Jihadismen lever
Tenåringar blir rekrutterte til terrororganisasjonar. Svenske kriminelle nettverk utfører aksjonar i Skandinavia for Iran. Nye konstellasjonar oppstår blant ekstremistiske grupper.
Brussel-buarar på Place de la Bourse, børsplassen i sentrum av byen, heidrar offer for islamistsjølvmordsbombarane på Zaventem-flyplassen og Maelbeek metrostasjon i mars 2016, der til saman 32 menneske miste livet.
Foto: Peter Dejong / AP / NTB
Terrorfare
redaksjonen@dagogtid.no
– Eit trugselnivå som alt er auka i Europa, blir heva ytterlegare av krisa i Midtausten. Mellom anna er det uro for at aktivisme mot Israel skal gå for langt og føre til valdelege aksjonar, seier forskar ved Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) Petter Nesser. Han er ein av Noregs fremste ekspertar på internasjonal terrorisme.
Ei uroleg verd med krig i Europa og Midtausten gjer at vi ikkje snakkar så mykje om faren for islamistisk terror i vestlege land. Men det er eit trugsmål som må takast på største alvor av etterretningsorganisasjonane, og mange åtak i europeiske land er avverja.
Dei to globale jihadistrørslene Den islamske staten (IS) og Al Qaida er dei største trugsmåla når det gjeld terrorfare i Vesten. Jihadismen er ei valdeleg retning i islam. Målet er å innføre eit islamsk styresett, kalifatet. IS-kalifatet i Syria og Irak blei nedkjempa i 2018–2019. Men IS er på ingen måte knust. IS og Al Qaida opererer globalt og består av ei rekkje grupper rundt om i verda.
Auka terrorfare
Det har gått meir enn eit år sidan terroren råka Israel 7. oktober i fjor. Noreg og nabolanda er del av eit forverra og omskifteleg trugselbilete i Europa, der tryggingstenestene gjer løpande vurderingar fordi det er frykt for at jihadistar eller iranske representantar skal gå til åtak på israelske interesser.
– Israels åtak i Gaza og i Libanon har drive og vil halde fram med å drive alt radikaliserte personar til å utøve vald; det vil også truleg medverke til å radikalisere andre. Ein annan risiko er at jihadistar kan prøve å manipulere unge og radikaliserte aktivistar som er frustrerte og desillusjonerte over effekten av lovlege Gaza-protestar, til å utøve vald, seier Petter Nesser.
Europeiske protestar mot Israels krigføring i Gaza og i Libanon har så langt vore relativt fredelege. Men det har vore nokre valdelege hendingar, som eit åtak med molotovcocktailar mot eit amerikansk konsulat i Italia.
Petter Nesser
Foto: Forsvarets forskingsinstitutt
«Israels åtak i Gaza og i Libanon har drive og vil halde fram med å drive alt radikaliserte personar til å utøve vald.»
Petter Nesser, forskar og forfattar
Iran hyrer svenskar
Det har oppstått eit nytt fenomen som forskarar ikkje har full oversikt over: Statar ser ut til å bruke kriminelle nettverk til å utføre vald og terror. Dei svenske kriminelle nettverka Foxtrot og Rumba er mistenkte for å stå bak åtak mot israelske mål i Sverige og i Danmark i byrjinga av oktober. Skot blei avfyrte mot Israels ambassade i Stockholm. Ved Israels ambassade i København gjekk det av to eksplosjonar.
Dei som utfører aksjonane, er ofte gutar i tenåra. Petter Nesser seier at Iran opp gjennom historia har brukt stråmenn for å oppnå måla sine internasjonalt. Men at det er noko heilt nytt at dei som blir brukte i dei kriminelle nettverka, er så unge.
Også den forbodne danske banden Loyal to Familia er truleg knytt til internasjonal terrorisme.
– Det ligg ikkje føre dokumentasjon som tyder på at Loyal to Familia er knytt til Iran-støtta Hamas. Det er indikasjonar på at dette kriminelle nettverket og andre har stilt seg til disposisjon for terrorplanar mot israelske mål i Europa og Skandinavia, seier Nesser.
SMS-åtak
Påtalemakta i Sverige meiner at Iran stod bak eit omfattande SMS-åtak i landet i fjor, der rundt 15.000 menneske fekk ein SMS som oppmoda om å ta hemn mot dei som stod bak ei rekkje koranbrenningar. Iranske hackarar skal ha hacka seg inn på datasystemet til eit svensk selskap som driv SMS-tenesta som blei råka.
Skytinga av svenske fotballsupporterar som blei utført av ein IS-jihadist i Brussel i oktober 2023, ser hovudsakleg ut til å ha vore motivert av koranbrenningar i Sverige, men også delvis av krigen i Gaza. To svenske statsborgarar blei drepne i åtaket.
Den palestinske organisasjonen Hamas er mistenkte for å planleggje åtak i Europa.
– Dersom det viser seg å vere korrekt at Hamas har hatt planar om terroraksjonar i Europa, er det noko heilt nytt og svært oppsiktsvekkjande. Hamas har ikkje tidlegare operert internasjonalt, seier Petter Nesser.
Rørsle i vekst
Al Qaida, som stod bak åtaka i USA 11. september 2001, og som framleis er ei global rørsle, skaper frykt og har makt og påverknad rundt om i verda. Den islamske staten, som etablerte kalifatet i Syria og Irak på 2010-talet, blei knust, men er likevel enno ei global rørsle i vekst.
– Jihadismen er ei rørsle som har vakse seg stor og verdsomspennande. Ideologien har stor mobiliseringskraft i den muslimske verda. Særleg i afrikanske land er jihadisme eit reiskap for politisk mobilisering og maktpolitikk, seier Petter Nesser.
Eit oversyn i magasinet The Economist tidlegare i år (29. april 2024) viser at talet på terroråtak i vesteuropeiske land gjekk attende etter at IS-kalifatet blei slått ned. I Vest-Europa er det i dei siste 30 åra utført flest terroråtak i Storbritannia, Tyskland og Frankrike.
Trauma i Paris
Fredag 13. november 2015 gjennomførte ti jihadistar det dødelegaste åtaket på fransk jord sidan andre verdskrigen. 130 menneske blei drepne og fleire hundre skadde i åtaka mot konsertstaden Bataclan, nærliggjande kafear og stadionet Stade de France.
Forfattarar og filmskaparar har prøvt å arbeide med skrekken og arven etter terroren. The Economist (16. november 2024) omtalar den nye boka V13 av Emmanuel Carrère. I 2021–22 følgde han rettssaka mot den eine av gjerningsmennene som overlevde, Salah Abdeslam, og 19 andre med tilknyting til åtaka. Det var den største rettssaka i Frankrike nokosinne og involverte 2400 fornærma og 350 advokatar.
Gjerningsmennene var ikkje berre mislukka sosialklientar. Enkelte hadde fullført utdanning, og ein av dei kom frå ein velståande familie i Belgia. Dei andre terroristane var dopbrukarar og småkriminelle som hadde blitt radikaliserte av IS på nettet eller i Syria.
Trur IS er nedkjempa
Joseph Röhmel er ein tysk undersøkjande journalist med islamistisk terror som spesialfelt. Han seier at i den tyske ålmenta har mange oppfatta det slik at IS er nedkjempa. Denne oppfatninga finn ein ikkje hos europeiske tryggingstenester, heller ikkje den tyske.
– Granskingane mine viser at europeiske tryggingstenester er svært oppmerksame på at IS ønskjer hemn etter at kalifatet i Syria og Irak blei knust, og at dei har instruert leiarane sine i Europa om å planleggje åtak i gater med mykje folk og mot store bygningar, uttalar Röhmel.
IS-KP, som er ein av fleire avleggjarar frå IS, skal ha etablert nettverk i Europa, også i Tyskland. Tidlegare i år har terroristceller blitt avdekte, og sju personar er stilte for retten i Düsseldorf for å ha planlagt terroråtak. Mange av støttespelarane kjem frå Tadsjikistan, men også tyskfødde borgarar blir rekrutterte til IS, opplyser Joseph Röhmel. Han arbeider i München, hovudstaden i delstaten Bayern.
I august blei tre menneske drepne og åtte skadde då ein 26 år gammal mann med kniv gjekk til åtak på ei folkemengd i byen Solingen aust for Düsseldorf i Tyskland. Mannen er frå Syria og blei pågripen på eit flyktningmottak. IS har teke på seg ansvaret for ugjerninga.
Kjem som «flyktningar»
Å smugle terroristar inn i Europa som flyktningar er ein taktikk som IS-nettverket har brukt, mellom anna i forkant av åtaka i Paris i november 2015 og likeins åtaka i Brussel i mars 2016, der 32 menneske miste livet.
Somme av terroristane var framandkrigarar som hadde reist frå Europa og kom att forkledde som flyktningar. Også Al Qaida har nytta denne metoden, som inneber at terroristane kjenner samfunnet og landet dei kjem til, seier Nesser.
– Organisasjonane utnyttar dei liberale fridomsideala og søkjer vern for å byggje støttegrupper for dei ekstremistiske moderorganisasjonane. Dette såg vi då det blei mobilisert for å skaffe framandkrigarar til Syria for å slåst for IS-kalifatet på midten av 2010-talet, seier Petter Nesser.
Det kom tydeleg fram då ein kunne registrere etablering av Sharia4Belgium, Sharia4Italy og tilsvarande grupperingar i fleire land. I Noreg blei det arbeidd for same namn, Sharia4Norway, men namnet blei Profetens Ummah. I Frankrike blei namnet Fursan Alizza.
Mellom 4000 og 6000 framandkrigarar med innvandrarbakgrunn drog frå Europa til Syria for å støtte IS-kalifatet. Framandkrigarane har hatt ei avgjerande rolle når det gjeld å byggje posisjonen til IS i Europa, skriv Petter Nesser i boka Islamist terrorism in Europe (2018-utgåva). Studiar har likevel vist at berre eit mindretal av muslimane som reiser til konfliktområde, endar opp som internasjonale terroristar.
Innvandrarar som har budd i Noreg, har òg utført terroraksjonar. Norsk-somaliaren Hassan Dhuhulow var ein av terroristane som gjekk til åtak og drap 67 menneske og skadde langt fleire på kjøpesenteret Westgate i Kenyas hovudstad Nairobi i 2013. Buhran Ahmed Abdule var familiefar i Halden før han knytte seg til Al Shabaab. I 2010 sprengde han seg sjølv og drap minst åtte andre i eit åtak mot eit hotell i byen Buloburde i Hiran-regionen i Somalia.
Rekrutterer på nettet
Dei ti siste åra er internett blitt langt viktigare for å spreie bodskapen frå ytterleggåande islamistiske organisasjonar. Rekruttering og radikalisering, planlegging og gjennomføring skjer på nettet i mykje større grad i dag, noko som vil seie at ein kan styre verksemda frå kvar som helst i verda.
– Dette er ikkje ei rørsle som er i ferd med å forsvinne. Ho er livskraftig, seier Petter Nesser.
I Nasjonal trugselvurdering for 2024 skriv Politiets tryggingsteneste (PST) at terrortrugselen først og fremst kjem frå personar som er inspirerte av ideologien og bodskapen til IS og Al Qaida. PST skriv at også mindreårige vil delta i transnasjonale digitale nettverk, og at dei vil delta i produksjon og spreiing av ekstrem islamistisk propaganda.
Mindreårige er lett påverkelege, og det kan auke sannsynet for at unge blir inspirerte til å utføre valds- og terrorhandlingar, skriv PST i si trugselvurdering.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto via Wikimedia Commons
«Hulda Garborg er ein av dei store, gløymde forfattarskapane i Noreg.»
Fuktmålaren syner at veggen er knuskturr. Er det truverdig?
Foto: Per Thorvaldsen
«Frykta er ein god læremeister. Eg sit no og les Byggforsk-artiklar om fukt for harde livet.»
Wako er Kjetil Mulelid, Simon Olderskog Albertsen, Bárdur Reinert Poulsen og Martin Myhre Olsen.
Foto: Eirik Havnes
Sprudlande samspel
Wako serverer ei heilakustisk jazzplate.
Sitrusmarinert kamskjel med estragon, lime og olivenolje.
Alle foto: Dagfinn Nordbø
«Måltidet skreid fram under både lågmælte og høglydte sukk og stønn.»
Stillinga i VM-kampen mellom Ding Liren og Gukesh var 4–4 etter 8 av 14 parti.
Foto: Eng Chin An / FIDE