I Russland er ingen ansvarlege
Russisk etterretning stod bak giftåtaket på Sergej Skripal og dottera hans i mars i år. Kva fylgjer får det for Putin og regimet hans? Svaret ser ut til å vera ganske klart.
Julija Skripal vart forgifta saman med faren Sergej Skripal i Salisbury i England.
Foto: Dylan Martinez / Reuters / NTB scanpix
Alle i Russland som har hatt augo opne, har hatt høve til å ha det moro dei siste vekene: Etter at britiske styresmakter blåste identiteten til dei to agentane som mest sannsynleg forgifta eksagenten Sergej Skripal og dotter hans i byen Salisbury for eit halv år sidan, har det russiske propagandaapparatet gått på tidenes største blemme. Dei har stadfesta den britiske versjonen, sjølv om dei freista å gjera det motsette.
Lenge såg det ut som om operasjonen i Salisbury 4. mars i år var ein stor suksess: Etter at britane og ei rekkje med vestlege land gjennom våren hadde reagert på det dei meinte var eit russisk åtak, blei reaksjonane kalla for «nærmest hysterisk» (Frank Rossavik i Aftenposten 2. juli). Dei avgjerande prova var ikkje lagde fram, og eigentleg kunne kven som helst ha stått bak, blei det hevda.
I byrjinga av september vende saka heilt om: Britane namngav dei to GRU-agentane som hadde stått bak åtaket og dokumenterte rørslene deira rett før og rett etter at Skripal og dottera hans blei forgifta. Det russiske utanriksdepartementet hevda at dei ikkje kjende noko til dei to mennene, Aleksandr Petrov og Ruslan Bosjirov. Så blei dei to henta fram på den russiske fjernsynsstasjonen RT, og katastrofen var eit faktum. Ingen kunne etter det vera i tvil om at det verkeleg var Petrov og Bosjirov – eller kva dei eigentleg heiter – som stod bak åtaka.
Ei krise utan ende
No, eit par veker seinare, står det altså fast at russiske styresmakter sender agentar rundt i verda som ved hjelp av nervegift tek livet av dei som dei meiner er forrædarar mot Russland. Det største problemet er kanskje ikkje at dette skjer. Mange hemmelege tenester – også i Vesten – har vel hatt lyst til å ta livet av utru tenerar frå tid til anna. Det store problemet er at det ikkje får fylgjer for dei som styrer staten.
Ei av dei viktigaste nyvinningane i moderne statsbygging er at styresmaktene står ansvarlege for borgarane for det dei gjer. Den norske justisministeren og i siste instans regjeringa er til dømes ansvarlege for det både PST og Forsvarets Etterretning gjer, om det er i Noreg eller i utlandet. Om E-tenesta til dømes skulle finna på å avretta ein norsk borgar som oppheld seg i Russland (eit høgst hypotetisk tilfelle), ville det utløyst ei politisk krise i Noreg som me knapt kunne sjå enden på.
Det same hadde vore tilfelle om Noreg hadde levert til dømes luftvernrakettar til svenske separatistar i Jämtland, og desse rakettane var blitt nytta til å skyta ned eit russisk passasjerfly på veg mellom København og Murmansk. Om norske styresmakter så rutinemessig hadde nekta for saka og lagt skulda på andre, samstundes som det hadde tårna seg opp med prov på det motsette, ville rasande folkemengder samla seg utanfor regjeringskvartalet i Oslo.
Dette skjer ikkje i Russland, og problemet har samanheng med slik den russiske statsskipnaden har utvikla seg. Til forskjell for kva som hadde hendt i eit demokratisk land, blir ingen stilt til ansvar på russisk side. Styresmaktene i Moskva nektar for heilt openberre fakta og går vidare som om ingenting er hendt.
Sjølvherskardømmet
Å finna dei historiske røtene til at dette skjer nett i Russland, er ikkje vanskeleg. Det russiske sjølvherskardømmet – tsarveldet – var prinsipielt eit system der herskaren ikkje var ansvarleg for dei handlingane han eller ho (Russland blei mellom 1725 og 1796 styrt av kvinner) sette ut i livet. Borgarane var ansvarlege overfor tsaren, men tsaren var ikkje ansvarleg overfor borgarane. På same måte var det med kommunistpartiet. Lenin proklamerte heilt ope at målet hans var å skapa ein stat som ikkje var bunden av nokon lov, men at styret skulle vera heilt vilkårleg. Landet skulle styrast på premissane til leiinga i kommunistpartiet, det vil seia han sjølv.
Då Vesten med stor fagnad heia fram Boris Jeltsin både under kuppfreistnaden i 1991 og så under den kortvarige borgarkrigen i Moskva hausten 1993, trudde me at alle dei overleverte problema frå den russiske historia skulle bli løyste, berre me gav Jeltsin litt tid. Det knapt nokon i Vesten brydde seg om, var at Jeltsin i kjølvatnet av den konstitusjonelle krisa i 1993 innførte ei grunnlov der viktige element frå sjølvherskardømmet var tekne med.
Det viktigaste var at den russiske nasjonalforsamlinga ikkje blei ei uavhengig statsmakt, men blei avhengig av presidenten. Dersom til dømes nasjonalforsamlinga nektar å godta den statsministeren som presidenten peikar ut, kan presidenten oppløysa nasjonalforsamlinga, heiter det i paragraf 111 i grunnlova. Dersom nasjonalforsamlinga gjev uttrykk for mistillit til den regjeringa som presidenten har peika ut, kan òg presidenten oppløysa nasjonalforsamlinga, slår paragraf 117 fast.
Ingen ventilar
No er det ikkje naudsynt for det sittande regimet å ta nokon av desse paragrafane i bruk. I Statsdumaen sit det ingen – seier og skriv ingen – representantar for opposisjonen mot Putin. Dei ventilane som skulle syta for at lufta vert skifta ut, at korrupsjonen ikkje veks og at makt ikkje blir brukt på gal måte; kort sagt dei mekanismane som passar på at makta står ansvarleg for folket, dei finst ikkje.
Difor kan far og dotter Skripal bli forgifta i Salisbury og passasjerfly kan bli skotne ned, utan at det får fylgjer. Difor vil det også vera vanskeleg for Putin-regimet å reformera seg sjølv. På kort sikt gjev det garantiar mot endringar. På lang sikt gjev det garantiar for manglande stabilitet.
Halvor Tjønn er journalist og forfattar og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Styresmaktene i Moskva nektar for openberre fakta og går vidare som om ingenting er hendt.
Fleire artiklar
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.