JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KlimaSamfunn

Reinsdyr finn ikkje mat på vidda

Reinsdyr grev etter næring under snøen, men gras og urter er dekte av is og hard snø. Klimaendringane pregar alt reindriftsnæringa – og kan endre ho radikalt på sikt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Aslak Mathis Turi køyrer ut kraftfôr reinflokken.

Foto: Privat

12630
20220128
12630
20220128

Reindrift

christiane@dagogtid.no

– Eg håper på eit under, seier Aslak Mathis Turi. 

Etter lange arbeidsdagar på vidda er reindriftsutøvaren heime att i Kautokeino og tek seg tid til ein samtale med Dag og Tid om situasjonen han står i. Det handlar om vêr, det handlar om klima, det handlar om reinflokken hans, om tunge tak og ei usikker framtid. 

For reindriftssamane i indre Finnmark starta året på verst tenkjeleg vis – med beitekrise i store område. Kriseberedskapsutvalet i næringa vart samla, statsforvaltaren synfór beiteareala, og vi fekk høyre at 30.000 reinsdyr ville svelte om dei ikkje vart tilførte krisefôr. 

Tidleg denne veka hadde talet på råka dyr auka til opp mot 60.000. I tillegg er det kome dårleg nytt også frå Nordland, der det har vorte erklært beitekrise i to reinbeitedistrikt. 

Om ikkje vêret betrar seg, står ytterlegare 70.000 rein i fare, ifølgje Statsforvaltaren i Troms og Finnmark. Det er store tal. I fjor var det totale talet på tamrein her i landet 213.000 dyr, om lag 150.000 av dei i Finnmark. Og no står vi altså i ein situasjon der godt over 100.000 rein om kort tid kan stå utan beite. 

Utfordringar i kø

Krisa kjem på toppen av ei rekkje utfordringar for næringa, som i hovudsak vert driven i dei samiske reinbeiteområda frå Finnmark i nord til Hedmark i sør, men også i mindre skala utanfor dei samiske områda, i Trollheimen, Valdres, Nord-Gudbrandsdalen og Nord-Østerdalen.

Eit konfliktfylt døme er tilgangen på beiteareal, som stadig kjem under press frå anna arealkrevjande næring som vindkraft og mineralverksemd. Reindrifta har beite på om lag 40 prosent av landarealet i Noreg, og reinen har vist seg å vere var for forstyrringar. 

Reinsdyra er òg svært sårbare for rovdyrangrep, noko dei årlege erstatningane seier alt om. Enkelte år har dei nærma seg 100 millionar kroner. 

Lønsemda kan også nemnast her, for sjølv om ein nok må rekne med vesentlege ringverknader i form av arbeidsplassar og inntekter frå reiseliv og matindustri, er tala låge. Dei tre siste åra har produksjonsinntektene for næringa variert mellom om lag 150 og 190 millionar kroner, og med statstilskot på mellom 90 og 130 millionar, sit kvar siida, reinby, att med rundt rekna 200.000 kroner, eller mellom 100.000 og 150.000 kroner per årsverk.  

I nasjonal målestokk er reindriftsnæringa lita, men ho speler ei viktig rolle i å verne om samisk samfunnsliv, kultur og språk og sysselset mange regionalt. I 2020 utgjorde reindrifta 930 årsverk fordelte på 558 siidaer, men ifølgje regjeringa er så mange som 3000 personar knytte til næringa. 

Snøføyk på beite

Midt oppi det heile står Turi og reinflokken hans på 800 dyr. Flokken deler han med bror sin, og om vinteren samarbeider han med åtte andre siidaer om å passe på til saman 3000 rein. Det er langt frå lett når vêret er som verst. Vegen frå nærmaste bilveg og ut til beitet er lang, og når det ikkje er mat å finne, er det vanskeleg å halde flokken samla. 

– Det tek på psykisk når det er så ille som no, seier han.

– I heile januar har det vore uvêr. Det har blåse og snødd, og vinden har skifta retning. Det blæs frå nord, så frå sør og så frå aust eller vest – det blæs frå alle kantar. Snøføyka skal liksom dekkje alle krikar og krokar der det kunne ha vore beite. Snøen vert kompakt, og alle beita låser seg. 

Kraftfôr på scooter

I staden for at reinen livnærer seg av det naturen byr på, slik han normalt gjer, må reindriftsutøvarane som no er råka, sjølv frakte kraftfôr ut til reinen. Det går i pellets frå Felleskjøpet, spesielt utvikla for rein. Arbeidet er krevjande. Å køyre ut ein fôrsekk på 820 kilo på scooter har teke Turi seks og ein halv time éin veg.

– Det rykkjer og ristar i scooteren, og eg har køyrt meg fast fleire gonger. Ein får vondt i heile kroppen, seier han.

Beitekrise og fôring bryt radikalt med den tradisjonelle nomadiske drifta. Medan reinen normalt trekkjer frå beite til beite i takt med årstida og beiteressursane, må reineigarane i år flytte flokken til alternative beite, som kanskje skulle vore nytta seinare på året. 

Fôringa krev på si side at dyra er stasjonære. For at éin flokk ikkje skal trekkje mot ein annan flokk som vert fôra, kan det verte nødvendig med gjerding.

– Det er hardt arbeid ein skulle vore forutan. Om det vert mange slike vintrar, veit eg ikkje korleis framtidsutsiktene er. Anten må det finnast ei løysing, eller så må ein gje opp, seier Turi. 

Verste på 100 år

Uår kjem for næringar som haustar av naturen. Diverre tyder mykje på at uåra vil kome oftare, fordi dei truleg ikkje er resultat av tilfeldige vêrvariasjonar, men meir truleg av at klimaet endrar seg. 

Vinteren i fjor var god for reinnæringa, men det er berre to år sidan førre beitekrise – den største på over 100 år. Somme hugsar kanskje nyhendebileta av helikopter som frakta kraftfôr i store kvantum ut til svoltne reinsdyr på vidda. 

I 2020 førte mykje snø og skiftande temperaturar til låste beite i dei fleste distrikta i Troms, Finnmark og Nordland, og totalt 165.000 rein vart råka. Beitekrisa oppstod tidleg på året og varte i dei fleste områda heilt til juni.

Og for ordens skuld: Desse beitekrisene er ikkje drivne fram av overbeite, men av is og snø på beitet. 

Reindriftsdirektør Sunne Marie Pentha ved Statsforvaltaren i Troms og Finnmark seier krisa vi ser, no tek til å likne på krisa i 2020, med den forskjellen at krisa i år har starta endå tidlegare på året. 

– Betyr det at krisa i år kan verte endå større enn i 2020?

– Ho kan verte meir langvarig, i verste fall. Vi får dagleg meldingar om vanskelege forhold i Troms og Finnmark. Vi synfer så fort det lèt seg gjere, og dei fleste stadene finn vi store område med lite tilgjengeleg beite. 

Rein på vinterfôr

– Kva type vêr skaper problem?

– Vi har fått eit vêrskifte og har no mykje nedbør som vil kome som regn eller snø avhengig av temperaturen i lufta. Forsking viser at gjennomsnittstemperaturen har auka i seinare tid, og det betyr at nedbøren ofte vil kome som regn. Vêret vekslar oftare mellom varmt og kaldt, det kjem is på beitet og endå meir snø. Denne variasjonen i vêret er den store utfordringa.

Pentha seier reineigarar i enkelte distrikt langs kysten og i indre Troms, der dei over tid har mangla tilgang på vinterbeite i Sverige, i større grad har vant seg til eit endra klima og starta med tilleggsfôring av reinen om vinteren.

I Troms, Nordland og Trøndelag har vêret historisk vore meir ustabilt enn i Finnmark, der dei fram til dei siste åra generelt har vore velsigna med stabilt vêr og lite nedbør. 

– Når du får ustabilt vêr knytt til klimaendringar i store område som indre Finnmark, vil langt fleire dyr enn tidlegare verte påverka. Det er ei kjempestor utfordring for næringa at vêret ser ut til å endre seg. 

Tempen opp i nord

Klimapanelet i FN slo i fjor haust fast at vi har hatt ei global menneskeskapt oppvarming på 1,1 gradar sidan førindustriell tid, og at endringane alt har medført endringar i vêret, som hyppigare nedbør og auka tørke.

Somme reinbeitedistrikt ligg slik til at dei raskare vert ramma av klimaendringar enn det gjennomsnittstal for temperaturauken skulle tilseie. Nyleg kunne vi lese i Aftenposten at temperaturen har auka meir i Noreg enn i verda i snitt, og meir i Finnmark enn i resten av landet. Klimaforskar Hans Olav Hygen ved Meteorologisk institutt har gjennomført analysar som viser at denne trenden vil halde fram. 

Til Dag og Tid seier Hygen at det er rett å seie at det er klimaendringar reindrifta no slit med.

– Det vi ser, er at temperaturen vert høgare, og at det vert raskare varmare om vinteren enn resten av året. Ikkje minst vert det raskare varmare i innlandsområda enn i kystområda.

Somme reinbeite vil ikkje merke store klimaendringar, men reinbeite i normalt kalde, tørre innlandsområde er svært utsette. Her vil temperaturen stadig oftare stige til null gradar på varme vinterdagar, når gradestokken normalt kanskje ville ha stoppa på minus fem. 

– I typiske innlandsområde om vinteren ser vi ein tendens til at temperaturen passerer null, og det er nullpasseringar som er det kritiske her. Då får ein islag i snøen, seier Hygen.

Regn på snø

Seniorforskar Inger Hansen ved Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio) er ein av dei som har studert kva konsekvensar klimaendringane har for reindrifta. 

– Det vert mildare, meir vind og forflytting av snø, som gjev mykje snø enkelte plassar. Generelt vert det meir nedbør, og vi får fleire tilfelle av regn på snø. Vi vil sjå lengre periodar med uvanleg djupt snødekke eller tjukke islag som gjer beita utilgjengelege, seier ho. 

Men det kan vere store lokale variasjonar. Enkelte kan oppleve positive effektar, som lengre periodar med barmark, påpeikar Hansen.

Om ho har ei liste over utfordringar? Ja, og lista er lang som eit vondt år. Vi kan vente oss meir sjukdom, meir parasittar og meir insekt. Og fleire vintrar som denne. 

Den verste verknaden av klimaendringane er avmagring og tap av rein, så krisefôring vil oftare verte nødvendig, trur Hansen.

– Det er eit tiltak reindrifta må bruke for å berge reinen, men dei ønskjer jo ikkje at det skal verte eit fast tiltak i næringa. Då går dei jo bort frå den økologiske drifta der dyra går ute heile livet, og der kjøtet kjem rett frå naturen, seier ho. 

Eit framtidig husdyr?

Så korleis ser framtida ut for reindriftsnæringa, sett i lys av klimaendringane? Enkelte fagpersonar har stilt spørsmålet om reinen i framtida kan verte vinterfôra på same måte som husdyr, men ingen har, så vidt underteikna har sett, stadfesta at det må eller bør verte slik.

Eg spør Jan Åge Riseth, sjefforskar ved forskingsinstituttet Norce, som har skrive mykje om utfordringane reindriftsnæringa står overfor. Det som verkeleg kunne ha hindra dette, måtte vere at temperaturauken vart stoppa, seier han.

– For det langsiktige skrekkscenarioet er at ein vert ståande utan eller med eit svært avgrensa vinterbeite og vert avhengig av tilleggsfôr. Då vert reindrifta sakte, men sikkert tvinga over i ein husdyrbrukssituasjon. Det er det ingen som ønskjer, av økologiske og kulturelle grunnar. Det strir mot alle dei positive sidene reindrifta har. Det er trugsmålet. Eigentleg er det berre ei oppbremsing av klimaendringane som kan hindre dette på lang sikt – om ein snakkar fleire tiår fram i tid.

I Sverige og Finland har vinterfôring av rein vore vanlegare enn i Noreg, mellom anna fordi, rein, spesielt i Finland, også tidleg vart ei ikkje-samisk attåtnæring på gardsbruk. Denne tradisjonen finst ikkje i Noreg, men Riseth seier at tilleggsfôring har vorte meir vanleg også i Finnmark dei siste 20 åra.

– Det har den fordelen at reineigarane veit korleis dei skal gjere det, for det er ein kunst, det òg. Ein skal ikkje fôre for tidleg og for hardt, for vomfloraen må venje seg til det nye fôret. Fôret har vorte betre, og kostnaden lågare, så det har vorte meir overkomeleg enn for nokre år sidan. Men eigentleg ønskjer ingen å drive slik.

Kostbar krise

Turi kan skrive under på at vinterfôring er både tungt og dyrt. Sjølv om vêret var godt i fjor, slit heile reinnæringa framleis med verknadene av uåret 2020. Slakteuttaket den hausten var 40 prosent lågare enn i 2019, lønsemda gjekk ned og utgiftene opp. Det tek fleire år å få lønsemda opp att på same nivå som før krisa. 

Turi er usikker på kor mykje av ekstrautgiftene han får dekt, sjølv om næringa har sitt eige krisefond, og sjølv om regjeringa i den førre krisa bidrog med krisepakkar. 

– Eg veit ikkje kor store midlar som er tilgjengelege når krisa vert så omfattande. Vi er redde dette vert ein stor kostnad for oss. Vi har alt hatt fleire dårlege år og har ikkje ekstra midlar sparte opp. 2019 var eit godt år, så kom krisa i 2020 og etterverknadene av det. 

– Kor mykje vil det koste deg å fôre flokken ein heil vinter?

– Eg har rekna ut kva det vil koste i februar. Berre fôr og frakt kjem på 220.000 kroner. Og då har eg rekna éin kilo fôr per rein i døgnet, som krev at han har litt beite frå naturen i tillegg. Elles ville eg måtta rekna 2,3 kilo per rein.

– Kva trur du om klimautsiktene?

– Eg veit ikkje. I Sverige har dei lenge måtta fôre flokkane gjennom vinteren. Dei får det til, men eg veit ikkje om lønsemda er til stades. Ein ser først no kva verdi beiteområda har i pengar, når ein samanliknar med kva det kostar å kjøpe fôr. 

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Det er ei kjempestor utfordring for næringa at vêret ser ut til å endre seg. 

Sunne Marie Pentha, reindriftsdirektør ved Statsfor­valtaren i Troms og Finnmark  

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

Einar Økland heime i Valevåg.

Einar Økland heime i Valevåg.

Foto: Helge Skodvin

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis