JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Karaktersvikten i det gode gamle

Det står dårleg til med det moderne republikanske styresettet når framståande medlemmer ikkje vil innrømme feil.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Verken Donald Trump eller Rob Porter, som no er ute av biletet etter skuldingar om konemishandling, har lett for å be om orsaking.

Foto: Reuters / Jonathan Ernst

5941
20180223
5941
20180223

Sjølv dei som lenge har avfunne seg med at Donald Trump er korrupt, sjølvsentrert og uærleg, verkar ein smule sjokkerte over tiradane han kom med førre helg, då Washingstons fødselsdag, populært kalla presidentdagen, vart feira. Trump brukte massakren i Parkland i Florida som unnskyldning for å kritisere FBIs etterforsking av Russlands innblanding i valet på hans vegner, samtidig som at han laug om at han tidlegare har nekta for at den same innblandinga skjedde. Det er så usselt at det er imponerande, gitt alt Trump har sagt og gjort så langt.

Likevel, om vi tenkjer oss om, var dette eit svært karakteristisk utbrot – og her siktar eg ikkje berre til Trump som person. Kva tid såg vi sist ein medlem av presidentstyret, eller ein framståande republikanar, for den saks skuld, innrømme feil eller ta på seg ansvaret for eit problem?

Ikkje sei at «slik har det alltid vore», at «det er slik folk er». Tvert imot vart det å ta ansvar for handlingane sine – det å vere eit mensch, som foreldra mine ville sagt – tidlegare sett på som ei viktig dygd hos politikarar og vaksne generelt. Og i dette tilfellet, som i så mange andre tilfelle, er forholdet mellom partane svært asymmetrisk. Det er klart ikkje alle demokratar er ærlege og heiderlege, men så vidt eg kan sjå, er det knapt nokon igjen i The Grand Old Party som er villige til å ta ansvar for, vel, noko som helst.

Og eg trur ikkje det berre vart slik. At det står så dårleg til med det moderne republikanske styresettet, er eit symptom på korrupsjonen og hykleriet som har heimsøkt halve det politiske USA – ein sjukdom på sjela som manifesterer seg i personleg åtferd så vel som i dei politiske linjene. Men før eg seier meir om denne sjukdommen, kan vi sjå på eit par eksempel på karaktersvikten som gjennomsyrer dagens presidentstyre.

I den trivielle, men like fullt talande enden av skalaen har vi historia om Scott Pruitt – leiaren for miljøvernetaten (Environmental Protection Agency): Han flyg stadig på første klasse på skattebetalarane si rekning. Og det er ikkje pengebruken som er problemet, sjølv om han bruker meir pengar enn han ifølgje offisielle retningslinjer skal. Det mest oppsiktsvekkjande er at han visstnok flyr på første klasse fordi medpassasjerar på økonomiklassa har det med å komme med kritiske merknader ansikt til ansikt. Hugs det neste gong nokon samanliknar liberale politikarar med snøfnugg.

Meir alvorleg talt: Sjå på åtferda til Trumps stabssjef John Kelly, som så mange gonger har baktalt kritikarar og nekta å innrømme feil at han snart kan måle seg med sjefen sin. Du fekk kanskje med deg at Kelly kom med falske skuldingar mot Frederica Wilson, som er medlem i Representanthuset, og nekta å trekkje dei tilbake, sjølv etter at ein video avslørte at skuldingane var falske? Deretter, no nyleg, hevda Kelly hardnakka at han ikkje kjende til alle detaljane rundt skuldingane om at Rob Porter skal ha mishandla to ekskoner, før – som ein stabstilsett sa – «40 minutt før han gav han sparken». Påstanden skurrar jo, med tanke på alt som er sagt og skrive om saka. Om han så verkeleg ikkje var kjend med saka, hadde det vore på sin plass å orsake at han ikkje var det.

Men desse karane orsakar ikkje. Og forresten: Roy Moore, ein sentral republikanar som vert skulda for å ha hatt forhold til mindreårige, har ikkje tilstått.

Så det er ikkje berre Trump. Og det byrja ikkje med Trump. Alt i 2006 skreiv eg om mangelen på mensch i Bush-styret, der leiarane ikkje ville ta på seg ansvaret for den slurvete okkupasjonen av Irak, den slurvete handteringa av orkanen Katrina og så vidare.

Vi snakkar heller ikkje berre om politikarar. I mine eigne krinsar vert eg stadig like forundra over at økonomar på høgresida ikkje vil vedgå at dei tok feil då dei føresåg at forsøket på å redde økonomien ville føre til løpsk inflasjon. Å ta feil er éin ting – alle kan ta feil; det kan absolutt eg òg. Å nekte å vedgå feil, og å nekte å lære av feil, er noko heilt anna.

Og for å seie det i klartekst: Ikkje alle nektar å ta på seg ansvar. Ein kan for eksempel spørje om Hillary Clinton orsaka seg tilstrekkeleg for å ha gitt støtte til Irak-krigen, eller for feilstega i 2016, men ho vedgjekk i det minste at ho gjorde noko gale, noko ingen på den andre sida ser ut til å ville gjere.

Kva hende med det gode gamle demokratiske partiets karakter? Eg er ganske sikker på at i dette tilfellet er det personlege i siste instans politisk. Dagens republikanske parti er – i ein grad vi aldri før har sett i USAs historie – eit parti bygd på mistillit, der ein læst som om interessene og intensjonane er betre enn dei eigentleg er. Ein viftar patriotisk med flagg, snakkar fromt om moral og formanar strengt om finanspolitisk sunn sans, og det heile er dekkhistorier for ein skjult agenda der målet er at plutokratane skal verte endå rikare. Og karaktersvikten i partiet gir gjenlyd i karaktersvikten blant dei mest framståande medlemmene. Er dei dårlege menneske som valde å gå inn i eit politisk miljø dei hadde anlegg for å høyre heime i, eller er dei potensielt gode menneske som er vortne korrumperte av miljøet dei vankar i? Truleg begge delar.

I alle fall, i klartekst: USA i 2018 er ikkje ein stad der vi kan vere usamde utan å verte usympatiske, der det finst gode menneske og gode intensjonar på begge sider, eller kva anna slags topartimoralpreike ein ønskjer å deklamere. Nei, USA er eit kakistokrati – ein nasjon styrt av dei verste. Og denne ubehagelege sanninga er vi nøydde til å sjå i auga.

Einerett: New York Times /
Dag og Tid

Omsett av Marita Liabø

Niall Ferguson og Paul Krugman skriv denne spalta
annakvar veke.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Ein snakkar fromt om moral og formanar om finanspolitisk sunn sans, og det heile er dekkhistorier for ein skjult agenda der målet er at plutokratane skal verte endå rikare.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er eit viktig likestillingsverkemiddel.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte

Grunn til uro

Ikkje berre er leiande norske politikarar og dei største partia lite opptekne av rettane til menneske med nedsett funksjonsevne; også statlege forvaltningsorgan, til dømes Pasientskadenemnda, praktiserer lovverket på diskriminerande vis.

Carl Aasland Jerstad

Gaute Heivoll har vunne Brageprisen, blant andre prisar, sidan han debuterte i 2002.

Foto: Monika Holand Bøe

BokMeldingar

Eit solid stykke arbeid

Gaute Heivoll skriv storslått om dei små tinga og smålåtent om dei store.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis