar og uføretrygd om det var trong for det. Dessutan var det ingen eigendel hjå lækjarar og på sjukehus. I tillegg var folk vaksinerte, og stort sett alle hadde tilgang til reint vatn og kunne grunnleggjande hygiene. Dei verste infeksjonssjukdomane var nær utrydda, og attpåtil hadde vi antibiotika.  

Men kanskje endå viktigare: Vi hadde få gamle i Noreg, i mellomkrigstida vart det ikkje fødd særleg mange born her i landet. Noreg hadde ein ung folkesetnad, det skulle gå over 35 år før vi innsåg at det var trong for å stramma inn på pensjonssystemet, og folk flest lærte seg ordet eldrebylgje. Ja, då vi innførte folketrygda og meirverdiavgifta, snakka politikarane til og med om kva dei skulle gjera med det store overskotet folketrygda kom til å få dei komande tiåra, sidan gjennomsnittsnordmannen var så ung.  

Tok feil

Det gjekk på same viset som i Storbritannia. I takt med at folkehelsa vart betre, gjekk utgiftene til velferdsstaten rett i vêret. Her skal vi ikkje snakka om uføretrygd, sjukepengar og AFP, men om utgiftene og ressursane som går til helse og omsorg.

Mellom 1970 og 2018 har utgiftene til helse og omsorg i Noreg gått opp 7,9 gonger målt i faste reelle kroner. Folk etterspør ikkje færre helse- og omsorgstenester når dei vert friskare og rikare, dei etterspør mykje, mykje meir. Tala er henta frå rapporten «Skatteregningen for helse- og omsorgsutgifter mot 2060» som Statistisk sentralbyrå (SSB) nyss har gjeve ut.

Frå 1960 til 1990 vart vi stadig fleire unge som kom i arbeidsfør alder, no er det beste vi kan vona på, om SSB har rett, at talet på personar mellom 5 og 60 vert det same i 2060 som det var i 2017. Og det er altså kor store utgifter vi får til helse og omsorg, og korleis vi skal finansiera sektoren mellom no og 2060, som er temaet i SSB-rapporten.

For å byrja med ein truisme, som det heiter på fint: Fordelen med stadig meir pengar til helse og omsorg er at vi lever stadig lenger. Ulempa med stadig meir pengar til helse og omsorg er at vi lever stadig lenger. Fram mot 2060 kan vi venta at talet på 77-åringar vert dobla, talet på 95-åringar går truleg opp 4,5 gonger.

1,1 årsverk

Ulempa ved dette er at det trengst åtte årsverk for å gje gode helse- og omsorgstenester til ti personar på 95. Talet er ikkje uventa. Alt i dag er det slik at éin person i langtidspleie, som regel på sjukeheim, bind opp 1,1 årsverk.

Det som er ekstra problematisk, er at ein svært stor del av dei som arbeider i eldreomsorga, har deltidsstillingar, dimed bind eldre pleietrengande opp langt fleire personar enn årsverk. I dag er 14 prosent av årsverka i arbeidslivet innanfor helse og omsorg. SSB har laga ei rekkje scenario, der dei legg inn ulike føresetnader. Men dei har laga ei referansebane, at vi berre held fram som no, for å seia det litt enkelt. Der aukar talet på årsverk i sektoren til 17 prosent i 2035 og til 22 prosent i 2060. Det  er nokså mange personar.

Men dei har også laga eit minimumsscenario der dei seier at folk i høg alder i framtida kjem til å etterspørja mindre av slike tenester enn folk i høg alder no, og at familien gjev litt meir omsorg. Då vil vi gå frå 14 prosent av årsverka i arbeidslivet no, til 15 prosent i 2035 og til 19 prosent i 2035. Men det både referansebana og minimumsscenarioet har til felles, er at vi ikkje kjem til å auka standarden som vi har no i helse og omsorg. Litt enkelt sagt: Same kor gode medisinar vi finn mot kreft eller kva det skal vera, kjem altså ikkje staten eller kommunane til å nytta meir pengar per pasient i kvar aldersgruppe enn i dag.

Dei som trur det skjer, kan retta opp handa. Når vi har auka kostnadene i helse- og omsorgssektoren 7,9 gonger sidan 1970, kor truleg er det då at veljarane vil slutta å be om standardauke i framtida?

SSB har difor laga eit maksi­-
mumsalternativ, der dei aukar standarden med 1 prosent kvart år. Her høyrer det med å nemna at det er ein mykje lægre auke i velferd og standard enn vi har hatt dei siste 50 åra per år. Dei seier vidare at folk i alle aldersgrupper har same helsetilstand som i dag. Då må 42 prosent av alle årsverk i Noreg gå til helse og omsorg.

Kva for eit scenario som er mest truleg, er det sjølvsagt umogleg å svara på, men som SSB skriv om maksimumsscenarioet: «I lys av den helse- og omsorgsveksten Norge har hatt i mer enn 50 år, kan ikke S3 (1 prosent auke i standard per år, red. merk.) av-
vises a priori som urealistisk.» 

Skatt

No er det ikkje fyrste gongen vi får slike overslag, og dei er sjølvsagt eigna til å skremma, men det nye i rapporten, og det som er litt komplisert, er måten dei reknar ut skatterekninga på, altså kor mykje ekstra skatt vi må ut med.

Grunnføresetnaden er at storleiken på Oljefondet ligg nokolunde, fast og at politikarane held seg til handlingsregelen, som seier at vi berre kan nytta 3 prosent av Oljefondet kvart år. Om det er realistisk, er eit anna spørsmål. Men så reknar dei på kva det kostar å flytta ein arbeidar frå privat sektor til offentleg sektor. Det er mykje. For sjølv om også dei tilsette i offentleg sektor betaler inntektsskatt og arbeidsgjevaravgift, er til dømes ikkje arbeidsgjevaravgifta i offentleg sektor ei reell inntekt for staten. Det fører berre til at offentleg sektor betaler til seg sjølv tilsvarande ei utgift dei har teke på seg. Då går det heile i null. Og sidan det offentlege stort sett ikkje sel tenestene, men gjev dei bort gratis, vert det heile ekstra dyrt. Dessutan vert det mindre overskot og MVA og slikt når dei private verksemdene har færre arbeidarar å tilsetja. Eller som SSB seier det:
«Skatteregningene er mer enn det dobbelte av utbetalt lønn per ekstra årsverk. Det skyldes for det første kjøp av andre innsatsfaktorer og dekning av utgifter i ideell og markedsrettet HO-produksjon. For det andre kan vel 18 prosent av skatteregningen tilskrives lavere skatteinntekter som følge av fortrengning av markedsrettet produksjon og dermed grunnlagene for indirekte skatter, selskapsbeskatningen og det effektive provenyet fra arbeidsgiveravgiften.»

Sagt enkelt: Ein ekstra sjukepleiar med ei årsløn på 500.000 utløyser ei skatterekning på godt over ein million kroner. Om vi held fram med å auka standaren med 1 prosent, som er lågt samanlikna med korleis vi har gjort det fram til no, må kvar innbyggjar i Noreg, ja, alle, ut med 95.000 nye kroner i skatt berre til helse og omsorg. Men her kjem litt gladnytt. Om minimumsscenarioet slår til, at vi ikkje hevar standaren, at familiane yter litt meir omsorg, og at vi får stadig betre helse, som fører til at vi etterspør mindre, vel, då treng vi ikkje auka skattane i det heile teke. Den vanlege veksten i ein kapitalistisk økonomi ordnar finansieringa.

Det som driv det opp

Rapporten er teknisk og har ein del føresetnader vi ikkje treng gå inn på her, men forfattarane har ein lang diskusjon om kva drivarane i utgiftsauken innan helse- og omsorg er. Vi har vorte eldre, og vi skal verta endå eldre. Det gjev i seg sjølv vekst i utgifter, men eldre veljarar har andre prioriteringar enn yngre – alle parti seier at dei vil satsa på dei eldre. Ja, at vi vert eldre, kan tyda på betre folkehelse, men overlever ein kreft, får ein etterpå fleire potensielt demente år.

Det er òg slik at når realinntektene til folk aukar, vil dei nær automatisk auka den delen som går til helse og omsorg. Men når ein sjølv ikkje betaler direkte for helse- og omsorgstenester, får ein heller ikkje eit marknadssignal om kor dyre slike tenester er. Då er det truleg ein tendens til overforbruk. «Skattefinansiering fremfor kostnadsdekkende priser innebærer at den enkelte bruker ikke konfronteres med kostnadene på helsetjenestene.»

Det er også slik at mange ramlar ut av arbeidsmarknaden. Mange har ramla ut av arbeidsmarknaden i Noreg dei siste 50 åra, mange kjem nok til ramla ut av arbeidsmarknaden i takt med at stadig fleire yrke krev høgre utdanning. Baksida av at vi vert meir produktive, er at fleire ikkje maktar å vera med på karusellen.

Det å ramla ut av arbeids­-
marknaden fører til auka helseproblem. «Det grunn til å tro at helseproblemer forsterkes hvis man faller ut av arbeidsmarkedet, og at dette ikke bare reflekterer at helseproblemer hindrer yrkesaktivitet.»

Når vi så veit at vi har hatt høg innvandring, og at innvandrarar frå låginntektsland kjem til å auka meir enn andre grupper i framtida, er det grunn til å tru at helse- og omsorgsrekninga for dei aukar meir enn i folkesetnaden elles, seier SSB.

I tillegg kjem at unge i stadig aukande grad fell ut av arbeidsmarknaden, og at stadig fleire menn ikkje får born, då vert det færre familiemedlemar som kan gje omsorg.

Kva med distrikta?

Ei sak som SSB-rapporten ikkje tek opp, er distrikta. Sett på spissen vert barnelause menn som i alle høve ikkje arbeider i helse- og omsorg, verande att på bygda, medan kvinner som får born og er viljuge til å arbeida i helse og omsorg, flyttar til byane. Det kan gje grunnlag for pessimisme.

Endå meir pessimistiske kan vi verta når vi veit at gjennomsnittsmannen vert liggjande eitt år på sjukeheim etter innlegging, gjennomsnittskvinna fem år. Kven skal pleia mødrene når døtrene har flytta til Asker og Bærum?

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Det trengst åtte årsverk for å gje gode helse- og omsorgstenester til ti personar på 95 år.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis