Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Ingen tør å gløyme distrikta

Det norske politiske systemet gjev dårlege vekstvilkår for populistiske protestrørsler, meiner Bernt Aardal. I Noreg ender gjerne protestrørslene opp med å bli del av makteliten.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3148
20170512
3148
20170512

Trygve Slagsvold Vedum liknar lite på Donald Trump, og Noreg har ikkje ei verkeleg sterk høgrepopulistisk rørsle. Men samtidig: Når Senterparti-leiaren så gjerne snakkar om «eliten innanfor Ring 3», og når Framstegspartiet viser ei enorm stavkyrkje inni partilogoen under landsmøtetalen til Siv Jensen, liknar det forsøk på å spele på liknande strengar som populistrørsler har hatt framgang med i andre land.

Både Sp og Frp dyrkar nasjonale verdiar, dei rettar gjerne brodden sin mot ekspertvelde og byråkrati i hovudstaden, og dei er båe for distriktsparti å rekne, sjølv om Frp til tider kan ha høg oppslutnad også i dei større byane. For tida er det Senterpartiet som har medvind, og partiet ligg kring 11 prosent på meiningsmålingane.

Vellukka integrering

Ein kunne tenkje seg seg at Noreg hadde gode føresetnader for ei stor, populistisk protestrørsle med base på bygda. I dette vidstrekte landet har spenninga mellom sentrum og periferi ofte spela ei viktig rolle i politikken, og det beste dømet på krafta i denne spenninga var sjølvsagt dei to folkerøystingane om EF-medlemskap i 1972 og 1994. Men det er òg trekk ved Noreg som gjer det mindre truleg at ei slik rørsle verkeleg skal bli sterk, meiner Bernt Aardal. Han er professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo og leiar for Valforskingsprogrammet.

– Både Framstegspartiet og Senterpartiet har nokre fellestrekk med politiske protestrørsler vi ser i andre land. Men det norske fleirpartisystemet fangar som regel opp slike rørsler og integrerer dei i det politiske establishment. Og Framstegspartiet sit jo for tida i regjering, seier Aardal.

Sterke distrikt

I Noreg er dessutan distrikta langt sterkare enn i mange andre land, både økonomisk og politisk.Det gjer at politikarane i Oslo vanskeleg kan ta seg råd til å gløyme dei, meiner Aardal.

– Hillary Clinton skjønte ikkje krafta i frustrasjonane blant folk i delar av USA. I Noreg skjøner alle politikarar faren ved å ignorere distrikta. Alle er klare over at det ligg sprengstoff i forholdet mellom sentrum og periferi. Vi har hatt to store folkerøystingar om EF der den norske eliten fekk ein smekk over fingrane.

I Noreg skjer sentrum-periferi-aksen òg tvers gjennom dei fleste partia, påpeikar Aardal.

– I periodar når Høgre er sterkt, får tilmed det partiet ein indre periferiopposisjon.

Oslo-skepsis

Motsetnadene mellom by og land kan likevel vekkje sterke kjensler også i Noreg, understrekar Aardal.

– Alle som har vakse opp utanfor Ring 3, veit at det ikkje skal mykje til for å få fram antipatiar mot Oslo. Motsetnaden mellom by og land er noko som alltid ligg der, og det er noko som kan setjast fyr på under visse omstende. Men eg ser ikkje at vi har føresetnader for ei protestrørsle i Noreg som kan samanliknast med kampanjen for Brexit eller rørsla bak Trump. Framgangen for Senterpartiet no botnar truleg i motstanden mot delar av politikken til regjeringa, til dømes kommunereforma, meiner Aardal.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis