Vegfest på jordet
Ketil Solvik-Olsen har skrytt av jordvernarbeidet som regjeringa har drive.
Kor mykje dyrka jord som kjem til å ryke i den storstilte vegbygginga han har sett i gang, er det derimot ingen som har oversikt over.
Nye E39 mellom Ålgård i Gjesdal kommune og Hove i Sandnes kommune kjem til å gå over dyrka jord. Her kartlegg arkeologane Marianne Enoksen og Susanne Busengdal moglege kulturminne langs traseen.
Foto: Øyvind Ellingsen
Jord under press
Etter andre verdskrig har rundt 1,2 millionar dekar jord som er dyrka eller eigna til å dyrke, vorte omregulert frå jordbruksjord til andre føremål, som bustadbygging, næringsverksemd, parkeringsplassar, vegar og jernbane.
Mellom 1994 og 2003 var den såkalla omdisponeringa av jordbruksareal på over 11.400 dekar årleg i snitt.
I 2004 vedtok Stortinget at omdisponeringa av jordressursane skulle halverast innan 2010, til under 6000 dekar årleg. Fyrst i 2013 vart målet nådd fyrste gong.
I 2015 skjerpa Stortinget målet til at årleg omdisponering av dyrka jord innan 2020 ikkje skal overstige 4000 dekar.
Kjelde: Jordbruksoppgjeret 2015

JORDVERN
eva@dagogtid.no
Har norske styresmakter kontroll med kor mykje dyrka jord som kjem til å ryke i den storstilte samferdsleutbygginga som er i gang? Tek vi godt nok vare på dei knappe matjordressursane?
Spørsmåla er nærliggjande etter dei mange nyhendeoppslaga om veg- og jernbaneprosjekt over jorde og åkrar landet rundt dei siste månadene.
Aftenposten har fortalt om bønder i Hokksund som er tilbydde millionar for matjord som ligg der utbyggjarar vil ha jernbane med dobbeltspor. Lokalavisa Innherred i Trøndelag har skrive om lokale grunneigarar i Verdal som lagar eige forslag til vegtrasé som tek mindre dyrka jord enn traseen Statens vegvesen har føreslege, og avisa Varingen har fortalt om kornåkrar i Nittedal som skal asfalterast og verte del av riksveg 4.
Seinast førre veke vart det kjent at Statens vegvesen vil endre på ei rundt fire kilometer lang strekning av nye E39 mellom Gjesdal kommune og Sandnes kommune i Rogaland for å spare inn 500 millionar kroner. Med den føreslegne endringa legg vegen beslag på rundt 50 dekar dyrka jord i staden for 30 dekar som låg inne i den opphavlege planen. Det stadfestar Gunnar Eiterjord, som er prosjektleiar for utbygginga i Statens vegvesen.
50 dekar jord svarar til sju fotballbanar på 68 gonger 105 meter. Det vil seie sju Fifa-godkjende fotballbanar dyrka jord i byte mot nokre kilometer ny veg.
Går nedover
Frå 2005 til 2017 vart det omdisponert nær 90.000 dekar dyrka jord. Det vil seie at det er vedteke å byggje bustader, næringsbygg, industriområde, parkeringsplassar, golfbanar og veg og jernbane på det som er brukande jordbruksjord. Dette skjer trass i at dyrka jord i utgangspunktet er ein knapp ressurs i Noreg, og i dag berre utgjer tre prosent av det totale landarealet.
Avgjerder om omdisponering av jord vert i hovudsak tekne av kommunane, gjennom planprosessar etter plan- og bygningslova, og gjennom omdisponeringsvedtak etter jordloven.
I 2015 vedtok Stortinget ein nasjonal strategi for jordvern, for å sikre jordbruksarealet for varig framtidig matproduksjon. Samstundes vart det sett krav om at den årleg omdisponering av dyrka jord ikkje skal overstige 4000 dekar, og at den grensa skal vere nådd før 2020.
Regjeringa ønskte i utgangspunktet ei grense på maks 6000 dekar i året, og meinte det kom til å verte utfordrande nok å nå framover. «Det er et stort arealpress i mange byregioner med verdifulle jordbruksarealer, og det er mange større samferdselsprosjekter under planlegging», var argumentet.
I sommar kom tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) som synte at omdisponeringa av dyrka jord til andre føremål enn landbruk var redusert til 4025 dekar i 2017. Det var ein nedgang på 36 prosent frå 2016 og meir enn ei halvering frå 2009.
Dåverande landbruksminister og noverande samferdsleminister Jon Georg Dale (Frp) sa til Nationen: «Tallene viser at regjeringens tiltak har vært gode nok for å nå målet som Stortinget satte.» I eit ordskifte med Norges Bondelag i same avis indikerte dåverande samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) at dagens regjering òg har omdisponert mindre dyrka mark til vegføremål enn førre regjering.
Samstundes har regjeringa skrytt av at ho med Nasjonal transportplan for perioden 2018 til 2029 har lagt fram «den største og mest ambisiøse nasjonale transportplan noensinne», og at satsinga på infrastruktur har auka betydeleg. Berre i løpet av dei tre neste åra skal det byggjast rundt fire gonger meir firefelts motorveg enn det den raudgrøne regjeringa gjorde mellom 2010 og 2013, ifølgje Solvik-Olsen.
Kva følgjer får den planlagde store byggjeaktiviteten for den dyrka jorda, kan ein undrast på.
Det korte svaret er at ingen heilt har oversikt – korkje Samferdsledepartementet, Statens vegvesen eller det nye statsaksjeselskapet Nye Vegar, som i 2016 overtok ansvaret for utbygging og drift av fleire motorvegar frå Statens vegvesen.
– Inga samleoversikt
– Ifølgje handlingsprogrammet til Statens vegvesen for perioden 2018 til 2023 er det planlagt opning av vegprosjekt som kjem til å beslagleggje totalt 186 dekar dyrka mark. Utover det sit ikkje Vegdirektoratet med noka samleoversikt over dette, stadfestar kommunikasjonsrådgjevar Simen Narjord i Vegdirektoratet i Statens vegvesen.
Vegvesenet planlegg, byggjer og held ved like riksvegar og fylkesvegar, men har ikkje noko talfesta mål for kor mykje dyrka mark som kan eller ikkje kan byggjast ned i dette arbeidet. Det seier Astrid Skrindo Brekke, som er sjefingeniør ved Klima- og miljøseksjonen i Vegvesenet.
– Statens vegvesen skal bidra til å nå dei nasjonale måla, men det er ingen føringar for kor stor del av dette Vegvesenet har ansvar for. Difor har vi heller ikkje noko talfesta mål, seier ho.
Ho seier målet er å byggje ned så lite dyrka mark som mogleg, men at det er eit omsyn som i planprosessar må avvegast mot fleire andre omsyn.
– Det kan skje at traseen som vert vald, ikkje er den beste for jordvernet. Ulemper søkjer ein å kompensere gjennom detaljutforming, med avbøtande tiltak og liknande.
– Kor tungt veg jordvernet jamført med andre omsyn de skal ta?
– Statens vegvesen tilrår trasé ut frå total samfunnsøkonomi, der både prissette og ikkje-prissette konsekvensar vert vurderte. Det er til slutt politikarane som vel trase, og dermed har siste ordet for kor mykje dyrka jord som skal omdisponerast, seier Brekke.
Dei fleste av dei 15 større prosjekta vegvesenet har planlagt anleggsstart for i løpet av dei neste fem åra, er enno berre i planfasen. Det er fyrst når reguleringsplanane for prosjekta er vedtekne at omdisponeringa av jord vert registrert i Kommune-Stat-Rapporteringa (Kostra), som Statistisk sentralbyrå (SSB) lagar statistikkane sine frå. Ein gjennomgang av plandokument og konsekvensutgreiingar for dei enkelte prosjekta under planlegging kan likevel gje ein peikepinn om noko av nedbygginga av jord som ventar.
530 km firefeltsveg
Blant dei 15 prosjekta er den tidlegare nemnde E39 mellom Gjesdal kommune og Sandnes kommune i Rogaland, som totalt er på 14 kilometer, og som kjem til å gå over dyrka jord same kva trasé som vert vald. Det same gjeld nye E16 mellom Skaret i Hole kommune og Hønefoss, som saman med Ringeriksbanen permanent kjem til å leggje beslag på mellom 615 og 655 dekar dyrka mark, ifølgje planframstillinga. Nye E18 frå Retvet i Ski til Vinterbro i Ås, på rundt 16 kilometer, kjem åleine til å leggje beslag på 410 dekar fulldyrka jord, ifølgje konsekvensutgreiinga for prosjektet.
I tillegg kjem dei 530 kilometrane med firefelts motorveg, som det nye selskapet Nye Vegar skal planleggje og byggje i løpet av dei neste 20 åra. Desse fordeler seg på 18 strekningar på dei fire utbyggingsområda E18 frå Langangen i Telemark til Grimstad i Aust-Agder, E39 frå Kristiansand til Ålgård i Rogaland, E6 frå Kolomoen i Hedmark til Øyer sør i Oppland og E6 frå Ulsberg til Melhus og frå Ranheim til Åsen i Trøndelag.
Kommunikasjonsdirektør Christian Altmann i Nye Vegar seier det er altfor tidleg å svare på kor mykje dyrka jord som kan verte ramma i dei 18 strekningane samla. Berre åtte av strekningane er ferdig regulerte i dag.
Overslag for beslaglegging av dyrka jord har Altmann heller ikkje. Det er ikkje eingong avklart kor mange av strekningane som kjem til å innebere heilt nye vegtrasear, og kor mange som kjem til å innebere utviding og utbetring av eksisterande.
Det som er kjent, er til dømes at E39 i sørvest kjem til å måtte gå over dyrka jord fleire stader. Denne utbygginga reknar ein med vil ta mellom 340 og 400 dekar fulldyrka jord berre i Rogaland, ifølgje ein konsekvensanalyse. I Trøndelag kjem det til å gå med dyrka jord på begge dei to E6-strekningane. Nye Vegar rekna i fjor med å leggje beslag på 187 dekar dyrka jord på strekninga mellom Ranheim og Åsen, ifølgje Trønder-Avisa.
Topp i 2016
Samla sett er ikkje vegar og samferdsleanlegg det som står for den største delen av omdisponert dyrka jord. Kostra-tala syner at rundt halvparten av areala som vart omdisponerte frå 2010 til 2013, vart regulerte til bustadbygging, fritidsbustader og næringsbygg. Ein fjerdedel gjekk til samferdsleanlegg og teknisk infrastruktur, som inkluderer hamner, flyplassar, kollektivanlegg, parkering, energinett, vass- og avløpsnett, i tillegg til vegar og jernbane.
Tala over tid syner likevel at omdisponeringa av dyrka jord til samferdsleanlegg og infrastruktur har auka. I treårsperioden frå 2008 til 2010 vart det omdisponert i snitt 1459 dekar årleg til slike føremål, dei tre siste åra i snitt 1860 dekar. Særleg høgt var talet i 2016, då 2899 nye dekar – eller 46 prosent av all jorda som vart omdisponert – vart regulert til samferdsle og infrastruktur.
Tidlegare utgåver av Nasjonal transportplan fortel kor mykje omdisponering av dyrka jord som er venta for planlagde riksveginvesteringar og jernbaneprosjekt. Planen for 2010 til 2019 anslo eit behov for omdisponering av 5900 dekar i tiårsperioden, medan transportplanen for 2014 til 2023 vurderte talet til å liggje på nær 7600 dekar, eller 760 dekar i året. Gjeldande transportplan gjev derimot ingen slike anslag.
Samferdsledepartementet har heller ingen anslag å kome med, men syner til at Statens vegvesen i 2016 bygde ned om lag 700 dekar dyrka jord, og at tala over faktisk nedbygging er relativt stabile år for år.
Departementet understrekar òg at det i 2016 vart godkjent nydyrking av 21.500 dekar dyrka jord.
– Det vil seie ein netto tilvekst av dyrka jord på 15.500 dekar, heiter det i e-post frå departementet.
– Fyrste steg
I planlegginga av E18 gjennom Ski og Ås er det gjeve føringar om at den dyrka marka som vert bygd ned, skal erstattast. Nydyrking er òg det Statens vegvesen legg opp til dersom den innleiingsvis nemnde traseen for E39 mellom Gjesdal og Sandnes vert flytta og kjem til å leggje beslag på rundt 50 dekar dyrka jord.
– Vert det dette alternativet, ser vi på ei nydyrking av 60 dekar jord, seier prosjektleiar Eiterjord.
Nydyrking kan likevel ikkje kompensere fullt ut for omdisponering av jord. Det seier Siri Svendgård-Stokke, som leier avdelinga for jordkartlegging ved Norsk institutt for bioøkonomi.
– Dei beste areala er alt dyrka opp, og det trengst tid for å utvikle god jordstruktur på nydyrka område. Ser vi på totaltala for fulldyrka jord i landet som heilskap, er det ikkje store variasjonar mellom åra, men areala flyttar seg. Vi omdisponerer svært verdifull matjord frå gode klimasoner og dyrkar nytt areal i område som er mindre gunstige for jordbruksproduksjon.
Svendgård-Stokke er uroleg for nokre av dei planlagde store vegutbyggingane. Det gjeld særleg E6 mellom Trondheim og Steinkjer, E39 gjennom Agder og Rogaland og E16 gjennom Buskerud.
– Desse går gjennom område der det er jordbruksareal overalt. Då kan ein jo få inntrykk av at vi har mykje å ta av, men det betyr berre at det er her konsentrasjonen av jordbruksareal er størst. Desse områda er svært viktige for den nasjonale matproduksjonen og har gode klimaforhold, seier ho.
Ho har likevel større forståing for at det må byggjast veg over dyrka jord, enn for omdisponering av dyrka jord til bustadbygging, industri, travbanar og små næringsbygg. Men dei to tinga heng saman, påpeikar ho.
– Når ein fyrst byggjer veg på dyrka jord, er det viktig at til dømes dei store avkøyringane ikkje vert lagde i dyrka jorda, for då kjem det på sikt til å gå mykje meir jord rundt. Byrjar vi fyrst å ta jord frå store samanhengande areal, er det som regel berre fyrste steg på vegen mot meir omdisponering, seier ho.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Byrjar vi fyrst å ta jord frå store samanhengande areal, er det som regel berre fyrste steg på vegen mot meir omdisponering.
Siri Svendgård-Stokke,
Norsk institutt for bioøkonomi
Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.