JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Inga blankofullmakt til å stenge landet

Jussprofessor Eirik Holmøyvik meiner kritikken av endringane i smittevernlova ikkje treffer blink.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Foto: Kim E. Andreassen

Foto: Kim E. Andreassen

Foto: Kim E. Andreassen

Foto: Kim E. Andreassen

7623
20240105

Samtalen

Eirik Holmøyvik

professor i rettsvitskap ved Universitetet i Bergen

Aktuell

Greidde ut dei rettslege sidene ved pandemihandteringa på oppdrag for Koronakommisjonen

pernille.grondal@gmail.com

Den 18. desember røysta eit fullsett Storting over endringar i smittevernlova paragraf 4-3a. Regjeringa fekk fleirtal – 111 mot 55 – for ein heimel der «Kongen» (les: departementa) kan vedta forskrifter om isolasjon, smittekarantene og andre innskrenkingar i rørslefridomen. Fleire politikarar og samfunnsdebattantar kritiserte endringa i media. På leiarplass meinte VG at endringa var «demokratisk galskap». Dag og Tid skreiv i ein leiar at endringa burde stoppast. Holmøyvik, derimot, er ikkje uroa over endringa.

– Eg trur ein del kritikarar har blanda saman endringa som no er vedteken, med reglane i den mellombelse koronalova, gjeven av Stortinget i 2020. I sistnemnde fekk regjeringa fullmakt til å endre 62 lover utan å spørje Stortinget. Det var dramatisk. Endringa i smittevernlova inneheld ikkje ei slik fullmakt.

– I eit NRK-intervju i desember påpeiker du at kritikken bommar. Kvifor?

– Det verkar som fleire av kritikarane har misforstått endringa når dei seier ho inneber ei blankofullmakt til å stenge ned landet. Den nye regelen er sakleg avgrensa til pålegg om isolering og smittekarantene for personar som er smitta eller har auka risiko for det. Slike forskrifter må ha ei medisinskfagleg grunngjeving og ikkje vere meir inngripande enn det den konkrete situasjonen tilseier. Dette gjev ikkje staten noka blankofullmakt til å isolere folk. Den nye paragrafen 4-3a gjev eit tryggare lovgrunnlag for slike tiltak.

Framlegget frå regjeringa om endringar i smittevernlova vart vedteke før jul. Her frå Stortingets spørjetime ved eit anna høve.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

– Så endringa gjev ikkje noka blankofullmakt til nedstenging?

– Nei. Heimelen til å «stenge landet», forstått som å stenge offentlege og private verksemder, forby samankomstar og avgrense rørsler, finst alt i smittevernlova paragraf 4-1. Smittevernlova legg denne kompetansen til Helsedirektoratet. Eg meiner det er viktig at denne regelen vert revidert, slik at kompetansen ligg hos Kongen i statsråd.

– Apropos kongen: I NRK-saka peikar mange juristar på at den nye lovteksten skriv «Kongen», og ikkje «Kongen i statsråd». Dei fryktar tilsynelatande at Stortinget mister høve til å føre kontroll med forskriftene. Ser kollegaane dine skrømt på høglys dag?

– «Kongen» inneber at regjeringa kan delegere makt til å gje forskrifter til departementa og underliggande etatar. Eg er ikkje så kritisk til at kompetansen til å gje forskrifter kan delegerast. Det gjev regjeringa ein viss fleksibilitet under tidspress. Ikkje alle smittevernforskrifter er så viktige at Kongen i statsråd må vedta dei. Men: Dersom avgjerda blir delegert vekk frå regjeringsapparatet, eksempelvis til Helsedirektoratet, er avgjerdene unnatekne direkte parlamentarisk kontroll. Difor skal viktige saker handsamast av regjeringa sjølv, i statsråd, slik at Stortinget kan kontrollere dei. Ei forskrift med omfattande nasjonale innskrenkingar i rørslefridomen kan vere ei slik viktig sak.

– Er det ikkje nettopp under tidspress regjeringa bør syte for demokratisk kontroll frå Stortinget?

– Jo, men samstundes har Grunnlova ei føresegn som vil overstyre smittevernlova ved eventuelle konfliktar. Eg trur erfaringar frå pandemien vil føre til at dei viktigaste tiltaka uansett vert vedtekne av Kongen i statsråd. Difor synest eg ikkje dette punktet er vesentleg. Det Stortinget har gjort her, er på førehand å definere ei fullmakt for regjeringa og forvaltninga, før neste eventuelle pandemi. Det synest eg er klokt. Eg har heller ikkje sett at så mange juristkollegaar har uttala seg kritisk til sjølve innhaldet i paragraf 4-3a.

– Er det godt nok for rettsstaten å håpe på at regjeringa vil respektere Stortinget?

– Kritikken mot at nedstenginga i mars 2020 vart vedteken av Helsedirektoratet, førte til at regjeringa vart merksam på ei regel i Grunnlova om at viktige saker skal vedtakast av regjeringa i statsråd. Etter dette har Statsministerens kontor oppdatert rettleiarane sine, slik at regjeringa no vil vere meir merksam på at smitteverntiltak med særleg store samfunnskonsekvensar kan krevje statsrådshandsaming.

– Kva meiner du regjeringa bør legge vekt på når ho no skal revidere heile smittevernlova?

– Vi har nokre få lover som gjev regjeringa høve til sjølv å avgjere kva ho skal gjere, utan å spørje Stortinget, i krisesituasjonar. Vi kan kalle dei fråvikingsheimlar. Smittevernlova inneheld alt ein av dei mest omfattande fråvikingsheimlane vi har, nemleg paragraf 7-12. Heimelen bør endrast, fordi han inneber at regjeringa kan fråvike alle lover – oppheve eksisterande og lage nye – om det er naudsynt for å stogge ein pandemi. Det kritikarane i media og på Stortinget tilsynelatande har oversett, er at paragrafen gjev langt breiare fullmakter enn det den nye endringa inneber. Om stortingsrepresentantane er urolege for demokratiet, er det denne paragrafen dei bør sjå på. Eg meiner kritikken som har vorte retta mot endringa, passar betre på paragraf 7-12.

– Kan du utdjupe problemet med paragraf 7-12?

– Problemet er at han ikkje er avgrensa til spesielle tilfelle eller saksområde, og at kriteria er vage. Regjeringa kan nytte han ved utbrot eller fare for utbrot av «allmennfarleg smittsam sjukdom» om det hastar å gjere noko. Desse vilkåra er ikkje stramt definerte og kan misbrukast av ei regjering som ikkje vil Stortinget vel. I andre land såg vi tiltak som må kallast regelrett maktmisbruk, i medhald av liknande føresegner. Til dømes i Ungarn, der regjeringa gjorde problematiske endringar i val- og domstollovgjevinga. Vi vil ikkje dit.

– Ein kan vel ikkje samanlikne Noreg med Ungarn?

– I dag er det norske demokratiet velfungerande. Problemet er at regelen kan sette Stortinget på sidelina i ei pandemihandtering. Vi kan sjå for oss at regjeringa krev vaksinesertifikat, eller innfører portforbod, utan å spørje Stortinget. Paragraf 7-12 kan fort verte ei kvilepute, fordi han er så vidtrekkande og omfattande. Stortinget bør difor stramme inn lovvilkåra her. Det vil redusere risikoen for maktmisbruk og tvinge regjeringa til å gå til Stortinget om ho vil innføre tiltak som smittevernlova ikkje heimlar direkte.

– Er det noko anna regjeringa bør sjå på i revideringa?

– Ja, ho bør vurdere tiltak som gjer det enklare å føre kontroll med forskrifter som påverkar den einskilde innbyggaren. Under pandemien vart tiltak som ramma kvar og ein av oss, gjeve som forskrifter, i staden for som einskildvedtak. Sistnemnde utløyser ei rekke rettstryggleiksgarantiar, til dømes klagerett. For å angripe forskrifter må ein derimot gå til domstolane. Problemet var at domstolane ikkje er godt eigna til å føre rask kontroll med om forskrifter held seg innanfor lova. Før folk fekk klaga, kunne tiltaka ha vorte oppheva igjen.

– Kvifor vart det slik?

– Det har med organiseringa av dei norske domstolane å gjere. Dei er generalistar. Vi har ingen domstolar som berre har som oppgåve å kontrollere forskriftene til forvaltninga. Det vi har, er nemnder som skal kontrollere verknadene av einskildvedtak, men nemndene kontrollerer ikkje at forskrifter er lovlege. Statsforvaltarane kan kontrollere lokale forskrifter, og det gjorde nokre av dei under koronapandemien – men ikkje systematisk. Og dei mest inngripande tiltaka vart gjevne som nasjonale forskrifter. Dei kunne ikkje statsforvaltarane kontrollere. Her hadde vi altså eit alvorleg tomrom for rettstryggleiken. Dette må regjeringa gjere noko med i revisjonsarbeidet.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.

Foto: Anne-Line Aaslund

KunstFeature
ÅshildEliassen

«Moren» og søstrene hennar

Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Jasmine Trinca i hovudrolla som Maria Montessori, som med ein ny pedagogikk la grunnlaget for montessoriskular over heile verda.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Traust revolusjon

Det er null nytt i filmen om nyskapingane til Maria Montessori.

Låvesvala er ein utprega insektetar og jaktar helst i flukt. Dei korte beina eignar seg dårleg til å gå med, men er sterke til å gripe og finne feste.

Foto: Sveinung Lindaas

Feature

Låvesvalehale

For å bestemme alder og kjønn hjå ei låvesvale skal ein ty til fargane i fjørdrakta og til lengda på dei ytste halefjørene.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis