JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HelseSamfunn

Rusmisbruk, straff og depresjon

Straff stoppar ikkje rusavhengige, og skjermar hjelper ikkje mot einsemd, meiner Johann Hari.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
– Det motsette av å vera rusavhengig, er ikkje å vera rusfri. Det er å ha menneskelege relasjonar, seier Johann Hari.

Foto: Kathrin Baumbach

9272
20210129

Bakgrunn

Johann Hari

Fødd i Glasgow i 1979

Forfattar av bøkene Chasing The Scream og Lost Connections (norsk tittel: Frakoblet)

Har gjort to TED-talks om rus og depresjon. Begge har millionar av avspelingar.

Rusmisbruk

maylinnclement@hotmail.com

I vår skal regjeringa røysta over ny rusreform. Utvalet som i 2019 vart sett ned for å sjå over den norske lovgjevinga, tilrår at mindre narkotikalovbrot ikkje lenger skal kriminaliserast. I utgreiinga si har dei mellom anna sett på den portugisiske modellen.

– Det gjer dei lurt i, seier Johann Hari.

Han er ingen dokter eller psykiater, men journalist og forfattar som ikkje slår seg til ro med det rådande synet på rus og depresjon. Grunnane er nære: Hari har rusavhengige i familien, og han har sjølv slite med depresjon sidan tenåra.

– Eit av dei fyrste minna mine er at eg prøver å vekkja opp ein familiemedlem som ikkje vil vakna. Seinare har eg skjønt at personen var rusa.

Hari ville finna ut kvifor somme menneske vert avhengige, og korleis han som pårørande kunne hjelpa dei best. Han reiste verda rundt, intervjua leiande forskarar på feltet, vitja stader prega av store rusproblem og stader der problema har minka. Dette resulterte i boka Chasing the Scream (2015).

Nytt spørsmål, nytt bokprosjekt. Kvart år Hari har levd, har depresjon og angst vorte meir og meir utbreidd i den vestlege verda. Kvifor er det slik, og kva kan vera løysinga? Ein ny tur verda rundt vart til boka Lost Connections (2018). Begge bøkene har toppa bestseljarlister.

Rotteparken

Nesten alle land straffeforfylgjer bruk av ulovlege rusmiddel. I Noreg har me gjort det sidan 1928. Johann Hari seier det er ein menneskeleg respons å vilja straffa folk som rusar seg.

– Eg kan skjøna kor det kjem frå. Alle som elskar ein rusavhengig, vert dregne mellom ynsket om å hjelpa personen og å verta oppgitt: kan ikkje nokon berre stoppa deg?

– Me gjev rusavhengige bøter og fengselsstraff og tek jamvel førarkortet frå folk. Kvifor stoppar ikkje straff som dette rusbruken?

– For å svara på det må ein fyrst forstå kva det å vere avhengig er, seier Hari, og tek meg vidare inn i eit rotteforsøk frå 1960-talet.

Ei rotte bur åleine i eit bur der ho har to vassdispenserar. I den eine er det reint vatn, i den andre er vatnet blanda med heroin. Rotta vil gong på gong søkja mot vatnet med heroin, heilt til ho døyr av overdose. Ei ny rotte vert sett i buret, og lagnaden er den same.

– I 1970-åra kom psykolog Bruce Alexander på banen. Han reagerte på at rotta var åleine i buret og ikkje hadde noko anna å ta seg til enn å drikka vatn. Difor laga han rotteparken.

Dette var eit større område der fleire rotter var saman, dei fekk hjul å springa i, gangar å krypa i, ost og mat. I tillegg fekk dei to vassdispenserar, nett som tidlegare. Ein med reint vatn og ein med heroinvatn.

– I rotteparken smaka dei på begge vatna, men føretrekte det reine. Vatnet med heroin vart nesten ikkje brukt. Ingen rotter drakk av det fast, og ingen tok overdose.

Straff vil ikkje stansa det å vere avhengig, meiner Hari.

– Å rusa seg er eit ynske om å bedøva seg, fordi livet er vondt. Ved å straffa desse menneska forsterkar ein smerta deira. Alt som gjer smerta sterkare, gjer ein meir avhengig. Når du skjønner dette, ser du kvifor straff ikkje verkar.

Låg bruk, vonde utfall

Med 286 registrerte tilfelle i 2018 er Noreg leiande på overdosedødsfall i Europa. Er det verkeleg så mange som slit med ulovlege rusmiddel i Noreg? Nei, meiner Hari.

– De har låg bruk av narkotika, men høgt tal på vonde og alvorlege utfall av bruken, som overdosar og dødsfall.

Svaret er både godt og vondt.

– Noreg ligg framfor på mange område. Velferdsstaten og demokratiet dykkar er til inspirasjon for resten av verda. Difor er det vanskeleg å forstå at de i så lang tid har påført avhengige menneske strenge straffer. Her ligg Noreg etter.

– Kva kan me gjera med det?

– De kan slutta å kopiera dei som har feila, og byrja å sjå til dei som har lukkast. Til no har Noreg fylgt den amerikanske linja, med å påleggja skam, stigmatisera og straffa narkomane menneske. Sjølv etter ein hundre år lang krig mot narkotika har det ikkje hjelpt. USA har dei verste problema med rusavhengige i verda. Ingen land som har køyrt denne linja, har lukkast.

Portugal blir ofte lyfta fram som eit føregangsland når det gjeld ruspolitikk. For tjue år sidan var 1 prosent av portugisarane avhengige av heroin. Tala på overdosedødsfall var blant det høgaste i Europa. Ei gruppe forskarar, dokterar og sosialarbeidarar fekk jobben med å finna ei løysing.

– Fyrste rådet dei gav, var å avkriminalisera all narkotika, frå cannabis til crack. Neste var å nytta alle pengar som tidlegare var brukte på forfylging og fengsling, til å snu om tilværet til brukarane. Dei fekk arbeid og meining i livet.

Kva med seljarane?

– Men avkriminalisering fjernar berre halve problemet, seier Hari.

For det er ein vesentleg del me ikkje har kome inn på: produsentane og seljarane.

– Problemet i Portugal er at brukarane framleis må til dei kriminelle gjengane for å få tak i stoffa. Desse må vera trugande og farlege for å halda på posisjonen sin i eit kriminelt nettverk. Dei kan ikkje ringja politiet om nokon stel ein pose kokain. Då vert dei arresterte sjølv. Dette forstyrrar valdsmonopolet som staten skal ha, seier Hari og viser til korleis opphøyret av alkoholforbodstida i USA også stogga valden i dei kriminelle miljøa.

– Du ser ikkje Heineken-direktøren skyta Smirnoff-sjefen i andletet.

– Korleis meiner du dette kan løysast?

– Eg meiner ei oppmjuking må prøvast ut med varsemd, der kvart einaste stoff får si eiga regulering. Eg er ikkje for å sleppa fri marknaden. Ingen vil at heroin skal vera tilgjengeleg i butikkane. Og eg likar ikkje kommersialisering av rusmiddel, slik dei gjer med cannabis i Colorado.

Kjemisk ubalanse

Til liks med å gå til botnen i kvifor folk vert avhengige, meiner Hari me må ta tak i dei underliggjande grunnane til depresjon.

– Som tenåring fekk eg beskjed om at eg hadde ein kjemisk ubalanse i hjernen, og at medisin ville gjera meg frisk. Dette var ikkje vondsinna meint frå legen min, men ei grov forenkling.

Slik starta ein lang periode med utprøving av ulike antidepressiv.

– Etter 13 år hadde eg framleis den same kjensla av tomleik som var grunnen til at eg fyrst oppsøkte legen i tenåra.

– Meiner du at antidepressiv ikkje fungerer?

– Det fungerer på nokre, men langt frå på alle som får dei utskrivne.

Éin av fire norske ungdommar mellom 13 og 17 år med depresjonsdiagnose vert behandla med antidepressiv i dag.

– Dei burde ikkje få antidepressiv når dei er så unge. Klinisk forsking viser at medisinane ikkje har effekt på tenåringar, og at dei kan gje forferdelege biverknader.

Hari seier det er tre grunnar til alle mentale helseproblem. Éin: biologiske, som i genar. To: psykologiske, som sjølvbilete og traume. Tre: sosiale, som einsemd, at ein mistrivst i jobben eller er økonomisk øydelagd.

– Den biologiske har trumfa dei andre. Me er opplærte til å tru at depresjon kjem av ein feil i hjernen. Me må snakka mindre om kjemisk ubalanse og meir om ubalansen i korleis me lever.

Skadeleg skjermbruk

– Då eg var ung, sa Margaret Thatcher: Samfunnet finst ikkje, det finst berre individ og familiane deira. På mange måtar vann denne tanken fram. Slit ein med psykisk sjukdom, er det lett å skulda på seg sjølv og ikkje sjå feil i samfunnet.

Ei årsak til einsemd, meiner Hari, er presset i sosiale medium. At talet på jenter mellom 13 og 17 år med depresjon dobla seg i Noreg frå 2010 til 2014, ser han i samanheng med dette.

– Eg vitja det fyrste rehabiliteringssenteret for internettbruk, i USA. Dit kjem spesielt mange unge folk.

Hari spurde ungdommane kva dei fekk ut av sosiale medium. Dei svara at media gav dei kjensla av å vera med i ei gruppe, vera overalt og føla seg gode til noko.

– Slik eg ser det, er alt ein får berre parodiar av desse punkta. Me er ikkje skapte for å leva gjennom ein skjerm, men for å møta kvarandre.

Sjukt samfunn

– Kva er likskapen mellom å vera rusavhengig og å vera deprimert?

– Eg meiner dei heng saman i psykologiske behov. Alle veit me har fysiske behov, som mat og husly. Men me treng òg å høyra til ein stad, bli sett og ha ei framtid med meining. Både psykisk sjukdom og det å vera avhengig vert større når desse psykologiske behova ikkje vert møtte.

I boka si siterer Hari filosofen Jiddu Krishnamurti: «Det er ikkje eit sunnheitsteikn å passa inn i eit sjukt samfunn.»

– Er det vestlege samfunnet sjukt?

– Det er framsteg på mange, mange plan. Samstundes veit me at i USA tek éi av tre kvinner antidepressiv. På den måten er samfunnet sjukt. Me har blitt fortalt at angst, depresjon og rusmisbruk er funksjonsfeil, men det stemmer ikkje. Det er signal på at noko er i vegen.

– Tru du at me kan snu den negative depresjons­­trenden?

– Ja. Det gjeld så mange i dag, og det seier til folk at du er ikkje åleine. Til no er depresjon i vestlege land sett på som eit individuelt problem. Får me det over til eit kollektivt prosjekt, har eg absolutt trua på ei betring.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Johann Hari, forfattar

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis