Er bokbål ytringar eller symbolsk vald?
Når høgreekstremistar brenner Koranen, svarar norske folkevalde over heile skalaen nesten automatisk: Dette er vi mot, men vi kan ikkje forby det, for det høyrer ytringsfridomen til å brenne bøker. Det er å forenkle både saka og historia.
Bøker og skrifter har vore brende offentleg eller på anna vis øydelagde og fjerna gjennom meir enn 3000 år. I heile dette lange tidsrommet har sakrale og verdslege styresmakter tent bokbål. Slik kunne dei vinne makt, halde på makt eller svekkje, helst fjerne, tru og tankar dei ikkje godtok.
I Noreg hadde staten i perioden 1687–1813 jamvel lovfesta rett til å brenne bøker «som kunde have Udseende til noget Oprør, eller imod Kongens Højhed, eller anden Ulempe foraarsage».
Bål og forbod
For jødar er Talmud den viktigaste religiøse skriftsamlinga ved sida av den hebraiske Bibelen, som er Det gamle testamentet, og då særleg Tora – dei fem Mosebøkene. Gjennom meir enn 500 år brende den katolske kyrkja hundretusenvis av desse heilage jødiske skriftene berre i Europa. Dei første flammane loga på Place de Grève i Paris i juni 1241.
Det siste av desse Talmud-båla brann i Kamenets-Podolsk, då Polen, no Ukraina, i november 1757. Noko slikt som tusen bøker var festa til halane på hestar som drog dei gjennom byen. På torget venta bøddelen, for bødlar hadde slikt å gjere – avrette folk, brenne bøker, skremme til lydnad. Då det nyvalde Hitler-regimet tende 89 bokbål i 1933, tok det vidare denne antijødiske tradisjonen.
Alt etter hundre år med boktrykkjeri var ikkje bokbål nok. Med forbod mot skrifter systematiserte verdslege og sakrale styresmakter sensuren. Berre frå paven i Roma kom det godt over 50 slike reguleringar og forbodslister frå 1487 til 1966.
Då bokbåla brann som best i Europa, var rettsvesena svakt utbygde og styringsformene autoritære. Makthavarar trong ikkje å grunngi så mykje, men gjorde dei det, var det gjerne med ord som støytande, ergerleg, skadeleg, forbode, skammeleg.
Brenning av bøker har sjeldan eller aldri vore nokon vellykka strategi for opposisjonelle og sosiale grupper utan makt. Jamt over er det ikkje-valdelege aksjonar eller valdeleg kamp som har ført fram. Like frå 1912 og fram til 2005 brende riksmålsfolk i Noreg bøker og andre skrifter på nynorsk – ei tid også på samnorsk – i protest mot den plassen nynorsk hadde fått i Noreg. Båla endra ingen politiske vedtak. Det gjorde derimot verbal argumentasjon og ikkje-valdelege aksjonar frå Foreldreaksjonen mot samnorsk.
Makt eller fridom
I lengre tid er bokbål i mange vestlege land blitt oppfatta som ein del av ytringsfridomen. Stortinget vedtok såleis «Almindelig borgerlig Straffelov» i 1902. I paragraf 135 handla det om straff mot den som offentleg håna eller hissa til hat mot offentlege styresmakter, eller som offentleg opphissa «en Del af Befolkningen mod en anden». Skarp kritikk var innanfor lova, heitte det i den gjengse lovkommentaren.
I 1970 vedtok Odelstinget eit tillegg i paragraf 135 a om forbod mot diskriminerande eller hatefulle ytringar «ved uttalelse eller annen meddelelse». I den såkalla laupeseteldomen i 1981 mot Organisasjonen mot skadelig innvandring i Norge slo Høgsterett fast at det måtte vere «en rommelig margin for uheldige og smakløse ytringer».
Med dette støypte Høgsterett fast i betong den forståinga som pregar Noreg i det 21. hundreåret: Å brenne bøker er ei ytring, smaklaus, ja vel, men lovleg.
I den straffelova som gjeld frå 2015, er gamle paragraf 135 a blitt til nye paragraf 185. Det som før heitte utsegn, er no definert vidt – skriftleg, munnleg, bilete, teikn, symbol.
Vern mot diskriminering og hatefulle ytringar skal balanserast mot ytringsfridom. Juridisk sett er den materielle endringa lita. Det viktige nye er at lovgivarane har spesifisert kva slike ytringar kan gjelde. Bokbål er verken nemnde i forarbeid eller andre omtalar av lova.
Symbolsk vald
Å bruke symbol er ikkje utan vidare det same som å utføre symbolske handlingar. I boka Brent ord (2022) har eg argumentert for at bokbål handlar om symbolsk vald. Med symbolsk vald meiner eg bruk av fysisk kraft med vilje for å fjerne, øydeleggje eller skade noko som representerer noko større, som høyrer andre til, eller som er svært viktig for andre, og som kan føre til at enkeltpersonar, grupper eller fellesskapar blir frårøva noko. Slik sett er bokbål både symbolsk og autoritær politisk vald.
Å bruke fysisk vald er som regel forbode for andre enn statsmakta. Om symbolsk vald verkeleg er på linje med andre symbolske handlingar, er i beste fall ein uavklara juridisk og politisk diskusjon.
Det ein gjer når ein brenner bøker offentleg, representerer noko meir og større enn sjølve gjerninga. Ein brenner noko i staden for noko anna, og dette noko anna er større og vidare. Bokbål symboliserer den ultimate øydelegginga, som juristen Jørn Øyrehagen Sunde så presist har sagt det.
Retten til å ytre seg gir ingen rett til å øydeleggje. Bokbål skader ikkje menneske fysisk, men symboliserer noko som er på eit anna nivå enn ei verbal eller visuell meiningsytring.
Her er det altså noko som ikkje går opp. Når makthavarar brenner bøker, er det sensur. Når borgarar gjer det same, er det meiningsytring. Ytringsfridomen og sensuren står på kvar si side av bål som røyklegg grensa for ytringsfridom og lysset sensuren. Bokbåla brenn offentleg i grenselandet mellom juss og politikk.
I dag har dei som vil kritisere til dømes islam, mange val. Dei kan argumentere verbalt eller visuelt, dei kan aksjonere ikkje-valdeleg og i siste instans vere sivilt ulydige. Grupper eller enkeltpersonar som brenner Koranen eller andre bøker i protest, gjer det sjeldan etter lange eller grundige eller prinsipielle ordskifte om det konflikten gjeld. Bokbål er sjeldan siste utveg for dei, heller førstevalet. I staden for å bruke ytringsretten tyr dei til politisk vald – symbolsk eller fysisk.
Verken symbolsk eller fysisk vald bør vernast av grunnlovskravet om at ytringsfridom skal det vere.
Ottar Grepstad er forfattar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Han heitte John Guillot, men skifta namn til Johnnie Allan og blei pub- rockar.
Arkivet: For tida framstår ikkje USA som det lova landet, men hausten for 50 år sidan var Elvis Presley på hitlistene i USA og England med «Promised Land»
Mogleg trasé for jarnbane mellom Narvik eller Bjørnfjell til Tromsø.
«Tanken om å realisera tog til Tromsø gjennom Sverige er på ingen måte ny.»
Daniel Sommer, Johannes Lundberg og Arve Henriksen.
Foto: Kristin Lidell
Fint nordisk samarbeid
Her er det ikkje spor av langhalm.
Polakkane er skumle bridgespelarar. Her frå avslutningsseremonien under World Bridge Games i Buenos Aires nyleg.
Foto: Poli Zolto / World Bridge Federation
Dąbrowskis masurka
For to veker sidan vann Polen gull i det som uformelt blir kalla bridgens olympiade, i Buenos Aires.
Snart heime: Denne gjengen er klar for å kome heim – fulle av feittsyrer dei har sikra seg i fjellet.
Foto: Siri Helle
Geografisk heimehøyrande lam
Problema oppstår med papirarbeid og pellets.