Det franske demokratiet er ikkje som før
Emmanuel Macron vann klårt, men med endra vilkår for fransk politikk.
President Emmanuel Macron takka kona og veljarane for tilliten og attvalet i Paris 24. april 2022.
Foto: Gonzalo Fuentes / Reuters / NTB
Eit nytt politisk landskap har forma seg etter presidentvalet i Frankrike. Dei gamle maktene i fransk politikk er utraderte. Især Sosialistpartiet, som hadde presidenten i Frankrike så seint som i 2017. No fekk dei så få røyster at dei ikkje lenger får statsstøtte og må likvidere alt dei eig – dei har alt selt hovudkvarteret sitt etter førre valet.
Republikanarane (LR) stiller ikkje mykje betre, kandidaten Pécresse må svare for tre millionar euro i personleg gjeld. Desse partia kan kanskje gjenoppbyggjast nedanfrå, gjennom å vinne sete til Nasjonalforsamlinga i juni.
Det skal ikkje utan vidare bli lett. Klassiske alliansar lokalt, der partigrupper går saman for å få taktiske føremoner, vert lite interessante for flokken til Emmanuel Macron. Dei har i liten grad bygd ut ein partiorganisasjon på desse åra, og magien i folkerørsla er i hovudsak over.
Skulle ein samarbeide med republikanarane, er det største problemet truleg den markerte republikanaren Édouard Philippe, som var statsminister for Macron i 2017–2020, no ordførar i Le Havre og beinhard kritikar av presidenten. Macron seier at den gamle partnaren har «omvendt seg til pyroman brannmann og burde ta i bruk hamnebassenget i Le Havre for å sløkkje alle brannane sine».
Høgredreiing
At vendinga mot høgre frå Macron si side dei siste par åra ikkje har forma ein sentrum–høgre-allianse, er tydeleg. Høgredreiinga til Macron kom tidleg, men dei sterke reaksjonane med gule vestar-opprør hadde ingen venta seg. Den brutaliteten som vart nytta mot opprørarane, forutan fleinord og forakt frå presidenten, skremde især ytre venstre-veljarane kraftig. Så sterkt at mange nekta å røyste på Macron for å halde Marine Le Pen unna presidentstolen.
Mange faktorar skapte dei tre lause grupperingane som i dag utgjer hovudtrendane i fransk politikk: partiet til Macron, La République En Marche! (Republikken Framover!), som vart skipa i 2016, Rassemblement National (Nasjonal Samling med Le Pen som sjef) og Les Insoumises (Dei Ukuelege) til Jean-Luc Mélenchon, eit EU-skeptisk, ytre venstre sosialistparti som òg vart skipa i 2016. To av desse tre partia er altså heilt nye. Demokratiet i Frankrike er i fullstendig omkalfatring.
Valresultatet til Macron såg kan hende imponerande nok ut, med 58,5 prosent. Men det er langt frå ei solid blokk han står på. Resultatet var avhengig av ein stor slump motviljuge veljarar, der den viktigaste overtydinga var at dei ikkje kunne røyste for ytterfløypartia – kanskje ein tredjedel.
«Tredje runden»
No kjem det som Mélenchon kallar «tredje runden i presidentvalet»: valet i to omgangar til Nasjonalforsamlinga i juni. Le Pen-partiet har vakse med mange millionar veljarar sidan sist. Dei fekk fleirtal i 20.000 av 34.965 kommunar, og i 11.670 av desse fekk Le Pen over 60 prosent av stemmene. I 28 fylke fekk Le Pen klårt fleirtal.
Altså er ikkje Le Pen lenger avhengig av det ein før kalla «det brune Le Pen-beltet» frå Lille og etter grensene i aust, med ei stripe frå Marseille til Toulouse om lag. No er Le Pen overalt i utkantane, gjennom heile det sentrale Frankrike og i alle oversjøiske fylke. Dette gir ein heilt ny situasjon.
Rett nok har Le Pen-partiet hatt vanskar med å skaffe seg plassar i Nasjonalforsamlinga, og det kjem ikkje berre av at valordninga ikkje gir eit forholdstalsresultat, men også av at taktisk samarbeid mellom ulike grupper lokalt har gjort at partiet er blitt isolert mange stader.
Den tida synest vere over. Éric Zemmour, kandidaten som står endå lenger ute på ytre høgre-sida, vart for dryg – med lovprising av quislingane i Vichy-regimet, utstrekt rasisme og fiendskap mot framande. Men i den grad han har hatt påverknad, er det ved å få Le Pen til å verke meir liberal. Noko ho har utnytta til fulle.
Mange lovnader
Marine Le Pen har kome med så mange lovnader at alle kunnige observatørar meiner ho ville sprengt statsbudsjettet fullstendig og sørgt for nasjonal bankerott, ikkje minst ved at tiltaka ville tvinge Frankrike ut or EU. Her har Macrons internasjonale aktivitet appellert til fransk byrgskap, og franskmenn flest er byrge av å vere europearar. Le Pen vil auke lønningane monaleg for å styrke kjøpekrafta – men som Macron sa i den store fjernsynsdebatten før siste runde av valet: Det kan ingen president gjere, den pengesekken sit arbeidsgjevarane på.
Problemet for Macron er at han faktisk ikkje kan bløffe med økonomien. På den andre sida vil han spare pengar alle stader som franskmenn er redde for å få ei dårlegare framtid med, som i pensjonar, helsetiltak, transport, bustadomkostnader og matprisar. I alt snakket om «vern av staten» den siste tida har velferdsstaten vike attende til fordel for ein marknadsorientert, konkurranseprega og konsumprega retorikk av nyliberalistisk merke.
Dette har likevel gjort at det har vore mogleg å analysere ganske klårt kva som ligg i den retoriske organiseringa av medvitet. Det har sosiologen Michel Wieviorka gjort i ei bok som kom ut på valdagen: Alors, Monsieur Macron, heureux? (Ja vel, herr Macron, lukkeleg no?).
Wieviorka var ikkje i tvil om resultatet, men i denne pamfletten, forma som eit ope og venskapleg brev til presidenten, går han igjennom alle punkt der han meiner Macron har gjeve tilskot til splitting av nasjonen, og spør korleis Macron vil gjere sitt til å samle folket igjen. Han må i så fall slutte med tvangstiltak. Unnatakstilstandar bør såleis vere unnataket.
Eit splitta folk
Splittinga i folket er sjølvsagt ikkje skapt av Macron, ho har grodd fram i 30–40 år. Det har aldri mangla på åtvaringar. Macron dreiv den førre kampanjen sin på løfta om å byggje bruer over kløftene og gjenopprette gammal urett. No er det mange fleire fattige og ikkje minst folk som er redde for å bli det; mange av desse har gjeve opp å røyste.
På ytre venstre-sida har ein fått ei uforsonleg rørsle av ungdom som vil ha eit heilt anna liv, leve økologisk, bu i kollektiv, arbeide og reise når ein vil, og så bortetter. Dei har ein tydeleg, om ikkje svært systematisk tenkjande talsperson i Arthur Hidalgo, son til Anne Hidalgo, Paris-ordføraren for det franske sosialistpartiet, som tapte valet så grundig. Arthur H. kallar seg gjerne «adventurier», altså vagabond og oppdagar, og han kunne aldri tenkje seg å røyste på mor si. (Kvar er Freud når du treng han?)
Det faktum at Mélenchon, som jo fekk over ein femtedel av røystene til presidentvalets første omgang, har ei stor gruppe (by)ungdom som avviser ordinær politisk verksemd og heller vil søkje individuell tilfredsstilling, i rørsla si, tilseier ikkje at rørsla har løysinga på arbeidslivets flokar og dagleglivets økonomi.
Summa summarum for partigruppene som no går inn i valkamp om parlamentsvalet, er at dei er dei mest ustabile partia/rørslene Frankrike nokon gong har måtta feste lit til for forminga av ordinær politikk. Mange av veljarane i alle tre flokkane er ikkje med naudsyn overtydde om noko, dei kan lett oppflammast av agitatorar til å forlate flokken eller skape interne stridar. Slik det no alt er i gang svære kranglar om Le Pens rolle i partiet hennar. Trass alt har far og dotter Le Pen tapt åtte val til no.
Vil samle folket
Valet gjorde det politiske livet i Frankrike skjørare. Eller «fragilisert», som mange seier. Dei gamle motsetningane om kva republikken står for, er borte; nyliberalisme framstår som einaste valet overfor dei to populistiske retningane, der kvar av dei ikkje er blitt tekne på alvor som uttrykk for reelle problem i kvardagslivet til folk.
Le Pen har skrudd opp temperaturen i kritikken av Macron og seier han øvde brutal symbolsk vald mot henne i dei få konfrontasjonane dei hadde. Mélenchon forlanger å bli statsminister, men har svært liten sjanse til det. (Macron har lova posten til Dei Grøne.) Og han gjer ikkje mine til å mane ungdommen til å slutte med hærverk eller å protestere mot valresultat.
Så langt har Macron lova dyrt og heilagt at han skal samle folket, såleis valdagen framfor Eiffeltårnet på Champs de Mars. Her kom han skridande inn, mondent seint, etter at mørkret fall på, med ein stor flokk ungdommar kring seg og kona. Ikkje den opphøgde Jupiter fjernt frå folket, slik mange har omtala han desse åra, men mannen for framtida.
Det gjorde eit visst inntrykk, også at han med visse formuleringar peika på område han har teke for lett på, som klima og økologi. Men her møtte då Macron dei nøgde, dei som har det best. Dei som høyrer heime i byane i Vest-Frankrike.
Pensjonsreform
Før valet til Nasjonalforsamlinga skal pensjonsreforma kome. Helst vil Macron flytte pensjonsalderen frå 62 til 65 år. I det som vert lagt fram, vil mange lese mykje inn, om måten han tenkjer om dei til no mest trufaste veljarane sine, ikkje minst pensjonistane i byane. Kva skal ein tenkje om velferdsstatens framtid når den aldri prova «trickle down»-hypotesen har erstatta tidlegare sosialdemokratisk statstenking og sett seg som ei ny moselov, der det er dei rike som må vernast?
Det er skrive eit svært bibliotek om grunnane til oppflisinga av det sosiale samhaldet i Frankrike dei siste 30 åra. Der er nok av rapportar om gettofisering og fattigdom, om levekåra på landsbygda, om problem med integrering, om arbeidslivet, om store vanskar i utdanningssystemet som jo skal borge for framtida, om bustadtilhøva og fyrst og sist, den aukande kjensla av mangelen på tryggleik.
Éi gruppe klarar jamt over å vise at denne mengda av analysar er ukjend for dei: Macrons regjering. Men det dei ikkje kjem til å gløyme, er at Macron no berre har fem år, så dei må tenkje på si eiga framtid. Dei gongene ein president er vorten attvald, har det gjerne gått slik at han lite får gjort, folk fylgjer ikkje lenger ordrar. Macron får bruk for den enorme energien han er kjend for å leggje i alt han gjer, for her kan det bli eksplosive tilstandar etter kvart.
Bjørn Kvalsvik
Nicolaysen
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Valet gjorde det politiske livet i Frankrike skjørare. Eller «fragilisert», som mange seier.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen
Mircea Cărtărescu kastar eit fortrolla lys over barndommen i Melankolien
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?