Inspirasjon
Granavollen ved Gran på Hadeland, ei helg i det fyrste tiåret av totusentalet. Det er klår himmel og godt vêr. Inne i Granavolden Gjæstgiveri er det lunsjbuffet. Vi er på Humanistisk seminar, eit føredrags- og diskusjonsforum skipa av Asbjørn Aarnes.
Deltakarane er snare med å stelle seg i kø. «Granavollene», som summe kallar dei, forsyner seg godt. Eg og eit par til lurer oss ut til Systerkyrkjene, rett ved gjestgjevargarden.
Ein einsam skald vandrar ved O.A. Vinje-statuen ved kyrkjene. Det er ingen ung mann, han går der med ein liten knekk i knea. Eg spør han kva som er viktigast for ein diktar, handverket eller inspirasjonen.
– Inspirasjonen er viktigast. Eg skriv eine og åleine på inspirasjonen. Det er som ei røyst inni meg. Høyrer eg fyrste setninga, så må eg skrive orda ned, så kjem setning etter setning.
Han opnar jakka, viser fram skrivesaker, trygt planta i innerlomma.
– Eg har alltid med meg penn og notatblokk, eg veit aldri når inspirasjonen kan slå ned.
– Diktarmusa di er med andre ord raus med guddomleg kraft?
– Ei gresk diktarmuse? Å nei du! Det er Den heilage ande som inspirerer meg. Alt eg gjer, byrjar og endar med Jesus.
– Men Jesus-dikt, er ikkje det misjonering? Kan det bli kunst?
– Gå attende i historia, ho har rikeleg med døme. Bach har vorte kalla «den femte evangelist». Eg meiner all stor kunst har eit tydeleg element av det metafysiske.
– Kan du lesa opp eit dikt for oss?
Diktaren er ikkje vond å be. Han les fram: «Gi meg de gamle mestere/ Smertenes Monteverdi de dødes/ talsmann Dante Alighieri og Rafael.»
Han står der med den karakteristiske knekken i knea, og samtidig litt lut. Det er utruleg kor lenge han held denne posituren. Men så er det ikkje eine og åleine av eiga kraft.
Vi lyser fred over skalden Arnold Eidslott.
Ynnor Snaap
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.