Brunskvetting bidrog til raudgrønt valnederlag
Dei raudgrøne mista fleirtalet av di taparane i valet var dei aktivistiske antirasistane.
Unge Sverigedemokraterna-tilhengjarar i Göteborg ventar på partileiar Jimmy Åkesson.
Foto: Håvard Rem
Kan ein sjå eit mønster i dei svenske veljarrørslene som no har ført til eit knapt fleirtal for den borgarlege blokken i Riksdagen og dimed eit regjeringsskifte?
Av di dei to valvinnarane, Social- og Sverigedemokraterna, høyrar til kvar sin blokk, er det nok ikkje hjå dei ein finn kva som endra styrketilhøvet mellom blokkane. Socialdemokraterna, leidd av statsminister Magdalena Andersson, og Sverigedemokratarne, leidd av Jimmy Åkesson, var dei einaste partia som gjekk monaleg fram i valet.
Framgangen deira fordelte seg nokså jamt på blokkane og endra ikkje styrketilhøvet mellom blokkane.
DEI TO TAPARANE
Meir relevant er det då å sjå etter fellestrekk hjå dei to einaste partia som gjekk markert attende:
Centerpartiet mista nær ein fjerdedel av veljarane sine, og gjekk frå 8,6 til 6,7 prosent.
Vänsterpartiet mista nær ein femtedel av veljarane sine, og gjekk frå 8,0 til 6,7 prosent.
Og i motsetnad til dei to valvinnarane høyrer dei to valtaparane til same blokk, den raudgrøne.
Tilbakegangen deira, som var større enn framgangen til Socialdemokraterna, bidrog difor avgjerande til at den borgarlege blokken fekk fleirtal.
LITE SAMS
Men kva har Centerpartiet og Vänsterpartiet sams?
Lite. Det eine partiet har røter i kommunismen, det andre har bakgrunn frå bøndene og borgarleg side.
Vänsterpartiet og Centerpartiet står langt frå kvarandre på mange felt. Då partileiar Annie Lööf før valet såg føre seg ei mogeleg samlingsregjering, var det berre to parti ho ikkje ville ha med. Vänsterpartiet var det eine.
Som det norske systerpartiet har Centerpartiet rett nok vandra frå borgarleg til raudgrøn side, men i spørsmål om økonomi, velferd og arbeidarrettar er partiet framleis borgarleg.
Det er i identitets- og innvandringspolitikken Centerpartiet meir og meir har kome til å likna Vänsterpartiet.
LIKSKAP HJÅ TAPARANE
Og av di det var slike spørsmål som dominerte valkampen, vart den vesle likskapen mellom Centerpartiet og Vänsterpartiet tydelegare enn den store skilnaden mellom dei.
Andsynes migrasjon og kriminalitet har dei to partia mykje sams. Båe sto fram som to av dei mest «antirasistiske» partia.
Jau, Magdalena Andersson distanserte seg retorisk frå Sverigedemokraterna, ho òg, men Centerpartiet og Vänsterpartiet, dei to taparane i valet, nytta dessutan mykje tid på stigmatisering og drepande karakterstikkar som rasistiskt og brun.
Det gjorde ikkje Socialdemokraterna. I innvandringspolitikken har dei fleste partia flytta seg mot Sverigedemokraterna. Frå å vera syndebukk har Jimmy Åkesson vorte bjøllesau.
Med andre ord: Eit sams trekk hjå partia som tapte valet, er antirasistisk brennmerking av meiningsmotstandarar.
SVEKKA STIGMA
I motsetnad til dei som berre tek avstand frå rasisme, er dei aktivistiske antirasistane opptekne av å identifisera og stigmatisera rørsler, parti og einskildmenneske som kjem inn under ein romsleg rasismedefinisjon – som ikkje berre omfattar rasistiske ytringar, men stundom mikrorasisme og strukturell rasisme òg.
Poenget her er ikkje om ein slik raus rasismedefinisjon er rett eller gale. Det vil lesarane meina ulikt om. Det skal me ikkje ta stilling til. Observasjonen er at stigmatiseringa ikkje lenger ser ut til å ha same kraft og verknad som før.
Ja, at ho vert kontraproduktiv, og som i Sverige bidreg til å øydeleggja for eigen blokk.
Kor skremmande er det at eit stigma vert svekt? At innvandringsrestriktive parti har framgang i mange europeiske land, kan ein sjå som uttrykk for aukande rasisme hjå dei innfødde. Men ein kan òg sjå det som uttrykk for at rasismestigmaet er svekt.
Og dei to tinga er ikkje det same. At ein veljar tek mindre omsyn til rasismestigmaet, tyder sjølvsagt ikkje naudsynleg at veljaren er framandhatar.
Basert på tendensar i valkampen i Sverige, men elles i Europa òg, som i det italienske nyvalet sundag om ei dryg veke, verkar det som eit mønster at rasismestigmaet råkar mindre hardt og skremmer færre veljarar.
Å stigmatisera meningsmotstandarar i von om å jaga veljarar vekk frå dei, kan syna seg som feilslått strategi.
KVIFOR SVEKKA?
Kvifor ser rasismestigmaet ut til å verta svekt?
I Det norske akademis ordbok vert stigma definert som «kjennetegn eller trekk som gir noen lavere sosial status».
At svekkinga kjem til uttrykk i val, er naturleg, av di stigmaet råkar sosialt medan val er hemmelege.
Men det ser ut til at rasismestigmaet har vorte svekt i ålmenta òg. Socialdemokraterna tek no innvandringspolitiske standpunkt partiet for få år sidan ville ha avfeid – i kampen mot Sverigedemokraterne om arbeidarveljarar og LO-medlemer.
Noko som kan tyde på at stigmaet er svekt meir langvarig, er no den store oppslutnaden om Sverigedemokraterna hjå unge veljarar og fyrstegongsveljarar og i skuleval.
Grunnen til at ingen av dei borgarlege partia førebels vil inn i regjering med Sverigedemokraterna, er nok mindre politikken, og meir historikken, og at partiet framleis med jamne mellomrom lyt ekskludera tillitsvalde på grunn av rasisme.
ETTER PALME
Eit anna teikn på at skiftet kan vera varig, er kursendringa til Socialdemokraterna.
I ein heilt annan grad enn det norske systerpartiet vart Socialdemokraterna radikalisert av venstrevekkinga i siste helvta av 1960-åra, under Vietnam-krigen, der Sara Lidmans svenske rapportar gjorde djupt inntrykk.
I Svensk politik (2018) skriv Per T. Ohlsson om «Olof Palmes eldiga retorik, en socialdemokrati som radikaliserades av den tidsande som brukar sammanfattas i årtalet 1968.»
I eit Sverige med lægre sjølvtillit er Olof Palme heilt borte. Det moralske overtaket til venstresida ser ut til å gleppa. Den moralske stigmatiseringa vert svekt.
Det kan verka skremande på mange – om lag som den gongen det moralske overtaket til kyrkja og prestane byrja å gleppa, og mange uroa seg over kva som no ville henda med gode verdiar.
FORHANDLINGAR
Kva for innflyting Sverigedemokraterna vil få på ei borgarleg regjering, om ein får stabla henne på beina, er for tidleg å seia. I tryggingspolitikken har partiet alt tilpassa seg, og er ikkje lenger mot EU- og Nato-medlemsskap. Kor langt til venstre dei kan dreia velferdspolitikken, og kor langt til høgre dei kan dreia innvandrings- og bistandspolitikken, vil dei neste dagane og vekene syna.
Håvard Rem er journalist i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Frå å vera syndebukk har Jimmy Åkesson vorte bjøllesau.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen
Mircea Cărtărescu kastar eit fortrolla lys over barndommen i Melankolien
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?