Michelet avviser skuldingane
Marte Michelet kan ikkje sjå at «motboka» som no ligg føre, rokkar ved hovudkonklusjonane i boka hennar.
Marte Michelet held innlegg for historikarar etter presentasjonen av boka om Heimefronten i 2008.
Foto: Ørn E. Borgen / NTB
Historie
janh@landro.bergen.no
Michelet meiner at mykje av dette blei teke opp i debatten for to år sidan, då Hva visste hjemmefronten? kom ut.
– Eg er sterkt undrande til at tre såpass kompetente historikarar har brukt to år av livet sitt på denne nærsynte jakta på feil i mi bok. Mitt prosjekt var å opne eit nytt felt for gransking, nemleg motstandsrørslas respons på jødeforfølgingane under krigen. Dei forsøker å lukke den døra, og det er merkeleg at den historiske nyfikna ikkje er større. Det finst så mange kunnskapshol om holocaust i Noreg som dei heller kunne ha brukt tid og krefter på.
– Dei tre historikarane påstår at du har sitert feil, kutta sitat slik at den rette meininga ikkje kjem fram, at kjeldevalet ditt er selektivt, at du har nytta kjeldene dine selektivt og at mange av premissane dine ikkje er støtta av det empiriske kjeldematerialet. Kva seier du til det?
– Det er det same som dei insisterte på for to år sidan, og eg ser ikkje at dei kjem med noko særleg nytt. Eg er ikkje samd i framstillinga deira. Og eg står på mitt: Det er norsk historieskriving på dette feltet som har vore selektiv, skeiv og uempirisk, og altfor mange historikarar har vore meir lojale mot Heimefronten enn mot offera for jødeforfølginga.
– Dei meiner også at mange av påstandane og konklusjonane dine er vanskelege å etterprøve.
– Dei fotnotefeila vi har funne, er for lengst blitt retta opp i dei nye utgåvene, så der kunne dei ha spart seg mykje arbeid.
– Historikarane meiner å kunne prove at flyktningrutene til Sverige ikkje blei stengde for jødar berre fordi dei var jødar, slik du påstår, og at jødar ikkje blei handsama annleis enn andre som skulle over grensa.
– Dei vil gjerne prove det, trass i dokumentasjon av det motsette. Men det var rett og slett ikkje slik at jødane blei sett på som vanlege nordmenn. Det fanst ein utbreidd motvilje mot jødar også langt inn i motstandsrørslas rekkjer. Igjen handlar det om skilnader i korleis vi tolkar kjeldene. Eg merkar meg at desse forfattarane konsekvent tolkar alt til fordel for Heimefronten.
– Dei finn ikkje grunnlag for påstanden din om at jødar på flukt blei utsette for pengeutpressing av profittdrivne menneskesmuglarar, sjølv om noko slikt kan ha skjedd?
– Eg har lagt fram min dokumentasjon, som dei tolkar annleis. Kommande generasjonar av forskarar får gjere seg opp si eiga meining.
– Dei hevdar at du har sverta Alf T. Pettersen heilt utan grunn. Held du fast på din versjon?
– Eg har aldri ønskt å sverte nokon. Men eg har heller ikkje teke helteforteljingane for gitt berre fordi dei har handla om såkalla «heidersmenn». Mitt sentrale ønske har heile tida vore at det burde bli sett i gang eit breitt forskingsprosjekt som kan gå grundig gjennom økonomien i flukta. Det har ikkje skjedd. I staden kjem denne boka som verkar som eit partsinnlegg og ein freistnad på å reetablere den gamle forteljinga om fluktapparatets heroiske innsats for jødane. Den norske tilnærminga til dette er tidvis flau og heilt annleis enn i land det er naturleg å samanlikne seg med.
– Du meiner altså framleis at historikarar og sentrale aktørar gjennom heile etterkrigstida har prøvd å skjule problematiske sanningar om korleis dei norske jødane blei handsama?
– Ja, dessverre, og det kastar framleis lange skuggar inn i dagens debatt.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Det er det same som dei insisterte på for to år sidan, og eg ser ikkje at dei kjem med noko særleg nytt.
Marte Michelet , forfattar
Fleire artiklar
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Foto: Mariam Butt / NTB
Eit bilete på året som har gått
Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.