Kaldfront i Arktis
Russland-retorikken til regjeringa aukar spenninga i nord, meiner forskar Julie Wilhelmsen.
NUPI-forskar Julie Wilhelmsen seier at Noreg sjølv har vore med på å auke spenninga i nord, mellom anna gjennom Trident Juncture i fjor, den største NATO-øvinga i Noreg sidan den kalde krigen.
Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix
Nordområda
eva@dagogtid.no
Nordområda har vore definerte som Noregs viktigaste strategiske satsingsområde i regjeringsdokument sidan 2005. Like lenge har det vore eit mål å styrkje samarbeidet med Russland, vår største nabo i nord.
I den nyaste nordområdestrategien frå 2017 vert naboskapet omtala som «en konstant og viktig faktor i norsk nordområdepolitikk», og regjeringa understrekar at ho «prioriterer dialogen med russiske myndigheter høyt».
No får norske styresmakter likevel kritikk for å ha mista litt av grepet i nordområda og særleg andsynes Russland. Forskarar frå Norsk Utanrikspolitisk Institutt (NUPI) og Fridtjof Nansen Institutt (FNI) meiner at norske styresmakter ikkje forstår Russlands ambisjonar og ønske i Arktis godt nok, og at dei fører ein farleg og konflikteskalerande retorikk mot den store naboen. Det kom fram under seminaret «Stormaktspolitikken inntar Arktis: Hva vil Norge i nord?» i Arendal førre veke.
– Forverrar relasjonen
Den russiske militærøvinga utanfor norskekysten førre veke illustrerer situasjonen, ifølgje Russlands-forskar Julie Wilhelmsen ved NUPI. At regjeringa omtalar øvinga som ein rein provokasjon, er både uklokt og farleg, og kan bidra til å forverre ein allereie spent relasjon, meiner ho.
Ho seier at Noreg sjølv har vore med å auke spenninga i nord ved å sleppe amerikanske militære einingar og styrkar til nærare Russland dei siste åra. NATO-øvinga Trident Juncture, stasjoneringa av amerikanske soldatar på Værnes og oppgraderinga av Globus II-radaren i Vardø vert nemnde som døme.
– Reint forsvarspolitisk skjønar eg ønsket om å få Nato til å levere i nord, men i det større biletet gjev det ikkje nødvendigvis større tryggleik, seier ho.
Wilhelmsen har gått gjennom fleire år med russiske dokument og omtale om Arktis. Ho seier Russland fyrst og fremst omtalar Arktis som eit område med økonomisk utviklingspotensial og internasjonal samhandling. Samstundes har russarane sidan 2012 uttrykt frykt for at Noreg skal invitere USA inn i breiare militært engasjement i Arktis.
– Frå russisk ståstad er det nett det som har skjedd no. Russarane ser på auka militært nærvær og øvingsaktivitet i Noreg dei siste åra som ei utvikling som dei sjølv har åtvara mot. Vi er nøydde til å byrje å lytte til kva russarane seier, for det kjem truleg til å prege handlingane deira.
Også seniorforskar Svein Vigeland Rottem ved FNI meiner at norske styresmakter har ein tendens til å omtale Russland for negativt, og at dei bør prøve å forstå Russlands ambisjonar og ønske i Arktis betre.
– Vi ser ein tendens til klassisk kald krig-tenking utan å forstå «motspelaren». Vi treng ikkje synast alt russarane gjer elles, er bra, men vi må skjøne at Russland er ein legitim aktør i Arktis, seier han.
Russland er den største staten i Arktis, med mange hamnebyar langs den nordlege sjøruta frå Europa til Asia. Rottem seier det er sjølvsagt at russarane ønskjer å opprette militærbasar, stasjonere helikopter og fly og søk- og redningsstasjonar langs områda sine, og i aukande grad når den kommersielle aktiviteten aukar.
– Kan hamne i skvis
Regjeringa jobbar med ei ny nordområdemelding. I førre melding, frå 2011, heitte det at forholdet til Russland var «preget av økt tillit, flere kontaktpunkter og voksende samarbeid». Det endra seg med Russlands annektering av Krim i 2014 og sanksjonane frå EU og Noreg, ifølgje forskarane.
Dei geopolitiske endringane, med eit meir aggressivt og mindre føreseieleg USA, eit Kina på frammarsj internasjonalt og Russland som satsar stadig tyngre militært i nord, bidreg òg til uro.
Trump-administrasjonen har ønskt å opne for olje- og gassverksemd i verna delar av Alaska, og har den siste tida òg skifta retorikk og byrja snakke om Arktis som arena for konflikt og auka spenning, andsynes Kina, men òg mot Russland. I tillegg kjem ønske om å kjøpe Grønland.
Forskar Andreas Østhagen ved FNI meiner Noreg risikerer å hamne i skvis, og at vi må finne betre balanse mellom USA og Nato på den eine sida og forholdet til Russland på den andre.
– Det har oppstått eit vakuum etter sanksjonane, og der er det behov for at eit land som Noreg, som er oppteke av internasjonal lov, rett og samarbeid, tek rolla som brubyggjar. Vi er avhengig av godt naboskap med Russland, samarbeid over grensa, felles ressursforvalting og felles søk- og redningsarbeid, og burde framheve samarbeidet med Russland meir enn kva som er gjort etter Krim-krisa i 2014. Eg meiner ikkje vi skal sjå vekk frå arbeidet for å straffe og sanksjonere Russland etter Krim, men at vi samstundes tek ein mellomposisjon. Vi klarte å halde fram samarbeid med Russland trass i Georgia-konflikten i 2008, seier Østhagen.
Wilhelmsen meiner tryggingspolitikken og Forsvarsdepartementet har fått definere forholdet til Russland, medan det breiare samarbeidet under Utanriksdepartementet, inkludert diplomatisk kontakt, er tona ned.
– Før snakka vi om avskrekking og trygging andsynes naboen i nord. Etter 2014 vart ordet avskrekking nærast einerådande, seier ho.
Fryktar eskalering
Verken Wilhelmsen, Rottem eller Østhagen trur at Russland eller Noreg og Nato går til åtak på kvarandre i nord, men dei meiner det auka konfliktnivået i verda elles kan spele over i nordområda.
– Den overordna faren er òg at forholdet mellom Noreg og Russland vert verre, med stadig hardare retorikk. Då kan òg små hendingar, med fiskefartøy som vert arresterte i fiskevernsona eller liknande, raskt eskalere til direkte konflikt, seier Østhagen.
Wilhelmsen seier russiske militære øvingar stadig nærare Noreg gjev stor grunn til uro.
– Kjernen til den auka spenninga har med samhandlingsdynamikken å gjere, ikkje med utgangsposisjonane.
Thomas Nilsen, redaktør for The Independent Barents Observer, delar uroa over at det skal skje ulukker eller misforståingar som eskalerer til konflikt, men ser ikkje stort Noreg åleine kan gjere med situasjonen. Han meiner samarbeidet med Russland bør vere mest mogleg multilateralt.
Han er samd i at meir dialog er viktig, men understrekar at det er grunnar til at situasjonen no er vanskeleg.
– Til dømes er samarbeidet mellom frivillige organisasjonar i Noreg og Russland gjort vanskelegare av russisk innanrikspolitikk, ikkje av korleis norske styresmakter stiller seg til Russland. Russland har vorte mykje meir totalitært enn det var i glansdagane i det norsk-russiske samarbeidet fram til 2012, seier han.
– Prega av dialog
Statssekretær Audun Halvorsen (H) i Utanriksdepartementet avviser kritikken.
– Forholdet til Russland er prega av dialog og internasjonalt samarbeid, ikkje minst i nord. Det gjeld framleis, trass i ein meir krevjande tryggingspolitisk situasjon og eit meir anstrengt forhold mellom Russland og Vesten, kommenterer han i e-post.
Han skriv at Noreg og Russland samarbeider på ei rekkje område, både bilateralt og i regionale fora som Arktis råd og Barentssamarbeidet, og syner til at det òg har vore kontakt på politisk nivå «i heile denne regjeringa si levetid».
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Før snakka vi om avskrekking og trygging. Etter 2014 vart ordet avskrekking nærast einerådande.
Julie Wilhelmsen, NUPI
Fleire artiklar
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.