Den militære luksusfella
Denne regelen er like god for statar som for privatpersonar: Ikkje kjøp noko du ikkje har råd til å bruke.
Kommentar
peranders@dagogtid.no
I skrivande stund har strevet for å berge «Helge Ingstad» så vidt byrja ved Øygarden, men lite tyder på at fregatten til fire milliardar kroner kan bli brukande båt att. Når ein har mista noko dyrebart, er det ein vanleg menneskeleg reaksjon å ønske å erstatte det, og slike reaksjonar har kome også ved tapet av «Helge Ingstad».
«Jeg kan ikke se noen annen løsning på dette enn at den fregatten som har gått ned, på sikt må erstattes», sa Hårek Elvenes, Høgre-mann i utanriks- og forsvarskomiteen nyleg til NTB. «Med et sjøforsvar på et absolutt minimumsnivå, kan ikke Norge leve med at 20 prosent av fregattflåten bokstavelig talt forsvinner over natten», hevda Aftenposten på leiarplass 15. november. Om ikkje «Helge Ingstad» lèt seg berge, «er det dessverre ingen vei utenom å erstatte fregatten», meinte leiarskribenten.
Men sjølvsagt er det ein veg utanom. Noreg kan spare dei fem eller ti milliardane ein ny fregatt kan koste, og heller bruke pengane på å halde dei fire attverande fregattane bemanna og i stand.
Manglar folk og delar
Den nære historia tyder nemleg på at Noreg ikkje burde ha kjøpt så mykje som fem fregattar i første omgang. Sidan desse skipa vart leverte – det siste kom i 2011 – har det stort sett verken vore mannskap eller reservedelar nok til å kunne bruke dei slik det var tenkt. Da Riksrevisjonen presenterte rapporten sin om fregattane i 2017, var domen hard. «Det er så store mangler ved teknisk tilstand, tilgang til reservedeler, bemanning og trening at de ikke har den operative evnen som Stortinget har forutsatt», sa riksrevisor Per-Kristian Foss.
Alt da dei første fregattane vart leverte, kom varsla om personellmangel. Sjøforsvaret har utdanna for lite befal og spesialistar, og har mista for mange flinke folk undervegs. I tillegg takka Forsvaret sjølv nei til ein drifts- og reservedelsavtale med Bazan-verftet som bygde fregattane. Den innsparinga kosta dyrt. Fregatten «Otto Sverdrup» låg lenge ved kai ved Haakonsvern, ute av drift fordi viktige delar var plukka ut og brukte på dei andre fregattane. Dette var ikkje eit eingongstilfelle: «Mangel på reservedeler og lang ledetid for reservedeler medfører utstrakt ‘kannibalisering’, det vil si plukking av deler fra et fartøy til et annet i påvente av nye deler», skreiv Riksrevisjonen i 2017.
Halvt mannskap
Det var aldri meininga at alle dei fem fregattane skulle vere på havet samtidig. Men tre fregattar skulle vere operative til kvar tid, medan éin skulle brukast til opplæring og den femte skulle vere inne til vedlikehald. Slik har situasjonen truleg berre vore eit par–tre år til saman. I periodar har berre éin eller to fregattar vore operative.
Det har heller ikkje vore mannskap nok til å halde alle dei seks kystkorvettane i drift. Det siste av desse lynraske skipa vart levert i 2013, og kostnaden for dei seks korvettane i Skjold-klassen var til saman over fem milliardar kroner. Men på same vis som med fregattane har mannskapsmangel avgrensa bruken av korvettane gjennom mykje av levetida deira.
I desember 2015 skreiv Aftenposten at marinen berre hadde mannskap nok til halvparten av fregattane og kystkorvettane. Om ein skal få full nytte av slike investeringar, bør ein ha to besetningar for kvart skip. Og sjølv om det har blitt løyvd meir pengar til Sjøforsvaret dei siste åra, er det ikkje pengar til meir enn ei besetning per fregatt i statsbudsjettet for neste år.
Men Noreg har ikkje berre investert i båtar vi ikkje har råd til å bruke. Kjøpet av helikopteret NH-90, som skulle vere ein svært viktig del av kapasiteten til fregattane, er ein skandale på så mange vis, ikkje minst fordi leveringa av helikoptera til sju milliardar kroner er 14 år forseinka. Men i tillegg har NH-90 vist seg å ha skyhøge driftskostnader – kring 200.000 kroner per time i lufta. Desse kostnadene, og det ekstreme behovet for vedlikehald, gjer at Forsvaret berre reknar med å få kring 150 flytimar per helikopter per år.
Trist historikk
Det er fleire kostbare reiskapar på veg inn i det norske Forsvaret. I fjor vedtok regjeringa å kjøpe fire tyske ubåtar til ein pris på opptil fem milliardar kroner stykket. Med våpen, landanlegg, opplæring og vedlikehald kan prisen bli over 30 milliardar. Kjem Sjøforsvaret i framtida til å ha midlar og folk nok til å bruke ubåtane – eller blir dei mest liggande i ro slik fregattane har gjort mykje av levetida si?
Til slutt har vi det dyraste innkjøpet av alle: Noreg har tinga 52 kampfly av typen F-35, til ein samla pris av kring 80 milliardar kroner. Men det er kostnadene ved drift og vedlikehald som verkeleg tek av: kring 270 milliardar over levetida til flya, er anslaget.
Kor mykje desse flya faktisk blir brukte, vil vise seg. Historia syner at det er mykje lettare å svi av kjempesummar på prestisjefylte innkjøp av avansert utstyr enn det er å løyve keisame, årlege driftsmidlar. Som Nils Holme, tidlegare sjef ved Forsvarets forskingsinstitutt, sa til Dagbladet i 2017: «Vi har en historikk med å kjøpe ting vi ikke har råd til å bruke, og det bekymrer meg.»
Per Anders Todal er journalist
i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Noreg kan heller bruke pengane på å halde dei fire attverande fregattane bemanna og i stand.
Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.