JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

IntervjuSamfunn

– Eit sivilisatorisk tilbakefall

Er Jürgen Habermas’ haldning til Ukraina-konflikten prega av «naiv pasifisme», som kritikarane hevdar? Nei, seier Habermas-biografen Philipp Felsch.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den vesttyske nasjonalpasifismen, her manifestert 1. mai i Berlin under banneret «krig mot krig» og verna av ein opprørspolititropp, er ikkje noko for Habermas.

Foto: Ebrahim Noroozi / AP / NTB

10994
20240628

Bakgrunn

Philipp Felsch blei fødd i Göttingen i 1972 og er professor i kulturhistorie ved Humboldt-universitetet i Berlin. Boka hans Der Philosoph – Habermas und wir kom ut i februar.

redaksjonen@dagogtid.no

I eit skakande nøkkelavsnitt i den nyleg utkomne boka Der Philosoph fortel Philipp Felsch, idéhistorikar og Habermas-biograf busett i Berlin, om korleis Jürgen Habermas tilstår for han at han under diskusjonane om Ukraina-krigen for første gong ikkje forstår den tyske allmenta. Han merkar ei krigsbegeistring som undrar han. På same måte er skepsisen overfor den nye tyske krigsviljen framleis stor, særleg blant dei eldre generasjonane, på tvers av partigrensene.

Kanslar Olaf Scholz og sosialdemokratane, som fekk hard medfart i valet til Europaparlamentet, strevar med å stake ut kursen. Men dette har ingenting å gjere med ein naiv pasifisme som Habermas visstnok skal ha lært landet, seier Felsch. Habermas’ åndelege arv, som vi nett no tek avskil med, har langt større tyngd.

– Kva for ei allmente er det Habermas meiner at han ikkje lenger forstår? Sterk motstand har han jo møtt heile livet?

– I den første artikkelen i Süddeutsche Zeitung oppmoda han til varsemd. Han ville gi moralsk støtte til Scholz. For dette blei han sterkt kritisert, frå heile spekteret av meiningar. For Habermas viste diskusjonen ei krigslyst som han trudde høyrde til historia i Tyskland. Faktisk var det jo noko nytt, den utbreidde kjensla av at vi i og med Putins Russland igjen stod overfor ein ekte fiende. Og for Habermas var det synonymt med eit sivilisatorisk tilbakesteg.

– Men dette var jo ikkje ei fri avgjerd. Putin gjer sitt beste for å bli sett på som ein fiende. Og han ser vel også på oss som fiendar. Kvifor er det så vanskeleg for Habermas å forstå det?

– Ganske enkelt fordi fiendskap som grunnleggjande politisk kategori ikkje finst i tenkinga til Habermas. Det er for han ein kategori som er knytt til Carl Schmitt, yndlingsmotstandaren hans. At eit omgrep som fiendskap plutseleg styrer den offentlege diskusjonen og kursen til tysk politikk, kan for og med Habermas berre tolkast som eit tilbakefall.

– For han er altså ikkje krig politikk med andre middel, som det heiter i det kjende fyndordet til Clausewitz?

– Nei. Han meiner rett nok at krig i visse situasjonar er uunngåeleg. Dette formulerte han alltid heilt klart i nittiåra, til dømes, då det blei stilt spørsmål om Bundeswehr kunne ta del i operasjonar i utlandet. Men han såg for seg at krig som eit legitimt middel i konflikt skulle vere strengt avgrensa av ideen om ein global innanrikspolitikk [Weltinnenpolitik på tysk, red. merk.].

– Det høver godt til nittitalet, då USA, eit liberalt land, for ei stund såg ut til å vere den siste attverande stormakta.

– Ja, men Habermas var aldri så naiv at han tenkte at amerikanarane berre hadde gode siktemål. Han har alltid følgt med politisk, og som lidenskapeleg avislesar har han hatt full oversikt over dei faktiske tilhøva. Motsetningane mellom stormaktsinteresser og verdibasert utanrikspolitikk har han alltid vore merksam på. Men at det var ein sjanse for at det ikkje berre låg maktinteresser til grunn for utanrikspolitikken, men også verdiar, inspirerte han til ideen om ein global innanrikspolitikk. På dette grunnlaget gav han ei filosofisk rettferdiggjering av Kosovo-krigen i 1999: som politiaksjon.

– Kva er skilnaden mellom krig og politiaksjon?

– Skilnaden er ikkje å finne i sjølve krigshandlingane, men i legitimeringa av dei. Krig som politiaksjon betyr at det ikkje handlar om å nedkjempe ein fiende, men om å straffe ein forbrytar, det vil seie ein aktør som har forbrote seg mot dei universelle reglane i folkeretten. For Carl Schmitt, den berykta «kronjuristen til det tredje riket», ville dette vore heilt utenkjeleg. Hos Schmitt er fiendskap den grunnleggjande politiske ideen.

– USA som garantist for ein verdibasert verdsorden?

– Nettopp, det var tanken. Etter Irak-krigen i 2003 har denne førestillinga brote saman. Også for Habermas var USAs innmarsj i Irak klart i strid med folkeretten. Sidan har han sett Vesten som splitta. Frankrike og Tyskland, under ei raudgrøn regjering, motsette seg å vere med. Og som følgje av det snakka USAs forsvarsminister Donald Rumsfeld om «det gamle Europa». Frå og med då vende Habermas seg med smerte bort frå USA, og han knytte forhåpningane sine endå sterkare til Europa. Det er berre det at Europa dessverre aldri har klart å posisjonere seg som ein vektig utanrikspolitisk aktør.

– Utanriksminister Annalena Baerbocks idé om ein «verdibasert utanrikspolitikk» har òg som mål at Putin ein gong skal førast til Haag som krigsforbrytar, men dette kritiserer Habermas som politisk naivitet?

– Han skreiv til og med at maksimane hennar viste kor djupt jordbotnen for banale politiske utsegner i Tyskland må ha blitt pløgd opp. Men kven er det som har pløgt opp denne jorda?

– Jürgen Habermas.

– Sjølvsagt. Og det nettopp med ideen om ein global innanrikspolitikk. Hos dei som har lært av han, kritiserer han denne ideen som politisk naiv. Realistisk sett har han utan tvil rett. Men med skuldinga om naivitet råkar han sin eigen politiske arv.

– Er han med denne sjølvmotseiinga også ein typisk representant for diverse generasjonar av venstreliberale tyskarar som har blitt gamle saman med han?

– Absolutt. Men det kan ikkje ha vore tilfeldig at han lét vere å skrive under på det første opne brevet som gamle venstrefolk som Alice Schwarzer og Alexander Kluge skreiv under på. I grunnen rådde dei Ukraina til å kapitulere slik at ikkje meir blod skulle bli spilt. Denne vesttyske nasjonalpasifismen, som det har blitt kalla, er ikkje noko for Habermas. Han argumenterer mykje meir nyansert. Også hans pasifisme hentar næring frå krigserfaringane, men han vel ein posisjon i midten. Mellom realisme og idealisme.

– Men utviklinga i dag er svært vanskeleg for han. Du siterer denne utsegna etter han: «Alt det som har utgjort livet mitt, går steg for steg tapt.» Nøyaktig kva meiner han med det?

– Vi må ikkje gløyme at han ville vere noko slikt som oppsedaren til etterkrigstyskarane, og at han til ein viss grad også var det. Det intellektuelle og filosofiske prosjektet hans bestod i å gjere eit ufullenda demokrati, til å byrje med kanskje endåtil eit demokrati utan demokratar, til eit demokrati. Derfor handlar det hos Habermas alltid også om mentalitet og politisk kultur. Den sentrale nyvinninga i vesttysk historie er for han den mødesame innøvinga av ein postnasjonal og postheroisk mentalitet – og det er dette som no brått går tapt.

– Korleis vurderer han det noverande moralske truverdet til Vesten?

– I det minste som svært skadd, men det har det altså vore heilt sidan Irak-krigen i 2003.

– Her vil dei lengst til venstre hånflire: ikkje lenger enn det?

– For Vesten gjeld det som gjeld generelt ut frå Habermas’ syn på moderne samfunn: Han ser røyndomen i lys av ideal som har grunnlag i røyndomen sjølv. Det er dette som ligg i «immanent kritikk». Habermas kritiserte USA alt på Vietnamkrigens tid. Samtidig ser han USA som lekamleggjeringa av eit normativt politisk prinsipp. Det går tilbake til andre verdskrigen og til Nürnbergprosessen, som han følgde på radioen som sekstenåring. Sovjetarane ville likvidere dei øvste 50.000 nazistane, mens USA insisterte på ein juridisk prosess – også for å vise tyskarane kva ein rettsstat er. Kor ufullkommen denne rettsstaten elles måtte vere.

– Den gode supermakta USA?

– På nittitalet, etter slutten på den kalde krigen, meinte han faktisk at USA kunne opptre humanitært og usjølvisk som føregangsland for ein global menneskerettspolitikk. Han såg dei handfaste interessene og den imperiale logikken til stormakta, men særleg i Jugoslavia verka det for han som om dei ikkje stod i framgrunnen.

– Er ikkje dette òg eit vestleg perspektiv?

– I eit intervju frå i fjor sommar vedgjekk Habermas at Vesten ikkje lenger kan sitje på sin høge hest og appellere til ein menneskerettsorden som dei sjølve har gjort skade på, når dei vil vinne støtte til Ukraina frå land utanfor Europa, som India, Brasil og Sør-Afrika. Men til skilnad frå nokre av elevane sine har han aldri tileigna seg eit postkolonialt perspektiv.

– Kvar kjem tolmodet med Putin frå?

– Eg vil ikkje kalle det tolmod med Putin. Spørsmålet for han er snarare om vi innlèt oss på spelet til Putin, om vi fell tilbake til Carl Schmitts verd.

– Tenkinga til Carl Schmitt er i eitt og alt nøyaktig det motsette av Habermas’ politiske drøftingar.

– «Schmittianarane» vil jo til og med gå så langt som til å seie at Habermas avskaffar politikken til fordel for ein evig samtale. For når det er snakk om politikk hos han, gjeld det ikkje først og fremst kampen mellom motstridande posisjonar, men ein lang, kollektiv læringsprosess der vi saman forstår kva demokrati er, og stadig blir klokare. Stikkordet er «deliberasjon». Dette var jo òg lenge sjølvbiletet til forbundsrepublikken – demokrati som ei aldri avslutta demokratisering.

– Det er jo eit ideal som det er verdt å streve etter.

– Kritikarane seier så klart at slik fungerer demokratiet ganske enkelt ikkje. Demokrati er først og fremst det at fleirtalet for ei avgrensa tid har makta.

– Lèt det seg ikkje lett forlike ut frå synet til Habermas? For at det skal kunne finnast tidsavgrensa fleirtalsmakt, må det prinsippet innarbeidast at ein også kan miste makta i eit val?

– Ikkje minst derfor blir Habermas særleg mykje lesen i land utan fungerande demokrati. Til dømes i Kina. Og i fjor hadde eg ein svært interessant samtale med libanesiske intellektuelle om Habermas. Dei var overtydde habermasianarar. Den normative ideen om ein demokratisk rettsstat gjer djupt inntrykk på dei.

– Fordi det der finst noko som makta må underkaste seg?

– Det habermasianske demokratiet er ein kollektiv læringsprosess som hjelper fornufta å kome til makta.

– Men når ordningane som skal hjelpe fornufta til makta, blir angripne, kva då?

– Når det er krig, er det inga hjelp i pasifisme. Fortvilinga til Habermas kjem ikkje berre av at den tyske allmenta ikkje lenger vil det same som han. Det plagar han nok òg at i og med slutten på etterkrigsordenen, som vi opplever nett no, så har også det filosofiske prosjektet hans nådd eit dødpunkt.

– I lys av den veldige framgangen til Alternative für Deutschland – må vi sjå på tenkinga til Habermas som mislykka?

– Tvert imot. Men kanskje må vi tilbake til den tidlege Habermas. På 1970-talet analyserte han «legitimasjonsproblema til seinkapitalismen». Dette problemet er meir aktuelt enn nokon gong. I staden for å kome med hjelpelause truvedkjenningar til demokratiet eller mane fram den komande fascismen, burde vi spørje oss sjølve kva det kjem av at det liberale demokratiet vårt mistar legitimitet.

Einerett: Süddeutsche Zeitung / Dag og Tid

Omsett frå tysk av Ingvald Aarstein

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Malin Charlotte Melby Rønning debuterte som romanforfattar i 2020 og er omsett til fleire språk.

Foto: Baard Henriksen / Forlaget Oktober

LitteraturKultur

Den skuggen vi har i oss

Då Malin Charlotte Melby Rønning oppdaga at romanen ho heldt på med, ville i ei anna retning enn ho ønskte, greip ho tak i eit bilete ho hadde i hovudet, og skapte Det tolvte huset i staden.

Jan H. Landro

Alf Helland med Girardoni-rifla si i verkstaden.

Foto via Norsk håndverksinstitutt

BokMeldingar
Johan Brox

Attende til framtida

Norsk børsemakar tek framleis yrkestittelen sin bokstavleg.

Mette Karlsvik har fått litterære prisar og stipend etter debuten som romanforfattar i 2005.

Foto: Signe Fuglesteg Luksengard

BokMeldingar
Odd W. Surén

Å, ver hjå meg!

Mette Karlsvik gjer den private sjølvransakinga si vesentleg for lesaren.

Regissør Ryusuke Hamaguchi vart inspirert av naturen der komponisten Eiko Ishibashi bur.

Foto: Neopa Inc. / Incline

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Kino utan film

Det går an å høyre musikken først og sjå filmen etterpå.

Ukrainske brannfolk sløkkjer brann i ein transformatorstasjon etter eit russisk åtak frå lufta over storbyen Kharkiv.

Foto: Yakiv Liashenko / AP / NTB

KrigSamfunn

Lyden av elektrisitet

Dei siste to månadene har Kyiv byrja høyrast ut som ein traktorfabrikk.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis