JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Den chilenske tragedien

Femti år etter kuppet mot Salvador Allende slit Chile med arven etter Pinochet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
FILE - Soldiers and firefighters carry the body of President Salvador Allende, wrapped in a Bolivian poncho, out of the destroyed La Moneda presidential palace after the Sept. 11, 1973 coup led by Gen. Augusto Pinochet that ended Allende's three-year government.  On Tuesday, Sept. 11, 2012, a Chilean court closed the judicial investigation into the death of Allende, confirming that the president committed suicide to avoid falling into the hands of the military coup led by Augusto Pinochet. (AP Photo/El Mercurio, File) CHILE OUT - NO PUBLICAR EN CHILE

Anonymous

8298
20230915
8298
20230915

For generasjonen min er datoen 11. september 1973 kan henda viktigare – eller i alle fall meir kjenslevar – enn 11. september 2001, då terroren råka USA.

Eg var på Yale University 11. september 1973. Stemninga i New Haven var uverkeleg, stumt sorgtung, nesten smerteleg. Studentane skjøna jo at Nixon og Kissinger hadde vore med i undergravingsarbeidet mot Salvador Allende, så der kom det i tillegg ei kjensle av skam.

Om kvelden den 11. september samla folk seg i dei store auditoria til minnemøte. Eg gjekk på eit fellesmøte der Yale-professorar heldt innlegg. Dette var midt under Vietnam-protestane, så studentane var så å seia i protestmodus. Vi visste ikkje då at det amerikanske nederlaget i Saigon berre var mindre enn to år unna (april 1975).

Same ulla

Vi kjende det som om vi var med i eit av dei store vengjeslaga i historia. Så kort tid etter den sovjetiske innmarsjen i Tsjekkoslovakia i 1968, og så dette! Kva kunne ikkje stormaktene få seg til å gjera av herjingar i bakgardane sine? Imperialismeteorien stod sterkt den gongen – at stormaktene under den kalde krigen var eins i kontrollen med sfærane sine. Dei var av same ulla, sjølv om USA ikkje sende stridsvogner.

USA hadde i 1973 tvungen verneplikt. Det gjorde at verda utanfor kom personleg nær for dei fleste studentane i USA.

Noko i same leia trefte campusen då Donald Trump vann i 2016. Også då var eg i New Haven. Sjokk og vantru. På eit av protestmøta reiste ein historieprofessor seg og sa trøystande: Historie er endring. Ingenting varar evig. Trump varar ikkje evig.

Vel, vi får sjå. Juryen er ute, som det heiter.

I Chile er diktaturet ei slags levande historie, utan at chilenarane kan bli samde om korleis 50-årsmarkeringa av tragedien skal skje. Presidenten i dag, Gabriel Boric, er ein moderat venstreorientert leiar som ovundrar Allende. Han måtte sjå at leiaren for kommisjonen han sette ned til planlegging av minnet, Patricio Fernández, måtte trekkja seg etter kritikk av planane.

Grunnen er at landet er splitta i synet på Pinochet-perioden. I dag seier 42 prosent av dei spurde at kuppet «øydela demokratiet», mot 68 prosent i 2006. 36 prosent seier at kuppet frigjorde landet frå marxismen, mot 19 prosent i 2006.

Råskap i system

Represjonen som følgde etter 11. september 1973, var brutal. Pinochet drap 2130 menneske, meir enn 30.000 vart torturerte. Mest symbolsk var drapet på songaren Victor Jara på fotballstadionet utanfor Santiago (i dag «Estadio Victor Jara»). Så seint som i august i år vart sju tidlegare soldatar, i dag mellom 73 og 85 år, dømde til mellom 8 og 25 års fengsel for drapet på Jara.

Pinochet samla snøgt all makt i si hand og vart som dei fleste slike diktatorar personleg korrupt. Landet var 18 år i angst og omgjeve av ein økonomisk politikk som best kan kallast autoritær kapitalisme, der alt som kunne privatiserast, vart sett ut til marknaden, og pengane dreiv alt.

Dei militære slo ned på alle organisasjonar i sivilsamfunnet, især dei som representerte arbeidarklassa. Dei sendte tusentals menneske i eksil (5000 til Noreg) og underkua universiteta og skulane. I denne tida vart kyrkja ei hamn for forfølgde, og ho organiserte juridisk hjelp til folk i rettsapparatet.

Mytane

Dei militære handla som ei okkupasjonsmakt i eige land. Offiserane låg under for myten at dei måtte redda nasjonen frå utanlandsk infiltrasjon. (Det same gjorde Franco førti år tidlegare.) Dei trudde på propagandaen at venstresida importerte våpen. Dei kansellerte snøgt alle reformer som også regjeringar før Allende hadde gjennomført. DINA (Dirección de Inteligencia Nacional) drap folk som hadde flykta, til dømes general Carlos Prats i Argentina i 1974 og Orlando Letelier, den tidlegare utanriksministeren under Allende, ved hjelp av ei bilbombe i Washington DC i 1976.

Ikkje før i oktober 1988 samla landet seg i protest mot Pinochet-regimet. Då vann opposisjonen ei folkeavrøysting Pinochet hadde vona å vinna. Det opna vegen for kompetitive val til parlament og president (desember 1989). Pinochet hadde sett seg sjølv ved makta til 1998.

Statlege overtakingar

Det fyrste ein må notera, er at Salvador Allende, opphaveleg medisinar, var noko meir enn ein skandinavisk sosialdemokrat. Han var inspirert av Fidel Castro, som han såg på som ein personleg ven. Allende var ein marxistisk sosialist.

Han ville byggja den chilenske statsskipnaden om til sosialisme med brei folkeleg kontroll over økonomien og politikken. Statlege overtakingar av industri og servicebedrifter, især den viktige koparindustrien, der nasjonaliseringa til å byrje med var støtta av opposisjonen, og omfordeling gjennom auka statstiltak og landreformer var reformer som skulle endra grunnleggjande eigedoms- og makttilhøve i landet.

Men Allende trudde det kunne skje ad parlamentarisk veg.

Splitta venstreside

Problemet var at Allendes koalisjon, den sameinte folkefronten, UP, ikkje hadde noko djupt folkeleg mandat til dette. UP fekk 48,6 prosent av røystene i lokalvala i 1973, med 1.377.709 røyster, medan opposisjonen fekk 48,2 prosent, 1.365.980). I mars 1973 fekk UP 43 prosent.

Koalisjonen hans var òg djupt ideologisk splitta. Utanfor stod det militantrevolusjonære MIR, ein kubanskinspirert fraksjon som heile tida pressa UP i radikal lei. Kommunistpartiet vart med i UP, men stod for ei moderat line etter ordre frå Moskva (parallell til Paris 1968).

Samanfattande kan vi seia at Allende risikerte eit kupp framfor å splitta koalisjonens UP-koalisjon. Han kunne ha arbeidd for ein koalisjon med kristeleg-demokratane under Edoardo Frei. Men Allende våga ikkje av omsyn til samhaldet i UP.

Ein breiare koalisjon kunne kan henda ha forhindra militærintervensjonen. Sentrum i chilensk politikk smuldra opp på grunn av radikalisering av ytterfløyene («sentrifugal polarisering»).

Parallellane

Her, i synet på samarbeid mot diktaturet, dømde Allende feil, ikkje utan historiske parallellar. Den italienske venstresida har sidan 1922 aldri heilt kome over at dei avviste den handa den liberale statsministeren Giovanni Giolitti rekte ut til dei for å hindra Mussolini i å ta makta.

Til liks frå 1930 til 1933 i Weimar-republikken i Tyskland, då den djupe kløfta mellom kommunistane KPD og sosialdemokratane i SPD opna vegen for Hitler ved å lamma Riksdagen som arena for regjeringsdanningar.

Mistak

Vi veit no at Allende hadde planar om skriva ut ei folkeavrøysting om reformene – det kunne ha stogga dei militære. Men for seint.

Allende gjorde fleire feil. Den økonomiske politikken var til å byrje med sterkt populistisk, med drastiske lønsaukar og subsidiar. Det måtte finansierast med å trykka pengar, noko som så førte til ein dramatisk inflasjon – på det høgste 600 prosent.

Dette i sin tur utløyste mellomklasseprotestar, som då husmødrer i marsj slo på tomme kjelar. Administrasjonen i føretaka som vart statleggjorde, var gjerne inkompetente.

Handlingsrommet

Handlingsrommet til Allende vart medvete innskrenka av USA, som brukte påverknadskrafta si til å nekta Chile kredittar frå internasjonale finansinstitusjonar.

Frigjorde dokument av 4. desember 1970, nyleg lagde ut på nettet av The Guardian, syner at USA berre månader etter at Allende kom til makta, starta undergravingsarbeidet sitt.

Allende vona at Sovjet ville trå til, men det skjedde ikkje. Moskva hadde nok med Cuba.

Nixon ville ikkje ha «eit Cuba til» og ynskte å få den chilenske økonomien til «å skrika», som han sa det.

Henry Kissinger var klar: det var ikkje i USAs interesse at Allende skulle lukkast. Den rolla han spela i Allendes undergang, er knapt nemnd i dei minnebøkene han har publisert.

Det er ikkje så reint få av oss som heller aldri ville finna på å kjøpa noko frå ITT, teknologigiganten som også konspirerte mot Allende, som trass alt var demokratisk vald.

Den som vil sjå den chilenske tragedien frå innsida, og med USA i tiltaleboksen, bør unna seg å sjå Jack Lemmon i filmen Missing, som gjev eit mikrokosmos over ei skamlaus periode i amerikansk utanrikspolitikk – for femti år sidan. Chiles tragedie er ikkje gløymd.

Bernt Hagtvet

Bernt Hagtvet er statsvitar og fast skribent i Dag og Tid.

Artikkelen vart endra fredag 15. september 2023 på grunn av feil årstal, 1971 skal vere 1973. Red.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er eit viktig likestillingsverkemiddel.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte

Grunn til uro

Ikkje berre er leiande norske politikarar og dei største partia lite opptekne av rettane til menneske med nedsett funksjonsevne; også statlege forvaltningsorgan, til dømes Pasientskadenemnda, praktiserer lovverket på diskriminerande vis.

Carl Aasland Jerstad

Gaute Heivoll har vunne Brageprisen, blant andre prisar, sidan han debuterte i 2002.

Foto: Monika Holand Bøe

BokMeldingar

Eit solid stykke arbeid

Gaute Heivoll skriv storslått om dei små tinga og smålåtent om dei store.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis