Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

I oska etter Assad

Ikkje alle i Syria jublar over at diktaturet har falle.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Opprørssoldatar ved ei brennande kiste i mausoleet til Hafez al-Assad, som styrte Syria frå 1970 til han døydde i 2000. Mausoleet til den tidlegare diktatoren står i landsbyen Qardaha i Latakia-provinsen nordvest i landet.

Opprørssoldatar ved ei brennande kiste i mausoleet til Hafez al-Assad, som styrte Syria frå 1970 til han døydde i 2000. Mausoleet til den tidlegare diktatoren står i landsbyen Qardaha i Latakia-provinsen nordvest i landet.

Foto: Aaref Watad / AFP / NTB

Opprørssoldatar ved ei brennande kiste i mausoleet til Hafez al-Assad, som styrte Syria frå 1970 til han døydde i 2000. Mausoleet til den tidlegare diktatoren står i landsbyen Qardaha i Latakia-provinsen nordvest i landet.

Opprørssoldatar ved ei brennande kiste i mausoleet til Hafez al-Assad, som styrte Syria frå 1970 til han døydde i 2000. Mausoleet til den tidlegare diktatoren står i landsbyen Qardaha i Latakia-provinsen nordvest i landet.

Foto: Aaref Watad / AFP / NTB

12679
20241213
12679
20241213

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

Kommentar

peranders@dagogtid.no

Dagen etter det spektakulære maktskiftet i Syria sist søndag vart det halde eit symboltungt møte i landsbyen Qardaha i fjella i Latakia nordvest i landet. Ein delegasjon frå opprørskoalisjonen Hayat Tahrir al-Sham (HTS) møtte ei gruppe leiande menn frå alawitt-samfunnet der, fortalde Reuters. Dei lokale leiarane overrekte ei støtteerklæring til dei nye herskarane i landet, og som prov på god vilje hadde dei rive ned Assad-statuen i landsbyen.

Og symboltyngda? Qardaha er heimlandsbyen til Hafez al-Assad, som styrte Syria frå 1970 til han døydde i 2000 og vart etterfølgd av sonen Bashar. Qardaha ligg i kjerneområdet til alawittane, den sjiamuslimske minoriteten som Assad-diktaturet henta kjernetroppane sine frå i 54 år.

Likbål

No har alawittane i Syria – som tel omtrent to millionar menneske – grunn til å vere redde. Gjennom 13 år med borgarkrig vart dei fortalde at kampen for Assad handla om deira eiga overleving. Om regimet fall, kom dei sunnimuslimske opprørarane til å slakte alle alawittar i landet, vart det sagt. Redsla var ikkje ufundert: Det skjedde massakrar på alawittiske sivile under krigen, utført av sunnimuslimske grupper. Og i HTS er det mange med bakgrunn frå ekstreme fundamentalistiske rørsler som al-Qaida – inkludert leiaren Abu Mohammad al-Jolani, som no står fram som moderat.

Så langt har ting gått betre enn frykta. Sigerherrane snakkar om forsoning og lovar amnesti for fotsoldatane til Assad, og det er ikkje rapportar om hemnaksjonar. I Qardaha var valden av det symbolske slaget: Opprørssoldatane brende kista til den avdøde diktatoren Hafez i mausoleet i landsbyen, melde BBC på onsdag.

Men det er ikkje gjeve at framhaldet blir harmonisk i Syria. Mange har mykje å hemne. Kring ein halv million syrarar døydde i borgarkrigen, mange millionar vart drivne på flukt, og fleire titusen vart fengsla og torturerte av regimet. Og sjølv om ikkje alle alawittar støtta Assad, var banda mellom regimet og folkegruppa svært sterke. I tillegg ligg det eit stort potensial for konfliktar i den syriske folkesetnaden.

Syria har vore ein skrøpeleg konstruksjon heilt sidan britar og franskmenn teikna opp grensene på kartet.

Multikulti

Ingen veit eksakt korleis den religiøse eller etniske miksen til dei kring 24 millionar syrarane er. Alle tal for dette må vi ta med ei klype salt, særleg når borgarkrigen har sendt millionar på flukt til andre land. Men eit anslag frå utanriksdepartementet i USA, basert på folkesetnaden før krigen, er slik: 74 prosent sunnimuslimar, 12 prosent alawittar, 10 prosent kristne, 3 prosent drusarar, pluss nokre små muslimske sekter og jødar. I tillegg kjem andre dimensjonar enn religionen: Kring 9 prosent av befolkninga er kurdarar (stort sett sunniar), i tillegg kjem armenarar (kristne) og tsjerkessarar (sunni).

Sett frå i dag, etter 13 år med grufull borgarkrig i Syria, liknar denne miksen meir ei oppskrift på katastrofe enn ein fargerik fellesskap. Men folk har ikkje alltid vore så opptekne av reinleik og standardisering som i dag.

Imperiet

Området vi no kallar Syria, har vore eit kulturelt og religiøst lappeteppe gjennom tusenår. Men i dei 400 åra da dette var ein provins i det osmanske imperiet, spelte sjeldan miksen så stor rolle. Eit imperium er per definisjon etnisk mangfaldig, anten vi snakkar om det romerske, det russiske eller det osmanske. Dei tyrkiske herskarane i Syria kravde ikkje kulturell eller religiøs einskap av undersåttane. Stort sett heldt det at folk var lydige og betalte skatt.

Etnisitetane i Syria vart viktigare da det osmanske riket kollapsa. Etter første verdskrigen styrte franskmennene Syria som eit såkalla mandatområde. Dei ønskte å halde den sunnimuslimske majoriteten nede, og verva helst menn frå minoritetane til militærstyrken Troupes Spéciales du Levant: alawittar, drusarar, kurdarar og kristne. Særleg for alawittane vart hæren ein populær karriereveg.

Alawittane hadde vore ei fattig, undertrykt og uglesett folkegruppe i over 1000 år. Dei hadde kjerneområdet sitt ved middelhavskysten og i fjella nordvest i Syria. Religionen deira er ein avleggar av sjiaislam, men både teologisk og rituelt skil dei seg på ei rekke måtar frå andre sjiamuslimar. I Syria har mange sunniar rekna alawittane som vantru. Men da franskmennene reiste og landet vart sjølvstendig i 1946, var grunnen lagd for gullalderen til alawittane.

Assad kjem

Demokratieksperimentet i Syria etter frigjeringa var mislukka. Dei første regjeringane mislukkast i å sameine dei sekteriske interessene, og statskuppa kom tett dei neste tiåra. Syria fekk 21 regjeringsskifte på 24 år. Dermed vart hæren den viktigaste statsberande institusjonen i landet. Og det gav svært mykje makt til alawittane, som var i majoritet i offiserskorpset, sjølv om dei berre utgjorde kring 12 prosent av folket.

Da generalmajoren Hafez al-Assad greip makta i 1970, vart det slutt på militærkuppa. Dei neste tiåra sette Assad inn alawittar i ei rekke nøkkelposisjonar i hæren, det hemmelege politiet og resten av statsapparatet. Dei alawittiske klanane vart ei ryggrad i den syriske staten.

For dei sunnimuslimske elitane i storbyar som Damaskus, Hama, Homs og Aleppo var dette sjokkerande, skriv den amerikanske historikaren Daniel Pipes i boka Greater Syria. Han hevda at ein alawittisk herskar i Syria hadde vore like utenkeleg «som at ein kastelaus skulle bli maharaja i India eller ein jøde bli tsar i Russland».

Skrekk og åtvaring

Trass i dette viste Assad-regimet seg styringsdyktig i mange år. Dei leidde ein sekulær stat med formell religionsfridom, og heldt på makta gjennom kløkt, eit stort hemmeleg politi – og med ekstrem valdsbruk. Da sunniane i den muslimske brorskapen gjorde opprør i byen Hama i 1982 og myrda mange tenestemenn frå regjeringa – i stor grad alawittar – sende Hafez al-Assad inn panservogner og artilleri under kommando av broren Rifaat. Kanskje vart 20 000 menneske drepne, kanskje fleire, og mykje av Hama vart lagd i grus. Assad hadde statuert eit eksempel som skremde syrarane frå å opponere i fleire tiår.

Da demonstrasjonane i Syria tok til under den såkalla arabiske våren i 2011, svarte også etterfølgaren Bashar al-Assad med vald. I byrjinga nytta regimet dei alawittdominerte militsane kalla shabiha – spøkelse – til å slå ned protestane, for å sleppe å nytte sunnimuslimske fotsoldatar mot deira eigne trusfellar.

Sekterisk

Da borgarkrigen eskalerte, deserterte da òg mange sunniar frå den syriske hæren og slutta seg til opprøret. Krigen fekk eit enda meir sekterisk preg da Assad vart berga frå undergangen av den iranske revolusjonsgarden, sjiamilitsar frå Irak og libanesiske Hizbollah (pluss russiske kampfly).

Og interessene til regimet overlappa i stor grad med interessene til den alawittiske minoriteten. Sam Dagher, forfattar av boka Assad or We Burn the Country, hevda at noko av brutaliteten til regimet, mellom anna bruken av kjemiske våpen mot sivile i opprørsområde, kunne forklarast med presset mot presidenten frå alawittbefolkninga.

Alawittane hadde ofra så mykje for regimet, og mange familiar hadde familiemedlemer i fangenskap hos opprørarane. Assad brukte giftgass for å vise sine eigne at han meinte alvor, hevdar Dagher i boka si: Å halde på lojaliteten til alawittane var livsviktig for han.

Kristen frykt

Men også andre syriske minoritetar heldt seg i mange år inne med Assad-regimet. Både Hafez og Bashar framheva gjerne at dei var dei einaste garantistane for ein sekulær stat, som sikra tryggleik og religionsfridom for alle folkegrupper i landet. Ikkje minst burde dei kristne i Syria frykte eit sunnimuslimsk fleirtalsstyre som kunne gå i fundamentalistisk lei. Denne bodskapen hadde effekt. Mange kristne syrarar støtta opp om Assad, og under borgarkrigen kjempa fleire kristne militsar på lag med regimet mot sunnimuslimske opprørarar.

Noko av denne haldninga til regimet møtte eg sjølv blant dei syriske kristne på ei reportasjereise i 2004, lenge før borgarkrigen. På den tida var Syria eit ganske enkelt og trygt land å reise i, som så mange politistatar. Samstundes merka eg at frykta for regimet kasta skugge over nesten alle samtaler eg hadde med syrarar. Knapt noko land i verda hadde eit så stort etterretningsapparat og så mange politiske fangar i høve til folketalet.

Redd patriark

Skuggen frå Assad var ekstra synleg i møtet med patriarken Ignatius Zakka 1. i den syrisk-ortodokse kyrkja i eit kloster utanfor Damaskus. Kyrkja hans var det tredje største kristne samfunnet i landet, bak den gresk-ortodokse og den gresk-katolske kyrkja. Patriarken var ein mild, stillfaren gammal mann, staseleg i den eldraude kappa si. Han skildra samlivet mellom kristne og muslimar i Syria som særs harmonisk.

På veggen i kontoret hans hang eit foto av Ignatius Zakka og biskopane hans saman med den da avdøde diktatoren Hafez al-Assad. Eg kommenterte biletet. «Ein stor mann. Ein svært sterk president. Han gav kvar borgar rett til å dyrke sin religion», sa patriarken om Assad senior, ein diktator med mange tusen liv på samvitet.

Da eg spurde om overgrepa til det syriske regimet, svarte Zakka unnvikande: «Eg veit ikkje så mykje om det. Som kristen blandar eg meg ikkje i politikken.» For patriarken var Assad-regimet den einaste garantisten for tryggleiken til dei syriske kristne.

Mosaikk

Den einaste frittalande personen eg møtte i Syria, var Haytham al-Maleh, ein eldre advokat og menneskerettsforkjempar med sju år i syriske fengsel bak seg. Han rekna seg sjølv som heldig som slapp levande ut. Al-Maleh kalla Assad-regimet for «ein mafia», og drøymde om ei demokratisk utvikling i Syria. Samstundes bad han til Gud om at det ikkje måtte skje raskt.

«Eg fryktar kva som kan skje om endringar kjem for fort i Syria. Dette er ein mosaikk av eit land. Her bur sunnimuslimar, sjiamuslimar, kristne, drusarar og alawittar. Skule vi få ei brå omvelting her, kan det bli blodig», sa al-Maleh.

I 2004 kunne ingen vite kor sørgeleg rett han skulle få. Men sjølv etter den lange og svært blodige borgarkrigen er det ikkje sikkert at omveltinga er over.

Sjølv om ikkje alle alawittar støtta Assad, var banda mellom regimet og folkegruppa svært sterke.

Kurdisk frykt

Behandlinga av minoritetane er ein avgjerande prøve på kva slag styre Syria no kjem til å få. Som nemnt har både framferda og dei offentlege utsegnene til opprørarane som har gripe makta, vore oppløftande den første veka: Til no har det ikkje kome meldingar om overgrep mot alawittar eller kristne etter at regimet fall.

Men ein tredje syrisk minoritet kan ha vel så stor grunn til uro etter regimeskiftet. Kurdarane, som har styrt store område nordaust i Syria sidan regjeringshæren trekte seg ut tidleg i borgarkrigen, går ei uviss framtid i møte. Assad-regimet gav opp områda fordi det ikkje hadde styrkar nok til å halde på dei, og lét kurdarane drive med sitt i omtrent ein tredel av landet (inkludert å kjempe mot IS).

Det verkar ikkje truleg at dei nye herskarane i Damaskus, som vann makta med hjelp frå Tyrkia, vil vere så rause overfor det kurdiske sjølvstyret. Og det verkar heller ikkje truleg at den påtroppande presidenten i USA vil late den amerikanske styrken i dei kurdiske områda bli verande. Forsvinn dei omtrent 900 soldatane frå USA, står kurdarane ganske vergelause overfor tyrkarane og det nye syriske regimet.

Osmansk arv

Kanskje er dette vel pessimistisk. Kanskje går alt fint, kan hende finn det nye regimet gode ordningar for kurdarar, alawittar, kristne og alle andre folkegrupper i Syria. Men det verkar ikkje spesielt sannsynleg at det skal gå slik. Syria har vore ein skrøpeleg konstruksjon heilt sidan britar og franskmenn teikna opp grensene på kartet, og landet er fullt av indre spenningar. Dei spenningane vart ikkje mindre av ein grufull borgarkrig der alle folkegrupper fekk blod på hendene og nesten kvar familie leid smertefulle tap.

I 1993 skreiv Robert D. Kaplan ein framsynt artikkel om Syria i The Atlantic. Landet verka da dønn stabilt under jernneven til Hafez al-Assad, men Kaplan skildra regimet hans som eit mellomspel på line med kommunismen i Aust-Europa, ikkje eit resultat av varig nasjonal einskap. Med det religiøse og etniske mangfaldet og mangelen på nasjonal einskap kunne Syria best liknast med Jugoslavia, skreiv Kaplan: «Eit tidlegare osmansk territorium som framleis ikkje har løyst problema som dei post-osmanske grensene skapte».

Drygt 20 år seinare er den syriske staten igjen i støypeskeia. Oppryddinga etter det osmanske riket har vart i over 100 år, og er neppe over med regimeskiftet som skjedde 15. desember.

Per Anders Todal er journalist i Dag og Tid.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Henry «Tippen» Johanson reddar i kampen mot Tyskland i OL i Berlin i 1936. Då det var 2‒0 til Noreg, gjekk Hitler og følgjet hans.

Henry «Tippen» Johanson reddar i kampen mot Tyskland i OL i Berlin i 1936. Då det var 2‒0 til Noreg, gjekk Hitler og følgjet hans.

Foto: arkiv / NTB

BokMeldingar

Året 1936 bak nyhenda

Ingen medvitne nordmenn tvilte på storkrig.

Aage G.Sivertsen
Henry «Tippen» Johanson reddar i kampen mot Tyskland i OL i Berlin i 1936. Då det var 2‒0 til Noreg, gjekk Hitler og følgjet hans.

Henry «Tippen» Johanson reddar i kampen mot Tyskland i OL i Berlin i 1936. Då det var 2‒0 til Noreg, gjekk Hitler og følgjet hans.

Foto: arkiv / NTB

BokMeldingar

Året 1936 bak nyhenda

Ingen medvitne nordmenn tvilte på storkrig.

Aage G.Sivertsen

Teikning: May Linn Clement

Feature

Flyplassblues

Ingen stad kjenner eg meg så trygg som på ein flyplass.

May Linn Clement

Teikning: May Linn Clement

Feature

Flyplassblues

Ingen stad kjenner eg meg så trygg som på ein flyplass.

May Linn Clement

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis