JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Ingen veg attende

Det er heilt uaktuelt for Senterpartiet å samarbeide med høgresida igjen, seier Marit Arnstad, parlamentarisk leiar i Senterpartiet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Marit Arnstad (Sp) er parlamentarisk leiar for ei nær dobbelt så stor stortingsgruppe etter valet. – Vi må jobbe vidare med sakene der veljarane har gjeve oss tillit, men det kjem ikkje til å innebere store endringar, seier ho.

Foto: Eva Aalberg Undheim

10541
20171229
10541
20171229

Politikk

eva@dagogtid.no

Valet i haust hadde fleire taparar, som vi har vorte minna om dagleg sidan. Ap er prega av oppvaskmøte, evalueringar, frustrasjonar, konfliktar og uro. Venstre har nølt, sondert og diskutert, før eit fleirtal i partiet enda med å gå for regjeringsforhandlingar. KrF har nesten forsvunne. Høgre og Frp har gått på nokre smellar i Stortinget, erklært mistillit til SSB-direktøren og late vere å klappe under nobelseremonien.

Den største vinnaren i valet har det vore nokså stille frå. Med ei valoppslutning på 10,3 prosent gjorde Senterpartiet sitt beste val sidan EU-kampen på 90-talet. I valkampen lova dei mellom anna å stogge sentralisering, reversere delar av politireforma og kommunereforma, setje i gang ei utgreiing av EØS-avtalen og fjerne EU- og EØS-ministeren om dei kom til makta. Slik gjekk det ikkje.

Like fullt har partiet no ei dobbelt så stor stortingsgruppe som i førre periode. Kva kan Sp få ut av det gode valresultatet på Stortinget? Og kva gjer partiet dersom Ap ikkje kjem tilbake til nye høgder? Kan det vere aktuelt å samarbeide med høgresida igjen?

Går ikkje å tenkje seg

– Nei, svarar Marit Arnstad.

Det er nest siste arbeidsdag på Stortinget før jul. Ho har lent seg tilbake i stolen på kontoret og ser ut til å meine at det korte svaret er alt som trengst.

Den parlamentariske leiaren i Senterpartiet har erfaring frå samarbeid både til høgre og til venstre i politikken. Ho var olje- og energiminister i sentrumsregjeringa til Kjell Magne Bondevik og samferdsleminister i den raudgrøne regjeringa.

Å tenkje seg eit samarbeid med Høgre eller Frp i overskodeleg framtid er derimot heilt uaktuelt, ifølgje Arnstad.

– Eg ser det er mange som spekulerer i det, men svaret er nei. Vi har vore det fremste opposisjonspartiet til Høgre og Frp i den siste stortingsperioden. Då går det ikkje å tenkje seg at vi skulle ønskje eit formalisert samarbeid med dei same partia. Kjem dei til Stortinget med saker som er identiske med partiprogrammet vårt, skal vi sjølvsagt røyste for, men det er urovekkjande mange saker der dei ikkje gjer det.

Skulle Høgre og Frp kome til Stortinget med Sp-politikk, kan dei tre partia danne fleirtal utan andre. Det skjedde eit par gonger førre stortingsperiode, men har ikkje skjedd så langt etter valet.

Klar for nye slag

I haust har den nye stortingsgruppa til Sp vore med på å påføre regjeringa ein del tap. Sp gjekk saman med Ap om å krevje at einslege mindreårige asylsøkjarar med mellombels opphaldsløyve, dei såkalla oktoberbarna, skulle få søknadene sine handsama på nytt. Partiet fremja òg forslaget som hindra tvangssamanslåing av kommunane Leka i Nord-Trøndelag og Bindal i Nordland med Vikna og Nærøy i Nord-Trøndelag. Arnstad sjølv og partikollegaen Kjersti Toppe stod bak kravet om å gje elevar éin time fysisk aktivitet på skulen kvar dag frå 1. til 10. klasse, som opposisjonen vedtok. I tillegg har Sp vore med å tvinge gjennom at pensjonistane skal få pensjonsslippen tilsendt i posten, at opplysningskontora for mjølk, kjøt og egg ikkje skal leggjast ned og at regjeringa skal greie ut konsekvensane av eit atomvåpenforbod.

Forsøket på å samle opposisjonen om ein alternativ plan for framtidas hær og heimevern lukkast derimot ikkje for Sp. Partiet nådde heller ikkje målet om å avgrense tvangssamanslåingane av andre kommunar og regionar.

Omkampar

Arnstad meiner likevel at partiet vann litt i desse sakene. I tillegg til å stogge tvangssamanslåinga for Leka og Bindal, gjorde stortingsfleirtalet to prinsipielle vedtak. Det eine var krav om at samanslåingar framover skal vere friviljuge. Det andre var krav om at inntektssystemet til kommunane ikkje skal brukast som middel for å fremje samanslåingar.

– Det var viktige vedtak og i og for seg ein siger for framtida, seier ho.

Ho er òg budd til omkampar om Hæren og Heimevernet. Sp var skuffa over at Ap gjekk i forlik med regjeringspartia om landforsvaret og meiner forliket var lite klokt.

– Forliket har den store svakheita at ingenting eigentleg er avgjort, fordi alt skal opp att i revidert nasjonalbudsjett. Dei økonomiske rammene er ikkje avklarte, og det er ikkje avklart kva det inneber at helikopterbasen skal vere delt mellom Bardufoss og Rygge. Her kjem det til å kome nye slag, seier Arnstad.

Trufaste veljarar

Sp er partiet med dei mest lojale veljarane, ifølgje veljarundersøkinga til SSB og Institutt for samfunnsforsking. 86 prosent av dei som røysta Sp i 2017, gjorde det òg ved førre val. Men 63.000 av dei 302.000 røystene partiet fekk i år, kom frå Ap, partiet som Sp truleg er avhengig av for å kome i posisjon i framtida. Arnstad er ikkje uroa over det.

– Vi tok meir frå dei andre partia enn vi tok frå Ap, ein og ein halv gong meir faktisk. Og vi har framleis som mål at vi skal samarbeide med Ap, både i einskildsaker og i ei mogleg framtidig regjering.

– Det går opp og ned for alle parti. Det har det også gjort for oss, så vi veit kor krevjande det er for eit parti å skulle byggje seg opp att etter eit dårleg val. Men eg reknar med at Ap kjem sterkare attende, seier ho.

Skjemavelde

– De har ei dobbelt så stor stortingsgruppe som i førre periode. I kva saker kjem det til å merkast?

– Det er særleg på fire område det vert viktig for oss å utarbeide eigne, tydelege alternativ framover. Det handlar om distriktspolitikken, om vilkåra for norsk industri og vareproduksjon, og korleis vi skal få ein rettvis arbeidsmarknad utan sosial- og lønsdumping. I tillegg treng vi å tenkje nytt om offentleg sektor. Her er det mange, anten dei jobbar i politi, brannvesen, helsesektoren eller skulen, som i dag har kjensla av å verte kvelte av rapportering, utfylling av skjema og all tida som må brukast på anna enn tenesta dei faktisk skal utføre. Det mest effektive vi kan gjere med norsk offentleg sektor no, er å gjennomgå det som finst av rapporteringskrav og testar som tek tid vekk frå tenestene til dømes pasientar eller skuleelevar.

– Det høyrest litt populistisk ut.

– Tenkinga om New Public Management har fått for sterkt fotfeste i norsk offentleg sektor. Skal vi fornye dei offentlege tenestene, må vi fjerne målstyringa, kontrollen og rapporteringa. Legane brukar under 45 prosent av tida si til pasientretta arbeid, og tre av fire lærarar seier at krava til rapportering stel stadig meir av arbeidstida deira. Vi må ta vare på tilliten mellom forvaltninga og den einskilde innbyggar. Og vi bør ikkje akseptere at offentleg sektor trekkjer seg tilbake frå brukarane, slik vi har døme på at Nav har gjort. Alt dette rokkar den grunnleggande tilliten til fellesskapet.

Kva reformer og nye tiltak har Sp sine ordførarar stått i spissen for dei siste åra?

– Dei meir enn 100 ordførarane våre står i spissen for viktige tiltak i kvar sine kommunar, men kommunane er så mangfaldige at kva som er dei store utviklingssakene, kan variere veldig. Skal eg peike på døme, kan eg nemne ordføraren på Inderøy i Nord-Trøndelag, som har vore ein kulturordførar utan like, eller ordføraren i Høylandet som har vore veldig oppteken av den friviljuge sektoren. Men eg trur ikkje det er mogleg å samle det opp i ein fellesnemnar.

Innvandringsforlik

I innvandringspolitikken generelt har Sp derimot tidvis vorte oppfatta som ein støttespelar for Høgre og Frp. Partiet tok initiativet til asylforliket i Stortinget i 2015, som innebar ei innstramming. I debatten om Syria-forliket i Stortinget same år sa Sp at den dåverande auken i talet kvoteflyktningar til Noreg var eit eingongstilfelle. Partiet ville tilbake til eit nivå på 1500 årleg så raskt som mogleg.

– Er de for ein strengare innvandringspolitikk?

– Nei, eg trur vi skal liggje om lag der vi er i dag. Vi var for å få til eit breitt forlik om å ta imot fleire kvoteflyktningar sommaren 2015, og vi var med på både eit asylforlik og eit integreringsforlik i 2015. Grunnlaget som vart lagt i desse forlika, er det vi føreset vert vidareført. Så meiner vi regjeringa har svikta ein del på integreringsarbeidet og ikkje følgt opp det forliket godt nok, særleg når det gjeld det barnefaglege. Men i innvandringspolitikken i stort meiner vi forlika frå 2015 gjev oss botnplanken vi bør stå på.

– De var nyleg med å tvinge regjeringa til å gje sakene til «oktoberbarna» ny handsaming. Det inneber ei justering av eit innstrammingsvedtak de sjølv var med på i Stortinget i fjor. Trengst det fleire slike justeringar?

– Det kjem nok fleire justeringar i integreringspolitikken, og det kjem sikkert fleire debattar om innvandring òg, for her er det ulike meiningar i Stortinget. Men om det betyr nye fleirtal for justeringar, veit eg ikkje.

Litt annleis

– De er naturressurspartiet, men har ikkje fått merkelappen klimaparti. Kvifor skal ein miljø- og klimamedviten veljar røyste Sp?

– Fordi vi vil ha ein klimapolitikk som ikkje berre er symbolsk. Vi må konsentrere oss om nokre store og viktige tiltak som verkeleg kan få ned utsleppa. Då er tiltaka for karbonfangst og –lagring på Klemetsrud, hos Norcem i Brevik og Yara på Herøya viktige. Det å få eit CO2-fond for tungtransport er også viktig, men det å endre avgiftene på diesel og bensin med nokre øre er ikkje viktig. Det er symbolpolitikk.

– Miljørørsla er ikkje alltid samd med dykk.

– I delar av miljørørsla kan det vere vi ikkje er oppfatta som heilt politisk korrekte, men det er òg miljørørsla sitt problem. Skal vi skape legitimitet om klimapolitikken i dei breie laga av folket, må vi kunne dokumentere at tiltaka har skikkeleg verknad. Den debatten har vi gått inn i, og då vert vi nok sett på som litt annleis i klimapolitikken, seier Arnstad.

Sp har òg vorte framstilt som litt annleis i ein annan av haustens store saker. Ei rundspørjing Dagsavisen gjennomførte i november, synte at så godt som alle parti på Stortinget kjende til saker med overgrep, seksuell trakassering eller uønskte seksuelle tilnærmingar i eige parti – bortsett frå Sp.

– Kva gjer Sp annleis her?

– Eg er ikkje den som ville hatt den fulle oversikta over eventuelle slike saker. Dei ville i tilfelle vore rapporterte inn til generalsekretæren eller til sekretariatsleiaren på Stortinget. Men eg trur nok Sp òg er eit parti som har hatt den typen saker. Det ville vore overraskande om vi ikkje hadde det, seier Arnstad.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

«Vi har framleis som mål at vi skal samarbeide med Ap, både i einskildsaker og i ei mogleg framtidig regjering.»

«Det kjem nok fleire justeringar i integrerings-politikken.»

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis