Innhenting
Korleis kunne målingane ikkje fange opp fleirtalet for brexit og Trump, undrar folk. Etter det som skjedde meg førre veke, skjønar eg det godt.
Det verka uproblematisk fyrst. «Statistisk sentralbyrå ønskjer å intervjue deg om tobakksbruk og alkoholvanar», sa e-brevet. Eg hadde fått eige nummer i statistikken alt, og telefonintervjuet kunne gjerast når det passa meg best. Her har eg lite å tape, tenkte eg. Feil.
Det byrja med ein nedtrykkjande sekvens der SSB-kvinna noterte at eg bur i storby, nærmar meg ei aldersgruppe i statistikken som i mine auge burde vore langt unna, og at hushaldet mitt ikkje har andre medlemmer enn meg.
– Vil det seie at du er ugift eller skild? spør SSB.
– Det vil seie at eg ikkje har gifta meg enno.
Spørsmåla om tobakk går lett. Eg røyker eller snusar ikkje, verken kvar månad, kvar veke eller dagleg. Og ja, svaret inkluderer cannabis.
– Korleis ser tobakksvanane dine ut om fem år?
– Som no.
Eg burde verte betre på femårsplanar, men ein opptrappingsplan for tobakk er det ikkje behov for.
Så kjem spørsmåla om alkohol.
– Drikk du fire–fem dagar i veka, to–tre eller om lag ein dag i veka?
– Ein–to gonger vil eg seie, men når det ikkje er eit alternativ, vert det to–tre.
Eg byrjar synest at eg ikkje kjem godt ut av dette. I røynda kjenner eg meg ung, lovande og sober. I statistikken er eg no ein ugift, snart middelaldrande person som drikk alkohol nær halve veka, kvar veke. Eg håpar intervjuet snart er over, men det er det ikkje.
SSB vil også vite kor mykje tid i veka eg gjer husarbeid og lagar mat. Eit overslag frå siste veka puttar meg i lågaste kategori. Eg er offisielt ein slask.
– Kva er brutto inntekt?
– Det har ikkje du noko med, vil eg svare, men gjer det ikkje.
– Kva er yrket ditt?
– Journalist.
Eg høyrer eit «aha» i andre enden.
– Og så eit siste spørsmål om partival.
Men no er grensa nådd, og eg svarar eit parti eg aldri ville røysta på. Statistikken handlar jo ikkje om meg.
AU
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.