🎧 Vinter i Amerika
Verda sat fremst på stolane og venta på debatten,
og fekk sjå Amerika krympe.
Den amerikanske presidenten Donald Trump og presidentkandidaten til demokratane Joe Biden under den første av dei tre debattane i haust, i Cleveland i Ohio, onsdag morgon (norsk tid).
Foto: Brian Snyder / NTB
Lytt til artikkelen:
Eg har opplevd mange presidentkampanjar, og det har danna seg eit tydeleg mønster. Den grunnleggjande forteljinga eg er oppflaska med, via norske medium, er som følgjer: Av dei to kandidatane er den eine farleg og under middels intelligent. Den andre er litt meir som vi, og det er han vi skal heie på.
Merkeleg nok vel amerikanarane som oftast feil kandidat. «Idiotane» har ein lei tendens til å vinne.
Om eg går så langt tilbake som eg (så vidt) kan hugse, så startar vi med Richard Nixon (rep.). I mi tid har det vore fem valde republikanske presidentar (Nixon, Reagan, George H.W. Bush, George W. Bush og Trump – Gerald Ford blei aldri vald, men tok over som visepresident). Det har berre vore tre demokratar (Carter, Clinton, Obama) dei siste 50 åra.
Krona på verket, ja sjølve kronidioten, er Donald Trump. Han har fått oss til å gløyme kor mykje vi forakta til dømes George W. Bush – som starta fleire krigar, var totalt i lomma på big business og knapt i stand til å opne munnen utan at vi lo og peikte. Likevel står han i ettertid fram som ein veltalande gentleman samanlikna med Trump.
Kor skal dette ende, spør mange seg no. Kor er det blitt av det trygge, solide, normale Amerika?
Før TV-debatten i Cleveland natt til onsdag (norsk tid), sat milliardar av menneske over heile verda og lurte på kven av kandidatane som kom til å vise dei sterkaste teikna på mental eller kognitiv sjukdom. Vil Biden seie ting som indikerer at han er senil? Kjem Trump til å vise fram heile vifta av personlegdomsforstyrringar, eller berre vere normal, det vil seie ekstremt utriveleg og løgnaktig? Korleis kjem Biden til å takla det som garantert kjem?
Der låg mykje av spenninga. Så langt er vi komne.
Er denne utviklinga skjedd gradvis, eller representerer Trump eit radikalt brot som har endra det meste? Eg trur det første er mest riktig. USAs historie heilt fram til i dag er full av vald, korrupsjon, rotenskap som stadig tyt til overflata. Sjølv når leiaren har eit smilande og venleg ansikt, kan det verste i USA kome til syne i form av sjåvinisme, religiøs fundamentalisme, aggresjon, militarisme og patriotiske krigar. Målet er ofte ikkje berre å fremje amerikanske interesser, men amerikansk dominans i verda ved hjelp av vald, truslar om vald og dollar.
Dette er sjølvsagt ikkje på nokon måte heile historia. Eg har vore over det meste av landet, og er oppriktig glad i det. I det opne og venlege, i landskapa, populærkulturen og den amerikanske fridomen. Folk rundt i landet ber ofte på flotte ideal og er lite kyniske. Dei dyrkar ein røff og ikkje-ekskluderande individualisme som kanskje er bygd på mytar, men likevel er sjarmerande og interessant å møte andlet til andlet.
Men den mørke sida er veldig mørk, og ein får ofte ei kjensle av at ho ligg rett under overflata. Av at folk går rundt med store hòl i seg, og at det er lett å trigge dei verste, paranoide sidene, spesielt i vanskelege tider.
Det er i høg grad dette doble eller schizofrene som fascinerer oss. Og ikkje misforstå: Eg trur ikkje eg er original når eg peiker på dette. Det er snarare ein klisjé, og kanskje den får forme vårt syn på USA i for sterk grad.
For kva var forteljinga no, før debatten i Cleveland, Ohio?
Jau, det er at Trump er i ferd med å øydelegge det ekte Amerika. Han fører det bort frå lyset og inn ein mørk vinter av splid og uorden. Ifølgje denne forteljinga er det kampen for Amerikas sjel vi skal sjå framfor oss, i debatten mellom Donald Trump og Joe Biden. Det er tydeleg at Biden sjølv legg opp til at flest mogleg av veljarane skal dele denne situasjonsforståinga fram mot valet i november. Men det er noko som skurrar i dikotomien, todelinga liknar i struktur for mykje på dei store religiøse forteljingane.
Kva slags USA var det Trump ville gjere stort igjen? Jau, det var eit USA som gamle amerikanarar trur dei minnest, frå 1960-talet. Den gong grillen var skrudd saman på ein fabrikk ein plass i det nordlege Midtvesten, kanskje i Cleveland, og metallet kom frå smelteverk i same region, la oss seie Pittsburgh, Detroit eller Scranton, der Biden kjem frå. Biffane som blei steikte, var frå kyr som hadde beita på de veldige utmarkene Texas, Wyoming eller Nebraska, mens the Marlboro Man passa på frå hesten sin.
Slik er ikkje USA lenger. Industriområda i Midtvesten har i mange år vore omtala som «rustbeltet». Marlboro-mennene (dei var fleire) døydde av kreft, ein etter ein. Prosentdelen kvite har gått ned, men ikkje så dramatisk som mange trur – med om lag tjue prosent samanlikna med 1960, då ni av ti amerikanarar var kvite. Kanskje viktigare: Grillen og dei fleste ting amerikanarane har rundt seg, er ikkje lenger produserte i USA, men i Kina, Vietnam, Mexico, Tyskland og så bortetter. Det er denne doble kvite angsten av etnisk og økonomisk utryggleik som Trump rir på, heilt ope og utan skam – og som gjer at han kanskje vinn valet på nytt i november.
Det er natt, men eg kjenner meg ikkje aleine. Berre i Noreg sit fleire hundre tusen oppe klokka tre om natta og ventar på å følgje med på dette. Interessa rundt amerikansk politikk i Noreg er absurd, og eg trur ho er større enn i noko anna europeisk land. Korleis blei amerikansk politikk ein nasjonal hobby som tar mykje meir plass og tid enn til dømes skigåing eller å vere på båttur? Litt av forklaringa er at norske medium dagleg, ja frå time til time, fôrar oss med ein jamn straum av nyhende frå USA. Det er inga grense for kor trivielle dei kan vere. Alle innslag USA-korrespondentane lagar, går rett inn, kvar dag. Korrespondentar andre stader må ofte selje inn sakane sine til motvillige redaktørar (har profilerte utanriksfolk i NRK fortalt meg). NRK-redaktørane trur dei serverer folk dette stoffet fordi dei etterspør det, men folk etterspør det jo òg fordi NRK, VG og andre medium tilbyr dei det. NRK er høna og Trump egget. Det er umogleg å skjerme seg mot denne massive dekninga, med mindre ein kappar alle kablar inn i heimen og hiv mobiltelefonen. Nokre av reporterane blir etter ei stund sjølv så amerikaniserte at det dei leverer, er ein slags amerikansk lokaljournalistikk, bortsett frå at han ville vore for triviell for dei fleste amerikanske medium.
Det er ikkje berre uskuldig tidsfordriv. Vinklingane er ofte så innforståtte at vi, det norske publikum, over tid adopterer det amerikanske verdsbiletet. Passiv amerikanisering er blitt eit mykje større problem enn passiv røyking.
Så er vi i gang. Moderatoren i debatten kjem frå Fox News og heiter Chris Wallace. Han startar med å fortelje deltakarane om reglane for debatten. Det kunne han ha spart seg. For nesten frå første stund er det klart at Trump ikkje har tenkt å følgje dei.
Trump blir først bedt om å forklare kvifor han skal peike ut ein ny dommar til høgsterett, som erstatning for Ruth Bader Ginsburg, rett før valet. Han svarer rasjonelt og førebudd på dette. Så er det Jo Bidens tur. Alt verkar ganske normalt og sivilisert… i nokre få minutt til.
I andre bolk, som handlar om medisinar og Obamacare, kjem situasjonen ut av kontroll. Trump snakkar ikkje berre i munnen på Biden, men også på moderatoren. Sabotasjen får ingen konsekvensar. Resten av sendinga er som å lytte til to radioar som står på ulike pratekanalar i same rom, høgt. Det verkar – og verker.
Biden blir vippa av pinnen. Det er ikkje senilitet. Også ein 26 år gammal topptrena astronaut ville mista konsentrasjonen under slike tilhøve. Romskipet ville treft jorda med feil vinkel og brunne opp.
Trump får no inn flest innøvde onelinerar. Når Biden seier at også han vil ta opp kampen mot «Big Pharma», spør Trump om kvifor vi skal tru han no, når han ikkje har gjort det «i løpet av alle dei 47 åra (!) han har vore i politikken». Litt seinare seier Trump: «Don’t ever use the word smart with me.» Så fortel han om kva karakterar Biden fekk på universitetet. «There’s nothing smart about you, Joe.»
Eit takras av ord som ikkje kan skiljast frå kvarandre. Dette er altså det halve verda har sete fremst på stolkanten og venta på? Den viktigaste politiske debatten på fleire år? «Will you shut up?», sa Biden. Ikkje for å vere frekk, meir som ein spontan bøn.
Korona er eit sjølvsagt tema, og her får Biden trass alt inn nokre stikk. Men eg får ei kjensle av at Trump no har øydelagt rytmen til Biden, og det blir litt stakkato. Kanskje er Bidens problem at han har så mykje å ta Trump på her at argumenta gløymer å trekke kølapp på veg ut av munnen. I tillegg er det sjølvsagt alle avbrytingane og stikka. Reint teknisk er Trump ein sann meister i dette, Al Jarreau eller andre spontane jazzvokalistar kunne neppe gjort ein betre jobb.
Biden går i det eg trur er ei felle, når han freistar å ta Trump på bruk av munnbind. Trump sår tvil om munnbind betyr så mykje frå eller til i dei fleste samanhengar, og er dermed ganske på linje med norske helsestyresmakter. Dessutan meiner Trump alt av sosial distansering og masker er heilt unødvendig i dei folkemøta som Joe Biden har hatt, for der kjem det stort sett berre tre personar. Det er litt morosamt, synest eg. Her kunne Biden svart med ein spøk om noko Trump sa for et par veker sidan, at han vona USA kom til å bli redda av flokkmentalitet (herd mentality), når han meinte flokkimmunitet (herd immunity). Men det gjer han ikkje. Biden er ikkje nokon stor talar i utgangspunktet, og når Trump konstant avbryt han, er det så vidt han greier å henge med.
Temaet blir «the October surprise», om at Trump berre betaler smular i skatt, slik New York Times avslørte for nokre dagar sidan. Dette greier vel ikkje Biden å rote bort? Jau, det gjer han faktisk. Trump nektar kategorisk for at det New York Times skriv, er sant. Han hevdar at han betalte millionar i skatt både i 2016 og i 2017. Kven som lyg om dette, veit ikkje eg, men det burde jo ikkje vere eit spørsmål om tolking, om påstand mot påstand, men reine data i form av tal som står svart på kvitt. Eg skjøner ikkje at dette òg skal vere så vanskeleg å slå fast, men alt rundt Trump har ein tendens til å løyse seg opp og smelte. Hugs at vi i to år – også i Noreg – fekk daglege oppdateringar om relasjonen hans til russarane. Alt USA har av ressursar, blei sett inn for å ta han for dette. Men alt løyste seg opp, alle høyringane, granskingane, rapportane, CIA-etterforskingane, alt. Sjølv vi nordmenn kasta bort ein månad av livet på å høyre om dette.
Om presidenten i gamle dagar hadde blitt tatt i rein løgn, ville det vore ein skandale. I dag er skiljet mellom løgn og sanning så å seie utviska. Trump har vist at dette ikkje lenger er noko avgjerande skilje, heller ikkje i eit demokrati. Konsekvensen av å lyge er ikkje større enn å greie håret motsett veg enn det du gjorde før.
Om ein lyg heile tida, blir sjokkeffekten sjølvsagt borte temmeleg raskt. Gammaldagse aviser trudde det hjelpte å loggføre ti tusen Trump-løgner, men det var feil. Å freiste å ta ein slik mann i løgn, til dømes på ein scene i Cleveland, er òg noko ein skal passe seg for. For om ein henger seg opp i éi løgn, og freistar å vise kvifor akkurat dette er løgn, kan ein få inntrykk av at akkurat denne løgna er spesielt viktig, ja nærast eit unntak, og at det andre han seier, er litt meir sant. Det Trump driv med, er teppebombing. Det er vanskeleg å stoppe dette for Biden. Samtalen om Trumps personlege økonomi og den enorme gjelda han ifølgje New York Times har, blir til ingenting.
«Samtalen», som for lengst har høyrt heime i hermeteikn, går over på økonomien generelt. Temaet blir oppgangar og nedgangar. Korleis skal ein skal kome seg ut av krisa? Kva skjer med industrien? Er han blitt styrkt, slik Trump seier, sidan han har vore så hard med Kina? Trump seier både dette, at alt går mykje betre, og at covid-19 er grunnen til at det ikkje går så bra. Det er som når John Belushi i filmen Blues Brothers seier at han kom for seint til møtet han svor på å nå, både fordi bilen blei stolen, og fordi den same stolne bilen punkterte på veg til møtet. Biden mistar fullstendig tråden. Når han skal legge fram eit argument i tre ledd, kjem han berre til argument «number one». Det er avbrota si skuld, for når Biden seier «number two», smett Trump inn: «You are number two, Joe.» Joe gløymer nummer to og nummer tre. Han blir litt perpleks, men freistar å skjerpe seg. Her er det ikkje mykje tid til å hente seg inn. Eg kjem plutseleg på eit sitat av Mark Twain, som faktisk ikkje handlar om Facebook: «Never argue with stupid people. They will drag you down to their level and then beat you with experience.»
Ikkje at Trump er stupid. Han må snarare vere eit geni, på mange måtar, eller i det minste veldig slu. Kor mange greier å bli president i USA utan å eigentleg vilje det? Det var ein slags sjuk spøk som tok av, til han sat, står det i bøkene til dei som samarbeidde med han i starten, med hovudet i hendene og lurte på kva han skulle gjere no. Var det konkurranseinstinktet og forfengelegskapen som slo inn? For no vil han verkeleg vinne, han er meir skjerpa enn eg har sett han. Kanskje fordi ein siger vil halde han unna fengsel og konkurs, kanskje fordi han hatar å tape.
Når Kina blir tema, dreier Trump heile diskusjonen inn på Ukraina-eventyret til Bidens son Hunter. Utan at han hadde noka erfaring frå energisektoren, fekk Hunter av mystiske grunnar store pengesummar for å sitje i styret til energiselskapet Burisma. Dette tar fleire minutt. Trump er god til å lukte svake punkt, og han veit at Biden ikkje har gode svar her. På eit tidspunkt i denne bolken kallar Biden Trump for ein «klovn». Men han rettar seg sjølv med ein gong. Eg er usikker på om det er ei reell forsnakking, eller om Biden hadde planlagt å liksom-forsnakke seg på denne måten for å få i pose og sekk («eg seier sanninga rett ut, men eg er jo ikkje på hans nivå, eg er ein gentleman, så eg må late som eg korrigerer meg sjølv»). Om Trump hadde sagt det same, ville eg ikkje vore i tvil om det var planlagt eller spontant. Det ville nesten garantert vore spontant. Mens Trump tar alt på instinkt, kan ikkje Biden unne seg det.
Dei to har ikkje berre heilt ulik stil, men også heilt forskjellige idear om korleis dei vil bli oppfatta. Biden ønsker gjerne å bli sett på som folkeleg, og nemner bakgrunnen sin som irsk-katolsk arbeidarklasse frå Scranton, ein hard by i Pennsylvania. Også her bryt Trump med alle uskrivne reglar. Han freistar ikkje å bli sett som nokon vanleg fyr, men som det motsette, som ein einar som er best i verda på omtrent alt – meir intelligent, rikare, djervare og meir vellykka enn alle andre. Korleis kan ein forklare at så mange slitne amerikanarar likar Trump så godt? Ein ting er forakta for det politiske (men ikkje det økonomiske) etablissementet, der står Trump ikkje tilbake for nokon. Kan hende supporterane òg finn Trump frigjerande utypisk, samanlikna med den falske folkelege stilen andre freistar å smykke seg med. Då Biden i 1988 ville bli presidentkandidat, blei det avslørt at han stal delar av ein tale frå den radikale britiske Labour-politikaren Neil Kinnock, der briten snakka om sin eigen arbeidarklassebakgrunn. Han stal kjenslene til ein fyr frå Wales.
Når dei går over til open appell rundt rasespørsmål, Charlottesville, opptøyar og svarte, klarer Biden seg betre, og han er meir populær blant svarte enn Trump. Men Trump veit å få fram at Bidens historie på dette feltet ikkje berre fortener skryt. For då Biden stelte med lov og orden (han er advokat) i Senatet, var han med på innstrammingane som førte til kraftige oppsving i den private fengselsindustrien. Mange hundre tusen nye fengselsplassar blei fylte opp av svarte, mange med narkotikarelaterte dommar (ofte knytte til eigen bruk). Når vi først er inne på det: Biden oppmuntra òg til Bushs Irak-invasjon og Obamas krig mot terror. Det er ikkje akkurat nokon hippie som blir vald om han vinn.
Biden blir spurd om skattar, og går til åtak på Trump, som igjen vrir det over til Hunter Biden. Det er tydeleg at Trump ser dette som sitt trumfkort. Alle desse angrepa på sonen til Joe Biden har ein enkel, vondsinna understraum som dei fleste amerikanarar gjenkjenner. Ein av Bidens fremste kvalifikasjonar, slik historia hans er blitt presentert av demokratane, har å gjere med evna til medkjensle. Han har lært seg dette på den harde måten, ved å miste så mange av sine aller næraste i ulykker og sjukdom. Kona og dottera, som berre var nokre månader gammal, blei drepne i ei bilulykke i 1972, sønene Hunter og Beau blei hardt skadde. Dei reiste seg saman.
Historia demokratane har laga, er at Biden er ein mann som betre enn nokon veit å overvinne sorg og motgang. No skal han lækje sjela til nasjonen, etter at Trump har påført ho så stor skade, for denne sjela er i ei slags kollektiv sorg som eksperten Biden har ein kur mot. Biden skal gjere ting godt igjen og føre USA tilbake til det trygge og normale.
Ein kan spørje om denne forteljinga, som var tydeleg under partikongressen i Atlanta, er så lur. Er det ikkje nett «normalen» dei som støttar Trump hatar og vil bli kvitt, nærast koste kva det koste må? Når Trump angrip Hunter, gjer det uansett vondt for Biden. Etter å ha blitt spurd tretti gonger om Hunter, tar Joe i staden til å snakke om den eldste son sin, Beau Biden, som var «krigshelt i Irak», om nokon kan kallast det – men døydde av kreft i 2015.
Først når Biden har snakka om Beau, og om Hunters problem med narkotika, sluttar Trump. Men då er det jo ikkje så lenge igjen.
Måten Bidan ler, ristar på hovudet og svarer Trump på («shut up», «keep yappin»), viser at han blir dratt med på leiken, slik Trump garantert ønsker. Moderatoren Wallace mistar fullstendig kontrollen på Trump, sjølv om han fleire gonger verkeleg freistar å temme han. Han kunne like gjerne prøvd å få ein frosk til å mjaue.
Berre éin gong denne kvelden synest eg Biden er klart betre enn Trump. Det er når klimakrise blir tema. Trump meiner det største problemet er måten skogar blir haldne ved like på. Det er for mykje tørt lauv og kvistar på bakken, det kan ta fyr, ein må få tak i fleire skogvaktarar og gje dei kvar si rive. Her vinn Biden klart, og det skulle berre mangle. Men får han nokon av Trumps veljarar til å skifte meining? Trur dei på at den grøne økonomien kjem til å skape masse nye arbeidsplassar, eller at global oppvarming i det heile tatt er ekte.
Biden er også over sitt eige snitt når han snakkar om valet og om at Trump har sådd tvil om han kjem til å akseptere resultatet, som det har vore mange oppslag rundt dei siste vekene. Det kan lett oppstå ein situasjon som under valet i 2000, då Al Gore gav etter og tilkjende George W. Bush sigeren, sjølv om det var påvist svært irregulære ting i Florida, der mange røyster ikkje var talde opp – og desse røystene kunne avgjere heile valet, som var ekstremt tett. Bush-leiren brukte alt dei hadde av juridiske knep for å hindre at røystene blei talde på nytt. Gore tok ansvar og gav etter, av omsyn til nasjonen, for å unngå kaos og sørgje for eit ryddig skifte av president. Mange meiner Bush stal dette valet.
Korleis trur du Trump kjem til å agera under liknande tilhøve?
Florida kan bli eit problem denne gongen òg. Spørsmålet er kven som har rett til å røyste eller ikkje, noko som er uklart på grunn av lovendringar i delstaten dei siste åra. Desse lovane er retta inn mot å nekte folk som er straffa, å røyste. Om ein ikkje har gjort opp all gjeld, inkludert kostnadene for rettssaka, vil ein ikkje kunne registrere seg. Og for mange er det heilt umogleg å finne ut kor mykje dei eigentleg skuldar, og dermed å kjøpe seg fri til å røyste.
Det var ikkje berre Josef K. som sleit med byråkratiet. Praksisen i Florida er høgst sannsynleg grunnlovsstridig. Kva røyster som skal telje og ikkje, kan vere ei av mange kjelder til langvarige rettslege tvistar, om det er vilje til det – og trur du Trump har den viljen?
Den som er interessert i dei barokke metodane som finst i det amerikanske systemet for å sette demokratiet på pause, bør ta ein kikk på jussprofessoren Lawrence Douglas (ganske) nye bok Will He Go? Trump and the Looming Electoral Meltdown in 2020.
Det ser ikkje så veldig bra ut, nei. Trump sa under debatten, med litt andre ord, at heile det amerikanske valsystemet er korrupt, at det er ope for juks og bedrag på grunn av alle postrøystene. Han trur at dei fleste som røystar via post, støttar Biden, og valforskarane trur dette er rett. Kva gjer Trump? Det er klart at han tyner løyvingane til US Postal Service, slik at dei skal få problem med å handsame posten, og dermed vil spådommane hans om at dei ikkje er i stand til å handtere dette, gå i oppfylling.
Trump har heilt rett: Det er mykje som kan gå gale og skape kontroversar etter valet i november. Eitt problem er at presidenten formelt sett ikkje blir vald av folket, men av eit kollegium av valmenn. Ein har ingen mekanismar som garanterer at desse valmennene gjer som folket har sagt. At dei stort sett alltid har gjort det, er berre skikk og bruk – altså nett det som vi veit at Donald Trump ikkje bryr seg det minste om.
«This is not going to end well», sa han rett ut mot slutten i Cleveland, då samtalen dreidde seg om valet og om han kom til å akseptere eit nederlag. Og det kan vise seg å bli det mest sanne han sa denne kvelden. Om han taper, vil dei mange millionane postrøyster, skuldingar om fusk og så bortetter bli mat for rettsvesenet. Og det kan ta tid.
Eit anna problem, og dette synest eg er smått utruleg, er dei elektroniske valmaskinane som blir nytta. Dei blir leverte av ei rekke private føretak, og mange av dei – både føretaka og maskinane – har vist seg å vere upålitelege og opne for manipulasjon. Trumps låge respekt for dei demokratiske prinsippa kan bli ein stor test for det amerikanske demokratiet, som ikkje er så gjennomtenkt og teknisk solid som vi alltid har fått høyre. Sjølv om han vinn valet, kan det bli kaos og rettssaker i lange tider, om til dømes nokre av dei 538 valmennene gir røysta si til Biden sjølv om ho skulle ha gått til Trump.
Så langt har vi snakka om problem knytte til å telje røystene. Ikkje om innblanding frå framande statar og den typen manipulasjon som blei avslørt då Trump blei vald første gong. Vi kan vere sikre på at algoritmane jobbar på spreng, med presist målretta manipulasjon akkurat mot dei veljarane der det har størst effekt. Kva skjer om det rett etter valet viser seg at dette har gått føre seg også denne gongen?
Valkampfinansiering er òg eit minefelt. Mens vi i Noreg ofte latar som om politikken er eit autonomt område, fristilt frå slike harde økonomiske realitetar og særinteresser, har USA aldri hatt slike illusjonar. Om eit selskap eller ein bransje i USA betaler ein politikar store pengesummar for å fremje deira interesser, så gjer han det. Dei grensene som eksisterte tidlegare, for å dempe kjøp av innflytelse, er langt på veg fjerna. Ein har rett og slett løyst problemet med ulovleg korrupsjon ved å gjere korrupsjon lovleg. Men det finst enno nokre reglar som kan skape store juridiske problem. Og lovane er ikkje alltid så klare. Kva ulike gamle formuleringar eigentleg skal tyde, vil toppadvokatar ikkje ha nokon problem med å så juridisk splid om, i rettsinstans etter rettsinstans. Nei, det er ikkje like greitt å halde demokratiske val i USA som i Noreg – eller i India.
Heilt mot slutten sa Trump at han skulle ta avstand frå kva som helst av vald og ekstremisme. Han enda med å be ei av dei mest våpenglade og fascistiske kvite gruppene i landet («Proud boys») om å tre tilbake men vere klare («stand back and stand by»).
Korleis skal ein samanfatte ein debatt som dette? Det har vore anti-opplysing. Det har vore uverdig. Det har stinka og vore ute av kontroll. Som ein brann i ei søppelkasse.
«Leiaren av den frie verda», «the shining city upon a hill» har skjemt ut USA mens heile verda såg på. Trump er forretningsmann og måler svært mykje i pengar. Han ser ofte USA som ei diger bedrift eller forretning. For slike er PR ekstremt viktig, og negativ PR er ein stor kostnad. Men Trump ser ikkje ut til å ha det med i rekneskapen i det heile tatt.
Rett etter debatten, i ei opinionsmåling i regi av CNN, svarte 60 prosent at dei syntest Biden vann, berre 28 at Trump gjorde det. Av dei spurde var det rett nok flest demokratar eller uavhengige, berre 25 prosent definerte seg som republikanarar. Trump skåra likevel lågare enn eg hadde trudd. Andre tal i same undersøking viser at han skuffa forventningane til mange sjåarar. Eg er usikker på kva denne spontane reaksjonen fortel oss. Kanskje at forventningane til Biden var ekstremt låge på førehand. Lista låg svært lågt, og mange syntest Biden kom seg over i og med at han ikkje viste klare teikn til demens. Hurra. Mange reagerte òg på at Trump avbraut Biden fleire hundre gonger.
Det er uansett ikkje sikkert det betyr mykje. Under same type debatt mellom Hillary Clinton og Trump for fire år sidan var tala like, men endå litt klarare i Clintons favør. Og vi veit korleis det gjekk til slutt.
Historia om det amerikanske demokratiet er i endring. Kanskje er det på høg tid å endre forteljinga om USA og kva vi kan forvente derfrå. Kor lenge skal vi vente på at det friske, sunne Amerika skal kome tilbake, slik at landet igjen hamnar på rett spor? Og kjem «tilbake» til den versjonen av USA som vi kjenner så godt frå propagandaen, fiksjonen, TV-seriar og actionfilmar?
Den mest kjende amerikanske serien om politikk er Presidenten (West Wing). Martin Sheen speler hovudrolla som president, og han er verdig, rettferdig, uhyre intelligent, svært godt utdanna og progressiv, til liks med heile staben rundt han. Dei bruker landets enorme ressursar til beste for heile verda. Interessene til USA og resten av verda er stort sett samanfallande. Denne våte liberale draumen er amerikansk underhaldning – og ideologiproduksjon – på sitt beste.
Sjølvsagt stemmer ikkje det ideelle, mytologiske bilete overeins med røynda i det heile tatt. I Presidenten og mange hundre spenningsfilmar er premissane og konvensjonane nesten alltid heilt like. Nokon freistar å rokke ved eit system som i normalsituasjonen fungerer utmerkt. Dei som gjer dette, er blitt vonde, som individ. Sjølve systemet er det ikkje noko gale med. Men enkelte korrumperte personar eller små grupper, anten krefter utanfrå, eller rotne eple på innsida, bryt reglane og set alt på spel med konspirasjonar som skal lure systemet. Heilt til helten kjempar dei ned med vald og opprettar normalsituasjonen igjen, slik at alle kan puste letta ut når rulleteksten kjem. Smottholet blir tetta, og Amerika blir stort igjen. Og igjen og igjen og igjen.
Er denne fiksjonen no i ferd med å rakne fullstendig? Er sjukdommen ikkje på utsida, men på innsida av sjølve systemet? Er vår tru på USA berre skuggen av deira eiga forteljing om at Gud er med dei, og litt sjåvinistisk på vegner av dei?
Det er i så fall ikkje noko å godte seg over, om USAs ideal kollapsar. USA er framleis verdas største økonomi, og ei totalt dominerande supermakt, militært og teknologisk. Amerikansk deltaking og leiarskap er nødvendig, om vi skal ha noko håp om å takle klimakrisa og andre globale problem. Vi treng dei, men dei treng ikkje oss. Det er vel derfor vi lengtar slik etter at dei skal skine og vere på sitt beste, sjølv om dei aldri har vore det.
Som ein god nordmann håper eg pendelen svingar andre vegen og viser meir den lyse sida av Janus-andletet. At amerikanarane denne gongen røystar rett. Men eg er slett ikkje sikker på at det kjem til å skje. Det er ein seigliva myte at det romerske imperiet bukka under på grunn av at barbarane kom nordfrå og austfrå. Men det var ikkje gotarar eller hunarar som fekk det til å rakne. Då det skjedde, hadde dei allereie øydelagt alt sjølv, med borgarkrig og indre splid.
Morten A. Strøksnes
Morten A. Strøksnes er forfattar ogfast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

I to år ble vi oppdatert om hans relasjon til russarane, men alt kring Trump har ein tendens til å løyse seg opp.
Etter debatten mellom Hilary Clinton og Trump for fire år sidan var
tala endå litt klarare i Clintons favør.
Om Biden henger seg opp i éi løgn, kan ein få inntrykk av at det andre Trump seier, er litt meir sant.
Fleire artiklar
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»
150-årsjubilant: den austerrikske komponisten Arnold Schönberg (1874–1951).
Fredshymne
Kammerchor Stuttgart tolkar Schönbergs «illusjon for blandakor» truverdig.
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.