JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

IntervjuSamfunn

Forsoning i praksis

Denne veka bad Stortinget samane, kvenane og skogfinnane om unnskyldning. No skal mange vedtak settast ut i livet. Men forsoninga kan ingen vedta, seier Einar Niemi.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I august i 1992 bad kong Harald partisanane i Finnmark om orsaking. I 1997 beklaga han uretten den norske staten påførte det samiske folket gjennom ein hard fornorskingspolitikk. Denne veka beklaga også Stortinget.

Foto: Lise Aaserud / AP / NTB

7709
20241115

Samtalen

Einar Niemi er medlem i Sannings- og forsoningskommisjonen.

No har Stortinget sagt unnskyld til samane, kvenane og skogfinnane.

Professor emeritus i historie Einar Niemi er ein av 12 fagpersonar som i 2018 blei oppnemnde til å sitte i Sannings- og forsoningskommisjonen. Kommisjonens oppgåve var å granske fornorskingspolitikken og uretten samar, kvenar og skogfinnar blei utsette for frå midten av 1800-talet. I juni 2023 gav kommisjonen Stortinget ein tjukk og delvis vond sluttrapport. Dag og Tid får ein prat med Niemi like etter møtet i Stortingssalen 12. november, der Stortinget takka for rapporten og tok på seg ansvaret for uretten.

Sannhets- og forsoningskommisjonen blei leidd av Dagfinn Høybråten. Einar Niemi står lengst til høgre i bakre rad.

Foto: Peter Mydske / Stortinget

– Utgjer unnskyldninga som no blei gitt i Stortingssalen, eit punktum?

– Kirsti Bergstø hadde eit fint innlegg der ho sa at Stortingets debatt og vedtak markerer både ei avslutning og ei begynning. Det understrekar vi òg i rapporten, der den siste av fem pilarar dreier seg om at vedtaka blir gjennomførte. For oss i kommisjonen var møtet i dag eit punktum, men det er avgjerande at rettane blir gitte i praksis.

– Men kjem tiltaka de foreslår, til å bli implementerte?

– Ein er alltid spent når ein gjennomfører ei stor gransking. Ein risikerer at ho endar som papir i ein skuff. Men undervegs fekk vi mange signal frå Stortinget om at dette var ein rapport som kom til å bety noko. Det offentlege tok arbeidet vårt på alvor, og dei tok ansvar. At rapporten blei lesen på Nationaltheatret, noko som tok 37 timar, seier litt. Og få veker etterpå var ein delegasjon på plass i Finnmark for å gjere feltarbeid. Gjennom media kan ein få inntrykk av at interessa dabba av i fjor, men det har vore stor interesse frå offentleg hald, og vi har hatt mange gode diskusjonar og orienteringar. Det blei sagt mykje flott og spennande i dag. Sjølv blei eg optimistisk.

Lene Cecilia Sparrok les frå Sannings- og forsoningskommisjonens rapport 1. juni 2023.  Foto: Hanna Johre / NTB

Foto: Hanna Johre / AP / NTB

– SV-leiar Bergstø sa på talarstolen i dag at ho er skuffa over at «kontroll- og konstitusjonskomiteen avviser mange av dei konkrete forslaga som kunne sett fart på forsoningsprosessen». Har ho grunn til å vere skuffa?

– Listene over forslag til forsoning er lange. Kontroll- og konstitusjonskomiteen var nyleg på studietur i Canada for å lære om forsoningsarbeidet der, og dei blei åtvara mot å foreslå for mykje. Mange av forslaga krev ei eiga utgreiing. Det blir mykje å følge opp på alle forvaltingsnivå. I tillegg er det klart at ingen kan vedta forsoning i seg sjølv. Vedtaka blir ledd i prosessen, som er langt frå fullført. Det vil ta tid.

– Og det vil koste. Regjeringa løyvde 37 millionar kroner til å styrke samisk språk og kultur berre i år. Sametingsrådet på si side sa at det må mykje meir til. Dei vil styrke dei samiske lærarutdanningane og utvikle språkteknologi, blant anna. Er det realistisk, når andre utdannings- og kulturtilbod blir nedlagde på grunn av pengemangel?

– Vi blei ikkje bedne om å rekne på det, berre om å levere ei utgreiing. Så der blei vi frigjorde frå ei vanskeleg oppgåve. Samtidig ser vi at det samiske samfunnet alt har lagt mykje arbeid i å få på plass tilbod i alt frå barnehage- til universitetssektoren.

– I Noreg har nokre hundre personar lulesamisk eller sørsamisk som førstespråk. Men dei har si eiga lærarutdanning, der studentane får ekstra stipend, og her står dei fleste studieplassane tomme. Er det lov å kritisere ressursbruken?

– Det er lov. Det dreier seg om store økonomiske og faglege ressursar brukt på få menneske. Dette er ein diskusjon vi har reist i kommisjonen. Saka er at når det dreier seg om urfolk og trua språk, kan vi ikkje telje pengar og hovud. Her følger vi ein internasjonal trend. Finland har gjort eit stort og flott revitaliseringsarbeid og fått austsamisk tilbake som skulespråk. Vi seier at løysinga for dei minste gruppene er nordisk samarbeid.

– No har det vore mykje snakk om kven som kan og ikkje kan kalle seg same. Kan ikkje denne typen konfliktar skiple arbeidet med å styrke rettane til samane?

– Det er ei tragisk sak, særleg for Sandra Borch. Ho heldt eit tøft innlegg i dag, der ho peika på lokale tradisjonar og heimespråk. Historia hennar reiser viktige spørsmål om dokumentasjon. Mange samar og kvenar var fleirspråklege, utan at det kjem fram i folketeljingane frå 1890–1930. Vi må ha tillit til folk. Og fleksibilitet. Sametinget blir nøydde til å ta tak i kriteria for deltaking. Tar vi kriteria bokstaveleg, fell mange utanfor. Når nokon tilskriv seg ein identitet, skal det respekterast.

– Sametingspresident Silje Karine Muotka fryktar at gapet mellom rettane samane har, og tilbodet dei får, ikkje blir tetta. Mange kjem til å bli skuffa, sa ho. Kva trur du?

– Eg synest det er litt prematurt sagt. Stortingsrepresentantane verkar opptatte av å implementere vedtak og få på plass løyvingar. Men det er mykje å følge opp, blant anna rettar knytte til territorium, språk og kystfiske. Det er påfallande at det ikkje er lagt inn forslag knytte til samiske næringar, som at sjøsamar ikkje får nytta seg av fiskeriressursane. Men debatten i dag viser at politikarane er klare over det.

– Frp-politikarane vil ikkje seie unnskyld. Kva synest du om det?

– Argumentet om at vi ikkje kan sette oss til doms over fortida, er forståeleg. Men det kolliderer med urfolksmetodologien. I ein forsoningsprosess må styresmaktene kunne sjå tilbake og be om tilgiving. Det har stor symbolsk betydning. Eit eksempel såg vi i Kiberg i 1992, då kong Harald bad om unnskyldning for måten partisanane i Finnmark blei behandla på etter andre verdskrigen. Det var ei enorm oppreising for dei få som var igjen. Frp må få gjere som dei vil, eg vil ikkje moralisere, men haldninga deira er ikkje i tråd forsoningsarbeid i praksis og effekt.

Kongeparet besøkte 62 lokalsamfunn i Nord-Noreg sommaren 1992.  Her er dei i Masi, der Trygve Lund Guttormsen ønsker velkommen.

Foto: Lise Åserud / AP / NTB

Forsoning er eit vidt omgrep. Ifølge ordboka betyr det både å komme overeins eller vere einige, og å akseptere, finne seg i eller slå seg til ro med noko. Vil dei som no får ei unnskyldning, slå seg til ro med at fortid er fortid?

– Kommisjonen brukte tid på omgrepet. Ordet tilgiving er tilslørande. Historia skal vere synleg. Forsoning er opnare. Det er legitimt å bruke som eit kollektivt omgrep. Samtidig dreier det seg jo om å ta eit personleg oppgjer. Vi hadde mange opne, uformelle møte i dei fire åra vi arbeidde med rapporten, der det blei sagt at det er forsoning i praksis, det å opne seg og utveksle erfaringar i fred og ro. Skal ein ha eit godt liv, må ein kunne leve med fortida, utan å fortrenge det som hende. Enkelte avviser at dei blei utsette for fornorsking, og fornorskinga var ikkje traumatisk for alle. Eg blei sjølv utsett for det, men visste det ikkje då. Når ein bur i Noreg, må ein lære norsk. Sånn er det. Problemet var at vi blei utsette for ein assimileringspolitikk som blei kompromisslaus, der morsmålet måtte vike. Det som er viktig, er at heile Stortinget, med unntak av Frp, har slutta seg til det store spørsmålet: Vi må ha eit oppgjer og gi oppreising.

– No har fleire grupper som har blitt utsette for overgrep og diskriminering, fått ei offentleg unnskyldning. Var dette den siste, eller ventar endå ei på tur?

– Det må andre svare på. Men dei som kallar seg norskfinnar, har ikkje fått nok merksemd. Og så må vi vel spørje korleis det står til blant romane og romanifolket. Sjølv om taterane har fått ei unnskyldning, er det ulike oppfatningar blant dei.

– Bergstø er heldigvis ikkje berre skuffa. Ho er stolt, sa ho, over arbeidet som SV tok initiativ til, og som du og resten av kommisjonen har gjort. Er du stolt?

– Der eg kjem frå, snakkar vi ikkje om oss sjølve på den måten. Eg får seie som eit barnebarn sa ein gong: «Stolt…? Eg er no glad.»

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Benjamin Netanyahu og forsvarsminister Yoav Gallant.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

KommentarSamfunn

Ein annan dans

Trumps valsiger har gjeve Netanyahu ny sjølvtillit. No kvittar han seg med dei moderate kreftene i leiinga og gjev meir spelerom til dei yttarleggåande. Det kan verta lagnadstungt.

Cecilie Hellestveit

Skreifiske utanfor Senja i 2015. På denne tida var torskebestanden i nord svært stor.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Festen er over for fiskarane

Krympande kvotar, dyrt drivstoff, høg rente og stor gjeld: Det er motvind frå alle kantar for fiskeria.

Donald Trump på scenen på Palm Beach County Convention Center i Florida då nok røyster var talde til at han kjende seg trygg på siger i presidentvalet.

Foto: Callaghan O'Hare / Reuters / NTB

Samfunn
FrancisFukuyama

Med valet av Trump har dei amerikanske veljarane forkasta liberalismen, skriv Francis Fukuyama.

Terje Tvedt finn motsetnader mellom intensjon og resultat i den norske bistandspolitikken, i deltakinga vår i krigane i Afghanistan, Libya og Ukraina, i handteringa av pandemien – kort sagt overalt.

Foto: Edvard Thorup / Dreyers forlag

Samfunn
Kaj Skagen

Oppgjer med moralisering og vestleg hybris

Ikkje mange akademikarar kan skilta med opphavsretten til omgrep som får plass i ordboka til Det Norske Akademi og vert tekne over av Facebook-grupper. Men det kan historikaren Terje Tvedt.

Forlagssjef William Nygaard blei skoten og alvorleg såra utanfor heimen sin i Dagaliveien. Her held politiet pressekonferanse med ein dyster etterforskingsleiar Leif A. Lier (frå venstre), kriminalsjef Truls Fyhn, informasjonssjef Per Jarle Hellevik og politimeister Willy Haugli.

Foto: Rune Petter Næss / NTB

Samfunn

Nedgraderte dokument kastar eit nytt og grelt lys over politiets arbeid for å finne ut kven som skaut William Nygaard i 1993.

Tabbane er så mange at det knapt er til å fatte, skriv Odd Isungset om terrorsaka som no i haust er tatt opp att for andre gong.

OddIsungset

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis