Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Jazzande jølstring

– For meg gjekk jazzen og politikken hand i hand, seier Roald Helgheim.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Roald Helgheim (75) har vore journalist sidan han byrja i Klassekampen i 1969, og framleis skriv han litt i både Dagsavisen og Dag og Tid.

Foto: Ottar Fyllingsnes

7535
20170825
7535
20170825

ottar@dagogtid.no

Om morgonen – tysdagen før 75-årsdagen – er ikkje himmelen raud, men blå og vakker over heile hovudstaden.

Jølstringen parkerer sykkelen utanfor den gamle restauranten Tranen, hentar seg svart kaffi og ein croissant før han legg den svarte sykkelhjelmen og Klassekampen på bordet. Han sluttar no i Dag og Tid, og han har tømt det vesle, tronge kontoret, rydda bøkene ut or hyllene og kvitta seg med dei 3000 jazzplatene som fylte golvet under skrivepulten.

– Det var jazz alt, ja. Eg hadde ikkje høyrt desse platene, og visste at eg ikkje kom til å gjera det, innrømmer jazzmannen.

Opp gjennom åra har han vorte ein høgt verdsett jazzskribent. Han har fått minst tre jazzprisar, pluss Vinjeprisen, og mange har sett stor pris på at han skriv om jazz på nynorsk i Dagsavisen, ei Oslo-avis. Det skal han halda fram med.

MATEMATIKAR

Sunnfjordingen har ei røyst som ber langt, men denne morgonen snakkar 75-åringen ofte så lågt at orda forsvinn i det gråe skjegget og støyen frå gata. Han voks opp i banken ved Jølstravatnet i Jølster. Der var det berre éin tilsett, og det var far hans, som spelte fele på festar og orgel på religiøse møte i bygda. I kjellaren stod det eit orgel, og Roald og broren vart tidleg bitne av jazzbasillen. Medan broren spelte bass, spelte Roald trøorgel, men musikar vart han aldri. I staden valde han å skriva om jazz nesten heile sitt vaksne liv – i meir enn femti år.

Då han var 20 år, i 1962, reiste han til Oslo for å studera matematikk, men i dag slår han fast at jazzen var like sterk drivkraft for å trekkja austover. Meininga var å verta lektor, og han dreiv det så langt at han vart lærar i fysikk og kjemi på gymnaset på Nordstrand eit halvt års tid. Han vart cand.mag., men valde bort studia for å satsa på skrivinga og det radikale, politiske engasjementet.

Klassekampen vart starta i 1969. Fire år seinare vart ho vekeavis og partiorgan for AKP, før ho vart dagsavis i 1977.

– Dei andre som var med i starten, vart akademikarar, men det vart ikkje eg. Eg slutta å studera, men sørgde for å dra ut både stipend og studielån så lenge eg kunne. I Klassekampen hadde eg min første store artikkel på trykk i 1980. Det var det første intervjuet mitt, med ein stor amerikansk jazzmusikar, trommisen Kenny Clarke, med tittelen «Jazz er en måte å leve på». For meg gjekk jazzen og politikken hand i hand. Det var ikkje rare løna me fekk på 1970-talet, men eg greidde meg utan å gå på trygd. Den første livskrisa opplevde eg då eg var 30 år og spurde meg sjølv kva eg hadde utretta her i livet. Eg overlevde det også, men ein vert ikkje feit av å vera idealist og engasjera seg i føretak som Klassekampen, Forlaget Oktober og Tronsmo.

REVOLUSJONEN

Roald Helgheim var journalist i Klassekampen frå 1969 til 1997. I dag abonnerer han på både Aftenposten, Dagsavisen, The New York Times, Time og National Geographic. I tillegg kjøper han Klassekampen, og slår fast at avisa både er og har vore den viktigaste avisa i landet i lang tid.

– Årsaka til at eg slutta i Klassekampen, var at partiet AKP sparka redaktøren Paul Bjerke, og det førte til at ein stor del av staben valde å gå. Det vart til at Jon Michelet tok over som redaktør, og han greidde å halda skuta flytande.

– Har du angra på at du sa opp den gongen?

– Nei, men like etter eg slutta, vart eg ringt opp av Dagsavisen. Anders Giæver hadde fått beskjed frå dåverande redaktør Steinar Hansson om å spørja meg om eg ville skriva om jazz. Eg takka ja, men det var ikkje nok til å leva av, og eg ringde Dag og Tid og sa eg ville ha jobb. Eg fekk jobb med beskjed om at «Me har venta på deg.»

– Du har alltid skrive nynorsk?

– Ja, bortsett frå byrjinga i Klassekampen. Då skulle ein ta omsyn til gamle folk som ikkje kunne lesa nynorsk. Me skulle ikkje provosera arbeidarklassen. Eg var nok den første som skreiv nynorsk i Klassekampen.

– Kva var målet då de byrja med Klassekampen?

– Å laga ei så god avis som mogleg, seier Roald Helgheim og vert lågmælt og usamanhengande.

– Det var ikkje alle som trudde på revolusjon, legg han til og lèt etter seg eit inntrykk av at han har trudd på revolusjonen berre av og til.

– Kva var det som gjorde at du engasjerte deg i politikken? Var det Vietnamkrigen, sentrum-periferi, studentpolitikken, landbrukspolitikken eller noko heilt anna?

– Eg både er og har vore ein radikal person med eit breitt engasjement. Samhaldet var godt, og eg hadde ei fin tid i m-l-rørsla. Eg angrar ikkje på noko.

– Men det var mykje rar galskap i partiet?

– Det var fredeleg, men det er bra at Raudt har kome ut av den sekteriske perioden. Eg har alltid røysta på AKP eller Raudt, men eg stemde på SF før m-l-rørsla vart til.

– Du er ein radikalar som forsvarar det norsk kongehuset?

– Ja, eg har ikkje noko mot det norske kongedømmet. Ta berre talen kongen heldt på minnemarkeringa etter det som skjedde på Utøya 22. juli. Det var den beste talen av alle, slår 75-åringen fast før han fortel om den gongen han intervjua den kjende, engelske forfattaren Minette Walters. Ho lurte på kva politisk farge det var på Klassekampen og journalisten.

I am a bloody communist in a radical newspaper, slo Roald Helgheim fast.

How amazing! kvitra ho tilbake.

KINA-MISJONEN

Mao døydde i 1976, men m-l-arane dyrka både han og kulturrevolusjonen i mange år. I 1977 var Roald Helgheim med på ei gruppereise til Kina og Tibet i regi av Vennskapssambandet Norge-Kina.

– Det var ein svært spennande tur. I 2002 var eg med på ein endå meir spennande tur. På 60-årsdagen min samla folk inn pengar så eg skulle få reise til Kina saman med Kina-eksperten Harald Böckmann. Det vart laga ein plakat i glas og ramme med signaturane til alle som finansierte turen, og han er om lag så stor som to bord her. Eg har aldri høyrt om nokon som har opplevd noko liknande.

Opp gjennom åra har Roald Helgheim skrive frå mange av jazzfestivalane i Kongsberg, Molde, Stavanger, Voss og Oslo. Det er lenge sidan han byrja å rosa dei unge, norske talenta, og i dag er det fleire av dei enn nokosinne.

– Hender det ikkje at du vert lei av jazzen etter meir enn femti års samliv?

– På det spørsmålet brukar eg å svara ja, men det går over, og det veit eg. Eg har reist lite utanlands for å lytta til musikk, men under verdsmeisterskapen i fotball i 1994 var eg i New York. Dag Solstad og Jon Michelet skreiv om fotball, medan eg skreiv daglege epistlar i Klassekampen frå musikklivet og det som skjedde på Manhattan og elles i New York.

– Du har intervjua mange av dei store jazzstjernene, men ikkje Miles Davis?

– Nei, eg var uheldig. Han var på jazzfestivalen i Molde. Eg ringde til han på hotellrommet og fekk han i tale, men han ville sova først. «Du kan ringja meg etterpå», sa han. Det vart aldri noko intervju, men eg handhelste på han i garderoben. Elles har eg vore på konsert med dei fleste og intervjua kreti og pleti av amerikanske jazzmusikarar.

– Er du like ihuga jazzmann som du har vore?

– Å ja! Då eg hadde kontor i byen, hadde eg kort veg til Victoria og Den nasjonale jazzscena på Karl Johan, og der har eg ofte vore fleire gonger i veka.

– Kva skal du bruka tida til no?

– Det veit eg ikkje, men eg skal skriva om jazz i Dagsavisen. Dessutan vert det no ein petit i Dag og Tid av og til, men med den pensjonen eg har, går det fint, slår jølstringen fast.

Han har ingen planar om å flytta heim til Jølster.

– Eg er glad i den byen eg bur i, slår 75-åringen fast.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Eg angrar ikkje

på noko.

Roald Helgheim

Emneknaggar

Fleire artiklar

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.

Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB

Meldingar
DagTuastad

Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza

Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.

Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis