JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Ingen klimarevolusjon utan arbeidsfolk

Fagrørsla må på banen i kampen for å få ned klimagassutsleppa, meiner tidlegare SV-politikar Heikki Eidsvoll Holmås.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I Noreg har oljepolitikken definert klimapolitikken, meiner Heikki Eidsvoll Holmås. Biletet viser daverande statsminister Jens Stoltenberg og olje- og energiminister Ola Borten Moe (til venstre) ved opninga av teknologisenteret på Mongstad i 2012.

Foto: Marit Hommedal / NTB

11581
20210326

Heikki Eidsvoll Holmås

Tidlegare politikar for SV

Utviklingsminister 2012–2013

Innvald på Stortinget 2001–2017

Berekraftssjef i selskapet Multiconsult

Gav denne veka ut boka Kloden brenner. Hva må gjøres?

Intervju

peranders@dagogtid.no

Kven skal føre an i det grøne skiftet, den store omstillinga som skal bremse oppvarminga av kloden? I ordskiftet om klimapolitikk høyrer vi mest frå politikarane, næringslivsleiarane og økonomane. I den nyutkomne boka Kloden brenner. Hva må gjøres? etterlyser Heikki Eidsvoll Holmås fagrørsla i denne omstillinga.

Holmås er tidlegare stortingsrepresentant for SV og var utviklingsminister i den siste regjeringsperioden til Jens Stoltenberg-regjeringa. I dag er han berekraftssjef i selskapet Multiconsult, men som forfattar har han langt på veg vendt attende til politikken. Holmås minner om Paris-avtalen frå 2015: «Holde økningen i den globale gjennomsnittstemperaturen godt under 2 °C sammenlignet med førindustrielt nivå og tilstrebe å begrense temperaturøkningen til 1,5 °C.»

Om vi tek det siste målet alvorleg, bør Noregs bidrag vere å bli eit nullutsleppsland innan 2030, meiner Holmås.

– Undertittelen på boka di, Hva må gjøres, er vel ein Lenin-referanse. Har vi ein revolusjonær tilstand i klimapolitikken?

– Ja, det synest eg er ei god framstilling. Vi ser mange store framsteg når det gjeld utvikling av fornybar energi og annan miljøvenleg teknologi, og storkapital og finansinteresser har blitt pådrivarar. Samtidig ser vi òg konsekvensane av klimaendringane stadig tydelegare. Likevel er ikkje kriseforståinga til stades enno.

– I boka vender du deg eksplisitt til den norske fagrørsla. Og ho har slett ikkje vore nokon pådrivar i klimapolitikken så langt?

– Nei. Fagrørsla har i mange år vore oppteken av å gje svar på spørsmålet: «Kva skal vi leve av etter oljen?» Fagforeiningane i industrien har vore pådrivarar for utvikling av ny industri, for havvind, karbonfangst og karbonlagring, men dei har sagt lite om kva det er vi må gjere mindre av – det vil seie alt det som ureinar. Men no ser vi endring. I boka siterer eg hovudtillitsvald Nils Johan Ystanes ved smelteverket TiZir i Tyssedal: «Vi har jo tenkt å være her om 20 år, og da må vi få klimagassutsleppa så nær null vi kan», sa han til meg i 2016. Mange ser no at omlegging mot nullutslepp er avgjerande for at arbeidsplassane skal vere der i framtida.

Sande på lag

Det er ein smule overraskande at Leif Sande, tidlegare leiar i forbundet Industri Energi, har skrive eitt av føreorda i boka til Holmås (Mette Nord, leiar i Fagforbundet, har skrive det andre). Sande presiserer rett nok at han ikkje går god for alt i boka, men deler oppfatninga til forfattaren om at klimagassutsleppa må ned, og ønsket om ei rettvis omstilling.

– Når eg høyrer orda «klima» og «fagrørsla» i same setning, ser eg for meg Leif Sande som er på Dagsrevyen og argumenterer mot nye utsleppskrav.

– Ja, og eg har sjølv møtt fagrørsla i industrien og oljen i mange debattar om oljeproduksjon – og om elektrifiseringa av plattformene, som fagorganisasjonane i oljeindustrien inntil nyleg var imot. Industri Energi har kjempa mot fleire slike krav. Difor synest eg det er viktig når Sande slår fast at klimaendringane kjem, at krisa er no, og seier at det er arbeidsplassane i oljeindustrien som er det viktigaste, ikkje inntektene til statskassa. Han ser at om vi held fram som i dag, og om fagrørsla spelar på lag med kortsiktige kapitalistar som har interesse av å tene pengar på å ureine så lenge dei kan, kan det kome ein smell i framtida der mange arbeidsplassar går dukken, seier Holmås.

Pengar utan krav

Viljen til omstilling har ikkje alltid vore like stor i fagrørsla. I Noreg har LO ofte spela på lag med NHO for å avgrense klimatiltak som kunne svekkje konkurranseevna til industrien. I boka trekkjer Holmås fram eit grelt døme: Da EU stramma til klimakvotesystemet sitt i 2013, frykta NHO og LO auka straumprisar i Noreg som følgje. Dei fekk regjeringa med på å lage ei kompensasjonsordning for å møte dei venta høgare straumprisane – utan at det følgde nokon miljøkrav med på kjøpet: «Industrien og fagbevegelsen i Norge ønsket maksimum støtte og ingen krav. Og slik ble det», skriv Holmås.

I Noreg kom det ingen generell prisauke på straum dei neste åra, viste det seg. Utbetalingane av kompensasjon heldt likevel fram, for den ordninga følgde prisen på klimakvotar, og den steig. I fjor var straumprisen rekordlåg, likevel fekk industrien 2,8 milliardar i «kompensasjon» frå staten, fortel Holmås i boka.

– Det der er ganske grotesk.

– Det er det. Eg sat i regjeringa da det vart innført. Lærdomen er at du ikkje berre kan overføre pengar utan å krevje omstilling. I slike saker har ofte NHO og LO gått saman om å krevje meir pengar frå staten. Men slik kan vi ikkje halde på med pengane til fellesskapen lenger. Det må følgje krav om omstilling til nullutslepp med støtteordningane til næringslivet.

Oljen og kaka

– Fagrørsla er van med å kjempe for å få sin del av samfunnskaka. Og ikkje berre oljearbeidarane, men også kommunalt tilsette og alle andre veit at olje og gass er opphav til mykje av den kaka vi skal fordele?

– Det er sant. Men det er sysselsetjing, arbeid, som skaper det aller meste av verdiane i samfunnet. Og ei brå omstilling i industrien som går hardt ut over sysselsetjinga, er det aller verste for økonomien.

– Men om fagforeiningane skal bli sentrale i klimaomstillinga, krev det vel ei omdefinering av rolla til arbeidarrørsla. Ser du teikn til noko slikt?

– Eg synest det er stadig fleire slike stemmer i fleire fagforbund. I boka skriv eg om korleis såkalla grøne tariffavtalar kan vere eit instrument for å drive fram endringar, seier Holmås.

Han peikar på at tariffavtalar ikkje berre regulerer løns- og arbeidsvilkår, men også medverknaden dei tilsette har på styringa av verksemda. I avtalen Handel og Kontor inngjekk med hovudorganisasjonen Virke i fjor, var det ein eigen del om reduksjon av klimafotavtrykket.

– Ei slik samfunnsomvelting som klimaendringane krev, er utenkjeleg om ikkje fagrørsla er med på drive ho fram.

Frå toppen

Mykje av boka til Holmås handlar om konkrete framlegg til tekniske løysingar som kan kutte utslepp. Delar av innhaldet kan minne meir om Dagens Næringsliv eller Teknisk Ukeblad enn om LO-aktuelt.

– Blant kjeldene dine er det fleire konsernsjefar enn arbeidarar. Må klimatiltak i Noreg kome ovanfrå, ikkje frå grasrota?

– Fordelinga blant kjeldene mine er omtrent 50–50. Men akkurat no er nok konsernsjefane og finansnæringa lengst framme i omstillinga. Når Equinor lovar null utslepp frå verksemda si i 2050, framstår ikkje arbeidstakarane som pådrivarar. Men om omstillinga skal skje på rettferdig vis, treng vi fagrørsla i ei leiande rolle. Interessene til dei tilsette er ikkje alltid dei same som interessene til bedriftsleiinga eller eigarane.

I spagat

Holmås skriv i boka om den paradoksale rolla til Noreg som ivrig og idealistisk pådrivar i internasjonale klimaforhandlingar, medan utsleppskutta heime har gått seinare enn i dei aller fleste rike land.

– Noreg står framleis i spagaten. Utsleppa har gått noko ned dei siste åra, men kriseforståinga manglar. Og vi har aldri hatt ein skikkeleg diskusjon om kva det krev om vi i Noreg skal gjere vårt for å nå målet om å halde oppvarminga under halvannan grad. At somme kapitalistar kan tenkje så kortsiktig, får så vere. Men fagrørsla kan ikkje gjere det. Og dei politiske partia bør ikkje gjere det, seier Holmås.

Ein viktig del av den norske klimapolitikken har vore satsinga på internasjonal kvotehandel og tiltak i andre land, så Noreg kunne betale andre for å kutte utslepp medan utsleppa frå norsk petroleumsindustri auka. «Norsk klimapolitikk ble underlagt hensynet til norsk oljepolitikk», oppsummerer Holmås.

– Er det slik framleis?

– Langt på veg, men det har kome ei viktig endring: Vi veit no at vi må få utsleppa ned i null. Vi kan ikkje berre diskutere kva for kutt som er billegast lenger, vi må ta alle kutta vi kan ta. Men likevel aukar altså Noreg produksjonen sin av olje og gass og dermed dei samla utsleppa av CO2 i verda.

– Men du vil til netto null utslepp i Noreg i 2030. Det er mildt sagt ambisiøst?

–?Ja, men eg meiner det er det vi må gjere. Da tek vi vår del av ansvaret for å nå målet om å halde oppvarminga under 1,5 gradar. Om vi ikkje klarer det, må vi byrje å hente CO2 ut av atmosfæren att og lagre han, og det er dyrare og mykje meir risikofylt.

Usemje om alt

– Om vi skal kome i nærleiken av nullutsleppsmålet ditt, treng vi mykje meir elektrisk kraft i Noreg. Den krafta blir ikkje lett å få fram?

– I boka går eg ikkje inn på korleis vi skal produsere den krafta, men det er snakk om store mengder. Om vi skal få ei felles oppfatning av kor mykje kraft vi treng, må vi ha ein heilskapleg energiplan. Kor mykje kraft treng vi, og korleis skal vi produsere ho? I dag er det usemje om alt. Somme hevdar vi har overskot på kraft, somme seier vi har altfor lite. Vi har ikkje eit felles grunnlag for diskusjon og ikkje ein plan. Og det er eit stort problem.

– Vindkraftstriden har gjort alt snakk om det grøne skiftet suspekt for mange. Du er styremedlem i vindkraftorganisasjonen Norwea. Berre det er nok til å få mange til å lukke øyra for alt anna du måtte meine?

– Ja, eg er klar over det. No har Stortinget heldigvis vedteke å styrkje lokal avgjerdsmynde og natur- og miljøkrava til vindkraftutbyggingar. Men vi treng mykje meir kraft for å erstatte fossil energi om vi skal kutte utsleppa til null. Og dersom vi berre lèt ting halde fram som i dag, har også det dramatiske konsekvensar. To gradar oppvarming er veldig mykje verre for naturen enn halvannan grad. Vi må ta denne diskusjonen i sin heilskap. Om vi ikkje skal produsere meir fornybar kraft, må vi kutte enda hardare i utsleppa på andre måtar. Men vi må i det minste ha eit felles faktagrunnlag for diskusjonen, ein plan for kor vi skal, og korleis vi kjem oss dit.

Meir enn oss

Få land i verda har hausta større vinstar av oljealderen enn Noreg. Mot slutten av Kloden brenner kjem Holmås med fleire forslag til korleis vi bør handtere denne privilegerte posisjonen, til dømes dette: «Det er rimelig å argumentere for at alle inntektene fra oljen allerede i dag burde gå til klimatiltak, siden det i virkeligheten er penger vi nordmenn tjener på å påføre oss selv og andre mer skogbranner, flom og tørke.» Om den globale oppvarminga passerer 1,5 gradar, bør i alle fall vidare oljeinntekter til den norske staten «uavkortet gå til å finansiere klimakutt i Norge og til klimakutt og tilpasning til klimaendringene i utviklingsland», skriv Holmås.

– Om oppvarminga kjem så langt, kan vi ikkje lenger hauste vinsten av å ureine kloden og berre tenkje på oss sjølve.

– Men vil eit slikt grep bli oppfatta som rettferdig av nordmenn flest? Vi er vande til ideen om at oljeinntektene skal sikre oss ein trygg alderdom, og det er viktigare for folk med låge inntekter enn det er for dei rike?

–?Det er eit spennande spørsmål, og eg veit ikkje svaret. Men det moralske kompasset mitt seier at når Noreg har tent så mykje pengar på å ureine kloden, kan vi ikkje lenger setje oss sjølve først. Inntektene frå oljefondet er alt større enn inntektene frå oljeverksemda. Og Noreg har 11.000 milliardar kroner på bok allereie. Det er ikkje så gale, seier Heikki Eidsvoll Holmås.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Vi kan ikkje berre diskutere kva for kutt som er billegast lenger.

Heikki Eidsvoll Holmås

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.

Foto: Sebastian Dalseide

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Beckett-klassikar av godt merke

Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.

Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.

Foto: Merete Haseth

BokMeldingar
Hilde Vesaas

Våren over mannalivet

Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.

Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Djevelen i detaljane

By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis