Vankunne for det 21. hundreåret
Å kalle nokon ein ikkjevitar, ein «know nothing»,
kan i dag tyde éin av to ting.
Områda der Hillary Clinton sigra, som i Los Angeles, står for oppsiktsvekkjande 64 prosent av USAs BNP, nesten dobbelt så mykje som Trump-områda.
Foto: Mark J. Terrill / AP / NTB scanpix
Dersom du er historiestudent, kan du samanlikne den personen med ein medlem av Know Nothing-partiet som fanst på 1850-talet. Det var ei trongsynt, framandfiendtleg antiimmigrantgruppe som på det meste omfatta over hundre kongressmedlemar og åtte guvernørar. Meir truleg er det likevel at du karakteriserer den nemnde personen som ein som med vilje er uvitande, ein som avviser fakta som kan vere i konflikt med fordommane hans eller hennar.
Det som er trist, er at USA no blir styrt av folk som høver til begge definisjonane. Og dei ikkjevitarar som sit med makta, gjer alt dei kan for å undergrave sjølve grunnlaget for amerikansk stordom.
Parallellane mellom antiimmigrantagitasjonen på midten av 1800-talet og trumpismen er innlysande. Det er berre identitetane til dei utskjelte nasjonalitetane som er endra.
Irland og Tyskland, hovudkjeldene til innvandringsbølgja på den tida, var «dritland» då. Halvparten av Irlands folkesetnad emigrerte frå svolt, medan tyskarane flykta frå både økonomisk og politisk kaos. Immigrantar frå begge landa, men først og fremst irane, vart framstilte som fordrukne kriminelle, om ikkje undermenneske. Dei vart òg oppfatta som samfunnsnedbrytande: katolikkar med overordna lojalitet til paven. Nokre tiår seinare kom den neste store immigrasjonsbølgja – av italienarar, jødar og mange andre folk – og inspirerte til liknande fordommar.
Og no er vi her igjen. Antiirske fordommar, antityske fordommar, antiitalienske fordommar høyrer i hovudsak fortida til (sjølv om det verkar som antisemittismen heile tida vell fram), men det er alltid nye grupper å hate.
Men dagens republikanarar – for dette handlar ikkje berre om Donald Tump, det handlar om eit heilt parti – er ikkje berre Know Nothing-tilhengjarar, dei er også ikkjevitarar. Talet på saker der dei konservative insisterer på at fakta har ei velkjend liberal slagside, veks stadig.
Eitt resultat av denne omfamninga av kunnskapsløyse er at moderne konservative og høgt utdanna amerikanarar glir lenger og lenger vekk frå kvarandre. Høgresida hevdar at det låge talet på personar i akademia som definerer seg sjølve som konservative, er prov på diskriminering av synspunkta deira, prov på at det politisk korrekte går berserk.
Men konservative professorar er sjeldan vare også i «harde» vitskapar som fysikk og biologi, og det er ikkje vanskeleg å sjå kvifor. Når den meir eller mindre offisielle posisjonen til partiet ditt er at klimaendringar er lureri, og at evolusjonen aldri har skjedd, får du ikkje mykje støtte frå folk som tek prov på alvor.
Når folk som veit kva dei talar om, forkastar ortodoksien deira, ser ikkje konservative det som eit teikn på at dei kan hende treng å tenkje om att. I staden er dei leie av stipend og utdanning reint allment. Det er påfallande at eit klårt fleirtal av republikanarar no seier at college og universitet har negativ innverknad på USA.
Partiet som i dag kontrollerer Det kvite huset, Kongressen og Høgsterett, er altså i aukande grad for trongsyn og mot utdanning. Det burde uroe deg av mange grunnar, den eine er at det republikanske partiet har forkasta nett dei verdiane som gjorde «America great».
Tenk på kvar vi ville ha vore som nasjon om vi ikkje hadde opplevd dei store bølgjene av innvandrarar som vart drivne av draumen om eit betre liv. Tenk på kvar vi ville ha vore om vi ikkje hadde leia verda, først med allmenn grunnutdanning, så med opprettinga av store institusjonar for høgare utdanning. Vi hadde heilt sikkert vore eit innskrumpa, stilleståande, annanrangs samfunn.
Og det er nett det vi kjem til å bli om moderne ikkjevitarar sigrar.
Eg har lese om att ei viktig bok frå 2012, Enrico Morettis The New Geography of Jobs, om den aukande forskjellen i regional velstand i USA. Til omkring 1980 såg det ut til at landet var på veg mot vidt spreidd velstand, ved at fattige regionar som Deep South raskt tok igjen resten. Men sidan har ulikskapen på nytt blitt større, med inntektsvekst i somme delar av landet, medan andre delar sakkar etter.
Moretti hevdar – og med rette, slik mange økonomar ser det – at dette nye skiljet heng saman med dei stadig viktigare klyngjene med høgt kvalifiserte arbeidarar – mange av dei immigrantar – som ofte er plasserte kring gode universitet, og som skaper gode sirklar av vekst og innovasjon. Og faktisk sette valet i 2016 desse framgangsrike områda opp mot dei som vart hengande etter: Områda der Hillary Clinton sigra, står for oppsiktsvekkjande 64 prosent av USAs BNP, nesten dobbelt så mykje som Trump-områda.
Det er klårt at vi treng politiske tiltak for å spreie vinstane av vekst og innovasjon betre. Men trumpismen kan ein sjå på som ein freistnad på å minske regional ulikskap, ikkje ved å heve dei regionane som er i bakleksa, men ved å krympe dei som er i vekst. For det er nettopp det åtak på utdanning og immigrasjon, dei viktigaste drivkreftene bak suksesshistoriene til den nye økonomien, vil komme til å gjere.
Så vil våre moderne ikkjevitarar sigre? Eg anar ikkje. Det som likevel er innlysande, er at om dei gjer det, kjem dei ikkje til å «make America great again» – dei vil ta livet av nett dei tinga som made it great.
Einerett: New York Times / Dag og Tid Omsett av Lasse H. Takle
Niall Ferguson og Paul Krugman skriv denne spalta annakvar veke.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Partiet som i dag kontrollerer Det kvite huset, Kongressen og Høgsterett, er i aukande grad for trongsyn og mot utdanning.
Fleire artiklar
Dyrlegen kjem
Joachim Cooder er kjend som perkusjonist frå fleire utgivingar saman med opphavet, Ry Cooder.
Foto: Amanda Charchian
Motellet til drøymaren
Joachim Cooder opnar dørene til sju musikalske rom.
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»