Klabb med DAB
Etter eit halvt år med DAB-radio over heile landet, er det mange som har dårlege røynsler.
Mange yrkessjåførar opplever DAB-dekninga som mangelfull. Har ein ikkje radiodekning, får ein ikkje varsel om føre, trafikkproblem og ulukker.
Foto: Alf Ove Hansen / NTB scanpix
Radio
ottar@dagogtid.no
Noreg er det første og einaste landet som har sløkt FM-sambandet og satsa på å digitalisera riksdekkjande radio – med DAB (Digital Audio Broadcasting).
I Sverige åtvara både forsvaret og riksrevisjonen mot å innføra DAB-systemet, og dei vart høyrde. Dei viste til at i ei krise kunne styresmaktene få problem med å nå heile befolkninga. Særleg landsbygda er utsett, og dei militære hevda at DAB kunne vera til skade for forsvarsevna i landet.
Også danske politikarar har sagt nei til å stengja det nasjonale FM-nettet. Der vert ikkje FM-bandet sløkt før tidlegast om fem år. Eitt av argumenta i det danske ordskiftet var at radioen i om lag to millionar bilar måtte skiftast ut, og at det ville føra til ei milliardrekning, fortel Aftenposten.
Færre lyttarar
Det var i mai 2015 Stortinget vedtok at Noreg skulle verta det første landet i verda med heildigital radio, men mange var skeptiske. Dagbladet fortalde at berre 16 prosent av befolkninga støtta vedtaket.
Men i fjor vart DAB-radioen innført steg for steg over heile landet, og like før jul vart FM-bandet sløkt i det siste fylket.
DAB-utbygginga var ikkje billeg. Ho kom på ein milliard kroner, og i tillegg vart gode FM-radioar for mange millionar kroner kasserte.
Etter innføringa av DAB gjekk radiolyttinga ned fleire stader i landet. Ved slutten av fjoråret vart det hevda at NRK hadde mista ein femdel av lyttarane på eitt år.
Men det vart bygt ut nye sendarar, og med dei nye sendarane skal det nasjonale kommersielle DAB-nettet dekkja 93,5 prosent av befolkninga. Kravet frå styresmaktene var på 90 prosent.
Likevel er nedgangen i radiolyttinga formidabel.
TNS Gallup fortel at kring 67,8 prosent lytta på radio ein gjennomsnittsdag i januar i 2017. I april i år gjorde berre 57,6 prosent det same. Det vil seia at om lag ein halv million lyttarar er borte.
I same perioden har lyttartala for NRK gått ned frå 48 til 38 prosent. Verst har det gått utover P3, som har fått halvert lyttartalet. Av NRK-kanalane kan NRK P1+ gle seg over framgang – frå 4,8 til 6,8.
Men det har ikkje gått så godt for dei kommersielle radiokanalane heller.
P4 går tilbake frå 19,8 til 12,8 prosent.
Radio Norge går tilbake frå 11,6 til 4,6 prosent.
Men sjølvsagt treng ikkje heile den store tilbakegangen koma av omlegginga til DAB.
Slo alarm
Kringom i landet er det mange som har opplevd å ikkje få inn DAB-radioen, både ute på vegane og inne i hus med murvegger.
I mai presenterte Norges Lastebileier-Forbund (NLF) resultatet frå ei omfattande medlemsundersøking om DAB-dekninga. Meir enn 500 medlemsbedrifter svarte, og resultatet var nedslåande.
– Me var klar over at mange yrkessjåførar opplever DAB-dekninga som mangelfull. Men at så mange har opplevd trafikkfarlege situasjonar som dei meiner kan tilskrivast DAB, var me ikkje førebudde på, fortalde administrerande direktør i NLF, Geir Mo.
Over 80 prosent av sjåførane opplever radiodekninga som dårlegare no enn då FM-nettet framleis var i bruk. Nærare 50 prosent opplever tekniske problem med utstyret.
I undersøkinga fortalde bedriftene om eit tresifra tal for strekningar og område der dekninga vert opplevd som ikkje god nok. Dei fordeler seg jamt over heile landet, og dekningsgraden i tunnelar vert opplevd som svært dårleg. Det er eit problem for trafikktryggleiken.
NLF minner om at yrkessjåførar er heilt avhengige av å få varsel om ulukker, føre og trafikkproblem, og at dette er særleg viktig i tunnelar, der små ulukker og trafikkproblem kan få alvorlege konsekvensar.
Undersøkinga viser at nesten 20 prosent har opplevd situasjonar der skortande DAB-dekning har vore ein tryggleiksrisiko. Det kan ha vore distraksjon på grunn av signal som fell ut, eller heilt konkrete hendingar der det kunne ha gått skikkeleg gale.
Men det er ikkje berre lastebilsjåførane som har vorte utan radio. I vinter fortalde Nationen at «DAB har ikke en sjanse i møte med fjøsveggen». Gardbrukar Ole Dybwad i Stjørdal fortalde at han måtte strøyma radiolyd over internett i fjøset. Det har vist seg at i bygg med tjukke murvegger har radiosignala problem med å nå gjennom. Andre fortel at dei ikkje får inn DAB-radioen på kjellarkontoret i bustadhuset.
Konflikt med NATO
Ved ei militær krise kan heile eller delar av DAB-nettet verta sløkt. Årsaka er at sivil radio og dei militære opererer på same frekvensområde, 225–240 MHz. Nato hadde peika ut dette området då Nasjonal kommunikasjonseining fordelte plass på nettet. Så langt har samkøyringa gått greitt, men Nato vil ha kontroll med primærområdet sitt. Når det er trong for det, vil Nato nytta fortrinnsretten sin. Og då kan det verta konflikt mellom NRKs sendingar og militær kommunikasjon, og sivile sendingar kan falla ut.
– Og då, viss DAB må sløkkjast over heile eller delar av landet, har me eit gigantisk problem. Me har ikkje noko alternativ, har tidlegare leiar for IKT Norge, Per Morten Hoff, uttalt til Aftenposten.
Under Nato-øvinga Dynamic Guard vart DAB-nettet slått ut. Til hausten står den store Nato-øvinga Trident Juncture for døra – med 29 nasjonar og 40.000 soldatar.
– Det kan by på problem, uttalar avdelingsdirektør John-Eivind Velure.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«At så mange har opplevd trafikkfarlege situasjonar som dei meiner kan tilskrivast DAB, var me ikkje førebudde på.»
Geir Mo, direktør i Norges Lastebileier-Forbund
Fleire artiklar
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.