JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

I hendene på Hamas

For eitt år sidan bortførte terroristane meir enn 240 menneske frå Israel. Nokre er sette fri og kan fortelje om grufulle opplevingar. Andre har døydd i tunnelane til Hamas.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dette er dei 97 gislane tekne av palestinarar 7. oktober 2023 som framleis er sakna.

Kjelde: «Hostages and Missing Families Forum»

15032
20241011

7. oktober 2023

7. oktober gjennomførte Hamas og Islamsk jihad eit stort terroråtak på Israel.

Dei drap 1200 menneske – born, gamle, kvinner og menn – i heimane deira, i kibbutzar, langs vegar og på ein musikkfestival. I tillegg tok dei 240 personar som gislar.

Krigen som følgde på Gazastripa, kan så langt ha ført til 42.000 drepne, mange av dei born.

Ifølgje Israel er 17.000 av dei drepne Hamas-krigarar.

97.000 menneske på Gazastripa kan vere skadde.

redaksjonen@dagogtid.no

7. oktober: Dei første opplysningane om dei bortførte kjem frå videoane til kidnapparane. Dei sender videoane – og med dei terroren sin – ut i verda. Ein ser skrikande festivaldeltakarar som spring over jorda og vert fanga av Hamas-krigarar. Blødande menneske, inkludert born og skrøpelege eldre, vert frakta til Gaza på motorsyklar og pickupar, medan folkemengder jublar.

Ein video syner Shani Louk, ei tysk-israelsk kvinne som var på musikkfestivalen Nova. Kroppen hennar ligg halvnaken og livlaus på lasteplanet til ein bil, medan terroristane feirar henne som eit trofé, dreg henne i håret og spyttar på henne. Om ho er i live, er uklart.

Folk syng på ei samling for familie og vener til 7. oktober-gislane på årsmarkeringa for terroråtaket i ein park i Tel Aviv.

Foto: Jim Urquhart / Reuters / NTB

8. oktober: Det kjem triste nyhende om dei første dødsfalla blant gislane. Media stadfestar ein video lagd ut på X som syner lik på ein veg. Det er tydeleg at dette er dei same personane som dagen før var å sjå i ein video kidnapparane la ut då dei bortførte dei frå kibbutzen Be’eri. I dagane etter Hamas-åtaket vert mange videoar spreidde, men det kjem sjeldan fram korleis det går med gislane etter opptaka. Er dei skadde? Kvar vert dei haldne? Dette er spørsmål som pårørande til denne dag ikkje har fått svar på.

Dagen etter åtaket startar Haim Rubinstein ei WhatsApp-gruppe. Dei første medlemene er om lag 70 pårørande av sakna og bortførte personar. Rubinstein trur at staten er for overvelda til å ta seg av spørsmåla dei råka familiane har, og ønskjer å skape eit kontaktpunkt for å hjelpe dei med organisatoriske spørsmål.

Chatgruppa veks til meir enn 340 medlemer på ei veke og vert til Hostages and Missing Families Forum. Forumet arbeider for interessene til gislane og legg stadig press på den israelske regjeringa.

20. oktober: Dei første gislane – Judith Tai Raanan, 59 år, og dottera Natalie, 17 år – vert frigjevne. Hamas overleverer dei til den israelske hæren ved grensa. Dei to amerikanske borgarane bur i ein forstad til Chicago. I kibbutzen Nahal Oz, der dei vart bortførte, vitja dei familien sin for å feire Natalies avslutting på den vidaregåande skulen og 85-årsdagen til bestemora.

Gislane Judith Raanan og dottera Natalie vert eskorterte i tryggleik 20. oktober 2023.

Foto: Israels regjering / AP / NTB

23. oktober: Hamas slepper fri to nye gislar: Yocheved Lifshitz og Nurit Yitzhak, to eldre israelske kvinner som treng medisinsk behandling. Begge vert frakta til eit sjukehus i Tel Aviv.

30. oktober: Det israelske utanriksdepartementet stadfestar dødsfallet til Shani Louk. Rettsmedisinske ekspertar kunne ved hjelp av DNA-testar knyte eit stykke kranium som vart funne på Nova-festivalområdet, til den tysk-israelske kvinna. Ifølgje lækjarane var Shani Louk alt død då ho vart frakta til Gazastripa. Først i midten av mai kan den døde Shani Louk hentast tilbake, etter at åtte drepne gislar er funne i Hamas-tunnelar i løpet av ei veke.

Shani Louk vert køyrd til Gaza av åtaksmennene, som triumferer. Louk er hardt skadd eller alt avliden. Ho døyr truleg av hovudskadar.

Foto: Ali Mahmud / AP / NTB

14. november: Under eit luftåtak drep det israelske militæret ikkje berre – som planlagt – ein militærleiar i Hamas, men òg ved ein feil tre gislar. Saka syner korleis Hamas og den israelske hæren (IDF) kjempar om tolkingsretten: Hamas publiserte like etter luftåtaket ein video av gislane og hevda at dei hadde freista å halde dei i live, medan Netanyahu skal ha prøvd å drepe dei. Det israelske militæret finn lika i desember, men stadfestar først i september 2024, etter månader med undersøkingar, at dei tre unge mennene døydde som «eit biprodukt» av luftåtaket.

16. november: Israelske soldatar finn lika av to gislar, Yehudit Weiss, 65 år, og Noa Marciano, 19 år, i ein bygning ved Shifa-sjukehuset, som det israelske militæret storma kort tid før. Hamas hevdar at den unge soldaten Marciano vart drepen i eit israelsk luftåtak. Etter obduksjonen seier ein israelsk militærtalsmann at skadane ikkje samsvarer med denne påstanden.

Noa Marciano vert gravlagd 17. november 2023.

Foto: Ohad Zwigenberg / AP / NTB

17. november: Hamas publiserer ein video med påstand om at 86 år gamle Arye Zalmanovich fekk eit hjarteinfarkt under eit israelsk luftåtak og døydde. Heimkibbutzen hans, Nir Oz, stadfestar dødsfallet hans tidleg i desember.

18. november: Pårørande til gislane legg ut på ein marsj frå Tel Aviv til Jerusalem. Titusenvis følgjer dei på den rundt 70 kilometer lange turen. Dei ropar «No! No! No!» og krev straks ein avtale frå statsminister Benjamin Netanyahu om frigjeving av gislane.

21.–30. november: Ved hjelp av meklarar frå Egypt, Qatar og USA har den israelske regjeringa og Hamas komme fram til ein avtale om våpenkvile der Hamas-gislar vert utveksla mot palestinske fangar i israelsk varetekt.

Våpenkvila varer i sju dagar. Av dei til saman 117 gislane som er sette fri fram til i dag, er storparten frigjevne i desse dagane. 24. november vert 24 personar sleppte fri: 13 israelarar, hovudsakleg eldre kvinner, mødrer og born, i tillegg til 10 thailandske statsborgarar og 1 filippinsk statsborgar.

Under Hamas-åtaket 7. oktober vart 32 thailandske statsborgarar bortførte til Gazastripa, og 39 vart drepne. Før åtaket budde titusenvis av thailandske arbeidsinnvandrarar i Israel.

Yarden Roman-Gat, 36 år, er fri, men svigerinna hennar er framleis i fangenskap. Den 1. september 2024 melder den israelske hæren at dei har henta opp liket av svigerinna frå ein tunnel i Rafah.

Jelena Trupanow, 51 år, er sett fri, men sørgjer over mannen sin, som Hamas drap den 7. oktober. Son hennar, Alexander, er framleis i hendene på Hamas.

Den siste dagen av våpenkvila vert Aisha og Bilal Ziyadne sleppte fri. Søskena forlét Gaza utan broren Hamza og faren Yousef, som framleis vert rekna som gislar i Gaza. Familien Ziyadne er beduinar frå Negev-ørkenen i Sør-Israel. Beduinane er hovudsakleg sunnimuslimar og høyrer til den arabiske minoriteten i Israel.

30. november 2023 vert syskena  Bilal og Aisha al-Ziyadne frigjevne.

Foto: GPO / AP / NTB

1. desember: Våpenkvila er over. Ein stor del av dei som ikkje vart frigjevne, vert framleis rekna som gislar i dag, særleg mange unge kvinner, menn og soldatar frå den israelske hæren.

Nokre av gislane har sidan vorte stadfesta døde, til dømes Ofir Tsarfati, 27 år, som israelske soldatar henta tilbake til Israel den 1. desember. Tsarfati feira bursdagen sin på Nova-festivalen 7. oktober.

8. desember: To israelske soldatar døyr under ein militæroperasjon i Gazastripa, der hæren hentar ut to lik.

15. desember: I Shejaiya, ein bydel i Nord-Gaza, skyt israelske soldatar tre gislar som hadde greidd å flykte i kaoset under kampen. I dagane etterpå vert det klart at då soldatane skaut Haim, Shamriz og Talalka, var dei uvæpna og vinka med eit heimelaga kvitt flagg.

Talsmannen for den israelske hæren seier at dei tre «ved ein feil vart identifiserte som ein trussel».

Dødsfalla til desse tre gislane fører til nye protestar i Israel.

3. januar 2024: Nesten ein månad har gått sidan Hamas hevda at Sahar Baruch vart drepen av den israelske hæren under eit frigjeringsforsøk. Men først 3. januar stadfestar hæren dødsfallet til den 25 år gamle gisselen.

Det er framleis uklart om Baruch vart drepen av israelske styrkar under den mislykka aksjonen eller av Hamas.

11. januar: Pårørande til gislane samlar seg med høgtalarar ved grensa til Gazastripa. Dei ropar meldingar og vonar at røystene deira når fram til fangane.

14. januar: Hamas publiserer ei rekkje makabre propagandavideoar. Den første syner tre gislar, Noa Argamani, Yossi Sharabi og Itai Svirsky, som gjev det første livsteiknet sidan bortføringa. I den andre videoen vert publikum oppmoda om å gjette kva tilstand gislane er i: «1. Alle drepne. 2. Nokre drepne, nokre skadde. 3. Alle framleis i live. I morgon vil vi informere dykk om kva som har hendt med dei.»

I den tredje videoen kjem terroristane med kunngjeringa. Videoen syner Noa Argamani. Den unge kvinna forklarer at ho er skadd, og at medfangane hennar vart drepne av eit israelsk luftåtak – noko talsmannen til den israelske hæren, Daniel Hagari, seinare avviser.

Videoen endar med bilete av lika til Svirsky og Sharabi.

Noa Argamani, Almog Meir, Andrey Kozlov og Shlomi Ziv berga av hæren 21. januar.

Foto: Tomer Appelbaum / AP / NTB

18. januar: Kfir Bibas, den yngste gisselen, fyller eitt år. Pårørande og hundrevis av støttande israelarar held ei offentleg bursdagsfeiring på Gisselplassen i Tel Aviv. Det er framleis ukjent kvar barnet er, til liks med foreldra hans, som òg vart bortførte, og den då fire år gamle broren Ariel.

12. februar: Den israelske hæren opplever ein sjeldan opptur: Etter 129 dagar klarer dei å setje fri to gislar i live. Under operasjonen i Rafah, som vert støtta av massive luftåtak, døyr over 100 menneske, ifølgje palestinske kjelder.

17. mars: Den eldste gisselen, Shlomo Mansour, fyller 86 år. Mansour vart fødd i Bagdad i Irak, der han som barn opplevde ein valdeleg pogrom mot jødane. Familien flykta til Israel, der Mansour var med på å grunnleggje ein kibbutz. Her budde han fram til Hamas-åtaket. Det er ingen spor etter han sidan.

Kona hans klarte å kome seg unna angriparane.

8. april: Pave Frans møter pårørande til gislane i Vatikanet. Alt i november 2023, før våpenkvila, hadde paven hatt både israelske pårørande og palestinarar som gjester. Pave Frans talar stadig for våpenkvile, humanitær hjelp til palestinarane, frigjeving av gislane og fredsforhandlingar.

16. mai: Tryggingsrådet i FN held sitt første og til no einaste møte som utelukkande er vigd gislane til Hamas. USA kalla inn til møtet for å fordømme taktikken med å ta gislar som psykologisk terror. Alle dei 15 deltakarlanda kritiserer gisseltakinga; Russland, Kina og Algerie fordømmer òg Israels krigføring.

17. mai: Frå ein Hamas-tunnel greier det israelske militæret å hente ut tre døde: Shani Louk, Amit Buskila, og Itzhak Gelerenter. Til liks med Shani Louk vart dei to andre òg drepne kort tid etter at dei vart bortførte ved festivalområdet. Militæret seier at dei fekk kjennskap til lika i tunnelen frå fangar som vart avhøyrde.

Dagen etter melder militæret at dei også har funne liket av 53 år gamle Ron Benjamin i same tunnel.

24. mai: I det nordlege Gaza vert fire nye døde funne og henta ut. Ein av dei er Hernandez Radoux, kjærasten til Shani Louk.

8. juni: Noa Argamani vinn eit kappløp mot tida. Det israelske militæret set henne og tre andre gislar fri, noko som gjev henne høve til å sjå den dødssjuke mor si, som er kreftsjuk, ein siste gong. Mora bad i ein video etter bortføringa om at alt måtte bli gjort for å frigjere gislane raskt, fordi tida hennar var i ferd med å renne ut.

Ho får rett: Tre veker seinare døyr mor til Argamani av sjukdommen.

Frigjeringsoperasjonen kostar likevel mange palestinske sivile livet – om lag 100 ifølgje det israelske militæret, eller 274 ifølgje Hamas. Endå fleire vert skadde. Legar utan grenser rapporterer om «amputasjonar, lemlestingar og traumatiske hjerneskadar, i tillegg til beinbrot og store brannskadar».

22. juli: Den israelske hæren stadfestar dødsfallet til to andre gislar. Dei skal ha døydd fleire månader tidlegare i Khan Yunis. «Hostages and Missing Families Forum» peikar på at nyhenda om desse dødsfallet på nytt understrekar kor viktig det er å komme fram til ei forhandlingsløysing for frigjevinga av gislane.

Tre dagar seinare greier det israelske militæret å hente ut ytterlegare fem lik.

15. august: I Doha byrjar ein ny forhandlingsrunde om ein avtale mellom Hamas og Israel. USA, Qatar og Egypt meklar, men også denne gongen utan resultat.

27. august: Israelske soldatar frigjer den beduinske israelaren Farhan al-Qadi frå ein tunnel som Hamas har kontrollert. Han er den åttande gisselen som er frigjort av israelske soldatar, og den første som vert henta levande ut frå ein Hamas-tunnel. Ifølgje IDF fann soldatane al-Qadi åleine i ein tunnel nær Rafah sør i Gazastripa. Hamas-soldatane hadde flykta då dei høyrde dei israelske soldatane nærme seg.

31. august: Den israelske hæren finn Hersh Goldberg-Polin, som har både amerikansk og israelsk statsborgarskap, saman med fem andre døde gislar i ein tunnel under Rafah. Den israelske hæren trur dei vart drepne berre éin eller to dagar tidlegare.

Under åtaket på Nova-festivalen søkte Goldberg-Polin tilflukt i ein bunker, men terroristar kasta granatar inn, noko som førte til at han mista ei hand. I april vart det lagt ut ein video der han, truleg under tvang, klaga til den israelske statsministeren, Netanyahu: Han sa at Netanyahu hadde late gislane i stikken.

I august talte foreldra til Goldberg-Polin på partimøtet til Det demokratiske partiet i USA. Far hans argumenterte for ei våpenkvile og sa at «i ein konkurranse om smerte finst det ingen vinnarar».

2. september 2024 sørgjer pårørande og vener over Hersh Goldberg-Polin.

Foto: Gil Cohen-Magen / AP / NTB

2. september: Etter at seks gislar vart funne døde, er det massedemonstrasjonar i Israel. Arrangørane melder at 300.000 menneske skal ha gått i demonstrasjonstog i Tel Aviv for å krevje ein avtale med Hamas. Forhandlingane mellom Israel og Hamas har stått stille i månadsvis.

22. september: Omtrent halvparten av gislane som vert haldne på Gazastripa, er framleis i live, ifølgje informasjon frå Netanyahu. Ifølgje ikkje-stadfesta medierapportar uttala Netanyahu dette under eit møte i Knessets utanriks- og tryggingspolitiske komité i Jerusalem.

6. oktober: Eitt år har gått sidan Hamas bortførte meir enn 240 menneske frå Israel. Framleis sit 97 gislar i fangenskap. Kor mange av dei som framleis lever, er uvisst.

Kopirett: Süddeutsche Zeitung

Omsett av Dag og Tid

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dokumentarfilmen følgjer Sondre Justad på ferda frå guterommet i Henningsvær til livet som popartist i Noreg.

Foto: Ymer Media

FilmMeldingar

Filmen om Sondre Justad er både nordnorsk allsong og lovsong av det nordnorske.

Brit Aksnes

Heidi Gjermundsen Broch speler Vilde, her omgitt av dei imaginære «personane» i romanen, Rotta og Reven, spelte av høvesvis Karl-Vidar Lende og Thea Lambrechts Vaulen.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Leiken mot døden

Ei spenstig blanding av det brutale og det vakre i ei framsyning som godt kunne vore korta ned.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis