Frankrike vert særs vanskeleg å styre
Å navigere utan havari i den nye nasjonalforsamlinga vert stor kunst.
Den tidlegare franske presidenten François Hollande, som representerer sosialistpartiet (PS) og alliansen av venstreparti kalla Nouveau Front Populaire, poserer saman med nyvalde representantar og familiemedlemmer framfor den franske nasjonalforsamlinga i Paris tysdag denne veka.
Foto: Sarah Meyssonnier / Reuters / NTB
Ein ny æra vert innleidd i fransk politikk. Presidenten må samarbeide tett med grupper han har vilja oversjå. Mest nærliggjande er førebels ein regjeringskoalisjon av sosialistiske parti.
Macron har gjeve sosialistalliansen NFP instruks om å komme med framlegg til namn på statsminister innan utgangen av veka. Sosialdemokratar, kommunistar, Dei grøne og Det ukuelege Frankrike vert anten samde – eller dei sprengjer alliansen sin.
Kompromiss og forhandlingsevne er mindre vanleg enn taktisk hestehandel i fransk politikk, men no er tida inne for nye dagsordenar. Taktikkeri for å oppnå personlege posisjonar gjev ikkje nye idear og løysingar, slik sett kan den nye situasjonen føre til opnare debatt. Men om det no går som i Tyskland, at ein utset viktige avgjerder som ingen klarar å verte samde om, vil Nasjonal Samling (RN) vekse seg jamt større fram til presidentvalet om tre år.
Stor mobilisering
Største overraskinga i nyvalet var det i all hast samanraska hopehavet av venstreparti, Nouveau Front Populaire (NFP). Få trudde den samfengde gjengen skulle ta såpass mange mandat. Trass i open krangel mellom og i gruppene synte det seg at NFP rådde over nok lokale krefter til å få omfattande mobilisering, noko som gav 187 representantar.
Heilt uhøyrt, etter gammalt, er det at ein tidlegare president, François Hollande (Parti Socialiste i NFP), har late seg velje inn. Det er sensasjonelt om han får vere statsminister, men han vil nok meir enn gjerne plage den tidlegare disippelen og finansministeren sin, Emmanuel Macron, til gjengjeld for sprenginga av sosialistpartiet i 2016. Det ville i så fall halde i ande han som mange no har slutta å kalle «Jupiter» og i staden omtalar som «krysantemum-inspektøren» – sidan Macron heretter kan bruke tida på å klippe snorer og opne blomeutstillingar.
Den Macron-trugne alliansen Ensemble! (ENS) står att med så mange som 159 og mista «berre» 91 representantar, i strid med forventningane om at dei ville verte utradert. Korkje ENS eller Republikanarane vil samarbeide med NFP-alliansen så lenge Mélenchon har noko der å seie. Ordet om at ein kan verte «motstandsmann av den siste time» gjeld her òg; fleire sentrale personar har gått ut av Det ukuelege Frankrike og vonar nok på posisjonar.
Den overraskinga norske medium framhevar, er at Nasjonal Samling (Rassemblement National, RN) «berre» fekk 142 representantar, medan det såg ut til at dei kunne få 250 etter fyrste valomgangen. Men den norske valordninga gjeld ikkje i Frankrike.
Der vel valkrinsane berre éin representant kvar. Det skjer etter ei utsiling i fyrste valomgang slik at ein i andre valomgang har færre alternativ. Når då RN har gått frå 88 til 142 tingfolk, er det ei formidabel styrking – og dei kan dessutan samarbeide med 27 «diverse høgre» som ikkje fanst før. Slik kan dei førebu seg godt til presidentvalet i 2027 i staden for å slite seg ut med å sitje i regjering.
Mykje uheldig for RN
RN har auka representasjonen frå landsdelar i nordaust, aust, i innlandet og langsetter Middelhavskysten, der partiet alltid har stått sterkt. Dei klarte ikkje å vinne fleirtal i nordvest og nedetter vestkysten og i alle byane der dei i fyrste valomgangen fekk kring 35 prosent. Grunnane er fleire.
For det fyrste at kandidatar på val kan trekkje seg til like oppunder valdagen til føremon for andre, noko 220 kandidatar gjorde, med resultat især i favør av NFP – kandidatane med sterkast støtte fekk fleire veljarar og vann slik fleire krinsar. Mellom valomgangane kom det fram mykje uheldig for RN. Dei hadde såleis fleire stader valsamarbeid med reine nazigrupper, såleis famøse GUD (Groupe Union Défence), kjende mellom anna for å feire Hitlers fødselsdag, noko nye veljargrupper ikkje fann kledeleg.
Dinest syner det seg at RN er bortimot bankerott. I det siste har dei ikkje kunna låne pengar frå russiske bankar. Dermed såg mange for seg ein situasjon der partiet i posisjon ville hente ut offentlege midlar til å finansiere verksemda si, med påfylgjande rettssaker og tåketale i årevis. Frankrike har vore just der tidlegare.
Mange nye RN-veljarar var nok usikre. Meiningsmålingsinstituttet Ifop synte såleis at ein femtedel av lærarane ville røyste på RN, mange i politiet (men ikkje i hæren, som fryktar for Nato-samarbeidet), og ikkje minst mange av dei som kjenner seg tilsidesette av di spesialistar frå EU tek jobbane deira.
RN vil ha vekk alle «ikkje-franske» – såleis òg dei med anna statsborgarskap attåt det franske. Altså må det bli slutt på innvandring frå EU – som er absolutt størstedelen. Planar for kompetanseopprusting i Frankrike har RN derimot ikkje. Næringslivet seier sjølvsagt at ein ikkje kan gå attende til den tida då ein mangla internasjonale krav til kompetanse.
Strutsepolitikk
Somme nyomvende middelklasseveljarar reiste rett og slett på ferie då skuleferien tok til fredag 5. juli; dei rekna vel med at sigeren var vunnen. Førehandsrøyste kan ein ikkje, då måtte ein ha gjeve fullmakter til folk med røysterett; det vart det for kort tid til for mange som ikkje tenkte seg om.
Alle utanom dei som aktivt samarbeidde med RN, oppmoda til «barrage», ein barriere mot flaumen frå ytre høgre. Denne typen retorikk inneber at RN vert sett som ei naturkraft. Det store spørsmålet er om sosialistpartia, økologane, dei liberale og dei konservative kvar for seg og saman kan klare å skape nye diskursar, nye, direkte måtar å tale om reelle tilhøve på. Det manglar då ikkje på forsking om sosiale tilhøve dei kan trekkje på.
Den femte republikken har ofte vore prega av strutsepolitikk; ein vik unna opne, informerte diskusjonar om vanskelege spørsmål, men kranglar om potemkinkulissar; innvandringsdebattane er likså fiktive som debattane om utanlandsgjelda. Ein må kome vekk frå skindebattane. Ein kan ikkje igjen og igjen mane til negativ samling mot «løysingane» til RN: kutt i sosialhjelpa, gå ut av Parisavtalen, gå ut or EU og Nato, bli vener med Russland, sperr globaliseringa ute, sperr grensene, straff alle som ikkje er udeleleg franske, set kriminelle i konsentrasjonsleirar, og så bortetter.
Europearar overalt får berre vone at franske politikar grip sjansen og skaper opnare, klårare ordskifte om praktiske spørsmål dei er usamde om, der fleire borgarar får verte aktive deltakarar i ordskiftet. Om ikkje ser vi no klårt at tendensar som Europa ikkje vil ha glede av, kjem til å utvikle seg.
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Små-ulovleg: Godtet er smått, men er denne reklamen retta mot små eller store menneske? Det kan få alt å seie dersom ei ny forskrift vert vedteken.
Foto: Cornelius Poppe / NTB
«Om høyringsinnspela frå Helsedirektoratet vert inkluderte, risikerer ein å kriminalisere heilt vanleg mat.»
I tillegg til å vere forfattar er Kristina Leganger Iversen også litteraturvitar, samfunnsdebattant og omsetjar.
Foto: Sara Olivia Sanderud
Nedslåande sanning
Kristina Leganger Iversen leverer eit grundig studium av noko som burde vere opplagt for fleire.
To unge mormonmisjonærar, søster Paxton (Sophie Thatcher) og søster Barnes (Chloe East), blir tvinga til å setje trua si på prøve i møtet med herr Reed (Hugh Grant).
Foto: Ymer Media
«Mange av skrekkfilmane no til dags liknar meir på filmar frå syttitalet»
Teikning: May Linn Clement
«Me har ikkje grunnlag for å seia at bokmålsbrukarar har kvassare penn enn andre, men nokre av dei evnar å kløyva kvass i to.»
Gjennom Hitlers progagandaminister Joseph Goebbels får vi eit innblikk i sanninga bak Nazi-Tysklands propagandamaskin.
Foto: Another World Entertainment
Propaganda på agendaen
Fører og forfører er ein drivande historietime om tidenes skumlaste skrønemakar.