Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Reuters/NTB scanpix

Foto: Reuters/NTB scanpix

2153
20181019
2153
20181019

Khashoggis siste spalte

The Washington Post publiserte onsdag denne veka ei siste spalte frå den forsvunne saudiarabiske journalisten Jamal Khashoggi. Der skriv han om mangelen på fri presse i den arabiske verda, som han meiner står overfor ein eigen versjon av eit jernteppe – «ikkje pålagd av eksterne aktørar, men av innanlandske styrkar som kjempar for makt». Han opnar spalta, som har tittel What the Arab world needs most is free expression, med å syne til rapporten Freedom in the Wold frå 2018, publisert av Freedom House, der berre eitt land i den arabiske verda vert klassifisert som fritt. Det er Tunisia. Jordan, Marokko og Kuwait er klassifiserte som delvis frie, medan resten av landa i den arabiske verda er klassifiserte som ikkje frie.

Redaktøren til Khashoggi i avisa har i eit forord til spalta skrive at ho fekk teksten frå omsetjaren og assistenten til Khashoggi dagen etter han vart meld sakna i Tyrkia.

Khashoggi, som var fast skribent i Washington Post, vart ifølgje tyrkiske styresmakter drepen på det saudiarabiske konsulatet i Istanbul. Han har ikkje vorte sett sidan han gjekk inn i bygget 2. oktober.

Gresk minister-exit

Den greske utanriksministeren Nikos Kotzias gjekk denne veka av etter ein krangel med forsvarsminister Panos Kammenos om namneavtalen med Makedonia. Kammenos skal ha skulda Kotzias for pengmisbruk, ifølgje EU Observer. Kammenos leiar nasjonalistpartiet Uavhengige grekarar og har trua med å gå frå regjeringa som følgje av avtalen statsminister Alexis Tsipras og Kotzias har inngått med Makedonia. Ifølgje avtalen skal Makedonia endre namn til Nord-Makedonia.

#Metoo i India

I september nådde #metoo-bølgja for alvor India. Da fortalde skodespelaren Tanushree Dutta (biletet) om seksuell trakassering i filmbransjen, og mange andre indiske kvinner kom fram med sine eigne historier i vekene som følgde. Denne veka slo #metoo også inn i indisk politikk, da politikaren og pressemannen M.J. Akbar trekte seg frå ei toppstilling i utanriksdepartementet etter fleire offentlege skuldingar om trakassering av kvinner. Akbar hevdar sjølv å vere uskuldig, men valde altså likevel å gå av.

eva@dagogtid.no

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis