Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Ikaros

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1908
20180803
1908
20180803

Han hadde augo som strålte ein klår, overjordisk glans. Han vart favoritten til folket sitt. Ein jordisk guddom i si tid. Han heitte Ikaros og var son av handverkaren og kunstnaren Daidalos. Far hans var nærast ein trollmann: Daidalos, som kom frå Athen, bygde labyrinten for kong Minos på Kreta, i nærleiken av Knossos. Denne labyrinten var så god at han heldt fengsla uhyret Minotauros, som var avkom av dronninga i riket og ein okse skapt av havguden Poseidon.

Ikaros og Daidalos vart sjølve fengsla i den same labyrinten. Kong Minos gjorde det som straff for at Daidalos gav kongsdottera Ariadne eit trådnyste som ho bruka til å hjelpe helten Thesevs til å sigre over Minotauros.

Trollmannen Daidalos var ikkje fri for idear. Han feste venger til son sin, bygde av fjør og voks, og kviskra i øyro hans: Du er guddomleg, du kan fly så høgt du kan, så snøgt du kan.

Den unge Ikaros gjorde så: Han flaug høgt og snøgt, men då han kom for nær sola, smelta vengene, og ynglingen styrta i havet og drukna. Dette området ber i dag namnet hans, Ikariahavet, ved øya Ikaria, som ligg sørvest for Samos.

Ein myte frå oldtida? Den flamske målaren Pieter Brueghel den eldre meinte ikkje det. Han måla «Ikaros fall» på 1500-talet i eit ordinært, samtidig landskap. Ikaros fell medan ein bonde pløyer jorda. Diktarar som W. H. Auden og William Carlos Williams har skrive vers til målarstykket. Williams skriv: «a splash quite unnoticed / this was / Icarus drowning».

Axel Jensens reelle debutroman var Ikaros – ung mann i Sahara frå 1957. Boka handlar om ein ung manns fåfengde freistnad på å frigjera seg frå foreldregenerasjonen og konvensjonar.

Ikaros, helten med dei klåre, blåe augo, finst i dag òg. Det kan vera ein gut eller ei jente. Daidalos kan vera venene dine, tilhengjarane dine, media som dyrkar deg. Ikaros trur han kan stige høgt og snøgt, for det har Daidalos kviskra i øyro hans.

Ynnor Snaaps

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis