Geriljakrig mellom USA og Russland
Noko heilt spesielt i etterkrigstida hende tidlegare denne månaden i Aust-Syria: Amerikanske militære drap russarar i eit slag.
Ein russisk soldat held vakt medan helikopteret flyg over Palmyra i Syria.
Foto: TT / NTB scanpix
Syria
halvor.tjonn@gmail.com
Det har vore det store skrømtet i fleire år: Amerikanske og russiske styrkar støyter saman i Syria. Som svar slår russarane til ein annan stad, i Moldova, i Georgia, i Estland – eller i Aust-Finnmark. Derifrå er vegen kort til den tredje verdskrigen.
Alle militære har vore klåre over denne faren. Difor er det dei siste åra blitt laga prosedyrar i Syria som skal sikra at det ikkje skjer. Amerikanarane skal vita kor russarane er, og russarane skal vita kor amerikanarane er. Syria-konflikten skal ikkje få utvikla seg til nokon global konflikt. Desse prosedyrane ser ut til å ha verka godt.
Opna eld
Onsdag 7. februar i år skjedde likevel noko som ikkje skulle ha skjedd: Om kvelden var styrkar frå det russiskstøtta Assad-regimet i ferd med å nærma seg stillingane til den kurdiskdominerte styrken SDF (Syrian Democratic Forces) ved byen Deir al-Zour nær Eufrat i det austlege Syria. Kommandanten for SDF hadde fullt oversyn over kva som skjedde, og kontakta ein liaisonoffiser i dei russiske styrkane. Den russiske offiseren fortalde at det ikkje var noko åtak på gang, og at soldatane i SDF berre kunne ta det med ro.
Ein halv time seinare opna Assad-styrkane eld. Kor lenge eldgjevinga varte, veit me ikkje nøyaktig. Det som er sikkert, er at amerikanske fly av typen AC-130 med støtte av førarlause dronar dukka opp like etter. Då dei amerikanske flya og dronane hadde utført oppdraget sitt, låg minst 100 mann frå Assad-hæren døde igjen på slagmarka. Saman med dei var det noko slikt som sju–åtte russarar, enkelte kjelder seier mange fleire. Alle – inkludert russarane – var drepne av amerikanske våpen.
Avisa Washington Post intervjua like etter slaget den kurdiske offiseren som leia SDF-styrkane. Han hevda at den russiske liaisonoffiseren som fyrst hadde nekta for at eit åtak var på gang, etter ei stund tok kontakt på ny. Russaren bad då om ein pause i elden. Grunnen var at dei måtte få tid til å hente dei som var døde og såra, frå slagmarka.
I mesteparten av tida som er gått sidan 1945, har amerikanarar og russarar stått mot kvarandre, ideologisk eller maktpolitisk. Ikkje alltid har det vore berre kald krig. Ein del russarar døydde under Koreakrigen, ein reknar med at det var om lag 300 mann. I Vietnamkrigen blei noko slikt som 15–20 drepne. Årsaka til at dei miste livet, var at dei kom i vegen for tilfeldig, amerikansk eld.
Det som hende i Syria den 7. februar var noko anna: Russiske soldatar blei ikkje drepne fordi dei var på bakken då ei amerikansk bombe reint tilfeldig trefte dei. Russarane ser ut til å ha vore med i ei regulær militær eining, og dei blei drepne under eit slag der det var Assad-styrkar og russarar på den eine sida og amerikanarar og kurdarar på den andre.
Eitt omstende tilsvarer likevel det som hende under Vietnamkrigen og Koreakrigen: Leiinga i Kreml seier at dei ikkje har noko med det å gjera. Under ei presseorientering åtte dagar etter hendinga sa talskvinna for russisk UD, Maria Zakharova, at det ikkje var russisk personell i uniform på staden då slaget gjekk føre seg. Det kan ha vore slik at fem russarar var blitt drepne, men altså ikkje fem soldatar i russisk uniform, sa Zakharova.
Ei halv sanning
Talskvinna for russisk UD ser ut til å ha fortalt minst ei halv sanning: Russarane som blei drepne, var ikkje regulære medlemmer av den russisk hæren, men dei var leigesoldatar som hadde kontrakt med eit russisk firma. I Russland i dag er det, så langt ein kjenner til, om lag ti ulike firma som rekrutterer leigesoldatar. Det mest kjende firmaet er Vagner, som er leia av ein mann ved namn Dmitrij Utkin, ein tidlegare toppoffiser i GRU, den russiske militære etterretninga. Som finansiell støttespelar skal Utkin ha ein viss Jevgenij Prigozjin. Denne Prigozjin er ein interessant fyr: I 1981 blei han dømd til tolv år i fangeleir for mellom anna å ha fått mindreårige jenter til å prostituera seg. Då Sovjetunionen braut saman, blei han sleppt fri frå fangenskap. Sidan slo han seg opp som forretningsmann og restauranteigar i St. Petersburg, og det var som eigar av restauranten New Island han blei kjend med Putin. Difor går han under namnet Putins kokk. Det er knapt naudsynt å fortelja at Utkin, Priogzhin og føretaka dei eig, inkludert Vagner, står på sanksjonslista til amerikanarane.
At selskapet til Utkin heiter Vagner, er naturlegvis ikkje tilfeldig. GRU-veteranen Utkin er kjent som ein beundrar av Det tredje riket, og han nyttar uniformsdelar som er inspirerte av nazitida. Det er då sjølvsagt noko parodisk at leigesoldatar frå Vagner har kjempa i Aust-Ukraina, offisielt for å motverka dei såkalla fascistiske kuppmakarane i Kiev.
Når russiske styresmakter seier at dei som blei drepne i Aust-Syria den 7. februar, ikkje var russiske soldatar, har dei altså formelt heilt rett. Alle i Russland veit likevel at dei russiske leigesoldatane er i Aust-Ukraina og Syria med godkjenning frå den russiske leiinga. Føretaka som sender ut soldatar, kunne ikkje ha operert utan samtykkje frå russiske styresmakter.
Brev til Putin
Det som har vekt reaksjonar i Russland, er at unge russiske menn døyr utan at styresmaktene vil kjennest ved dei. Den liberale presidentkandidaten Grigorij Javlinskij har teke opp saka i eit ope brev der han seier at dersom det har vore eit stort tap av russiske liv, skulle øvstkommanderande for dei russiske militære styrkane – det vil seia Putin – fortelja folket kva som har hendt.
TV-kanalen Nastojasjtsjeje Vremja (Sann Tid) som er finansiert av USA, har vore i landsbyen Kedrovoje i Sverdlovsk-fylket i Ural og snakke med Faina Gavrilova, mor til 34 år gamle Ruslan Gavrilov. Mora fortel at sonen var med i trefninga den 7. februar. Dei var 253 mann i avdelinga, og 217 mista livet, blant dei son hennar. «Eg forstår ikkje at det ikkje er noko om dette på nyhendesendingane», seier ho bittert.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eitt omstende tilsvarer likevel det som hende under Vietnamkrigen og Koreakrigen: Leiinga i Kreml seier at dei ikkje har noko med det å gjera.
Fleire artiklar
Dyrlegen kjem
Joachim Cooder er kjend som perkusjonist frå fleire utgivingar saman med opphavet, Ry Cooder.
Foto: Amanda Charchian
Motellet til drøymaren
Joachim Cooder opnar dørene til sju musikalske rom.
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»