Knuten Kosovo
Det er stadig nye spenningar og konfliktar i Kosovo. Og lite tyder på at situasjonen kjem til å betre seg med det fyrste.
Det har vore gjentekne protestar, vegblokadar, stengde grenseovergangar og skotvekslingar i dei serbiskdominerte kommunane nord i Kosovo det siste året.
Foto: Miodrag Draskic / Reuters / NTB
Kosovo
Tidlegare provins i Serbia som erklærte seg sjølvstendig i 2008. Hadde då i praksis vorte styrt av FN sidan Kosovokrigen i 1999.
Sjølvstendet er omstridt, og Serbia, FN-vetomaktene Russland og Kina og EU- og Nato-landa Spania, Kypros, Hellas Romania og Slovakia er blant dei som ikkje har anerkjent statusen.
Kosovo har eit territorium på litt under 11.000 kvadratkilometer og nær 1,8 millionar innbyggjarar.
Over 90 prosent av befolkninga er albanarar, medan serbarane, som utgjer den nest største folkegruppa, har fleirtal i nokre kommunar.

Utanriks
eva@dagogtid.no
Dette kunne vore året for å jubilere det som i si tid vart omtalt som eit historisk gjennombrot og ein avtale som skulle gjere slutt på fiendskapen mellom to tidlegare krigsmotstandarar. Den såkalla Brussel-avtalen frå april 2013, mekla fram i regi av EU, var den fyrste bilaterale avtalen mellom Serbia og den tidlegare sjølvstyrte serbiske provinsen Kosovo, og eit fyrste steg i ein prosess for å normalisere forholdet mellom dei etter 14 år med fastlåst konflikt. Avtalen skulle òg leggje grunnlaget for vegen mot EU-medlemskap for både Serbia og Kosovo.
Ti år seinare er det lite å feire. Rett nok leverte Kosovo inn ein EU-søknad like før jul, men vegen mot EU er framleis lang og vanskeleg, ikkje minst fordi Serbia har gått imot søknaden.
I tillegg har det siste året vore prega av stadig nye spenningar og konfliktar mellom dei to, med vegblokadar, stengde grenseovergangar og skotvekslingar i dei serbiskdominerte kommunane nord i Kosovo, og som ei følgje: auka internasjonalt nærvær i Kosovo.
Kai Eide, som var aktiv i fredsprosessen på Balkan og har vore FNs spesialutsending til Kosovo, seier til NRK at han har opplevd svingingar fram og tilbake i Kosovo dei siste åra, men at situasjonen no er den mest dramatiske han har sett.
Noregs ambassadør til Kosovo, Jens Erik Grøndahl, oppsummerer det slik:
– Det er krise i relasjonen mellom Kosovo og Serbia.
År med eskalering
Den utløysande årsaka til bråket det siste året er ei usemje om bilskilt og ID-kort. Serbia har tidlegare nekta å godta ID-papir og bilskilt frå Kosovo, og mellom anna kravd mellombelse serbiske skilt på bilar frå Kosovo som skulle til Serbia.
Hausten 2021 svarte regjeringa i Kosovo med same krav; fyrst at serbiskregistrerte bilar måtte byte til mellombelse Kosovo-skilt i Kosovo, og nokre månader seinare krav om mellombelse reisedokument for personar med identitetskort frå Serbia som var i Kosovo.
Etter fleire rundar med vegblokadar, sperra grenseovergangar og protestar frå serbarar nord i Kosovo, skot mot politiet og Nato-trugsmål om å gripe inn, vart det i fjor sommar mekla fram ei løysing om ID-kort. Etter nye protestar og fleire forhandlingsrundar vart det i slutten av november òg semje om ei løysing om bilskilta: Serbia skal no akseptere ID-kort og bilskilt frå Kosovo, mot at Kosovo ikkje innfører ekstra dokumentasjonskrav for personar med serbisk ID-kort eller krev omregistrering av bilar frå Serbia.
Men ting løyste seg ikkje med det. Nærare 600 politifolk, dommarar og andre offentlege tilsette frå den serbiske minoriteten har sagt opp jobbane sine i protest undervegs. Og parlamentarikarane frå Srpska Lista, som er det dominerande partiet i dei serbiskdominerte områda nord i Kosovo, har trekt seg frå plassane sine i parlamentet. Då det vart planlagt nyval for å erstatte dei, følgde nye protestar og vegsperringar. Ein tidlegare serbisk politimann vart arrestert, skulda for «terrorverksemd» mot valkommisjonslokala nord i Kosovo, og det er skote mot både politiet og mot EUs politi- og justisoperasjon, Eulex, i same område. No er valet utsett til april.
Serbias president Aleksandar Vucic går heller ikkje stille i dørene. Han har skulda regjeringa i Kosovo for å trakassere og bryte rettane til kosovoserbarane, medan Kosovos statsminister Albin Kurti meiner Serbia «truar Kosovo med aggresjon», ifølgje nettavisa Euractiv.
Drama og prinsipp
Stilen og framgangsmåten til dei to leiarane er altså heller ikkje nett konfliktdempande.
Gjesteforskar Jon Kværne ved Institutt for forsvarsstudium har vore observatør i Kosovo for Eulex og er også tidlegare assistent for forsvarsattacheen ved den norske ambassaden i Beograd. For tida jobbar han med ei bok om interesser og verkemiddel i Serbias politiske elite. Han seier at Vucic, som har ei fortid frå det høgreradikale og nasjonalistiske partiet Srpska Radikalna Stranka og var informasjonsminister i den serbiske regjeringa medan krigen i Kosovo gjekk føre seg, er god til å manipulere informasjon og skape dramatikk.
Kurti, som leier det kosovoalbanske sentrum-venstrepartiet Vetevendosje og har sete ved makta i Kosovo sidan 2021, er på si side meir prinsippfast og uredd andsynes Serbia enn det tidlegare kosovoalbanske leiarar har vore, ifølgje Kværne.
Kurti har elles ei fortid som aktivist og ikkje-valdsforkjempar. Han jobba for Kosovos frigjeringshær, UCK, på slutten av 1990-talet, og har sete fengsla i Serbia.
– Krisene vi har sett eskalere i Kosovo både no og tidlegare, botnar ikkje i reelle problem som krev eigne løysingar. Dei er verktøy leiarane i Serbia brukar for å halde oppe spenninga både i Kosovo og regionalt, seier Kværne og syner til at majoriteten av serbarane i Kosovo alt har ID-kort frå Kosovo, og at dei som bur i serbiskdominerte kommunar sør i Kosovo, også brukar bilskilt frå Kosovo utan at det har vore noko problem.
– Mønsteret er tydeleg. Leiinga i Beograd identifiserer ei sak som problem, set opp barrikadar og mobiliserer i dei serbiskdominerte områda nord i Kosovo og får stor merksemd internasjonalt. Deretter sel dei seg inn som garantisten for at bråket ikkje skal eskalere. Dette er ein taktikk for å leie merksemda vekk frå eige vanstyre, seier Kværne.
Posisjoneringa
Det som vert halde fram som den viktigaste forklaringa på konfliktane, er likevel den grunnleggjande usemja om statusen til Kosovo. Formelt sett ser Serbia og den serbiske minoriteten i Kosovo framleis på Kosovo som sitt territorium, nær 13 år etter at Kosovo erklærte seg sjølvstendig.
Den nemnde Brussel-avtalen frå 2013 endra heller ikkje på det. Men der gjekk Serbia med på at lovverket i Kosovo òg skulle gjelde i dei fire serbiskdominerte kommunane i nord, mot at det skulle opprettast eit forbund for serbiskdominerte kommunar, som så skulle få ansvar for økonomisk utvikling, utdanning, helse og by- og distriktsplanlegging blant forbundsmedlemmene.
Seinare er rammeavtalen frå Brussel utvida og utdjupa med fleire nye avtaleelement, over 30 totalt, men nesten ingenting av dette har vorte gjennomført fullt ut, nett på grunn av usemje i spørsmålet om status.
Kosovoalbanarane er til dømes redde for at eit kommuneforbund i praksis opprettar ei serbisk eining – eit nytt Republika Srpska, ein av dei to delstatane i Bosnia-Hercegovina – inne i staten Kosovo, noko som på sikt kan splitte landet og hindre fullt sjølvstende. For serbarane sat det langt inne å akseptere ID-kort frå Kosovo, fordi dei fryktar det kan vere med på å legitimere status som sjølvstendig stat.
Konflikten mellom dei to vert òg forsterka internasjonalt fordi Serbia har støtte frå FN-vetomaktene Russland og Kina og fleire andre land. EU- og Nato-landa Spania, Kypros, Hellas, Romania og Slovakia er til dømes ikkje blant dei til saman 117 landa som ifølgje FN har anerkjent Kosovo så langt.
– Mykje positivt
Trass i konfliktane har den interne utviklinga i Kosovo dei siste åra vore god. Det seier Jens Erik Grøndahl som har vore Noregs ambassadør til Kosovo sidan 2019.
– Det har over tid vore fleire serbarar sør for elva Ibar (som deler byen Mitrovica nord i Kosovo i ein serbisk og albansk del, journ.merk.) enn nord for elva, og dei fleste i sør lever i albanske samfunn, og det går bra. Det har ikkje vore konfliktar der dei siste ti åra.
Han held fram at Kosovo òg scorar stadig betre på indikatorar som fridom, demokrati og antikorrupsjon på kåringane til World Justice Report og opplever økonomisk vekst og auka handel.
– Det finst òg rapportar som syner at det er ein monaleg auke i samhandelen mellom Kosovo og Serbia, dette vert berre ikkje kommunisert så høgt. Så det skjer altså mykje positivt. Men i dei politiske spørsmåla som knyter seg til Kosovos status som ny nasjon og deltaking i internasjonale organisasjonar, har det ikkje skjedd særleg sidan 2008, seier han.
Han legg til at dei stadige krisene og konflikteskaleringane om mindre ting som bilskilt og ID-kort stel merksemd frå arbeidet med å normalisere forholdet mellom Serbia og Kosovo.
– Konflikt på lågbluss
Det finst dei som meiner vestlege styresmakter, og særleg EU, òg må ta ein del av ansvaret for utviklinga i Kosovo.
Øyvind Østerud som er professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo, meiner normaliseringsprosessen i EU-regi har vore urealistisk frå starten.
– Kor seriøst det var tenkt, er vanskeleg å seie. Det var ei diplomatisk løysing for å roe ned situasjonen. Serbarane var heller ikkje interesserte i konflikt, dei ville tvert om hindre for mykje internasjonal merksemd og at ting vart sette på spissen, seier han.
Han vurderer det ikkje som truleg at situasjonen i Kosovo eskalerer til storkonflikt igjen no, men særleg optimistisk med tanke på ei betring av situasjonen, er han heller ikkje.
– Det beste vi kan håpe på, er at saka ligg relativt i ro og at ingen set ting på spissen, altså ein konflikt på lågbluss som ikkje kjem ut av kontroll. Det finst ingen teikn til at ei forhandlingsløysing mellom Kosovo og Serbia er realistisk no, seier han.
Seniorforskar Karsten Friis ved Norsk utanrikspolitisk institutt, Nupi, meiner derimot det er på tide at ting vert sette meir på spissen.
– Statusspørsmålet er heilt avgjerande. Kosovo må anerkjennast av både Serbia og resten av EU-landa før det går an å skape fred og stabilitet. Her må EU verte klarare overfor medlemslanda, særleg Spania, og så må Serbia stillast til veggs om kva dei vil i Kosovo. Ønskjer dei nær to millionar kosovoalbanarar inn i landet sitt? Det er ingenting som tyder på det, dei snakkar berre om at dei ønskjer Kosovos territorium, seier Friis.
– Vesten avgjer
Kværne meiner det fyrst og fremst er serbiske leiarar vestlege styresmakter no må leggje meir press på. Både fordi Serbia er den dominerande parten i regionen, og fordi serbiske styresmaktene har gått i både markant autokratisk og meir nasjonalistisk retning dei siste åra.
Han syner til at leiinga i sjølvstyrte Republika Srpska ope hyllar Putin og har gått inn for å bryte ut av Bosnia-Hercegovina for å slå seg saman med Serbia, og at politikken i Montenegro no òg i stor grad handlar om etnisitet og identitet.
– I Kosovo er hovudkravet til serbarane no dette kommuneforbundet, som dei vil skal verte eit nytt Republika Srpska. Men om det ikkje var slik at dei møtte ei overlegen militærmakt ved å gjere det, ville dei gått inn og erobra heile Kosovo, seier han.
Sjølv om Serbias president, Aleksandar Vucic, braut med det høgreradikale og nasjonalistiske Srpska Radikalna Stranka og danna det meir moderate og proeuropeiske Serbias progressive parti i 2008, er det ifølgje Kværne ingenting som tyder på at han har gått vekk frå det politiske prosjektet han var del av på 1990-talet.
– Vucic såg at han ikkje ville få makta i Serbia utan pro-EU-retorikk, men om det nokon gong har vore ærleg meint, er eg ikkje sikker på. Dei dominerande kreftene i Serbia i dag har retorisk kontinuitet tilbake til Miloševic-tida, seier han.
– Dersom vestlege leiarar ikkje vågar å gå imot det sjåvinistiske og nasjonalistiske prosjektet til dei serbiske leiarane på Balkan og setje klare grenser for det, vil vi berre kome til å sjå meir konflikt framover. Så det er Vestens eigne politikarar som avgjer om det skal vere konflikt eller ikkje, både i Kosovo og på Balkan, seier Kværne.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Det beste vi kan håpe på, er ein konflikt på lågbluss som ikkje kjem ut av kontroll.
Øyvind Østerud, professor i statsvitskap
– Dei dominerande kreftene i Serbia i dag har retorisk kontinuitet tilbake til Miloševic-tida.
Jon Kværne, gjesteforskar
ved Institutt for forsvarsstudium
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen