Jåleri
– Å, så godt dei blomane luktar, sa syskenbarnet mitt då ho handla i ein blomebutikk.
– Blomar luktar ikkje! Dei duftar, kom det kvast frå ein annan kunde.
Syskenbarnet mitt, som òg er sunnmøring, stod tvilrådig og undra seg over den skarpe reaksjonen. På Sunnmøre luktar vi både godt og vondt. Og som de sikkert har fått med dykk, kallar vi ikkje ein spade for ein gravereiskap.
Mange meiner altså at ei god lukt er ei duft, medan ei lukt aldri kan vere god. Dei om det. Eit krevjande kvinnfolk som meg slit med å ta ordet duft i kjeften, sjølv om det står i Nynorskordboka med tydinga «3 (god)lukt, ange (I); eim (I); dåm, preg parfymeduft».
Somme ser ut til å ha stor glede av å rette på språket til andre. Då ei veninne av meg sa at ho aldri kunne tenkje seg å få ungar, var det ikkje synspunktet som vart tema, men ordvalet.
– Ja, det er då innlysande. Menneske får born. Det er berre dyr som får ungar, påstod ein mann med hendene skulemeisteraktig kvilande over bringa (les: den store magen).
Nynorskordboka gjev ikkje dei som held på slike hardnakka påstandar, rett: «unge m1 (norrønt ungi; av ung) 1 avkom av dyr eller menneske (...) katta har fått (fire) ungar / nabokona fekk unge i går (...)». Slik sett er det heilt i orden at ei kvinne ikkje ynskjer å setje ungar til verda.
Eit anna ord i same kategori, altså påstanden om at eit ord berre skal nyttast om dyr, ikkje menneske, er ordet daud. Somme påstår at menneske berre kan vere døde. Dyr, derimot, er daude. Nynorskordboka skriv følgjande: «II daude v1 1 om dyr eller sjeldnare om folk: døy, krepere eg trur eg daudar». Ordboka ymtar altså om at det er vanlegare å bruke ordet om dyr enn om folk, men det er ikkje absolutt.
Den dagen eg kreperer, er iallfall noko klinkande klart: Då er eg daud.
Tiriltunga
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.