JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Gift

Mange tenker at norske styresmakter arbeider for fellesskapet, gjer jobben sin og har krav på vår tillit. Tilstanden i norske fjordar viser at dette ikkje er tilfellet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
6725
20231006
6725
20231006

Kommentar

Måndag denne veka demonstrerte miljøaktivistar utanfor Stortinget og i atten andre land. Tretti miljø­organisasjonar krev at statsminister Jonas Gahr Støre går av som leiar for FNs havpanel. Bakgrunnen er at regjeringa har opna for gruvedrift på havbotnen utanfor Nord-Noreg. Sjølv styresmaktene sine eigne organ, som Havforskingsinstituttet og Miljødirektoratet, åtvarar i uvanleg sterke ordelag mot planane.

Samtidig har Nordic Mining starta anleggsarbeidet på Engbøfjellet ved Førdefjorden. Avfallet frå gruva skal dumpast rett i den nasjonale laksefjorden, som har mange raudlista artar. Rettssaka for å stanse planane blei avslutta i Oslo tingrett onsdag denne veka, dommen fell om nokre veker.

Eg ser liknande saker nær sagt kor eg snur meg, frå Repparfjorden i Finnmark til Rogaland.

Til dømes hadde Dagens Næringsliv nyleg ein serie om miljøproblema rundt oppdrett. Enorme mengder slam, fôrrestar, Gud veit kva, blir sleppt rett i fjordane, som regel utan kontroll av styresmaktene.

Men Tom N. Pedersen hos Statsforvaltaren i Vestland veit nok til å seie såpass: at Hardangerfjorden «snart har nådd smertegrensa». Oksygennivået i fjorden er for lågt, det går føre seg ei massiv overgjødsling, det bryt med EUs vassdirektiv. Oppdrettskonserna, og sikkert mange av politikarane som eig aksjar og støttar bransjen i tjukt og tynt, vil doble produksjonen frå dagens alt vanvitige nivå.

Slik går no dagan i landet som leier FNs internasjonale havpanel for global berekraftig havforvaltning. Panelet blei oppretta på initiativ frå Solberg-regjeringa i 2018, og målet er at 100 prosent av havområda våre skal vere berekraftig forvalta innan 2025!

Lat meg freiste å forklare kvifor dette er falsk tale, ved å sjå nærare på berre eitt av mange giftstoff som hamnar i norske fjordar med full aksept frå styresmaktene. Eg tenkjer på kopar.

Ingen nektar for at stoffet er giftig over ein viss mikrodose. Det var derfor Stortinget i 1995 vedtok at miljøgifta kopar skulle fasast ut innan 2020. Målet blei stadfesta i Stortingsmelding nr. 8 (1999–2000), og i Stortingsproposisjon nr. 1 året etter (Miljøverndepartementet).

Å smørje fritidsbåtar inn med koparimpregnering blei strengt forbode. Alt dette var i tråd med internasjonale konvensjonar og deklarasjonar om havmiljø som Noreg har initiert og underteikna (som OSPAR-konvensjonen).

Kva skjedde? Jau, bruken av stoffet skaut i vêret, frå 200 tonn i 2001 til 1698 tonn i toppåret 2019. Grunnen er eine og åleine at oppdrettskonserna nyttar stoffet til å impregnere laksemerdane. Gifta tar livet av algar og annan gror som elles ville festa seg. Etter ei tid skjer det likevel. Da blir merdane høgtrykksspylte under vatn. Pulsar eller «skyer» av ørsmå kopparpartiklar spreier seg i vassøyla.

Under merdane blir det tatt sedimentprøver. Desse viser at sjølv om miljøet under anlegga ofte er giftig, hamnar mesteparten av koparen ikkje der. Han blir heller ikkje borte, for kopar kan berre gå over i nye bindingar, som alle er giftige. Koparen blir med andre ord spreidd ut over store område.

Koparstoffa forgiftar skjel, krabbar, kril og anna dyreplankton i fjordane. At dette har innverknad på økosystemet i fjordane, er innlysande. På «sikkerhetsdatabladet» som følgjer med koparimpregneringsmiddelet Netwax E5 Greenline, står det til dømes: «Meget giftig, med langtidsvirkning, for liv i vann». Eller kort og godt: «Unngå utslipp til miljøet».

Korleis kan ei slik opphoping av miljøgifter og forureining ikkje vere i strid med både internasjonale avtalar og med norske lover – til dømes vassforskrifta § 4 og mest heile kapittel II i naturmangfaldslova?

I utsleppsløyve frå statsforvaltaren står det gjerne at selskapa «må arbeide aktivt gjennom egenkontroll for a° hindre skade eller ulempe for miljøet, og forebygge at utslipp ikke skjer». Men kva er dette for premiss? Korleis skal ein sleppe mange tonn giftig kopar ut i fjordane utan at det skader miljøet? Skal ein nytte magi?

Mange av oss har vore glade i å sanke blåskjel og krabbe. I dag skal det godt gjerast å finne blåskjel om det er oppdrett i nærleiken. Koparforureining er ei sannsynleg årsak, men styresmaktene har utruleg nok ikkje brydd seg med å sjekke. Krabbane? Dei er ofte så fulle av arsen, kadmium og andre tungmetall at dei ikkje er tilrådelege å ete.

Dei siste åra har bruken av kopar rett nok gått ned. Statsforvaltaren i Rogaland har foreslått forbod og nye tiltak for å overvake situasjonen. Dette har skjedd, ja, kunne kanskje berre ha skjedd, etter at éin person i fleire år på eiga hand, og for eiga rekning, har henta inn store mengder dokumentasjon om problemet koparforureining. Han har nærast aleine tvinga fram handling frå dei lokale styresmaktene.

Men dette er ikkje ei gladsak. For kva trur du oppdrettsbransjen driv og erstattar koparen med? Hald deg fast: det er reproduksjonshemmande gifter med virkestoff som tralopyril og sinkpyrition. Det første stoffet starta karrieren som eit fluorert insekt-/plantevernmiddel og er forbode i europeisk landbruk, mellom anna fordi det drep bier, fuglar og dyr som lever i vatn. På «sikkerhetsdatabladet» som følger med impregneringsmiddelet AquaNet B30, står det at virkestoffa tralopyril og pyrition sink (sink er eit tungmetall) er «meget giftig for vannmiljøet». Og for stoffet som heilskap står det, øvst i avsnittet om økologiske opplysningar, nøyaktig det same som det for koparimpregnering: «Meget giftig, med langtidsvirkning, for liv i vann».

Mange av fjordane våre er i økologisk krise, med bortfall og nedgang i artar. I dei same fjordane skal vi no pøse på med biocid. Det vi veit sikkert om desse stoffa: Dei er laga for å drepe liv i havet. Og hugs at desse giftene kjem på toppen av ein lang rekke andre, frå oppdrett, gruvedrift på land og snart gruvedrift på havbotnen.

Så mykje for «føregangslandet» Noreg, som skal lære verda berekraftig havforvaltning i FNs havpanel.

Tillit har vore månadens tema. Erna Solberg er gift med Sindre Finnes, som kjøpte aksjar i stor stil, i Nordic Mining, Marine Harvest/Mowi og så bortetter. Etter denne og andre skandalar snakkar mange om tillitskrise. Men at folk freistar å «utnytte systemet», kan sjåast som rusk i maskineriet. At sjølve systemet viser seg å vere toksisk og står fram som korrumpert, er faktisk langt meir alvorleg.

Det er ei merkeleg verd. Erna må kanskje gå av som Høgre-leiar. Men den eine miljøvernministeren etter den andre blir sittande mens fjordane blir forgifta på deira vakt.

Morten A. Strøksnes er journalist i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Kjønnsfilosof Judith Butler

Kjønnsfilosof Judith Butler

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

EssaySamfunn

Feltnotat frå kulturkrigane

Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt. 

Ida Lødemel Tvedt

HumorFeature
May Linn Clement

Klagemodus

Kor lite skal til for at eg seier frå eller klagar?

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram er på turné for å fortelje om langtidsmeldinga for Forsvaret. Her besøkjer han ubåten «KMN Utvær» i Bergen 10. april.

Foto: Paul S. Amundsen / NTB

ForsvarSamfunn
Per Anders Todal

Vil ruste opp ei lekk skute

Regjeringa lovar eit historisk forsvarsløft. I dag slit Forsvaret med å halde på mannskapet som alt er der.

Khamzy Gunaratnam (Ap)

Khamzy Gunaratnam (Ap)

Foto: Vidar Ruud / NTB

HelseSamfunn
PernilleGrøndal

Avfeiar abortkritikk frå KrF

– Det kvinner treng, er rettleiing og oppfølging, ikkje å møte i nemnd, seier Kamzy Gunaratnam (Ap).

Songlerka hekkar på bakken, langt frå skog. Biletet syner godt den vesle fjørtoppen som vert reist opp dersom fuglen opplever fare eller er opphissa.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

I dirrande lerkeposisjon

Er det sant at songlerka «jublar høgt i sky»?

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis