JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HistorieSamfunn

Hitlers Nord-Noreg-plan

Hitler hadde mange megalomane planar. 
Polarbanen var ein av dei største. Prosjektet
kosta enormt og var ein total fiasko.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I romjula 1942 farta Hitlers rustingsminister Albert Speer att og fram på Nordkalotten. Han køyrde sjølv den opne Mercedesen.

Foto: Ukjend / Norsk Teknisk Museum

14196
20210514

Prosjekt i Noreg

Hitler hadde store planar for Noreg. 

Han ville byggja ein firefelts motorveg mellom Halden og Trondheim. 

Han ville også byggja ein stor ny tysk by utanfor Trondheim. 

Mest sette han inn på realisera ein polarbane til Kirkenes. 

Jarnbane

jon@dagogtid.no

«Noregsven» er eit positivt ladd uttrykk, og det kling kanskje litt feil å kalla Albert Speer det, men noregsven, det var han. Julaftan 1943 kryssa han grensestasjonen på Storskog, og om kvelden nådde han fram til Kirkenes. Han køyrde den opne Mercedesen sjølv og med i fylgjet var mellom andre den store fiolinisten Siegfried Borries, som skulle underhalda dei 500 tyske arbeidarane i Organisation Todt (OT), Noregs store byggherre under krigen. OT hadde namn etter grunnleggjaren Fritz Todt, som var Hitlers favorittingeniør og Speers føregjengar som rustingsminister.

OT bygde infrastruktur over heile det okkuperte Europa, men særleg mykje bygde dei i Noreg. Av alle dei okkuperte landa var Noreg det einaste som fekk overført meir ressursar frå Tyskland enn det som vart henta ut. I tillegg var Noreg truleg det landet målt mot folketal som tok mot flest tvangsarbeidarar. Ja, okkupasjonsmakta øydela eit stykke på veg det norske pengestellet og kredittvesenet med hemningslaus pengetrykking, og norske spararar fekk i praksis kverrsett mykje av sparepengane, som tyskarane mykje sløste bort. Men jau, samla sett fekk vi altså meir frå tyskarane enn dei tok.

Boris Gleb

I romjula farta Speer att og fram på Nordkalotten, mellom anna vitja han Boris Gleb – den finske enklaven som no er russisk, vest om Passvikelva – for å finna ut meir om dei tyske planane om eit nytt kraftverk der. Kraftplanane vart noko av. Men fyrst etter krigen, då Noreg og Sovjetunionen bygde ut prosjektet i samarbeid og attpåtil flytta grensesteinar.

Som så mykje anna av tyske planar for Noreg vart dei gjennomførte, men fyrst lenge etter at okkupasjonen var over. Speer tok seg òg tid til å vitja krigsfronten og dei tyske soldatane som prøvde å taka Murmansk. Ein soldat som stod ved sida av han, vart skoten rett ned. Då fekk Speer for fyrste gong oppleva «frontkrigens røyndom», som han seinare skreiv.

Tysk presse var med på Speers reise for å sjekka alle dei pågåande byggjeprosjekta til OT. Pressa rapporterte ikkje om at to tredjedelar av dei 374 jugoslaviske fangane som vart sette inn i vegprosjektet mellom Karigasniemi i Finland og Karasjok, var omkomne. OTs underavdeling i Noreg og Danmark hadde namnet Einsatzgruppe Wiking. Dei la att blodspor mange stader. 

To favorittar

At Hitler var heilt bisart oppteken av Noreg og alt han skulle gjera her, kjem meir enn tydeleg fram i den nye boka til Ketil Gjølme Andersen, som er fyrstekonservator ved Teknisk museum. Hitlers byggherrer – Fritz Todt og Albert Speer i Norge, som boka heiter, tek for seg Hitlers planar for Noreg og konsekvensane dei fekk. Visst var Hitler både manisk og galen, men særleg manisk og galen var han i planane for Noreg. Og det var Todt og Speer som skulle gjera alt det Hitler meinte burde gjerast.

– Kvifor var Hitler så glad i desse to?

– Det er nok kopla til ingeniørutopismen i mellomkrigstida. I nazipartiet (NSDAP) opererte ein med dette skiljet mellom den skapande industriherren, ingeniøren, og den snyltande finanseliten, jødane. Skiljet mellom det som var oppfatta som realøkonomi og spekulasjonsøkonomi, var viktig. Det er dette skiljet som får Hitler til å melda seg inn i NSDAP, skriv han i Mein Kampf.

Todt trudde verkeleg på det skiljet, og han melde seg inn i partiet alt i 1923, nettopp av di han meinte ingeniøren speler ei rolle i få nasjonen på rett kurs, fortel Andersen.

– Hitler var særleg glad i Todt av di han fekk til desse storprosjekta i rekordtempo, særleg då bygginga av dei store motorvegane gjennom Tyskland. Todt er levandegjeringa av Hitlers teknologifascinasjon.

Men ulike

Også Speer passar inn i denne ingeniørtenkinga, meiner Andersen. Men det er skilnader på dei to.

– Ja, Speer har nok ein viss fascinasjon for nasjonalsosialismen, men det er Hitler som person som verkeleg imponerer han. Det er òg skilnader i måten dei to gjer karriere på. Då er Speer mykje meir av ein maktpolitikar. Eg snakka med Todts barnebarn i arbeidet med denne boka, og det kjem klart fram at Todt hata spelet i Berlin – han omtala gjerne sitt eige ministerium som eit «skitministerium». Speer likte derimot spelet særs godt.

I tillegg kjem det at båe to likte Hitler godt.

– Der er ei gjensidig tiltrekking der. Vi skal hugsa at nett Todt og Speer er dei to som er mest saman med Hitler og fekk mest «kvalitetstid» med han. 

Speer var ikkje åleine om å vitja Noreg. Todt sjølv var her i september 1941. Då vitja han mellom anna Øysand utanfor Trondheim, der Hitler ynskte ein stor flåtebase og Neu Drontheim, ein heilt ny by, som skulle husa 250.000 tyskarar. Todt hadde ansvar for flåtebasen og ein firefelts motorveg som skulle koma mellom Halden og Trondheim, Speer for den nye byen. Men Hitler stogga ikkje der, for samstundes som Todt var i Noreg, la Hitler planane for polarbanen, togstrekninga gjennom dei fire nordlegaste fylka.

Svartsynt

Ja, Todt var ein lysande dyktig ingeniør som hadde gått med på alt Hitler ynskte, og meir til. «Ingenting er umogleg for Todt», som Hitler sa. Men då han var i Noreg, hadde pessimismen byrja å krypa inn. Var desse planane til Hitler så lure? Heilt svartsynt vart han då USA kom med i krigen. Tyskland var dømt til å tapa mot dei allierte, som hadde langt høgre produksjonskapasitet, meinte han. Todt ville skrota alt som skrotast kunne av planar.

Hitler ville ikkje høyra på pessimistar. I februar 1942 døydde Todt i ein flystyrt etter eit møte med Hitler. Tilfeldigvis, eller kanskje ikkje, var Speer i same bygning som Hitler då flyet styrta. Straks vart han utnemnd som Todts etterfylgjar, både som sjef for OT og som rustingsminister.

Kva som vart sagt i møtet mellom Hitler og Todt den dagen, er ukjent, men alt tyder på at Todt hadde med ei mengd papir og utrekningar som synte at mellom anna polarbanen var eit umogleg prosjekt.

– Kva er di magekjensle? Var det eit drap?

– Eg må vedgå at då eg byrja på dette prosjektet, tenkte eg at det var for fantastisk om Hitler stod bakom døden til Todt, men no ser eg ikkje vekk frå tanken om at det kan ha vore ein konspirasjon og eit attentat. I boka dokumenterer eg då også at Todt faktisk prøvde å sabotera bygginga av polarbanen, og om det skulle visa seg at han også var mot andre storprosjekt som Hitler ville ha i gang på den tida, Atlanterhavsvollen, til dømes, vel, då kan han ha vorte teken av dage.

Etterplaprar 

I gangen sat altså Speer. Var det noko Speer kunne, var det å snakka Hitler etter kjeften, og våren 1942 vart Einsatzgruppe Wiking etablert. Sidan krigen mot Sovjet gjekk dårleg, gjekk Hitler til slutt med på utsetja planen om motorveg til Trondheim og den nye byen, men i byte ville han ha full konsentrasjon om polarbanen og å gjera norskekysten til del av forsvarslina som skulle byggjast frå Biscaya til Kirkenes, den nemnde Atlanterhavsvollen. Kystforta stod mykje klare då krigen var over, polarbanen vart derimot ein fiasko.

I ettertid er det lett å sjå kvifor. Banen måtte verta 1300 kilometer lang og gå gjennom nokre av dei mest krevjande landskapa i verda. Kvifor ville Hitler likevel nytta ressursar på slik galenskap? Av di han hevda det ville avhjelpa forsyningssituasjonen i kampen om Murmansk, fortel Andersen.

Alt i alt vart det sendt 130.000 tvangsarbeidarar og krigsfangar til Noreg. Men sjølv for så mange var det umogleg å laga ein jarnbane det ville krevja 87.520 tonn stål å skjeneleggja fram til Kirkenes. Mengda av stål som skulle verta transport nordover frå tyske stålverk, svarte til vekta av ti eiffeltårn.

– Denne statistikken hadde Todt truleg med seg til Hitler i februar 1942. Han vil syna kor vonlaust eit prosjekt som polarbanen var. Stål var rett nok ikkje hovudpoenget til Todt, det var kol som var den harde valutaen i den tyske krigsøkonomien. Det mangla Tyskland, og utan kol vart det mindre stål.

Då Speer etablerte seg som økonomisk diktator med utvida fullmakter over den tyske krigsøkonomien hausten 1943, var det nettopp for å få total kontroll over alle innsatsfaktorane, særleg kol, seier Andersen.

– Å senda av garde alle desse ressursane til polarbanen vart då også noko som plaga Speer etter kvart. Om ein skulle gjennomføra bygginga av polarbanen etter orda til Hitler, måtte nesten alle skip til Noreg vera lasta berre med stålskjener og tresviller.

Hitler nekta å sjå

Alle med berre litt reknekunne måtte forstå at polarbanen aldri kunne verta noko av, korkje i nær eller fjern framtid, særleg sett i lys av at Tyskland var i krig med verdas største industrinasjonar. Det var likevel umogleg å få Hitler til å leggja bort planane. Det nazistiske imperiet skulle syna att og få eit materielt og romleg uttrykk.

Det folket «opplevde  i sitt indre», skulle «få ei ytre form». Arkitektur, sa Hitler, var «ordet i stein». Polarbanen var nasjonalsosialisme på skinner. Heldt ein fast på «at eit problem skal verta løyst, vert det også løyst», som han gong på gong sa. Hausten 1941 såg Hitler føre seg at polarbanen skulle kunne byggjast på eit og eit halvt til to år.

Og ja, store ressursar vart sette inn, men då krigen var over, hevda Dagbladet, som visstnok hadde snakka med ingeniørar i OT, at tempoet hadde vore så lågt at prosjektet kanskje kunne vorte fullført på 150 år. Men sjølv då situasjonen var totalt prekær og mangelen på stål enorm, heldt skinnelegginga mot Nordishavet fram.

No skal det strekast under at det i og for seg var ein viss logikk i polarbanen, seier Andersen. Nikkelverket i Kolosjoki var særs viktig for den tyske rustingsindustrien. Over 80 prosent av alt nikkel som gjekk til herding av tysk panserstål, kom derifrå, og A/S Sydvaranger i Kirkenes leverte store mengder jarnmalm.

Både det å frakta forsyningar og soldatar til nordfronten og å frakta råvarer ut, opna opp for stadige åtak på skip frå alliert side. I eit slikt perspektiv gav jarnbane meining, men då utan at ein kalkulerte med tid og ressursar – og ikkje minst klima.

Store lidingar

Ein ting var det at polarbanen måtte få ei mengd tunnelar, ei anna sak var bruspenn på inntil 400 meter, men ein tredje ting var den korte byggjesesongen. Det var umogleg å byggja så lenge det var frost. Det høgste punktet på banen måtte dessutan gå gjennom eit landskap som låg 800 meter over havet. Speer prøvde faktisk å få Hitler til å forstå at det svarte til å byggja jarnbane i 3000 meters høgd i Alpane. Heile strekket som OT fekk ansvaret for å byggja, låg nord for polarsirkelen.

Dei menneskelege lidingane vart sjølvsagt store. Tvangsarbeidarane fraus i hel, svalt i hel og døydde heile tida av sjukdom. Men berre det å frakta dei til arbeidsstaden var risikabelt. 1000 sovjetiske fangar omkom i oktober 1942 då M/S «Palatia» gjekk ned. 2500 sovjetrussarar døydde då M/S «Rigel» vart botna utanfor Tjøtta i Lofoten i november 1944. Til samanlikning gjekk 1500 menneske med då «Titanic» gjekk ned.

– Likevel må vi skilja mellom eit par ting her. Ja, jugoslavane vart lenge heilt umenneskeleg handsama, men OT såg at dette ikkje gjekk, og var med på å få dei definerte om frå politiske fangar til krigsfangar – ein status som gav betre vern. På polarbanen var det i hovudsak sovjetrussiske tvangsarbeidarar. OT såg at dei måtte handsamast som ein ressurs.

Gjennom andre halvdel av 1943 og det meste av 1944 vart då tilhøva mange stader betre.

– I det minste på papiret heitte det seg at fangane som utførte det tyngste arbeidet, skulle ha rasjonar som var nesten like store som det tyske soldatar fekk. Og sjølv om Hitler var irrasjonell, såg han at sovjetiske fangar kunne vera ein økonomisk ressurs. Det var ein av grunnane til at han meinte banen kunne byggjast på så kort tid.

Tala er likevel forferdelege. Litt under 9 prosent av sovjetrussarane døydde på polarbanen, mot opp mot 70 prosent av jugoslavane på enkelte prosjekt i fyrste fase av krigen.  

Banen skal byggjast!

Kva gjorde Hitler då det vart meir og meir klart at prosjektet var umogleg, og Ruhr stod i brann etter alliert bombing i mars 1944? Han skreiv ein førarordre, Wiking II, som gjorde polarbanen til det høgst prioriterte prosjektet i Noreg.

Tusenvis av tyske fagarbeidarar skulle sendast til Noreg, kravde Hitler. Den siste ordren om polarbanen kom 16. april 1945. «Føraren er heilt tydeleg om at bygginga skal halda fram.» Då freden kom, var 137 kilometer av dei 1300 kilometrane nokolunde ferdige.

– Då Hitler til og med sende tyske tunnelarbeidarar til Noreg, arbeidarar som Speer ville nytta til å byggja underjordiske fabrikkar for framstilling av V-2-rakettar… Ein del av han må då ha sett at polarbanen var galenskap?

– No skal det seiast at Hitler til slutt gjekk med på at den nordlegaste delen av polarbanen skulle utsetjast. Men ja, å prioritera var det Hitler var dårlegast på. Han meinte på kvart tidspunkt at ein alltid kunne få meir for mindre. Der kortsluttar Hitler heilt som økonom.

Frå og med april 1944 gjekk det heilt gale, då hadde han kopla seg totalt frå røyndomen.

– Også for Speer gjekk det til slutt gale. Når han på den eine sida hadde det totale ansvaret for rustingsindustrien og på den andre sida var leiar av OT, var han i ein umogleg skvis. Todt såg dette kome alt hausten 1941. Då sa han at Hitler ikkje brydde seg om realitetane.

MDG

Ja, utanriksrekneskapen med Tyskland synte at Noreg fekk meir enn tyskarane tok. Men Noreg vart neppe eit rikare land av den grunn. Sløsing med ressursar plar ikkje føra til auka rikdom.

Nett når denne artikkelen vert skriven, kjem MDG med ei framlegg om å setja av 30 milliardar til forprosjektering og start på ein ny jarnbane mellom Fauske og Tromsø. Ketil Gjølme Andersen har ikkje heilt trua og avsluttar boka slik: «Siste ord er ikke sagt, men antagelig vil jernbanebygging i retning Nordishavet også i tiårene som kommer, framstå som et umulig prosjekt.» 

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Å prioritera var det Hitler var dårlegast på.

Ketil Gjølme Andersen, forfattar av Hitlers byggherrer

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis