JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Bankkrigen

Kor mykje kan Vesten oppnå med sanksjonar mot Russland?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den ukrainske presidenten Volodymyr Zelenskyj talte til Tryggingsrådet i FN via videolink 5. april. Rådet sit talande nok med ryggen til: Sidan Russland har vetorett, er det umogleg for rådet å vedta bindande sanksjonar mot invasjonen i Ukraina.

Foto: Andrew Kelly / Reuters / NTB

11115
20220408
11115
20220408

Kreml har gjeninnført krig som politisk instrument i Europa. Sidan 24. februar har russiske styrkar drive ein koordinert land-, sjø- og luftkrig mot Ukraina. Målet er å presse Ukraina til territorielle, politiske og militære innrømmingar som «Russland kan leve med». Det er heilagbrot.

Medan europearane skramlar saman det vi har av våpen og legg planar for korleis vi skal styrkje oss om nokre år, rasar den konvensjonelle krigen til Russland utanfor stoveglaset. Europa har sjølvsagt teke parti med Ukraina mot aggressoren. Vi har ekskludert russiske fly frå europeisk luftrom og leverer våpen til bruk i den eksistensielle kampen til ukrainarane. Utover dette skal Europa stogge eit aggressivt Russland med jus og økonomi.

Sigra over krigen

Europa er i villreie. Etter at to verdskrigar la heile europeiske ungdomskull i graver og europeiske byar i grus, vart eit jarnteppe senka over Europa for å halde krigen unna kontinentet. Dei blodige, varme krigane mellom aust og vest fann stad «i andre teater» – til dømes Vietnam, Afghanistan, Guatemala, Kongo og Jemen. Hjå oss var krigen kald.

Nato vart etablert for å gje USA nok fotfeste til å sleppe å redde Europa ein tredje gong. Den europeiske unionen vart danna for å førebyggje krig mellom Tyskland og Frankrike, Italia og Spania, Nederland, Storbritannia og Austerrike, og etter kvart mellom austeuropeiske land òg. Kald krig med jarnteppe i aust og økonomisk og kulturell integrasjon i vest braut syklusar med «ein krig for kvar generasjon» på kontinentet.

Mantraet var at krig aldri meir skulle kome til Europa, korkje frå ein ytre trussel (det sørgde Nato for) eller ein indre trussel (det var EUs oppgåve). Europa kasta krig på historias skraphaug, og då verda igjen vart klar for eit samla Tyskland, var alle samde om at EU med Tyskland i tet skulle vere ei økonomisk stormakt.

Slik har vi bygd vårt Europa – ut frå ein tanke om at dersom vi lagar ei verd der krig er utenkjeleg, sigrar vi over krigen. Medan amerikanarane etter 2001 gjekk til krig mot krig i form av «terrorisme», hevda europearane å ha vunne over sjølve krigen. Han var eit tilbakelagt stadium i utviklinga til mennesket.

Oppvakninga

Dei siste åra har dårlege omen likevel stått i kø. Kinesarane, russarane og amerikanarane rustar opp. Det same gjer mellomstore statar sør for Europa. Emmanuel Macron har ropt ulv, men ingen har høyrt på han, for franskmennene har vel alltid sine eigne motiv, særleg i Afrika.

Etter at Russland byrja å nytte militærmakt i Ukraina i 2014, og Tyrkia opna flyktningslusa mot Europa i 2015, kom amerikanarane med klar beskjed til europearane: «No er det vel på tide å tenkje på vinteren, folkens?» Kvifor det, spurde europearane. Vi har jo sigra over krigen! Ein stormannsgalen tyrkisk statsleiar som Erdogan kan ikkje få diktere Europa.

I 2018 kom plumpare utsegner frå Det kvite huset, som at «det er ikkje sikkert at europearane kan lita på Amerika...». Europearane avskreiv åtvaringane fordi dei kom frå ein statsleiar med oransje hentesveis og ustabil psyke. Men no har jammen presidenten i Russland òg vorte sinnssjuk.

Den 24. februar vakna EU opp til krig i bislaget. Katastrofen var eit faktum, Russlands invasjon av Ukraina ein hard realitet, og ei evig sanning demra for europearane: Når våpena rår, har du ikkje mykje å stille opp med om du ikkje har våpen. Tyskland har snudd og rustar opp raskt, men neppe raskt nok til at det hjelper Ukraina. Tryggingsrådet i FN er sett på sidelina av russisk veto og kan ikkje instruere medlemsstatane om å snu ryggen til aggressoren og ta parti med Ukraina. Utan vilje til å risikere ein tredje verdskrig er ikkje handlingsrommet så stort. Russland skal i staden stoggast med økonomiske sanksjonar.

Av dei rundt 180 sakskompleksa i verda som har vorte handterte med økonomiske sanksjonar etter andre verdskrig, har sanksjonane berre fungert i kring ein tredel. Sanksjonar kan rettast mot statar, organisasjonar, selskap og personar. Dei vert nytta til å presse styresmakter til å gjere eller unnlate å gjere noko.

I krigar kan sanksjonar òg tene som alternativ til militærmakt, gjennom å blokkere tilgang på våpen, drivstoff og mat – eller pengar – som held krigen i gang. Slik svekkjer ein fienden militært. Over tid. Kveler ein krigsøkonomien, hindrar ein logistikken som trengst for å halde fram krigen. Sanksjonar kan òg nyttast til å svekkje ein motstandarstat før eit militæråtak – sanksjonane mot Irak gjennom 12 år før krigen i 2003 svekte til dømes regimet til Saddam Hussein og gjorde den militære overtakinga lettare. Sanksjonar kan gjere så mangt.

Blokkert i FN

Det er dei multilaterale sanksjonane som verkar klart best. Då er alle medlemsstatar i FN pålagde å følgje sanksjonane, og ein stat som bryt dei, kan straffast. Men vegen til multilaterale sanksjonar går gjennom FNs tryggingsråd, og den vegen har Russland blokkert. Då står vi att med «politiske» sanksjonar. Her er det opp til kvar stat. Ein stat som har fordømt Russlands invasjon som aggresjon, står likevel fritt til å late vere å innføre sanksjonar mot Russland. At 161 statar fordømde Russlands krig i generalforsamlinga til FN, er ikkje det same som at 161 statar har innført sanksjonar mot Russland.

Georgia, landet som saman med Ukraina håpar på ein dag å bli Nato-medlem, og som vart utsett for ein russisk krig i 2008, held låg profil og er ikkje med på sanksjonar. Det same gjeld Tyrkia, ein erklært «ven av begge nasjonar». Tyrkia har utløyst Bosporos-traktaten fordi det teknisk sett er «krig», men har ikkje dermed teke parti. Israel meiner at Russland har gått til aggresjonskrig i Ukraina, men har kome med ei lang utgreiing om kor avhengig Israels er av Russland, og tek ikkje stilling. Det gjer heller ikkje Brasil.

Dei andre framveksande økonomiane i BRIC, India og Sør-Afrika, har ikkje røysta mot Russland. India er mottakar av russiske våpen, og Lavrov var nyleg i Delhi for å takke for det gode samarbeidet. India vart teken opp i Shanghai-samarbeidsorganisasjonen (SCO) i 2017 og har mykje å hente frå det multilaterale samarbeidet med Russland her, gjerne som motpol til Kina. Heller ikkje statane i SCO deltek i sanksjonar mot Russland.

Vestlege sanksjonar

Bak sanksjonsregimet mot Russland står Europa, med EU, Storbritannia, Sveits, Noreg og Island, i tillegg til USA, Australia, Canada, New Zealand, Japan og Singapore. Det er Europa og den anglosaksiske verda som særleg skal tukte Russland økonomisk.

EU har innført fire store økonomiske sanksjonspakkar (finans, bankar, forsvar, teknologi), pluss sanksjonar mot russiske eigarinteresser og reiseforbod for russiske politikarar og oligarkar, for «handlingar som trugar Ukrainas territorielle integritet». Dette skjedde i 2014, altså for åtte år sidan. Sanksjonane har vorte skjerpa sidan. Etter 24. februar har det så langt kome fire nye sanksjonspakkar (finans, sentralbanken, SWIFT og statseigde selskap) som rammar allereie sanksjonerte sektorar. Tiltaka er omfattande, men det er ikkje tale om økonomiske bomber.

EU handsamar no den femte sanksjonspakken. Både kol og olje er med i spelet. I 2020 kom 20 prosent av kolimporten til EU frå Russland, 36 prosent av oljen og 41 prosent av gassen. Tyskland vegrar seg for å skru av gassen, men tyskarane åleine subsidierer framleis Kremls krig med rundt 220 millionar dollar dagen.

Nye amerikanske sanksjonar kjem på toppen av dette. USA innførte sanksjonar mot russiske bankar i 2014. Kvart år har sanksjonane blitt skjerpa, og i april i 2021 innførte Biden unntakstilstand i forholdet til Russland. Det gjev heimel for innskjerpinga av tiltaka som skjer no.

Men her òg har sanksjonane sine grenser. Då Moskva under forhandlingane om atomavtalen med Iran nyleg kravde at USAs sanksjonslette mot Iran ikkje skal skade Russland (eit krav Kina tykte var rimeleg), vart Det kvite hus med på notane etter ei veke. Amerikanarane er for sanksjonar, ja visst, men ikkje over stokk og stein.

Dei vestlege sanksjonane mot russiske bankar og finanssektorar svir, men det er altså «tilleggssanksjonar». Går vestlege land for langt, kan Kina ta Moskva sitt parti, og land i aust og sør kan innføre sanksjonar i retur mot vestlege land. Då kan alt skje. Dei økonomiske sanksjonane mot Russland er framleis målretta og tempererte. Denne bankkrigen er ikkje akkurat knusande for Russland.

Jussens grenser

Kva så med jussen? I ei rettsleggjord verd må vel domstolar kunne straffe aggressive krigshissarar som bryt maktforbodet på eklatant vis? Den internasjonale straffedomstolen i Haag, ICC, vart gjeven rett av Ukraina til å etterforske brot på folkeretten på ukrainsk territorium frå 2015. Men sidan Russland og Ukraina ikkje sjølve er medlemmer av ICC, har ikkje påtalemakta rett til å straffeforfølgje det største brotsverket – det å gå til krig, altså «aggresjon».

For å gje ICC rett til å dømme Putin for aggresjon må Tryggingsrådet i FN vedta å overføre Russland til ICC. Om Putin skal kunne straffast i den internasjonale straffedomstolen, krev det altså eit regimeskifte i Moskva eller ein krig der Russland kapitulerer.

Det ICC kan gjere, er å straffe krigsbrot gjorde av krigspartane i den russisk-ukrainske krigen, altså ukrainarar og russarar på like fot. Domstolen opna etterforsking i mars, og får hjelp frå justissektoren i fleire EU-land. FNs menneskerettsråd har sett ned ein undersøkingskommisjon for Ukraina leidd av tidlegare dommar i norsk høgsterett, Erik Møse. Dei skal òg samle indikasjonar på krigsbrotsverk som kan straffeforfølgjast i alle land – inkludert Noreg. Her er det gjerne soldatar eller dei militære kommandantane som skal haldast til ansvar.

Det må svært omfattande krigsbrotsverk til for at Putin skal impliserast i ei straffesak for det som skjer på bakken i Ukraina. Straffejustis for krigsbrotsverk tek òg lang tid, og vil i liten grad presse Kreml under krigen.

Dei krigsbrotsverka som vi no ser konturane av i ruinane i Ukraina, kan likevel få effekt. Brotsverk i konvensjonelle krigar er noko statar mislikar sterkt. Dei er òg pålagde å medverke til respekt for reglane. Paradokset med hendingane som no blir avdekte i til dømes Butsja, er at dei truleg gjer bankkrigen mindre risikabel og meir effektiv.

Etter avdekkinga av det som truleg er krigsbrotsverk i Ukraina, og aukande uro over russisk krigsframferd, har USA skrudd vesentleg til, og nektar blant anna Russland å betale statsgjeld. EUs femte sanksjonspakke vert òg stramma til som følgje av ugjerningane. No byrjar det å svi for alvor i lommeboka til Kreml.

Når årsaka til sanksjonane er indikasjonar på alvorlege russiske krigsbrotsverk, står verdas statar ikkje lenger like fritt til å ta Russlands parti. Med ei slik umenneskeleg krigføring på bakken, vil truleg den vestlege bankkrigen mot Russland gje oss siger på sikt. Men bankkrigen kan ikkje berge ukrainarane.

Cecilie Hellestveit er statsvitar og jurist med doktorgrad om borgarkrig og folkerett.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Dei økonomiske sanksjonane mot Russland er framleis målretta og tempererte.

Straffejustis for krigsbrotsverk tek lang tid, og vil i liten grad presse Kreml under krigen.

Fleire artiklar

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er eit viktig likestillingsverkemiddel.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte

Grunn til uro

Ikkje berre er leiande norske politikarar og dei største partia lite opptekne av rettane til menneske med nedsett funksjonsevne; også statlege forvaltningsorgan, til dømes Pasientskadenemnda, praktiserer lovverket på diskriminerande vis.

Carl Aasland Jerstad

Gaute Heivoll har vunne Brageprisen, blant andre prisar, sidan han debuterte i 2002.

Foto: Monika Holand Bøe

BokMeldingar

Eit solid stykke arbeid

Gaute Heivoll skriv storslått om dei små tinga og smålåtent om dei store.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis