Ikkje feitt nok
Vi klarar å sende folk til månen, men vi klarar ikkje å produsere det vi treng for å ha til meierismør på maten.
Franskmennene harselerte med den norske smørkrisa. No er det dei sjølve som finn orsakingar og ikkje smør i smørhylla. Avisa Le Figaro skriv om ein mangelsituasjon «utan sidestykke sidan andre verdskrig». Stephane Mahe / REUTERS / NTB scanpix
Mat
eva@dagogtid.no
Det smurde lattermusklane både i nabolanda og i fjernare strøk då Noreg like før jul i 2011 mangla meierismør i butikkane. Det gule, harde feittet som i seg sjølv fungerte som eit byte- og betalingsmiddel for generasjonar før oss, vart lagt ut til sals på Finn for 600 kroner kiloet og gjekk verda rundt på nyhenda. Nordmenn tømte danske og svenske butikkar, og svenskar og russarar vart tekne for å smugle smør til Noreg. «Det kan verke absurd, men Noreg går tom for smør», harselerte franske medium.
No er franskmennene sjølve blant dei som har smurt seg tomme. I landet som konsumerer mest smør per innbyggjar i heile verda, møter kundane ein lapp med orsakingar i staden for smør i smørhylla i fleire butikkar: «Kjære kunde, på grunn av mangel på råvarer, kan leverandørane våre for augneblinken ikkje levere alle bestillingane våre på smør.» Den eldste avisa i Frankrike, Le Figaro, skriv om ein mangelsituasjon «utan sidestykke sidan andre verdskrig», og det kan visst spøkje for både julekaker og croissantar framover. Smørdeig er ikkje nett det same utan smør.
I andre europeiske land har smørprisane auka kraftig. I september kosta eit kilo smør i EU i snitt rundt 6,5 euro, som svarar til over 60 norske kroner. Det er om lag norske prisar og over 50 prosent meir enn smøret gjekk for i EU på same tid i fjor, ifølgje tal frå EU-kommisjonens overvakingsorgan for mjølk, Milk Market Observatory. Administrerande direktør i Arla Foods, verdas fjerde største meieriselskap, varsla alt i sommar at det kom til å gå mot forsyningskrise på smør i EU innan utgangen av året.
Vi sender folk til månen og kan lage maskinar som oppfører seg som menneske. Vi har modellar som varslar klimaendringar fleire tiår fram i tid, og vi held oss med eigne smørelandslag for å få idrettsutøvarane våre til å slå verdsrekordar på ski. Men å syte for det vi treng for å ha til smør på brødet, det driv vi altså ikkje med.
Då det skar seg
Den norske smørkrisa vart forklart med nedgang i mjølkeproduksjonen etter eit langvarig fall i etterspurnaden og ein våt sommar som gav dårleg fôr og mindre feitt i mjølka. Samstundes sveipa lågkarbodietten inn over landet, og nordmenn kasta seg over smøret som fanst. Det var ikkje mangel på mjølk, berre på mjølkefeitt. Feittet utgjer rundt 4 prosent av mjølka, og det går vanlegvis med opp mot 20 liter mjølk for å produsere eitt kilo smør.
– Vi har historisk sett hatt eit betydeleg overskot av feitt i Noreg, noko som gjorde at Tine var lite merksame på utviklinga. Då vi oppdaga utfordringa, brukte vi for lang tid på å skaffe erstatningsvarer frå utlandet, seier Johnny Ødegård, som er direktør for eigarkontakt og næringspolitikk i meierikonsernet Tine.
Tine har ansvar for å regulere marknaden, og fekk gjennomgå då det skar seg. «En systemsvikt» og «sånn burde det ikke være» sa statsministeren til VG. Frps landbrukspolitiske talsperson meinte Tine burde kompensere for det dagligvarekjedene hadde tapt på smørmangelen. I det heile teke var det gode debattider for dei som meiner det ville vere betre å liberalisere den skjerma norske marknaden og fjerne dei norske reguleringsordningane for mjølk.
Skal tru kva dei seier om mangelsituasjonen i Europa no, der mjølkeproduksjonen er liberalisert.
Fleire vil ha smør
EU fjerna i april 2015 mjølkekvotane som avgrensa kor mykje bøndene kunne produsere. Som ei følgje gjekk produksjonen opp, særleg i Irland og Nederland, men også i Belgia, Danmark, Storbritannia og EU som heilskap. Kombinert med den russiske boikotten av landbruksvarer frå EU og fallande etterspurnad i verdsmarknaden elles, gav det eit prisfall som var så kraftig at bønder fleire stader produserte med tap og gjekk konkurs. EU-kommisjonen vedgjekk i 2016 at produksjonsauken vart større enn venta og måtte gå inn med støttepakkar til bøndene og betale dei for å redusere produksjonen.
Nedgangen som så følgde, vert halden fram som ei hovudårsak til smørsituasjonen i Europa i dag. Ein dårleg sommar for fôravlingane i fjor, som medverka til å redusere feittinnhaldet i mjølka, hjelpte heller ikkje på. Til liks med under smørkrisa i Noreg, er det i EU også berre mangel på mjølkefeitt, ikkje på mjølk, ifølgje EU-kommisjonen.
Samstundes har forskarane fortalt oss at animalsk feitt truleg ikkje er så helseskadeleg som vi før har fått høyre, så fleire vil no heller ha smør enn margarin. Amerika, Asia og Midtausten har òg fått opp augo for europeiske mjølkeprodukt. EUs eksport av smør dobla seg, eller meir, i perioden frå 2014 til 2016 til land som Kina, USA, Canada, Egypt, Saudi-Arabia og Marokko.
På toppen av det heile er det nedgang i forsyningane frå store meieriprodusentar andre stader i verda òg. New Zealand – verdas største eksportør av meieriprodukt – eksporterte dei åtte fyrste månadene i år 11 prosent mindre smør enn i same periode i fjor, ifølgje Milk Market Observatory. Australia eksporterte 51 prosent mindre. Snittprisen på verdsmarknaden var i september i år oppe i over 6 dollar kiloet, eller rundt 49 norske kroner – over 2 dollar meir enn i september i fjor.
Smørje seg med tolmod
Det er fyrst og fremst i Frankrike det er smørmangel i butikkane. Det kjem av at den franske smørprisen vert avtalt i forhandlingar mellom matvarekjedene og produsentane éin gong i året. Medan prisane i andre EU-land er sette opp i takt med nedgangen i forsyningar, har den franske smørprisen i butikk nesten ikkje endra seg dei siste månadene, ifølgje BBC. Franske produsentar tener dermed meir på å selje smøret utanlands.
Smørprisen på verdsmarknaden byrja å stige bratt alt i august 2016, og har stort sett stige kontinuerleg fram til september i år, syner tal frå Global Dairy Trade. Mangelsituasjonen har såleis vore kjend i ei tid, utan at han har vore råd å avverje heilt.
Mjølkeproduksjonen i EU ligg ikkje an til å verte større i år enn i fjor, ifølgje dei nyaste oppdateringane frå Milk Market Observatory. Importen av smør til EU har derimot auka jamført med i fjor. Sidan september har òg smørprisen byrja å gå ned, frå 6,5 til 5,6 euro kiloet i EU og frå 6 til 5,5 dollar på verdsmarknaden. Forbrukarane må likevel smørje seg med tolmod. Biologisk produksjon tek tid å snu.
– Du må ha nye kyr inn i fjøset, nye kalvar må verte til kyr, du må endre fôringa for å auke avkastinga og det er berre ein lang prosess, seier direktør for råvarehandel i Arla Foods, Thomas Carstensen, til Bloomberg.
Den norske smørkrisa vart løyst ved å opne for import av smør. Tinedirektør Johnny Ødegård seier selskapet merka etterdønningane etter feittmangelen gjennom heile 2012 og 2013.
Theis Brøgger, som er kommunikasjonsdirektør i Arla, seier det er vanskeleg å sjå kor lenge det kjem til å vere lite smør i EU.
– Marknaden har stabilisert seg litt meir no, men på eit høgare nivå enn til dømes for eit år sidan, seier han til Dag og Tid.
Franskeigde Lactalis, som er eitt av verdas største meierikonsern, meiner det kjem til å ta fleire veker før situasjonen stabiliserer seg. Konsernet varslar i ei pressemelding nyleg at forsyningane kjem til å vere vanskelege til eit stykke ut i 2018.
Prisendringar
Seniorrådgjevar Ivar Pettersen ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) kalla smørkrisa i Noreg i 2011 for eit «alvorleg tilbakeslag» for reguleringsordningane for norsk mjølkeproduksjon. Fullt så kritisk er han ikkje til mangelsituasjonen i EU i dag. Den kjem ikkje til å vare lenge, meiner han.
– Det er veldig lite skjermingsstøtte i EU og om lag ingen skilnad mellom prisane i EU og på verdsmarknaden. Det skulle bety at ei smørkrise i EU ikkje skulle oppstå med mindre det er ei krise internasjonalt, og det trur eg neppe det er. Eg trur marknaden kjem til å regulere seg. At prisane no går litt ned, kan vere eit teikn på at tilpassingstida for å få import meir mjølkefeitt frå andre stader er over, seier han.
Skulle det vere snakk om ein global mangelsituasjon, kjem det til å føre til høgare prisar på mjølkefeitt over tid, som så får følgjer for avl og fôring av dyra, og truleg også for industriens evne til å erstatte mjølkefeitt med andre ting, seier han.
– Det er mange tilpassingsmekanismar her. Spørsmålet er berre kor mykje prisane må endrast fyrst og kor lang tid det tek, seier han.
Administrerande direktør Ola Hedstein i Norsk landbrukssamvirke forsvarar dei norske reguleringsordningane. Han seier smørkrisa i 2011 var kritikkverdig, men at slike situasjonar går å unngå for framtida ved å gjere reguleringsjobben betre.
– Sjølv om det alltid er mykje diskusjon rundt reguleringane og marknadsbalansen i Noreg, har vi stor grad av stabilitet i tilgangen på varer og ikkje minst i prisane. Det er det ikkje automatikk i. Let vi marknadskreftene styre, må vi vente høgare grad av uvisse som kjem til å slå ut på prisane og vilkåra for bonden, så vel som for forbrukaren, seier han.
Han seier ustabilitet i tilgangen til matprodukt alltid kan oppstå, òg utilsikta, og meiner politikken må ta høgde for det og gjere sannsynet for at det skjer, minst mogleg.
– Mat er, og kjem alltid til å vere, ein biologisk produksjon som skil seg frå annan vareproduksjon, som produksjonen av vaskemaskinar, knivar eller spikar. Vi kan ikkje regulere produksjon av vaskemaskinar og matproduksjon på same måte.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Ei smørkrise i EU skulle ikkje oppstå med mindre det er ei krise internasjonalt, og det trur eg neppe det er.»
Ivar Pettersen, seniorrådgivar i NIBIO
Fleire artiklar
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»
150-årsjubilant: den austerrikske komponisten Arnold Schönberg (1874–1951).
Fredshymne
Kammerchor Stuttgart tolkar Schönbergs «illusjon for blandakor» truverdig.
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.