Ingen grunn til entusiasme
– Eg er redd vi sit att med same tristesse etter Glasgow-møtet som etter alle dei andre forhandlingsrundane, seier klimaveteran Knut H. Alfsen.
Forlatne bilar under vatn i Erftstadt i Tyskland 17. juli. Flaumane i Europa i sommar førte til enorme skadar.
Foto: Michael Probst / AP / NTB
Klima
peranders@dagogtid.no
I helga byrjar ein ny runde med internasjonale klimaforhandlingar i Glasgow – den 26. i rekkja. Knut H. Alfsen er utdanna fysikar, klimaforskar og tidlegare direktør for Cicero Senter for klimaforsking. I dag er han arbeidande pensjonist. Og pessimist.
– Du har sett klimaforhandlingar kome og gå i snart 30 år. Kva ventar du deg av forhandlingane i Glasgow?
– Veldig lite. Etter 25 forhandlingsrundar har vi ikkje kome så mykje lenger. Parisavtalen frå 2015 er ankerfestet no, med målet om å halde den globale oppvarminga godt under to gradar. Men dei utsleppskutta statane har forplikta seg til førebels, er langt frå det som skal til for å nå måla i Paris, seier Alfsen.
Eit uhyre
I Glasgow skal statane leggje fram nye og skjerpa mål om vidare utsleppsreduksjonar i åra framover. Men erfaring viser at det slett ikkje er gjeve at lovnadene blir haldne på dette feltet.
– Parisavtalen har ikkje noko ris bak spegelen om statane ikkje held det dei lovar?
– Nei, det er ikkje noko overnasjonalt organ som kan straffe eller gjete statane. Landa er sjølvstendige, og dei har ulike interesser. Klimautfordringa er eit uhyre av eit problem. Men for klimaforskarar er det litt vanskeleg å skjøne at ikkje folk tek dette meir seriøst, seier Alfsen.
– Eg trur ikkje det blir gjort nok i åra framover heller til å nå Paris-måla. Det inneber fleire naturkatastrofar, med tap av menneskeliv og økonomiske verdiar.
God start
– Klimapolitikk har vore på den internasjonale dagsordenen i alle fall sidan Rio-toppmøtet i 1992, da Klimakonvensjonen til FN kom på plass. Det verkar litt rart at ein ikkje har kome lenger?
– Det var ganske rask framgang i dei første åra med klimaforhandlingar, fram til Kyoto-protokollen kom på plass i 1997. Men den avtalen vart ikkje godteken av Kongressen i USA og vart difor tannlaus. Forsøka på å få til ein forpliktande global avtale krasja i København i 2009. Så fekk vi i staden Parisavtalen i 2015, med frivillige utsleppsmål.
– Når var du sjølv mest optimistisk undervegs?
– Det var vel for nesten 30 år sidan, det, seier Alfsen.
– Under klimaforhandlingane i Berlin i 1995 såg eg ganske lyst på det. Og eg var litt optimistisk under Kyoto-forhandlingane i 1997. Men sidan da har vi ikkje kome mykje lenger.
Kinesiske ambisjonar
Om Alfsen skal trekkje fram nokre lyspunkt i klimapolitikken, peikar han på Kina og EU.
– EU-landa har sjølvsagt gått føre på mange vis. Men Kina er eit mykje fattigare land med store strukturelle problem, og eg er litt imponert over at dei har halde fast ved ambisjonane sine i klimapolitikken.
Kina står no for over ein fjerdedel av klimagassutsleppa, like mykje som alle OECD-landa til saman. Og i Kina aukar framleis utsleppa.
– Det er vanskeleg å kome nokon veg utan å ha med seg Kina?
– Ja, det er heilt umogleg. Men Kina gjer faktisk ganske mykje. Og om kinesarane seier at dei skal gjere noko, har dei ein tendens til å gjere det. Det kan iblant gje seg ekstreme utslag, som når sjukehus misser straumen fordi provinsstyresmaktene skal halde utsleppsmåla sine. Men dei er altså himla ambisiøse, også når det gjeld å byggje opp ny, fornybar kraftproduksjon, seier Alfsen.
– Kinesiske styresmakter planlegg at kolforbruket skal nå toppen i 2025 og deretter gå nedover. Det er fem år tidlegare enn det dei har lova før.
Eit utsett land
Alfsen har i mange år hatt ei rådgjevarrolle i CCICED, eit råd der kinesiske og internasjonale forskarar og embetsfolk diskuterer berekraft og klimaspørsmål. Kinesiske statsrådar er òg med på møta.
– Gjer den rolla det vanskeleg for deg å kritisere kinesarane?
– Eg føler ikkje det sjølv. Men når det gjeld klimapolitikken deira, er eg nok ikkje av dei mest kritiske. Det er meir enn nok anna ein kan kritisere i Kina, som kampen mot ytringsfridomen. Men eg har vel ei viss forståing for vanskane med å styre eit slikt land.
– Kva tenkjer leiarane i Beijing om klimaendringane?
– Dei tek dei alvorleg, men som andre stader er det ei rekkje omsyn dei må balansere mellom. Samtidig kjennest klimaendringane meir akutte i Kina enn i mange andre land. Kina er mellom anna utsett for vassmangel og flaum, matforsyninga er sårbar, og på sikt trugar havstiginga mange byar.
EU i front
Dei mest ambisiøse klimamåla i verda er det likevel EU-landa som står for, med målet om å kutte 55 prosent av utsleppa innan 2030.
– Mange har vegra seg for å gå i front på dette feltet, av frykt for at andre land skulle bli såkalla gratispassasjerar. EU-landa har valt å ta svært store kostnader likevel.
– Ja, i forbausande høg grad. EU har vore svært progressive. Før var det mange som snakka om at vi må plukke lågthengande frukt først i klimapolitikken. Men realiteten er jo at vi må plukke all frukta, og EU har tenkt at det er like godt å lage ein stige med éin gong. Det er ikkje noko å vente med.
– Samstundes er dette risikabelt. Straumkrisa i EU no kan føre til tilbakeslag for klimapolitikken?
– I aller høgste grad. Kortsiktige akutte problem trumfar ofte dei langsiktige problema. Og teknologiutvikling tek mykje lengre tid enn politikarane ofte trur. Tenk til dømes på Mongstad-prosjektet her i Noreg.
Olje for klima
Apropos Noreg: Statsminister Jonas Gahr Støre sa denne veka til Financial Times at Noreg må utvikle oljeindustrien sin for å klare det grøne skiftet.
– Vart andre europeiske statsleiarar imponerte da, trur du?
– Nei. Det var ei uvanleg dum utsegn frå ein elles fornuftig mann. Ein må forstå den utsegna ut frå omsynet til fagrørsla, særleg organisasjonane i industrien, som har mykje makt. Det er slik Støre og Ap har valt å handtere konflikten – dei seier at oljeindustrien er ein viktig del av løysinga. Men klimamessig er dette heilt på trynet. Å leite etter nye felt no er ikkje foreinleg med klimautfordringane.
– Trur du Støre trur på det han sjølv seier der?
– Det skal eg vere varsam med å meine noko om. Han er kanskje politisk smart når han seier det, men ikkje klimasmart.
«Om regjeringane i verda tek klimakrisa alvorleg, kan det ikkje gjerast nye investeringar i olje, gass og kol frå no av», sa Fatih Birol, direktør i Det internasjonale energibyrået (IEA) i mai.
– Det går ikkje i hop med norsk oljepolitikk?
– Nei, og det Birol sa, er jo eit faktum. Det Støre sa til Financial Times, viser at han ikkje tek Paris-måla alvorleg. Men politikarane som styrer i dag, kjem jo ikkje lenger til å vere i posisjon når det viser seg at måla ikkje vart nådde.
– At leiaren for IEA snakkar som han gjer om klimapolitikk, er i det minste eit teikn på at tenkinga har endra seg i krinsar som før var fossilvenlege?
– Ja, det er nytt at det kjem så sterke ord frå det haldet. Det kjem òg klarare signal enn før frå generalsekretæren i FN. Men eg er redd vi sit att med same tristesse etter Glasgow-møtet som etter alle dei andre forhandlingsrundane.
– Målet om å avgrense oppvarminga til halvannan grad frå førindustriell tid er det knapt nokon som trur på lenger. Også togradarsmålet ser svært vanskeleg ut. Kor mange gradar oppvarming trur du vi hamnar på?
– Dei lovnadene som er gjevne til no, peikar mot 2,4 eller 2,5 gradar. Det er rimeleg å tru at vi hamnar der ein stad. Men det føreset at vi ikkje får overraskingar i form av vippepunkt eller tilbakekoplingar i klimasystemet som vil føre til sterkare oppvarming. Og det vil eg slett ikkje utelukke, seier Knut H. Alfsen.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Det Støre sa til Financial Times, viser at han ikkje tek Paris-måla alvorleg.
Knut H. Alfsen, klimaforskar
Fleire artiklar
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.