JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Israelsk dagsrevy

Kvar sundag kveld mellom 19.55 og 21.30 går nyhendesendinga Hadashot Ha’erev på den israelske fjernsynskanalen Kanal 12, den største av dei fire nyhendekanalane i Israel. Her kjem eit utdrag frå sendinga sundag 26. mai.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
«Rakkettbyge frå Rafah til Sharon og Dan-området», seier tittelen. Programleiar Yonit Levi, som har vore andletet til Israels største fjernsynskanal i eit par tiår, introduserer nyhendesendinga på Kanal 12 søndag 26. mai kl. 19.55.

12359
20240531

Israelske nyhende om krigen på Gaza

Kva fortel leiande israelske TV-kanalar om krigen i Gaza? Her kjem eit lite utdrag frå ei sending frå Israels største nyhendekanal, Kanal 12.

Etter at Gaza-krigen tok til, byrjar alle nyhendesendingar i Israel med at namna til dei som har falle på slagmarka, blir lesne opp.

Programleiar Yonit Levi: «I dag døydde stabssersjant Betzalel Tzvi Kovach, 20 år, frå Jerusalem, av skade. Han var soldat i Netzach Yehuda-bataljonen i Kfir-brigaden. Han vart hardt skadd for fire dagar sidan i kampar nord på Gazastripa. Kovatch vart gravlagd i Jerusalem i kveld. Måtte hans minne verte ei velsigning.»

Regjeringskritikk

Yonit Levi: «Så til forhandlingane om ein gisselavtale. Om ein liten time skal krigskabinettet samlast for å diskutere eit nytt forslag som sjefen for Mossad har kome med. I kveld kjem me i den samanheng med sterke ord, og uroande ord, må me seie, frå den ansvarlege i hæren for gisselsaka, general i reserven Nitzan Alon. Yaron Avraham, vår politiske reporter, fortel om kva som kom fram i eit lukka forum sist veke, som lærer oss mykje om kor oppgitt Nitzan Alon er over politikarane.»

Politisk reporter Avraham: «Det stemmer, Yonit, sitata som kjem på skjermen om ein augneblink, er henta frå ein lukka samtale som general Nitzan Alon hadde med offiserane som har kontakt med familiane til dei kidnappa. Samtalen skjedde sist veke i byen Modiin. Legg merke til kva generalen seier: ‘Me er utan von. Med denne regjeringa vert det ingen avtale’.»

Generalen vert så sitert: «Den avtalen som eg jobbar for, inkluderer tilbakevending av alle dei kidnappa, samtidig som Hamas står på at avtalen må inkludere ein slutt på krigen.» Om eg skal analysere dette, seier reporter Avraham, «så har ikkje Hamas endra innhaldet i synet sitt om at krigen må ta slutt. Det fører oss kanskje til det tredje sitatet, som fortel oss om den sterke usemja som var i det lukka forumet sist veke».

Så vert eit nytt sitat frå general Alon referert: «Eg sa til statsministeren at det er mogleg å ta opp att krigføringa når det måtte passe.» Reporter Avraham legg til: «Med andre ord: Kampen mot Hamas vil gje oss retten til å vende tilbake til krigføringa.»

Avraham fortel så at talsmannen til hæren har kommentert sitata til general Alon. Han meiner at det som vart sagt, er teke ut av samanhengen. Men Avraham legg til: «Vi står for det vi har publisert.»

Militærkorrespondent Nir Dvori kjem inn i studio og legg til: «Dette er òg synet til forsvarssjefen, og det er lagt fram for politikarane. Fyrst frigjeving av dei kidnappa, det hastar mest. Etterpå er det mogleg å halda fram krigføringa. Me kan gjera opp rekninga med Hamas i framtida.»

Naudhjelp til Gaza

Ny sak. Denne handlar om folk frå ytre høgre i Israel som stoggar naudhjelpslastebilar på veg til Gaza frå Israel. Deretter kjem ei sak om hjelpesendingar til Gaza. Den politiske kommentatoren Amit Segal, som er kjend som statsminister Benjamin Netanyahus mann i kanalen, får ordet: «Statsministeren understreka dei politiske utfordringane me står overfor, særleg skuldingar frå amerikanske kjelder, som at me ikkje gjer nok på den humanitære sida. Difor må me halde fram med leveringa av varer. Dette vart avgjort av kabinettet for fleire månadar sidan. Ben Gvir (tryggingsministeren, red. merk.) er derimot imot den frie flyten av naudhjelp til Gaza, samstundes skal politiet, som er underlagt han, syte for at flyten av varer vert gjennomført.»

Krigen i nord

Yonit Levi takkar av Segal og held fram med neste tema: «Harde rakettåtak i nord. Eit tital rakettar vart skotne mot Israel. Ein panservernrakett trefte eit hus i Avivim moshaven, ein mann vart lettare skada. I Margaliot var det fleire nedslag, og det vart gjort skade på hus og infrastruktur. Guy Varon (reporteren i nord, red. merk.) og ordførarar du no skal høyra frå, byrjar å syne teikn på at det brest for dei.»

Guy Varon rapporterer direkte frå Kriyat Shomona-området: «Ja, Yonit, det har alt vore ein klisjé i åtte månadar, ulukkelegvis. Ein ny dag med eld i nord, og fleire nedslag. I dag var det over 50 rakettar. Du nemnde nokre av dei som fall ned i Avivim, og i Metula i Margaliot var det direkte treff på hus. I ettermiddag vart to rakettar skotne i retning Kriyat Shmona, med direkte treff på hus. Der vart ein 40 år gamal mann lettare skada og ei dame kom i sjokk. Det er vanskeleg å telje kor mange hus som er trefte her den seinaste tida. Skytinga no kjem kanskje på grunn av IDFs (Israels forsvar, red. merk.) suksess i dag – der åtte Hizballah-terroristar vart drepne (…) Det er kanskje ein suksess på den taktiske sida. På den strategiske sida, den langsiktige, har nord vore evakuert i fleire månadar. Det er ikkje folk her lenger. Ordførarar eg har tala med, er oppgitte på grunn av alle husa som er trefte.»

Varon fortel vidare at ordførarane byrjar å kome med meir ekstreme idear. Ein av dei er at IDF skal trekkje seg ut av alle busettingar langs grensa til Libanon og seie at dei ikkje lenger har styrkar der. Med det vonar dei at det skal kome ei våpenkvile i skytinga mot husa som ligg heilt ved grensa. Og at dei sivile kanskje kan kome heim att.

Så syner kanalen eit par små glimt frå ein reportasje frå nord som kjem seinare i sendinga. Det er filma av lokale folk for kanalen. Me ser tre ungar i tilfluktsrom og ein som spring i tilfluktsrommet i byen Kriyat Shmona.

Rakettar mot Tel Aviv

Frå nord skiftar programmet over til Tel Aviv-området. Programleiaren introduserer: «For fyrste gong på fire månadar skaut Hamas rakettar frå Rafah, i dag midt på dagen, mot Dan- og Sharon-området (Stor-Tel Aviv, red. merk.). To vart lettare skada. IDF seier at Hamas prøver å tømme lagera av di dei veit at dei israelske krigarane er nokre hundre meter unna dei, og kjem i dag eller i morgon til utskytingsstadane.»

Så presenterer reporter Nitzan Shapira ein ny reportasje. Me ser bilete av rakettar frå rakettforsvaret «Jarnkuppelen» som flyg mot himmelen med sine kvite striper. Shapira introduserer eit augevitne. Ho seier: «Alle folka stakk. Eg gjekk inn i butikken, stengde døra og la meg på golvet. Forvirringa var stor. Åtaket var ikkje venta. Det har gått månadar utan at det vore nokon åtak.»

Reportasjen syner så eit bilete av eit stort raketthol på eit ope jorde. Shapira talar med fleire på gata før ho kjem inn i stova til den 85 år gamle kvinna Narkiss Betzalel. Huset hennar vart skadd av splintar: «Det var eit stort smell med støv og eld. Me fekk sjokk og forstod ikkje kva som hadde skjedd. I rommet til heimehjelpa stod Zohars bok (grunnlagsboka for den jødiske mystikken – kabbala, red. merk.). Eg trur at det berga oss», seier den eldre kvinna. Reporter Nitzan Shapira tek opp att kor rakettane kom frå, og at Hamas har teke på seg ansvaret.

I sendinga går ein over til soldatar frå IDF som opererer i Gaza. Før ein medlem av krigskabinettet som var på reise i områda utanfor Gaza, uttaler seg: «Dagens skyting frå Rafah syner at IDF må operere alle stader der Hamas er, og slik vert det. Verda må vite at dei som held våre kidnappa, dei som skyt på byane våre og spreier terror, er dei ansvarlege.»

Forsvarsminster Yoav Gallant, som samstundes var på ei situasjonsoppdatering i Rafah, ikkje langt frå der rakettane vart avfyrte, kjem så med i reportasjen. Gallant seier til ei gruppe soldatar: «Hugs, oppgåva dykkar er å utmatte Hamas og vinne operasjonen. Vår oppgåve er å vinna over Hamas og gå vidare til neste fase, i Gaza og heile Midtausten.» (Han siktar her til Iran og stråmannsstyrkane deira, red. merk.)

Reportasjen syner så ein einsleg rakett som vart avfyrt frå Nord-Gaza mot ein kibbutz i Negev. «Raketten trefte ein bil som var parkert ved ein skule, medan elevane var inne i det verna bygget.»

Reportasjen vert avslutta slik: «Spørsmålet er kor mange rakettar Hamas har att i området der IDF ikkje har operert, og i område der dei alt har vore, og der me er tilbake.»

Over til Gaza

Programleiaren Levi vender seg til forsvarskorrespondenten Nir Dvori: «Dei som høyrde på deg sist veke, høyrde du sa at jo djupare operasjonen går i Rafah, til større fare er det for å utløyse skyting mot Dan-området. Så lat oss tale om kva me såg i dag, og kva sjansane er for at me får sjå meir skyting mot Dan?»

Nir Dvori: «Det kan godt gjenta seg. Men lat oss fyrst tale om hjartet av Shabura-nabolaget i Rafah. Derifrå vart det skote mot det sentrale Israel i dag. Hamas ser tydeleg styrken som rykkjer fram, som er 700 meter frå dei. Når dei forstår at IDF vil ta kontrollen i området, fyrer dei av rakettar. Og når operasjonen når stadig djupare, kan det verkeleg hende at det kjem fleire slike utskytingar mot det sentrale Israel, også Jerusalem. Dei har framleis ein avgrensa kapasitet til å skyte rakettar», seier Drori.

Han held fram: «IDF rykkjer no fram i Rafah langs to aksar. Den fyrste er på Philadelfi-aksen (vegen som går langs grensa mellom Gaza og Egypt, red. merk.). Der har hæren alt teke kontroll på omtrent 75 prosent av aksen. Lengda av aksen er 14 kilometer. Her er det tunnelar som går over grensa, som er avslørte. Det er no etablert kontroll på Rafah-overgangen, som er tenkt å kutte oksygenslangen til Hamas. Den andre aksen er det folkesette området, nabolaga Shabura og Brasil, nær sentrum av Rafah. Her er det no alt krigføring, funn av våpen, tunnelar og produksjonsområde for våpen. Der er det alt titals terroristar som er drepne dei siste dagane. Men det er ei sein og varsam framrykking, også på grunn av kunnskapen om at det er kidnappa israelarar i området. Det som gjer operasjonen i Rafah mogleg, er forflyttinga av ein million gazabuarar nordover mot området ved Khan Younis og vestover mot Muawasi i strandsona. Hæren har overført både feltsjukehus og lagt vassleidningar dit. Dei har sendt inn forsyningar, mat og medisinar. Det er det som har gjort at amerikanarane ikkje er imot denne operasjonen i Rafah. Alle fasar i framrykkinga i Rafah er bygde opp slik at ein kan stogge framrykkinga om det kjem ein gisselavtale i etterkant av det militære presset. No ventar me på krigskabinettets avgjersle og løyve. Det kan vere at me snart vil sjå neste fase i hjartet av byen Rafah.»

Drori avsluttar med: «Hæren tek òg alvorleg at soldatar kan slite seg ut. Av den grunn tok dei nyleg ut Givati-brigaden og bytte han ut med ein annan brigade.»

Gravferder

Neste reportasje handlar om at tusenvis deltok i gravferda til eit av offera etter 7. oktober, Hanan Yablonka, etter at tre lik nyleg vart funne i Jabaliya i Gaza. Dei tre vart alle drepne 7. oktober. Reportasjen syner ei mengd sivile med flagg og T-skjorter som vil ha frigjering av gislane. Faren til den avlidne Hanan Yablonka går saman med to fedrar som enno har sine i Gaza.

Sendinga går så til gravferda til ein av dei to andre drepne. Denne gravferda er meir privat. Den siste som vart funnen, var ein fransk-meksikanar som hadde israelsk kjærast, og som var på Nova-festivalen 7. oktober. «Han vert send til gravlegging i Mexico», legg Levi til.

Saka etter handlar om eit av dei heitaste innanrikspolitiske temaa i Israel – om at dei ultraortodokse no må gjennomføra verneplikt.

Israel rundt

Då reportasjen er ferdig, er sjåarane brått attende der me starta. Med alvor i andletet les Levi: «Namnet på ein IDF-soldat som fall i eit slag nord på Gazastripa, er no offentleggjort. Stabssersjant Sahar Sudaii, 20 år, frå Tel Aviv, soldat i Givati-brigaden. Måtte hans minne verte ei velsigning.»

Sendinga vender så attende til Nord-Israel, der tidlegare sjefaktor i den internasjonale straffedomstolen i Haag, Louis Moreno Ocampo, vert intervjua. Så fylgjer ein reportasje om ein homofil parlamentsmedlem som saman med partnaren har fått barn ved hjelp av ei israelsk surrogatmor. Så ei sak om ein skada soldat som er under opptrening, og ei som slit med ein posttraumatisk skade frå 1994, og som kranglar med forsvarsdepartementet, før vêrmeldinga kjem.

Avslutting

Yonit Levi avsluttar så programmet: «Me er ferdige, rett etter oss kjem Master Chef – ha ein roleg kveld.»

Redigert og omsett av Asgeir Ueland.

Asgeir Ueland er historikar og Israel-korrespondent for Dagen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kate Winslet spelar tittelrolla i ei sann historie om den banebrytande fotografen Lee Miller, som forlét eit glamorøst liv som modell for å dokumentera andre verdskrigen.

Foto: Filmweb.no

FilmMeldingar

Det andre blikket

Den formeltru filmen om fotografen Lee Miller gjev eit velkome blikk på krig og kjønn.

Håkon Tveit

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) på pressekonferanse etter framlegginga av statsbudsjettet måndag. For dei som er opptekne av klima, var ikkje budsjettet godt nytt.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Kapitulasjon i klimapolitikken

Regjeringa veit ikkje om statsbudsjettet bidreg til å redusere eller å auke klimagassutsleppa. Derimot er det klart at det nasjonale klimamålet for 2030 ikkje blir nådd.

Etter nokre år er det ikkje like heitt mellom Maria (Helga Guren) og Sigmund (Oddgeir Thune).

Etter nokre år er det ikkje like heitt mellom Maria (Helga Guren) og Sigmund (Oddgeir Thune).

Foto: Filmweb.no

FilmMeldingar
Brit Aksnes

«Regissør og manusforfattar Lilja Ingolfsdottir står for den mest klaustrofobiske filmen på lange tider – og ein av dei beste.»

Foto: Agnete Brun

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Med den monumentale boka Sjøfareren Erika Fatland gitt oss eit uvant, og skremmande, perspektiv på europeisk kolonialisme.

Raudkolibrien veg 3,5 gram og må dagleg ete halvannan til tre gonger si eiga vekt under vanlege kår. Han hekkar i Alaska og overvintrar i Mexico. Trekkruta strekkjer seg over 6000 kilometer.

KunnskapFeature

«Har du sett nøye på korleis småfuglar – sporvar, finkar, songarar eller trastar – rører seg i lufta?»

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis