Digital ettertanke
Kunnskapsminister Tonje Brenna vil tenkje nytt om skjerm og papir i skulen. Men den nye digitalstrategien er ingen revolusjon.
Elevar som gjer skulearbeid på nettbrett på ein barneskule i Trondheim.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Kommentar
peranders@dagogtid.no
Er vekkinga over? Er den store digitaliseringsbølgja i norsk skule omsider på retur? Nyhendebiletet kan gje eit slikt inntrykk. Skjermbruken til barn og unge, svekte leseevner og tapt konsentrasjon blir tema i Debatten og Dagsrevyen. Innlegg frå urolege foreldre som fryktar at nettbretta svekkjer læringa, dukkar stadig opp i lesarbrevspaltene.
Facebook-gruppa «Opprop for mindre skjermbruk i grunnskolen» nærmar seg 17.000 medlemer. Og Tonje Brenna er den første kunnskapsministeren på lenge som har vist ein skepsis til skjermentusiasmen. «Digitaliseringen av skolen har skjedd uten nok kunnskap. Det bekymrer meg», sa ho til dømes til Kommunal Rapport i fjor. Fleire av utsegnene til Brenna det siste året kunne tyde på at tida for ettertanke var komen.
Radikal fornuft
Men da regjeringa la fram den nye digitaliseringsstrategien for skular og barnehagar 20. april, eit samarbeid med KS, var innhaldet slett ikkje så radikalt som dei mest skjermkritiske hadde håpa. Dette er ikkje noko lineskifte. Grunntonen er nokså lik den vi finn i tidlegare strategidokument om emnet frå Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet.
Skal vi finne nytenking, må vi finlese teksten. Og noko av det viktigaste som står i strategien, er denne setninga: «Digitale løsninger i barnehagen og skolen skal bare tas i bruk for å styrke kvaliteten på tilbudet og barnas og elevenes læring, og valg om å ta i bruk digitale løsninger må være kunnskapsbaserte. (Mi utheving.)
Korleis kan denne enkle, openbert fornuftige setninga kallast radikal? Ganske enkelt fordi slike krav ikkje har vore stilte i digitaliseringa av grunnskulen til no. Det er på høg tid. Så står det att å sjå om regjeringa faktisk vil setje makt bak desse krava, og løyve dei pengane som trengst for å oppfylle dei.
Naiv entusiasme
Tonje Brenna er ikkje den første kunnskapsministeren som har kritisert ei hovudlaus digitalisering. I 2015 tok daverande statsråd Torbjørn Røe Isaksen eit oppgjer i eit intervju i Dag og Tid med det han kalla «ein stor og litt naiv politisk entusiasme for IKT i norsk skule». Det mest konkrete utslaget av skepsisen var at Isaksen la ned det statlege Senter for IKT i utdanninga, som hadde vore ein ivrig og ukritisk pådrivar for meir bruk av datateknologi i skulen.
Men fagmiljøet frå senteret heldt fram innanfor Utdanningsdirektoratet, og i praksis gjekk digitaliseringa sin gang også under Isaksen. Under etterfølgjaren Jan Tore Sanner var det slutt på den kritiske sansen. Da A-magasinet i 2019 spurde Sanner om det var forsvarleg å dele ut så mange nettbrett i barneskulen utan solid forsking om korleis det ville påverke læringa, svarte han: «Dette er noe elevene selv etterspør.»
Det er altså eit framsteg når regjeringa i den nye strategien slår fast at det skal liggje kunnskap til grunn når ein vel mellom ulike læringsteknologiar og læremiddel. Dette burde vere opplagt. Men det har det ikkje vore.
Impresjonisme
Rett nok er det ingen mangel på rapportar og studiar av digitaliseringa i den norske skulen. Slike har blitt produserte i overflod gjennom mange år. Men dei fleste av rapportane og evalueringane av bruken av nettbrett og PC i skulen har hatt ei pussig, nærast impresjonistisk innretning: Dei har i stor grad dreidd seg om korleis elevar, lærarar og skuleleiarar opplever bruken av digitalteknologien, ikkje om elevane faktisk lærer meir eller mindre enn dei gjorde med tradisjonelle læremiddel.
Og ikkje i nokon av evalueringane og dei mange digitalstrategiane for norsk skule – heller ikkje i den nyaste – har dei fundamentale spørsmåla blitt stilte: Er nettbrettet ein god reiskap å lese og skrive på? Korleis påverkar skjermane konsentrasjonen og læringa for barneskuleelevar? Utviklar barna matematikkforståing like godt med eit nettbrett som med papir og blyant?
Skjermane har vore svaret. Spørsmåla har kome i etterkant. Og kunnskapen frå leseforskinga, som klart syner at både barn og vaksne lærer meir av å lese faktatekstar på papir enn på skjerm, har aldri blitt vektlagd i strategidokumenta.
Kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) i den munnlege spørjetimen i Stortinget.
Foto: Heiko Junge / NTB
Uklare svar
Også den nye digitalstrategien frå regjeringa handsamar slike kjernespørsmål med harelabb. «Forsking viser samlet sett at bruk av digitale enheter og læremidler har en moderat positiv effekt på elevenes læring», heiter det. Kjelda til dette er rapporten Digitalisering i grunnopplæring; kunnskap, trender og framtidig kunnskapsbehov, som ei forskargruppe leverte på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet i desember i fjor.
Men denne rapporten, som er ei oppsummering av ei rekkje studiar av ulike digitalteknologiar i skular i mange land, gjev ikkje klare svar om læringsutbyte. Og fordelar og ulemper med læring med nettbrett eller PC samanlikna med bøker og papir seier rapporten nesten ingenting om. Forskarane har ikkje funne nok komparative studiar til å seie noko om det: «Det er få eksperimentelle design som sammenligner elevers arbeid i én-til-én klasserom med arbeid i klasserom der det ikke er digital teknologi».
Om Brenna meiner alvor med at den digitale praksisen i skulen skal bli kunnskapsbasert, er det openbert eit godt stykke att til mål.
Falsk fridom
Sidan styresmaktene aldri har lagt fram solide forskingsfunn om læringsutbytet av skjermar versus papir, og ikkje har gjeve tydelege føringar eller stødig rettleiing om korleis dei nye reiskapane best kan brukast, har dei velta heile ansvaret for å velje læringsteknologi over på skulane og kommunane. Samstundes har den sterke vektlegginga av digital kompetanse i læreplanane vist at dette var noko skulane måtte satse på.
Skjermane har vore svaret. Spørsmåla har kome i etterkant.
At elevane må lære seg å bruke datamaskiner, og at dei er nyttige hjelpemiddel i skulen, er truleg svært få usamde i. Men er det klokt å gjere iPad til den dominerande – eller til og med den einaste – reiskapen for lesing og skriving frå første klasse, slik mange barneskular har gjort?
Når Utdanningsdirektoratet har vegra seg for å gje klare råd, har dei vist til den pedagogiske fridomen til lærarane. I praksis har den fridomen vore ein illusjon ved mange skular. Når kommunen har investert store summar i nettbrett og pakkar med digitale læremiddel, er det ikkje gjeve at det er pengar att til å kjøpe bøker i tillegg.
Mange rådmenn og kommunepolitikarar har sett på nettbrettinvesteringane som ein sjanse til å knipe inn nokre kroner på skulebudsjetta. I Bærum har éin til éin-dekninga med iPad i barneskulen blitt brukt som argument for å byggje ned skulebiblioteka: Det finst jo så mange gode bøker på det digitale biblioteket.
Pengane rår
Alt før nettbretta kom, var læremiddelbudsjetta ved mange skular så tronge at lærarane gjorde seg til lovbrytarar ved kopimaskina for å skaffe tekstar og arbeidsoppgåver til elevane. Difor kling det vel optimistisk når regjeringa skriv i den nye digitalstrategien sin: «Vi er sikre på at barn og unge både trenger å kunne lese bøker og samtidig bruke digitale løsninger».
Budsjetta avgrensar den pedagogiske fridomen, lærarane kan ikkje alltid velje dei læremidla dei meiner er best. Om Tonje Brenna meiner alvor med at kunnskap og pedagogiske omsyn skal styre valet av læremiddel, anten dei er digitale eller papirbaserte, må det langt meir pengar på bordet.
Slik sett var kanskje den nylege ekstraløyvinga til innkjøp av fleire bøker i grunnskulen vel så lovande som den nye digitalstrategien. «Tilskotet på 115 millionar til skulebøker er nok til å til dømes kjøpe ei bok til kvar elev på alle barneskular i heile landet», heitte det i pressemeldinga frå kunnskapsminister Brenna sist veke. Det rekk ikkje langt. Men vi kan jo håpe at det blir ein god start på den kunnskapsbaserte framtida.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Ensemblet til Sigurd Hole då dei spelte konsert på samtalefestivalen TronTalks ved foten av Tronfjellet.
Foto: Ragnhild Tromsno Haugland
Naturens advokat
Ensemblet realiserer ambisjonane til Hole på framifrå vis.
«I dag har eg ikkje snakka med eit menneske. Eg har flytt på vasslangane, stelt meg mat, sola meg – og lese litt.»
Foto via Wikipedia Commons
«Ørjasæter var fyrst god ven med diktarbroren sin frå Gudbrandsdalen, men så fekk han høyre ting om Aukrust som skar han 'gjenom hjarte som eit tvieggja sverd'.»
Han heitte John Guillot, men skifta namn til Johnnie Allan og blei pub-rockar.
Arkivet: For tida framstår ikkje USA som det lova landet, men hausten for 50 år sidan var Elvis Presley på hitlistene i USA og England med «Promised Land»
Mogleg trasé for jarnbane mellom Narvik eller Bjørnfjell til Tromsø.