JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Den handleføre mystikaren

Dag Hammarskjöld var den andre generalsekretæren i FN, frå 1953 til sin død, etterfølgjaren til Trygve Lie. Filmen som går om livet hans no, der Mikael Persbrandt spelar Hammarskjöld, vekkjer han til live på ein både kjenslevar og realistisk måte.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
FNs generalsekretær Dag Hammarskjöld fotografert saman med Kongos statsminister Patrice Lumumba.

Foto: Scanpix / NTB

6975
20240412
6975
20240412

Når det er verdt å halda minnet etter Dag Hammarskjöld (1905–1961) levande, er det fordi visjonen hans om eit sterkt FN har mykje å seia oss i ei tid då verdsorganisasjonen nok ein gong er paralysert av stormaktsrivalisering og ideologisk silotenking.

For Hammarskjöld ville gjera FN til eit verktøy for fred og forsoning – og ikkje minst avkolonisering – på tvers av stormaktsinteresser, midt i og trass i den kalde krigen. Det skaffa han sterke fiendar, blant dei Nikita Khrusjtsjov og Charles de Gaulle, som meinte han truga den nasjonale suvereniteten. Sovjetleiaren gjorde fleire framstøytar for å få han avsett og erstatta av ein «troika» på deling mellom stormaktene. Stønad frå den tredje verda stogga slike framlegg.

Og inni han levde varmen frå den kristne mystiske tradisjonen, frå Thomas a Kempis (1380–1471) og Meister Eckhart (ca. 1260–ca. 1327), med røter attende til stoikaren keisar Marcus Aurelius (121–180). Det var ikkje nokon kontrast hjå Hammarskjöld mellom stille kontemplasjon og intens aktivitet i verdspolitikken. Det gjer han ekstra interessant og gjev oss innsikt i ein særs einsam personlegdom som midt i si einsemd aldri var i tvil om misjonen han ville utføra.

Metafysisk botn

«Gud døyr ikkje den dagen vi ikkje lenger trur på ein personleg guddom, men vi døyr den dagen livet ikkje lenger vert gjennomlyst av glansen frå underet som kjem frå kjelder bortanfor all fornuft.» Denne livsdiagnosen stammar frå Dag Hammarskjölds aforismesamling Vägmärken, som vart funnen i ein lausperm ved nattbordet hans i New York og utgjeven for fyrste gong i 1963. Sitatet gjev oss essensen i Hammarskjölds livssyn: kvar enkelt som reiskap for den tause Gud, med gode gjerningar som leiemotiv.

Hammarskjöld møtte døden i eit flyhavari i Afrika i 1961 på oppdrag for FN for å skape fred i det valdsutsette Kongo. Han hadde gjeve lov til at samlinga skulle publiserast post mortem. Den framifrå poeten W.H. Auden omsette boka til engelsk, Markings (1964).

Hammarskjöld sjølv sa at denne samlinga av maksimar dreidde seg om «mina förhandlingar med mig själv – och Gud».

Samlinga er full av påminningar om døden, til liks med Marcus Aurelius’ memento mori («hugs at du skal døy»). Til dømes dette:

Så var det

Imorgon skola vi mötas

döden och jag –

Han skall stöta sin värja i en vaken mann

Men hur svider ej minnet av var stund

jag svindlade bort.

Sabotasje?

Mykje tyder på at flyet med Hammarskjöld anten vart skote ned av britiske og belgiske leigesoldatar som ikkje lika generalsekretærens arbeid for nasjonal forsoning i tidlegare Belgisk Kongo, eller at det vart utsett for sabotasje. I filmen vert flyet hans skote ned av leigesoldatar.

Generalmajor Bjørn Egge, som var sentral i offiserskorpset i FN-styrkane i Kongo, fann Hammarskjöld utanfor det brennande flyvraket med eit kulehol i panna. For Egge var saka klår: Hammarskjöld vart myrda.

Han var i live etter styrten og vart slengd ut or vraket. Det vert sagt at Hammarskjöld vart funnen med eit harmonisk, nesten religiøst avklåra uttrykk i andletet og med ein grastust mellom hendene. Nokre år tidlegare, i 1956, hadde han nedteikna desse orda: «Noen la skyttelen i din hånd. Noen hadde ordnet trådene.» (Frå den norske utgåva av Vägmärken, omsett av Aasmund Brynildsen og Karin Bang.)

Hammarskjöld (forfilm)

Gruveinteressene

Fiendane hans var særleg kritiske til generalsekretærens freistnad på å hindra Moise Tshombe, leiaren for den mineralrike utbrotsprovinsen Katanga, i å erklæra området for sjølvstendig. Tshombe var reiskap for gruveselskapet Union Minière og deira kapitalinteresser mot sentralregjeringa til den valde Patrice Lumumba.

FN har freista å koma til ein konklusjon om årsaka til flyhavariet og uttala i ein rapport frå 2017 at «det fanst eit klårt grunnlag for å tenkja seg at flyet vart skote ned».

Det er ikkje noko nytt at statsmenn har skrive ned dei tankane dei har hatt for virket sitt. Men få har vore så personleg og direkte som Dag Hammarskjöld. Her er det mange interessante paradoks. Hammarskjöld var student under moralfilosofen Axel Hägerström (1868–1939) i Uppsala. Han var ein konsekvent og påverknadssterk ateist, kjend som verdinihilist, det vil seia ein som nekta for at verdiutsegner kunne ha noko logisk meiningsinnhald.

Hammarskjöld stilte seg avvisande til denne ateismen og skreiv ein pamflett om denne åndstradisjonen. Tidleg synte han intellektuelt sjølvstende.

Ei anna inspirasjonskjelde for Hammarskjöld var som sagt den stoiske keisaren Marcus Aurelius. Hans meditasjonar, ofte nedskrivne om kvelden på felttog, har den same dimensjonen av æve som vi finn i Hammarskjölds aforismesamling.

Kan henda er det ein indre samanhang i denne mannens liv og gjerning: Då Hammarskjöld kom til verda 29. juli 1905, var far hans, seinare statsminister og landshøvding i Uppsala, Hjalmar Hammarskjöld, i Karlstad for å forhandla fram freden med Noreg. Det kunne gått riktig gale den gongen.

«FN uttala i ein rapport frå 2017 at «det fanst eit klårt grunnlag for å tenkja seg at flyet vart skote ned».

Folkerett

Hammarskjöld ville byggja opp folkeretten ved hjelp av cases, det vil seia døme som gradvis var gjevne juridisk sanksjon. Pragmatisk ville så ein internasjonal rettsorden verta bygd opp som alle statar ut frå eigeninteresse ville respektera.

Han sa at FN kunne gjennomføra kva det måtte vera av fredsbyggjande intervensjonar, berre dei var godt førebudde og kompetent gjennomførte. Han er mannen bak omgrepet peacekeeping. Rwanda og Srebrenica er døme på at FN har ein lang veg å gå.

I dei åtte åra han fekk verke som generalsekretær, fekk Hammarskjöld ei rekkje kriser i fanget: McCarthyismen i USA, Suezkrisa i 1956, Ungarn-opprørert same året, Libanon-konflikten, Algeriekrigen.

Personleg etikk

I ein tale ved Johns Hopkins-universitetet i 1956 formulerte han denne grunnhaldninga i det internasjonale arbeidet sitt: Til grunn låg kjernen i menneskerettsideen, verdet til det einskilde mennesket. Det gjorde også at han ville etablera eit korps av FN-folk som såg seg som representantar for den internasjonale ordenen, ikkje for einskildnasjonar.

Dei skulle vera uklanderlege i sin personlege etikk. «Det er klårt at enkel suksess kan skapast av ein sjonglør, men varige resultat kan berre nåast gjennom langvarig oppbygging.» Det var dette han stod for, og det var dette han søkte å gjennomføra. Han vart spart for å sjå korleis FN-soldatar er skulda for seksuelle overgrep og vald. Det er det mange døme på dei seinare åra.

Det er ikkje tvil om at Dag Hammarskjöld var ein av dei mest idérike, handleføre og effektive personlegdomar i det 20. hundreårets internasjonale politikk. Midt i si einsemd.

Bernt Hagtvet er professor i statsvitskap og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis