JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Kjønnsnøytralitet på helsa laus

Idealet om kjønnsnøytralitet har ført til at kunnskapen om kvinners helse er mangelfull og dårleg integrert i helsetenestene, seier professor Christine B. Meyer.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kvinner har biologisk sett større helseutfordringar enn menn, mellom anna fordi dei går gjennom større hormonelle endringar fleire gonger i livet, seier Christine Meyer.

Foto: Heiko Junge / NTB

5397
20230310

Samtalen

Christine B. Meyer

professor ved NHH

Aktuell

leiar av kvinnehelse­-utvalet, som nyleg la fram ein rapport

eva@dagogtid.no

Nokre dagar før kvinnedagen la kvinnehelseutvalet fram rapporten som slår fast at det er store helseskilnader mellom kvinner og menn, men at desse ikkje er erkjende i utforminga av helse- og omsorgspolitikken: Kvinnehelse har låg status i forsking, i behandling og helsetenester og når det gjeld finansieringsordningane i helsevesenet. Oppdatert kunnskap om kvinnehelse når heller ikkje fram til helsetenestene, til utdanninga av nytt helsepersonell eller i informasjon til befolkninga i stort.

Christine B. Meyer er professor ved Noregs handelshøgskole og har vore leiar av kvinnehelseutvalet, som har jobba i to år.

– Kva ved funna har overraska deg mest?

– Eg var overraska over kor store kjønnsskilnader det er innan helse – både kor ulike sjukdomsforløp kvinner og menn i mange tilfelle har, og kor ulikt vi reagerer på medisinar. Då vi la fram rapporten, hadde vi med oss den kanadiske forskaren Cara Tannenbaum. Ho syner til at kvinner normalt berre treng halvparten av medisindosane. Kvinner får òg meir biverknader av medisinar enn menn. To av tre biverknader som vert rapporterte inn, kjem frå kvinner.

– Fordi kvinner får større dosar enn dei treng?

– Det kan kome av for store dosar, av at kvinner brukar lengre tid på å bryte ned medisin, og av skilnader i enzym mellom kvinner og menn.

– Har kvinner biologisk sett større helseutfordringar enn menn?

– Ja, det er det dekning for å seie. Kvinner går også gjennom større hormonelle endringar, både i ungdomstida, gjennom fødslar og ikkje minst i overgangsalderen. Her slepp menn lettare unna.

– I kva grad har de sett på utfordringar for menns helse?

– Mandatet vårt var å sjå på kvinnehelse spesielt, men det vi har sett på når det gjeld kjønnsskilnader, vil òg kome menn til gode. Vi veit til dømes at Parkinsons sjukdom råkar menn i større grad enn kvinner, og at det er fleire menn enn kvinner som tek sitt eige liv. Samstundes er det fleire kvinner enn menn som prøver å gjere sjølvmord. Poenget er at det å fokusere på kjønn, og ikkje handsame dei som eitt og det same, vil kome både kvinner og menn til gode.

– I 2021 var det fleire menn som døydde av prostatakreft enn kvinner som døydde av brystkreft i Noreg. Er konklusjonen om at kvinnehelse har lågare status, heilt eintydig?

– VG publiserte nyleg ein interessant artikkel om satsane i spesialisthelsetenesta. Der fortalde ein lege at det er meir lønsamt for sjukehusa å operere ein forstørra prostata enn å handtere ein vanleg fødsel. Han synte også til at satsane generelt er høgare med ein gong det er snakk om ein kreftdiagnose jamført med andre diagnosar. Så nei, det er ikkje heilt eintydig. Det finst nokre område der vi har klart å løfte kvinnehelse, og kreft er eitt av dei, men det er dessverre mange typiske kvinnelidingar som ikkje vert prioriterte.

– Via media høyrer vi skrekkhistorier frå føde- og barselsavdelingar rundt om i landet, om kvinner som går med sterke smerter i årevis før dei får diagnosen endometriose, og om feilmarginar ved celleprøvar som kostar unge kvinner livet. Er det ikkje meir merksemd om kvinnehelse enn om menns helse i media?

– Det er mange enkelthistorier og historier som fortel kor gale ting kan gå. Samstundes er noko av problemet nett det at vi kastar lys på enkeltlidingar, men har sett for lite på systematiske endringar som er naudsynte for å få kvinnehelse høgare prioritert.

– Kva er grunnen til at kunnskapen om kvinnehelse er mangelfull og dårlegare integrert i helsetenestene?

– Vi har altfor lenge hatt eit ideal om kjønnsnøytralitet, både i forsking, i undervisning og i helsetenestene. Det betyr at vi veit for lite om korleis skilnadene spelar seg ut. Det tek til å kome litt forsking, mellom anna om korleis hjarte- og karsjukdomar råkar ulikt, om hjerneslag og om blærekreft, som kvinner vert diagnostiserte med mykje seinare enn menn. På område etter område ser vi viktige kjønnsskilnader som har mykje å seie for behandlinga av lidingar og sjukdomar.

– De føreslår 75 konkrete tiltak og ein kvinnehelsemilliard. Om kvinnehelse er så lite prioritert som de slår fast, held det då med éin milliard?

– Det er absolutt grunn til å stille spørsmål ved om éin milliard er nok, men ein del av tiltaka våre handlar òg om omprioriteringar og ei sterkare vektlegging av kvinnehelse i finansieringsordningar og retningsliner både i kommunar og i spesialisthelsetenesta. Det er snakk om ein del systemfeil som må rettast opp.

– De skriv at kunnskap om kjønnsskilnader i helse handlar om pasienttryggleik og kvalitet på helse- og omsorgstenestene. Kva med dei samfunnsøkonomiske følgjene?

– Det er noko av det vi har prøvd å løfte fram. Muskel- og skjelettlidingar (som er den vanlegaste grunnen til uføretrygd for middelaldrande og eldre kvinner, journ. merk.) kostar til dømes samfunnet 255 milliardar kroner per år, og eteforstyrringar (som òg i hovudsak råkar kvinner, journ. merk.) kostar 26 milliardar per år. Klarar vi å gjere noko med dette, vil det både vere samfunnsøkonomisk lønsamt og ikkje minst gje betre helse til kvinnene som lir av det.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis